Mandagsfilmen #1 «Sounder» (1972)
Eg huskar ikkje når mandagsfilmen blei ein tradisjon på Twitter. Det var ein liten ting eg og Roger Græsberg starta uformelt opp på moro ilag med andre. Tradisjonen gjekk naturleg med oss då vi migrerte frå Twitter til Bluesky.
For nokre uker sidan, fiksa Kjartan Bø (https://boxd.it/5Wct7) ei liste på Letterboxd som inneheld alle mandagsfilmene sendt frå 1960 til 2003. Der er 1629 filmar, og eg velg ein film frå den lista kvar mandager framover. Her er lista: NRK – Mandagsfilmene 1960-2001 https://boxd.it/GMUP0
Framover skal eg skrive om kvar ein film eg ser på mandager, om tid let meg.
SOUNDER (1972) er regissert av Martin Ritt, som også laga «Hud» og «Hombre» (1963) med Paul Newman, «Norma Rae» (1979) med Sally Field, og «The Spy Who Came In from the Cold» (1965) med Richard Burton. Filmen var nominert til beste film under 45th Oscarutdeling, men Gudfaren vant. Den har også havna på mange topp ti lister hos kritikarar.
I tittelsekvensen dukka det opp: Music By, Taj Mahal. Eg blei solgt på flekken. Den einaste musikkartist eg nokon sinne har sluppe inn på backstage og fått håndhilse med. Nydelig var filmmusikken, med blues av ei legende. Eg fant faktisk albumet på Tidal sporenstreks etter filmen. Han har også ei lita rolle i filmen, med gitaren sin sjølvsagt.

Så med begeistring, fortsatte filmen. Sounder, er navnet til ein familiehund, men dette er ikkje ein om ein hund. Filmen handla ganske enkelt om livet, eller slice-of-life til ei afroamerikansk familie som lever som bønder i Louisiana, 1933, under den “store depresjonen”. Hovedpersonen er gutten David Lee Morgan, spelt av Kevin Hooks og hans beste venn er hunden Sounder.
Harde tider inntreffer familien, og mat er vanskeleg å finne. Faren Nathan, gjer sitt beste og prøver å jakte etter ville dyr. Han er spelt av Paul Winfeld, som eg kjente att umiddelbart ifrå filmer som Terminator, Cliffhanger, The Serpent and the Rainbow og fler.
Ting blir ikkje betre når Nathan blir arrestert av den lokale kvite sheriffen, for å stjålet mat. Å svelte i hel er ingen unnskyldning. Nathan blir dømt til eitt års opphald i ein hard arbeidsleir.
Så då står resten av familien att aleine, og må jobbe hardare for å forsørge seg. Mora Rebecca, er spelt av Cicely Tyson. Ho spela strålande, ho har eit mektig blikk og auger, og spela ein varm person.

«Sounder» er ein enkel film. Eg trur filmen er oppkalt etter hunden fordi den er vitne til alt som skjer. På visse områder minner filmen meg om Where Is the Friend’s House? (1987) og Pather Panchali (1955), fordi «Sounder» har ei enkel historie utan typisk treaktsstruktur eller slikt, berre kvardagen til ei fattig familie, rik i kjærleik. Gutten David, prøver å finne arbeidsleiren kor faren sonar straffa, så han og hunden begir seg ut på eit lite eventyr.
Nokre farlige elementer er her: dei kvite, bortsett frå ei hyggeleg eldre dame som vil hjelpe. Historia utspeler seg under segregasjonstida, men handlar ikkje direkte om temaet — den handlar mest om familie, og kjærleiken innad i familien, og ikkje minst om håp. Ein varm film. Ei scene sjokkerte meg, i løpet av fyrste halvtimen. Meir skal eg ikkje røpe.
Kevin Hooks, som spelte David, gjekk vidare frå å vere skuespeler til å bli regissør. Han har regissert ein remake av Sounder, og filmer som Passenger 57, med Wesley Snipes, Fled (1996), Strictly Business med Halle Berry og fleire episodar av Prison Break. Kjekt!
Sounder gav meg ein følelse av korleis det var å sjå film som ung. Kanskje fordi som Roger Ebert skriver i sin 4-stjerners anmeldelse: “It’s one of those rare films that can communicate fully to a child of nine or ten, and yet contains depths and subtleties to engross any adult.” — kanskje eg såg den med mine barneaugo, garantert trigga av hunden Sounder.
Eg gir terningkast 5
