Barquero (1970)

Barquero (1970) – Videosjappa

Handling:

Barquero (1970) opnar med eit blodbad der Warren Oates med banden sin myrder ein heil landsby for pengar og militærrifler. Dei rir stolte mot Mexico. Men dei har eit problem: Lee Van Cleef eig og dreg ferja som kan ta dei over. Før banden kjem, får han landsbyfolket over på rett side av elva. Oates blir forbanna, fanga på andre sida av elva. Ein mexican river stand-off!

Barquero (1970)

Filmmelding:

Dette var ein særeigen amerikansk western, med ein neve spagetti som tilbehøyr. Lee Van Cleef står på ei side av elva med squatters – altså siviliserte folk som han hjelper. På andre sida står Warren Oates med ein bande kaldblodige barbarar, og dei treng ferja for å kome seg til Mexico for å leve som kongar.

Cleef spelar ein mystisk karakter; han er ei krysning av dei to partane. Det er tydeleg at han er farleg, men vi får vite lite om han. Ein fjellmann spelt av Forrest Tucker er det næraste han har ein ven, og han nølar ikkje med å bruke bowiekniven sin på halsen til skurkane. MEDAN han småpratar og spøkar. Herleg karakter.

I heile filmen står partane på kvar si side. Skurkane har faktisk ikkje sjanse til å kome seg over elva, og Cleef og Oates brølar til kvarandre. Eg likte denne situasjonen. Cleef røyker pipe og kikkar på dei over elva, medan Oates drikk seg full med fæle karakterar i banden.

Her er god westernstemning! Filmfotoet er knall. Eg elska lokasjonen som blei brukt langs elva, med vakker natur. Det var vanskeleg å tippe handlinga, noko som alltid er ein stor bonus. Men kvifor har Barquero ikkje ein herleg norsk tittel? «Unnskyld, vi vil over!»

Frityrluktdom og videosjappesjarm:

Enorm sjarm og lukt! Eg hadde aldri sett Barquero (1970) før, og eg veit med handa på hjartet at han hadde slått an tilbake i 1984 på VHS og CRT-TV på ein laurdagskveld, for eg fekk verkeleg den kjensla. Lee Van Cleef er ei enorm legende, og det er vanskeleg å ikkje digge han i kvar einaste scene. Warren Oates er dyktig òg, ein strålande psykopat. Som alltid skjelv kinnet under auget hans når han blir irritert. Terningkast 4, godt krydra med gastromat! 🍟🤠

Det gir meg enorm glede å hente meg inn på titlar som eg hugsar frå videokatalogen og frå sjappa. Å endeleg få sett dei, når filmcoveret framleis skrik førti år etter, det er ekte filmglede. På sjappa var han å finne under Warner Home Video, og coveret er knalltøft.

Barquero (1970) Foto: United Artists

Fakta på VHS-bandet:

🎬 Kjekke Fakta for filmnerdar:

  • Ein falsk spagetti-western: Sjølv om filmen følest og ser ut som ein italiensk spagetti-western (og marknadsførte seg steinhardt på Lee Van Cleef sin europeiske stjernestatus), er dette ein tvers igjennom amerikansk film, skoten i Colorado!
  • Tragedie før innspeling: Den opphavlege regissøren, Robert Sparr, og ein pilot mista livet i ein flystyrt medan dei var i Colorado for å speide etter innspelingsstader før filminga starta. Filmfotograf Gerald Finnerman var òg med i flyet; han vart skadd, men overlevde og fullførte filmen.

Meir på Videosjappa: Cujo (1983)

2 Comments

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *