Filmlatskap

Filmlatskap

Eg slår på TV-en, Apple TV-en og set meg i sofaen. Oppe på filmloftet ligg det ein haug med fysiske filmar som eg har kjøpt dei siste åra – filmar eg elskar, reint gull som ventar på eit gjensyn.

I sofaen sit eg og ser på Panasonic 4K-spelaren min, som har fått framifrå kritikk og kan gje eit bilete som er mykje betre enn Apple TV-boksen. Spelaren har ikkje vore i bruk i år. Kanskje éin gong, utan at eg hugsar kva film.

Filmlatskap
Kvifor kan eg ikkje berre gå opp å velgje ein film og sjå han!? Fordi eg har fått filmlatskap-sjuka!

Som nyttårsforsett hadde eg eit mål: å gå sterkt inn i januar med å sjå filmane eg eig fysisk, og skrive om alle mine største favorittar. I staden har eg sett alt mogleg anna, på Prime, Netflix eller Plex. Eg har for det meste sett film utan ein plan – berre bladd til hovudet mitt seier stopp.

Og eg er ikkje som andre eg les om – dei som brukar heile kvelden på å bla og endar med å ikkje sjå film i det heile. Nei, som regel tek det meg fem minutt, maks femten, før eg finn filmen eg vil sjå og set han på.

Ein av dei eigenskapane mine eg er stolt av, er evna til å sjå filmomslag – eg blar kjapt og registrerer i stor fart kva filmar som flyg forbi meg, kva eg har sett, kva som er C- og B-film, og plutseleg kan eg stoppe på ein som har blitt snakka om på Letterboxd eller Filmskya. Her er eg skarp, i eit elles ikkje så skarpt hovud.

Å kike er halve gleda

Dette gjer eg som oftast. Kanskje fordi det minner meg om videosjappa – å kike er halve gleda! I gamle dagar, då vi leigde film på videosjappa, tok vi oss tid. Anten åleine, eller med familie eller vener. Det var ingen som klaga då: «Å, kom igjen! Vi har ikkje heile kvelden!». Eller?

Det verkar som ekteskap kan stå i fare når eit par skal velje film på strøyming – det endar fort med ingen film eller krangel, fordi det å kike på same skjerm og velje film IKKJE er enkelt. Nokre les fortare, andre vil gå inn og sjå på den og den filmen for å lese om han. Eg har opplevd det sjølv, der eg veit at dette er ein ukjend film med ukjende filmskaparar og skodespelarar frå C-filmverda – ingen vits i å kike på det!

Ein regel: Aldri vel film når tacomiddagen eller pizzaen står klar på bordet.

Det var meir naturleg å gå i lag på videosjappa. Kanskje kvar for seg, i kvar sin seksjon av sjangrar, og kike i sitt eige tempo. Denne idyllen går ikkje an å kopiere med strøymetenestene.

Filmlatskap
Fekk denne i posten, men har ikkje starta å sjå filmane. Før i gamle dagar hadde eg sett heile boksa på ein dag!

Medan eg ventar

Spelaren står der og gjev meg dårleg samvit. Kva har skjedd med meg? For ei stund tilbake snakka eg om filmfatigue og depresjon, og at eg treng filmferie. Kanskje eg er i ein underbevisst filmferiemodus – for eg set kvalitetsfilmar på vent, og alt gullet oppe på loftet òg. Ein ferie for meg er å sjå film som ikkje krev noko stort av meg, korkje i forventning eller nysgjerrigheit.

Om eg ser ein god film, er det som regel flaks. Men om eg ser usette filmar frå åttitalet – som eg pløyer meg gjennom – er eg tryggare på at opplevinga vil bli bra.

Så no kjem eg til å velje ein film på strøymetenesta. Kanskje ein ny, eller ein gammal ein som er sett på vent, og håpar på betre filmtider. Der fann eg ein: Dr. No (1962). Eg såg han, og skreiv om han på LETTERBOXD

Walter Hill Boks
Innhaldet i Walter Hill-boksen: berre gull! Som eg sparar til betre dagar!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *