Poster av Kane Parsons Backrooms (2026) med Chiwetel Ejiofor på posteren.

Backrooms (2026): Anmeldelse

Eg har sett Hokum, og eg har sett Obsession. Men 2026 har tre store skrekkfilmar, og i kveld fekk eg endeleg sett Backrooms! Eg burde kanskje late den synke litt, nokre dagar. Men eg er ganske sikker på kva eg meiner. Dette var ein god skrekkfilm! Nøyaktig kor god, er eg ikkje heilt sikker på.

Kort fortalt handlar filmen om ein kar (Chiwetel Ejiofor) som driv ein møbelbutikk på nittitalet. Han går til psykolog (Renate Reinsve) og snakkar om problema sine. Ein dag oppdagar han noko mystisk nede i kjellaren på butikken: ein portal, rett gjennom veggen. Han går inn og oppdagar ei gigantisk verd beståande av kontorlandskap og rare ting. Men noko mørkt lurer rundt hjørna.

Ei salig mash-up av film og dataspel

Backrooms er ein snodig skrekkfilm. Regissør Kane Parsons brukar alle triks i boka. For eksempel ein set-up av ein gjenstand som skal dukke opp seinare – eit klassisk grep planta så bevisst av Parsons. Mengda med skrekkelement denne unge regissøren klarte å plante inn på 110 minutt er enorm.

Tankane mine gjekk til The Matrix, found-footage, The Shining, analog skrekk frå Japan, It Follows, og The Cell (2000) av Tarsem Singh. Det er ei salig mash-up av mykje knall – og det fungerer, fordi det er moro. Ikkje minst, eg fekk kraftig og god dataspel-kjensle.

Renate Reinsve som kikar på ei mystisk dør i skrekkfilmen Backrooms frå 2026.

Sengeavdelinga og stjerneskotet Reinsve

Noko særleg skummel synst eg den ikkje var (eg er herda). Det mest skremmande var når Chiwetel Ejiofor søv i sin eigen butikk, eit svært lokale, oppe på sengeavdelinga. Ejiofor er forresten knallgod, og det er også Renate Reinsve som passar veldig godt inn i skrekkfilmsjangeren.

Endelause gangar og plastplantar

Det beste med filmen er stemninga, og set-designet. Endelause gangar av surrealistisk kontorlandskap som blir filma på ein måte som minner meg om familien Torrance på Overlook Hotell. Og nittitals-interiøret digga eg! Kvar ein scene ser ut som noko eg hugsar godt frå nittitalet, denne estetikken med plastplantar, panelvegg og fargar frå tida. Digga det!

Dommen: Psykologisk snop som må tolkast

Det som trekkjer ned er historia, og den kunne eg ha late synke litt meir inn. Filmen er jo psykologisk og her er mykje som kan tolkast. Eg kom ikkje fram til nokon konklusjon denne gongen, men interessant er det. Siste akt, hmm – litt usikker her òg. Men her var så mykje å nyte, alle detaljane – altså, filmen er moro. Backrooms er absolutt godkjent!

Terminal-pila: ▲

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *