Kva filmtype er du? Den store guiden til filmentusiastar (Del 1)
Før i tida var det enkelt. Møtte du ein som var glad i film, kunne ein snakke film resten av dagen. Som regel likte vi dei same filmane; dei som vi leigde på videosjappa. Men det var også meir enn det: vi var berre GLADE for å møte ein som var filmfrelst. For genuint filminteresserte var sjeldan vare. Folk flest på denne tida kunne sjølvsagt ta ein filmprat, men nålauget var lite. Det var stort sett reservert til filmar der Tom Cruise eller Eddie Murphy spelte i, som Beverly Hills Cop, Top Gun, Dirty Dancing og den kommersielle sorten. John Carpenter? Walter Hill? Nei, det visste dei færraste kven var. Men tidene har endra seg, og i dag kryr det av heilt ulike filmtypar der ute.
Frå videosjappa til Letterboxd – kva skjedde?
Spolar vi fram til notid, kva har skjedd i mellomtida? VELDIG mykje. No er min bakgrunn ein enkel filminteressert som snakkar om si oppleving frå ei øy med titusen innbyggarar. Kanskje var det ikkje slik i hovudstaden, eller i Bergen. Men slik vaks eg opp.
I desse dagar er det filmfrelste overalt. På Letterboxd, sosiale medium, og på alle filmklubbane rundt om i landet. Film blei tilgjengeleg for alle, døgnet rundt på streaming. Det har kome mange nye generasjonar filmfans sidan eg vandra på øya mi og sparka stein. No er dei overalt!
Eg lever i ei ideell tid, på papiret. Men å vere filmfrelst er ikkje lengre så enkelt som at vi filmglade såg dei same filmane på sjappa. Med tida har det danna seg forskjellige leirar; forskjellige typar filminteresserte der alle lever i si eiga mikrofilmverd. Det er ikkje lengre 1 + 1 er 2. Eg skal gruble litt på dette no, granske litt, og gjere eit forsøk på å kategorisere alle typane.
Dei ulike filmtypane (Kven er du?)
Videosjappe-gubben (og kjerring)
Vi kan starte med min type først. Tida då film lukta frityrolje frå pommes frites-maskina, tida då Sylvester Stallone, Arnold Schwarzenegger, Sigourney Weaver og Linda Hamilton var gudar. Men tida har gått og gudane var menneskelege likevel. Den beste tida er sytti-, åtti- og nittitalet – helst frå Hollywood.
Tida vi lever i no stinkar, og vi saknar videosjappene, at heltane og heltinnene våre har plutseleg kome i åttiåra sender oss inn i ei livskrise, og at ein kunne sitte på ein kino FULLSTENDIG fri for fæle lys frå mobilar og respektlaus ungdom som kastar popcorn. Vi elskar det gamle, og hatar det nye. Vi likar å halde oss for oss sjølv, og vi ser mot andre filmtypar med stor skepsis. Det beste er å sjå film i fred og ikkje prate for høgt om det. Vi tek sjeldan kontakt.

Cinefilen
Denne er klassisk og har vore ein type sidan eg blei fødd, og lenge før det. Eg trur ikkje ting har forandra seg nemneverdig, bortsett frå at Hollywood-hatet har dempa seg noko med alle indiefilmane som har kome det siste tiåret. Filmane ein cinefil ser er frå øvste hylle. Film er ikkje underhaldning, men kunst.
Dei ser stumfilmar, og puggar vanskelege namn på regissørar frå Polen, Taiwan og Frankrike. Det går mest i filmar frå alle andre land enn Amerika. Filmane skal stimulere intellektet. Som regel blir typen forma under utdanning, på universiteta kor dei konkurrerer om å ha sett flest ukjende kunstfilmar, og kor den private filmsamlinga er bygd opp for å hauste respekt hos likesinna. Dei ser ned på videosjappegubbene, og ignorerer glatt slike filmbarbarar. Dei likar å halde seg med sine eigne, drikke raudvin og late som om verda deira er henta rett ut av Annie Hall.

Dei unge optimistane
Desse har fått film inn med teskei sidan dei var små. Foreldra er som regel videosjappegubbar/-kjerringar, eller frå DVD-generasjonen (det finst så mange grupper!). Dette er dei mest positive filmfrelste ein kan møte på! Dei elskar alt frå alle sjangrar, kunstfilmar, animasjonar – absolutt alt, så lenge det skårar høgt hos likesinna, favoritt-podkastane, YouTube-filminfluensarane og filmkritikarane.
Dei elskar The Village, som blei slakta i si tid, men som no blir forguda fordi deira store helt Joaquin Phoenix spelar i den, og filmfotoet er signert Roger Deakins. Film skal vere vakkert og film skal sjåast på kino! Denis Villeneuve og Christopher Nolan er to gigantiske heltar. Dei elskar også A24-gullregissørane Ari Aster, Robert Eggers og Jordan Peele. Av eldre regissørar diggar dei David Fincher og Paul Thomas Anderson. Dei kan slå av ein filmprat når som helst, kvar som helst og med kven som helst, for unge optimistar diskriminerer ikkje, og er alltid på jakt etter meir film og lærdom. Dei er ekstremt sosiale på internettet og kan finnast på alle sosiale medium, og i deira absolutte filmparadis: Letterboxd.

Fandom-folket
Desse elskar franchisar! Star Wars og Lord of the Rings er verdas beste filmar! I ei tid kor folk flest har fått superhelt-fatigue, er det stikk motsett for Fandom-folket: dei vil ha MEIR Marvel og meir DC, og krev at det aldri stoppar. Dei elskar franchisar, og alt som har med lore og verdsbygging å gjere. Hobbiten-filmane er gull. Alle Star Wars-seriar er gull. Så lenge dei kan stupe ned i ein gigantisk katalog av Aliens, superheltar og Indiana Jones, er dei glade og fornøgde.
…bortsett frå når Fandom-folket skal ut i sosiale medium for å diskutere kjærleiken sin. Vi andre filmtypar har vore vitne til kor gale det kan gå når Fandom-folket diskuterer Star Wars, når rein filmkjærleik går frå the light side til the dark side: «toxic fandom». Ja, denne gruppa blir ofte polarisert og kan gå i krig mot kvarandre og mot filmskaparane. Her er det dei SW-konservative mot dei opne SW-liberalistane som konstant krigar på eit internett far, far away.

Sofastrøymaren
Ofte Generasjon X med litt filmlidenskap. Desse er ikkje så glade i film som dei andre typane, men ser mykje film og tv-seriar likevel. Som oftast arbeidsfolk med familie. Far og mor er slitne etter ein lang dag på jobb, set seg i sofaen når ungane har lagt seg og vil berre koble av.
Det er desse som har lagt grunnlaget for at strøymarane lagar sine eigne filmar. Det er desse som har finansiert Netflix, for desse ser absolutt alt som strøymetenestene serverer dei. Det speler inga rolle kor dårleg filmen er. Sofastrøymaren likar å koble av. Å ligge på sofaen med det siste frå Netflix medan dei et litt chips, scroller på telefonen og kikkar opp når noko spennande skjer. Etter kvart vil Sofastrøymarane ta over heile verda, og med tida vil alle typane i framtida ha blitt Sofastrøymarar i ei gigantisk Netflix-verd. Dette er min dystopiske spådom.

Format-feinschmeckaren
Det stikk motsette av Sofastrøymaren. Som regel er dette ein type som stammar frå videosjappegubbar/-kjerringar, men i motsetnad til dei, er dette reine puristar. Her finst inga gråsone: dei hatar strøyming og elskar fysiske format.
Samlinga deira er verdt meir enn huset dei bur i. Etter 30 år med oppbygging av ei fysisk samling av DVD, Blu-Ray og 4K, har dei maksa mange kredittkort og spart der dei kan på mat og klede, alt for å få råd til den siste, ferske spesialutgåva av favorittfilmen i det aller nyaste formatet. Samlingane deira er eit himmelsk syn for alle oss andre. Ofte kan vi sjå dei på Instagram, der filmrommet deira er eit rent TEMPEL. Dette er så nært religion det er mogleg å kome. I tillegg er dei tekniske geni, som veit nøyaktig korleis ein set saman perfekt surround-lyd til sin 110-tommars genmodifiserte, spesialinnstilte monster-TV med perfekt sortnivå. Hi-fi-utstyret dei sit på er heilt i toppsjiktet. Kun full dedikasjon og sjølvoppofring kan heve ein filminteressert til dette nivået.

Kva filmtype er du?
Så der har vi nokre få typar frå eit hav av fleire. Dette er sjølvsagt skrive for moro skuld, med mykje fri tolkning og absolutt null research. Kanskje er det berre rein fantasi frå mi side, kanskje ikkje. Men dette var så kjekt å skrive at ein del to kjem omsider – rett etter at JOHN CARPENTER-racet mitt er over!

Stolt videsjappe-gubbe her, som tidvis også kan framstå som ei skamlaus kjerring.
Bjørn Dennehy, då er vi to! Og eg tippar (veit) Ator er det også, så då er vi er tre!