Gudfaren Poster med høgre deling

Alt kan slaktast: del 1

Eg har sagt det ofte: Alle filmar kan slaktast. Ja, absolutt alle favorittfilmane dine kan trillast med eit terningkast 1 og bli grundig slakta. Og då meiner eg ikkje nødvendigvis med useriøs kritikk, men med beinharde og solide poeng. Dette gjeld alle filmar.

Eg er interessert i å prøve meg på ein artikkelserie kor eg sjølv slaktar mine største favorittar, som ei øving. Det er viktig å forstå og studere meininga til ein motpart – å sette seg inn i alt for og imot. Dei flinkaste debattantane er dei som gjer det slik, blir det sagt. Eg vil improvisere ein del, og kanskje lese alle negative kritikkar om ein favorittfilm. Berre sjå på brukaranmeldelsar på IMDb og Letterboxd; på kvar einaste film kan ein finne negativ kritikk. Leitar ein lenge nok, finn ein også negative anmeldelsar frå seriøse filmanmeldarar.

KUNST: Med fem store bokstavar

For å varme opp, må vi snakke om dei fem store bokstavane: KUNST. Om vi zoomar ut frå filmverda og ser på film og kunst reint objektivt, er dette den enklaste måten å gå fram på: å erklære film som useriøs kunst. Det finst heilt sikkert dei i dag som meiner at film ikkje fortener å bli assosiert med kunst, i motsetnad til bøker, musikk og målarkunsten.

No når eg skal gå fram for å slakte knallgode filmar, må eg også justere sinnet mitt litt. Eg må ha i bakhovudet kor tøysete det eigentleg er å lage film: Vaksne folk som kler seg ut, puggar dialogar og lèt som. Nokre går til store lengder. Ta for eksempel Jared Leto eller Daniel Day-Lewis, som forblir i karakter endåtil når kameraet ikkje rullar. Det er litt sjølvhøgtideleg og barnsleg, ikkje sant? Denne method acting «late som»-leiken?

Jack Nicholson som vaktmester Jack i skrekkfilmen The Shining.
Jack som ventar på slakt! (The Shining)

Dei überseriøse regissørane

Eller kva med regissørar som Stanley Kubrick og David Fincher, som krev det maksimale av skodespelarane sine, til det punktet der dei blir galne? Berre for å få det ultimate skodespelet, som krev hundrevis av retakes. Alt dette berre fordi publikum som sit i kinosalen og pressar popcorn ned i kjeften, skal løftast opp til eit høgare kunstnarisk nivå og bli betre menneske? Verkeleg? Medan dei ser The Shining eller Se7en?

Men kva kunst er eller bør vere, skal eg ikkje gå inn på her. Det er ein krevjande diskusjon for eit så lite utdanna menneske som meg. Eg ville berre gjere merksam på at ikkje alle ser film, bryr seg om film eller snakkar om film dagen lang slik som vi filmelskarar. Eg kjenner folk som ikkje ein gong bryr seg om musikk! Nei, dette er oppvarming for min eigen del. Om eg skal slakte kjære filmar, må eg gå inn med ei objektiv haldning først og fremst.

IMDb Topp 3 – eit slakteforsøk

Før eg set i gong for alvor, vil eg kike litt på topp 3 på IMDb si notoriske Topp 250-liste. Her er The Shawshank Redemption på førsteplass, The Godfather på andre, og The Dark Knight på tredje. Altså, desse tre er dei absolutte filmane stemt fram av folk flest som planetens og filmhistoria sine beste filmar.

Ein poster av The Shawshank Redemption frå 1994.
Verdas beste film! The Shawshank Redemption (1994)

1. The Shawshank Redemption – Sentimental manipulasjon

The Shawshank Redemption er ein sentimental liten fengselsfilm om ein uskuldig mann som må sone tid. Det sentimentale er akkurat det eg ville ha brukt som hovudargumentasjon her. Steven Spielberg får det stempelet støtt og stadig. Ein film som prøver å manipulere deg til å bli røyrt, er ikkje populært i desse dagar. Korleis kan ein våge å prøve å gjere nokon sentimental! Musikken er viktig for å oppnå denne effekten, noko fleire blir kvalme av – spesielt i moderne tid!

2. Gudfaren – Ni timar med mafiaklisjear

Gudfaren er nummer to. Her er det best å angripe sjangeren: mafia. Eller sjangerfilm generelt, for Gudfaren er ein sjangerfilm. Kvifor skal vi bry oss om kriminelt avskum? Å sitje gjennom tre timar – eller ni timar totalt – og sjå på ein gjeng mafiosos spy ut klisjédialogar som vi har høyrt ein million gongar, og sjå dei bli forrådde og drepne om igjen og om igjen. Å sjå Marlon Brando med bomull pressa ned i kjakane prate om «I’m gonna make him an offer he can’t refuse». Eg ville ha argumentert for at filmen ikkje gir noko som helst verdi for menneskeheita, og at han hyllar vald. Kor mange har blitt kriminelle fordi dei digga Gudfaren eller Pacino i Scarface? Skal dette vere det absolutte innan film? MAFIA!?

3. The Dark Knight – Teikneserie med gravalvor

Endå verre er nummer tre: ein superheltfilm. Ein superheltfilm som prøver å vere Heat og realistisk? For det første: Heath Ledger tek overdriving til the next level. Pacino i Scarface blir liten i forhold. Og Christian Bale tek rolla så alvorleg at vi skulle tru dette var Gudfaren og eit Oscar-jag. Kven ler ikkje høgt når vi høyrer den forferdelege Batman-stemma her? Kvifor gidd eg i det heile teke å sitje her og skrive om ein superheltfigur frå teikneseriar som er retta mot barn? Filmen er ekstremt lang og tek seg sjølv ALTFOR alvorleg. Nietzsche sa: «Eg ser ned på sørgespel og gravalvor.» Det han eigentleg meinte, var at The Dark Knight er ein møkkafilm.

Andre stemmer: Når proffane dreg fram kniven

Vel, denne vesle kritikken av The Dark Knight tok ei vending der eg brukte litt useriøs og enkel argumentering. Men eg kan la seriøse anmeldarar ta kritikken for meg:

David Denby (The New Yorker):

«The Dark Knight is hardly routine—it has a kicky sadism in scene after scene, which keeps you on edge and sends you out onto the street with post-movie stress disorder.»

Mark Savlov (Austin Chronicle):

«The only thing here that feels truly, utterly alive is Ledger’s maniacal, muttery Joker. The last laugh is his and his alone. It’s enough to make you cry.»

Michael Sragow (Baltimore Sun):

«A handsome, accomplished piece of work, but it drove me from absorption to excruciation within 20 minutes, and then it went on for two hours more.»

Jepp, dette er frå nokon som har dette som levebrød! Dei proffe går etter bråk-nivået og den meiningslause valden frå Jokeren. Så om IMDb og brukarane deira hadde bestemt kva tre filmar som skulle sendast ut i verdsrommet på den nyaste romsonden Voyager 3, hadde dei gått for ein sentimental liten fengselsfilm, ein mafiaklisjé og ein teikneseriefigur med tåpeleg stemme som representativt for kva vi menneske er og står for. Eg tenkjer at den alien-rasen som hadde fått tilsendt noko slikt, ikkje ein gong hadde brydd seg med å invadere oss, fordi dei ser at det er ingen vits: Vi klarar fint å øydelegge oss sjølve utan hjelp.

Ein poster av The Dark Knight (2008).
Verdas tredje beste film: The Dark Knight (2008)

Dette var berre ei smaksprøve

Dette var ei lita oppvarming. Eg skal velje ut mine aller største favorittar, samt ta andre filmar som er ansett som tidenes beste, og feste dei på kjøttkroken, finne fram min feitaste slaktarkniv og skjære så innvolane ramlar ut og ned på golvet. Men det er som sagt enkelt å slakte film. Alle kan gjere det! «Alt kan slaktast» – det er mitt motto.

80s Action David Lynch FilmNoregRundt hottast John Carpenter netflix profil Sci-Fi slakt Spooktober 2026 Stephen King Stranger Things Thor Dahlstrøm VHS Walter Hill

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *