Cujo (1983) Foto: Warner Bros. Pictures

Cujo (1983): Anmeldelse

Utruskap, mekaniske bilproblem og ein svær St. Bernard med rabies! Cujo (1983) startar med at hunden Cujo leikar seg med ein kanin. Det fører han til ei hole med flaggermus, og blir biten av ei. Eg har alltid synst dette var trist, skikkeleg BAMBI-trist.

VHS cover av Cujo
Cujo – et nytt navn for terror!

Filmmelding

Cujo var ein film eg digga hardt før, og det er tjue år sidan sist eg såg han. Mykje hadde eg gløymt! Eg trudde han skulle starte rett på sak. Det gjorde han ikkje. Ikkje før midtvegs i filmen kjem skrekken. Men eg likte denne sakte oppbygginga, med husmora Dee Wallace som er utru med ein sjalu hingst, og korleis alt leiar opp til bilverkstaden til ei personleg legende: Ed Lauter.

Filmen viser oss gradvis korleis rabiesen jobbar seg gjennom Cujo. Han blir ekstremt kjenslevar for lydar, og til slutt klikkar han fullstendig og drep sitt første offer: bestevenen til Ed Lauter. Samstundes får vi eit reint familiedrama fordi Dee Wallace er utru med ein ven av mannen sin.

SÅ tek ho bilen, som treng reparasjon, og sonen sin ut til Lauter sin verkstad på ein bondegard ute i huttiheita. Cujo angrip bilen ut av det blå, og mor og son er fanga inni der. Det er sommar, det er brennheitt, og faren for dehydrering er stor. Under Cujo forstod eg brått kvar eg har fått min elsk for thrillerar om folk som sit fast på eit avgrensa område med stor fare rundt seg. Cujo var den første!

DP: Jan de Bont!

Jan de Bont står bak kameraarbeidet, og det er knall. Scenane der Cujo angrip er heilt fantastiske den dag i dag, og uhyre intense. Og måten Dee Wallace blir filma på, med nærbilete av auga hennar – knallsterkt! Guten spelar også intenst bra. EG DIGGA DET. Men Oscar-prisen går til Cujo, spelt av fire St. Bernard-hundar. Han er den kulaste hunden på film, kanskje på ein delt førsteplass med familiehunden i Poltergeist.

Det som trekkjer ned litt, er musikken. Han har mykje strykarar og er ingen John Williams sitt Haisommer-lydspor. MEN samstundes er filmmusikken veldig klassisk Stephen King-film. Og han passar eigentleg på eit absurd vis, fordi filmen er 50 % dramafilm. Altså: Dette er Kramer vs. Kramer pluss Haisommer.

Kva handlar filmen eigentleg om? Dee sin utruskap og at ho blir straffa av høgare makter? Det er noko å tenkje på i siste scene.

Dee Wallace i Cujo
Dee Wallace er SÅ KNALLGOD! Cujo (1983) Foto: Warner Bros. Pictures

Frityrluktdom og videosjappesjarm:

Vel, fytti! Eg sat med hundane våre i fanget og vi storkosa oss! Cujo er sjefen! Dette var betre enn eg hadde kunna førestilt meg etter så lang tid. Sjappesjarmen var enorm! Filmen er kanskje tåpeleg objektivt sett, men slim og kvitt frådesku på bilvindauget akkompagnert av høge skrik gav meg akutt lyst på noko frityrlaga, helst french fries med blodig burger.

Terminal-pila: ▲

2 Comments

  1. Knall! Føler denne dukker opp igjen og igjen men forblir usett, kanskje den skal listes opp til spooktober!

    Apropos beste hund på film (bra listekonsept), har du sett fjorårets «Good boy»?(2025)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *