Mark Wahlberg saman med Dwayne Johnson i Pain & Gain (2013)

Prestasjonar til å grøsse av

Treng vi eigentleg horrorfilmar for at det skal grøsse kaldt nedover ryggen? Må vi ha skummel musikk, naglespisande spenning, blod og gørr? Eller… er det nok at nokon leverer så jævlig dårlege prestasjonar, at dei i seg sjølv kvalifiserer til all of the above? Eg, Bjørn Dennehy, er her for å legge fram mi sak… mine «bevis» på at det ER mogleg. Dette er 10’ish prestasjonar på film til å grøsse av.

Dennehys ti bevis på filmatisk tortur

1. ALT Mark Wahlberg har gjort etter Boogie Nights.

2. Alt Dwayne «The Rock» Johnson har gjort… ever!

3. Alan Ritchson i Reacher. Djiiiizes. Karakteren framstår som ein vandrande forstoppelse på jakt etter hjelp. Someone give that man an enema. Nooooooow!

4. ALT Mark Wahlberg kjem til å gjere i framtida.

5. Jared Leto i Suicide Squad. Snakk om pretensiøs fjott ! Her leverer han «noko» som smaker verre enn rævsprekka til ein bleikfeit trailersjåfør med blodig dagen derpå-diare.

6. Alle «prestajonar» signert Gal Gadot.

7. Eli Roth og resten av gjengen i denne ultimate kalkunen av ein film på denne sida av 2000-talet… Ice Cream Man. Fy og meg faen!!! Ironien er at dette skal vere ein horror/splatterfilm, men i realiteten er dette rein horror nettopp p.g.a. alt anna ENN blodet og gørra. Unholy donkeyballs! Is har aaaaaldri smakt så forpult jævlig!

8. Brad Pitt i A1. Fuck me! Fekk berre inntrykk av at fyren ikkje kunne brydd seg mindre om han så prøvde! Snakk om zombie-prestasjon. Hadde mumling vore ein Oscar-kategori, så hadde Brad Pitt, i sterk konkurranse frå Tom Hardy, vore sikra framtidige årlege nominasjonar… kvart år! Brad Pitt har blitt ein «one-trick p(h)ony».

9. Sean Penn i One Battle After Another. Mogleg eg er litt urettferdig her, då mannen fekk eit makkverk av eit manus og dialogar å jobbe med, men den latterlege karikaturen som endte opp på storskjermen, er fortsatt pinleg og irriterande å ha vore vitne til, på lik linje med resten av filmen. Kanskje brukar godaste Penn som ein syndebukk for eit filmatisk totalhavari, but it is what it is… and it’s not good!

10. Alle roller Mark Wahlberg ønskjer å gjere.

⚠️ DENNEHYS DOM ☢️

Mark Wahlberg i filmen Flight Risk frå 2025.
Mark Wahlberg i Flight Risk

80s Action FilmNoregRundt hottast John Carpenter netflix profil Sci-Fi Spooktober 2026 Stranger Things Thor Dahlstrøm VHS Walter Hill

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *