The Exorcist: verdas skumlaste film?
William Friedkins The Exorcist er i mitt liv den skumlaste skrekkfilmen av dei alle. I fleire år av livet mitt var han ein kvit kval som eg unngjekk, av den enkle grunn at eg var REDD filmen. Eg var det barnet som var redd kjellaren, skogen på nattestid og det raude, forlatne huset nede ved bruene kor vi budde på Eggesbønes. Men alt anna såg eg, alt frå A Nightmare On Elm Street til Evil Dead og The Shining. Merkeleg nok.
Det tok meg cirka 25 år før eg endeleg klarte å finne motet til å sjå han, og filmen skremte som forventa ræva av meg! Hadde eg sett The Exorcist då eg var 10, hadde eg ganske enkelt hamna på ein institusjon og sett ut som Sam Neill i frå In The Mouth of Madness der han sat på polstra celle.
Eit gjensyn etter 25 år
Og no er det 25 år sidan sist – ja, eg har sett The Exorcist KUN EIN GONG – skammeleg. Korleis var det å sjå han no etter at eg har sett tusenvis av skrekkfilmar dei siste tre åra og kurert all frykt eg ein gong hadde? Jau, han er framleis skummel, kanskje ikkje like skummel, men ganske skummel. Denne gongen kunne eg faktisk setje pris på andre ting enn rein, iskald grøss; eg kunne setje pris på kor FORDØMT BRA LAGA HAN ER!

Den beste opninga i ein skrekkfilm nokosinne?
Opninga av dette skrekkmeisterverket er eventyrleg knall, rett frå Indiana Jones. Max von Sydow (forskarpresten) er i Irak på ei arkeologisk utgraving. Her finn han ein merkeleg gjenstand. Måten William Friedkin filmar det på gjer at vi umiddelbart kjenner at noko frykteleg vondt ligg i lufta, noko tidlaust og djevelsk. Denne opninga set så effektivt ei mytologisk stemning, og eg vil kalle dette for den beste opninga i ein skrekkfilm nokosinne. At det finst noko i verda som er så gammalt, og det går forbi tida mennesket byrja å skrive ned si historie. Jævlig knall!
Meir Woody Allen enn tradisjonell skrekk
Så blir vi introdusert for Linda Blair (jenta), Ellen Burstyn (mora) og Jason Miller (presten). Denne delen før all jævelskapen startar er også noko av det beste eg har sett i ein skrekkfilm. Det utspelar seg som ein Woody Allen-film. Vi blir introduserte for kunstnarvennane til Burstyn, som er her i Georgetown for å spele inn ein film. Dette er ein glad gjeng, og Linda Blair spelar ei glad jente. Det einaste merkelege er knirkinga frå loftet…

Jason Miller er ein fantastisk karakter, ein psykolog-katolsk prest som boksar og hjelper samfunnet rundt seg. Han tek seg av mora si, og på kvelden drikk han whisky på bar. Tek vi vekk demonar og eksorsisme, har vi her ein knallgod dramafilm som kun syttitalet klarar å skape, fordi karakterane er så gode. William Friedkin gjev oss ein estetikk ikkje ulik The French Connection, som eg synest har den beste bystemninga i film.
Og Friedkin tek seg tid. Det byggjast så gradvis opp at når det først hender noko fælt, er det ekstra effektivt, sidan vi har blitt så glade i karakterane. Tubular Bells av Mike Oldfield blir brukt i ei scene der Burstyn går langs ei gate – EG FEKK FRYSNINGAR. Og eg er mildt sagt sjokkert over at denne kjenningsmelodien ikkje blei brukt så og seie igjen gjennom heile filmen.

Den sanne grua ligg i helsevesenet
Men til trass for eit gledeleg familieliv og ein prest som hjelper folk kring seg, blir lydane på loftet forverra. Den tyske tenaren skuldar på rottene, men ingen rotter er fanga i fellene. Vindauget til jenta står på vidt gap, og ho blir gradvis sjuk.
Når vi snakkar om Woody Allen (men før han sjølv byrja å fokusere på det høgare kunstnarliv): Ei legendarisk scene! Burstyn og alle kunstnarvennane hennar er samla til fest i huset deira. Regissøren av den siste filmen til Burstyns karakter er dritings og kranglar med den tyske tenaren, kallar han nazist. Dei samlast framfor pianoet og syng songar. Så kjem Linda Blair ned frå rommet sitt, står der midt i stova medan alle snur seg, seier noko mystisk, og urinerer på stoveteppet. Alle er i sjokk. Eg òg.
I staden for at ein prest kjem rett på sak og skal fikse jenta med god, gammaldags eksorsisme slik moderne filmar hadde gjort det – nei, dette er syttitalet. Friedkin sender den stakkars jenta gjennom helsevesenet først. Dei aller mest skumle scenene i filmen er faktisk når Linda Blair må ta alle testane! Legane mistenkjer noko i hjernen, så dei scannar henne med nokre røntgen-apparat som er grusame. Svære, firkanta maskiner som lagar helvetes lyd. Eg har sjølv vore i ei CT-maskin og veit kor klaustrofobisk det er der ein skal liggje i ro – på syttitalet var det reint barbarisk, verkar det som.

Skrekklimakset som endra alt
Så startar alvoret. Legane finn ingenting, og jenta blir verre. Det er her og framover The Exorcist blir heilt uslåeleg som skrekkfilm, og sidan har ingen vore modige nok til å gjere som Friedkin gjer her. «Fuck me Jesus»-scena er den dag i dag ei rystande scene. Eg kan ikkje ein gong førestille meg reaksjonane i kinosalen då filmen hadde premiere. Eg tippar at ingenting kan samanliknast i tida verken før eller etter.
Ein mann, regissøren, skal passe jenta i femten minutt medan Burstyn skal på ærend. Han blir funnen 100 meter frå huset, nede ei lang, kald steintrapp ute på gata. Ein lokasjon ein aldri gløymer. Og nok ein gong slår geniet Friedkin til: Lee J. Cobb som politimann. Vi får endå ein knallgod karakter inn i filmen. Cobb er også ein moviebuff! Han pratar om film når han ikkje pratar om mistenkte – og berre det at dette er Lee J. Cobb, ei stor filmlegende i same klasse som George C. Scott, ein enorm skodespelar frå filmar som On the Waterfront og 12 Angry Men. Eg seier det berre: Filmhimmelen ekstravaganza!
Klimakset og eksorsismen kjem. Max von Sydow er tilbake. Vi går frå den eine ikoniske scena til den andre. «The Power of Christ compels you», sengeristing, svevande seng og kropp. Eit hovud som snur seg 360 grader, grønt spy og demonisk andlet med førsteklasses make-up, og frost som kjem ut av pusten fordi William Friedkin gjorde settet om til ein fryseboks. Det er eit skrekklimaks av beste slag som har blitt kopiert om att og om att i over femti år.
Eit meisterverk til evig tid
Her skjer det ting gjennom filmen som skapar grubling. Marerittet til Jason Miller, der han står på gata og ser mora si (som er død) prøve å seie noko til han, og eit raskt klipp av eit skummelt andlet. Draumesekvensar er vanskelege, men denne er perfekt. Og namnet «Merrin», som er namnet til Max von Sydow, demonen i jenta som ropar på Merrin. Kjenner dei til kvarandre? Var dette demonen i opninga? Alt er antydningar, og vi får små leietrådar vi kan leike oss med etter filmen, noko som gjer han berre endå betre!
The Exorcist er eit meisterverk. Korleis skal eg plassere ein slik skrekklassikar opp mot resten av sjangeren? Éin ting er sikkert: Dette er ein Topp 5 grøssar, og det hadde ikkje vore feil av meg å seie at dette er verdas beste skrekkfilm.
Terminal-pila: ◀◁
80s Action FilmNoregRundt hottast John Carpenter netflix profil Sci-Fi Spooktober 2026 Stranger Things Thor Dahlstrøm VHS Walter Hill


