Fuzz / Vi er pol’ti (1972) – Videosjappa
Handling:
Hjelp, vi jobbar på politistasjon! Faktisk er den norske tittelen: Vi er pol’ti.
Det er vinter i Boston, og politistasjonen kokar over av kriminalitet i aust og vest. Mest sentralt står ein galen attentatsmann som pressar byen for pengar. Klarer dei håplause purkane å løyse saka!?

Filmmelding:
Dette var ein herleg, merkeleg film. Han kan skildrast slik: MASH på politistasjon, Den rosa panteren som krimmysterium, og Dirty Harry i filmvald.
Politistasjonen fungerer som ei teaterscene, med fleire karakterar som gjer ting i forgrunnen og bakgrunnen. I klassisk syttitalsstil snakkar alle i munnen på kvarandre. Eg elskar den Altman-stilen. Her er karakterar og skodespelarar som ikkje er å sjå i dagens filmar, der folk ser ut som heilt vanlege folk. BORTSETT FRÅ RAQUEL WELCH, BURT REYNOLDS OG TOM SKERRITT. Det skal seiast: Her er minst førti karakterar, og 37 av dei ser heilt gjennomsnittlege ut. Digg!
Eg likte kjemien mellom Reynolds, Skerritt, Welch og Jack Weston – eigentleg alle på stasjonen. Medan dei arbeider står det to idiotar og målar stasjonen, noko som skaper ekstra kaos i ei hektisk veke. Weston og Reynolds er kledde som nonner, politikapteinen rapar, og Skerritt prøver seg på Welch. Alt medan Yul Brynner pønskar ut det neste terrormålet sitt. Dette er knall!
Det skjer noko heile tida, og her er ingen hovudkarakter per se, for alle har like store roller som i eit ensemblestykke. Her er òg brutal Dirty Harry-vald midt oppi komedien: Folk blir skotne i panna, ungdommar set fyr på uteliggjarar, og bilar eksploderer. Det er sært, og kunne berre ha blitt laga på syttitalet.
Stødig filmarbeid – midt i kaoset er alle velplasserte i scenane, og filmfotoet er nydeleg. Dave Grusin laga filmmusikken i ein Lalo Schifrin-aktig, jazza stil à la Dirty Harry, noko som òg er typisk for æraen. Klimakset var fantastisk, der alle krimtrådar blir nøsta opp!

Frityrluktdom og videosjappesjarm:
Coveret hugsar eg godt, og det kjendest som om eg hadde sett filmen på tidleg åttital. Åh, lukta var god og deileg her, og eg blei sjarmert i hel av ei framifrå rollebesetning med god kjemi. Oscar-akademiet kjem endeleg med ein ny pris no i år (2026): beste casting. Denne hadde vunne han glatt.
83 minuttar med knall underhaldning! Terningkast 5.
Burt Reynolds er ein gallionsfigur for videosjappetida. Smokey and the Bandit, Deliverance, og Cannonball Run samla samtlege familiemedlemmer i stova: Burt slo aldri feil.
Fakta på VHS-bandet:
- Regissør: Richard A. Colla
- Manus: Evan Hunter (basert på hans eigen 87th Precinct-roman skriven under pseudonymet Ed McBain)
- Filmfotograf: Jacques R. Marquette
- Produsent: Jack Farren (for Filmways Pictures)
- Rolleliste: Burt Reynolds (Detektiv Carella), Jack Weston (Detektiv Meyer), Tom Skerritt (Detektiv Kling), Raquel Welch (Detektiv McHenry) og Yul Brynner (The Deaf Man).
🎬 Kjekke fakta for filmnerdar:
- Iskald krig på settet: Kjemien ser kanskje bra ut på skjermen, men i røynda takla ikkje Burt Reynolds og Raquel Welch kvarandre i det heile. Dei krangla så busta fauk, og Welch kravde til slutt at ho ikkje skulle dele fleire scener med Reynolds enn absolutt naudsynt. Reynolds spøkte mykje med dette i ettertid.
- Den døve mannen høyrer alt: Yul Brynner sin iskalde skurk blir kalla The Deaf Man, men han er sjølvsagt ikkje døv i det heile. Det er eit kallenamn han bruker som eit ledd i the master of disguise-taktikken sin i romanane til Ed McBain.
- Ekte Boston-kulde: Filmen vart skoten på location i Boston under ein uvanleg beinkald vinter. Dette var ikkje planlagt, men den grå, iskalde og sørpete byen gav filmen ei ekstra skitten og realistisk ramme som passa krim-elementa perfekt. Knall kulde-atmosfære!
Meir sjappefilm frå Warner Home Video? Gull på Hjernen (1975)
Herlig lesing! Hverken hørt om- eller sett filmen. Men knall lesing på arbeidsbenken idag
Takk! Videosjappefilm deluxe, slik eg hugsa det!