Brando som Paul i filmen Last Tango In Paris (1972).

Anmeldelse: Last Tango in Paris (1972) – Falma meisterverk?

Sist gong eg såg Last Tango in Paris (1972) var på DVD rundt midten av 2000-talet. Dette var under min siste rike filmperiode, der Roger Ebert sine The Great Movies-bøker var til stor inspirasjon. Eg var 30 år, og filmen var eit reint meisterverk som eg gav terningkast 6. No er det tjue år sidan eg såg filmen sist. Mykje kan skje på tjue år.

Handling

Paul (Marlon Brando), ein 45 år gamal amerikansk mann, mistar si franske kone i Paris. Ho tok sjølvmord, og Paul er i eit mentalt helvete. Den 20 år gamle jenta Jeanne (Maria Schneider) snublar innom ei leiligheit på utleigemarknaden samstundes som Paul, kor den miserable figuren sit i mørket. Dei innleier kjapt eit seksuelt forhold utan å fortelje noko som helst om kvarandre.

Det norske VHS-coveret av Brando Last Tango In Paris (1972).
Siste Tango i Paris

Kritikarane og mi eiga sjølvgransking

Bernardo Bertolucci sin film blei svært kontroversiell i si tid. Fordi eg las mykje Ebert, veit eg at Pauline Kael sin anmeldelse av Last Tango er nesten meir populær enn filmen sjølv; ho elska filmen og skreiv at «Tango has altered the face of an art form», og filmen blei ein stor suksess. Eg har både Kael og Ebert sine anmeldelsar her framfor meg. Så eg skal hoppe litt fram og tilbake mellom deira meiningar og mi enkle meining om opplevinga eg nettopp hadde.

Først må eg granske meg sjølv litt. Som sagt, midten av 2000-talet var ein rik filmperiode for meg. Eg las mykje Ebert, og han var ein filmhelt og mentor. Eg valde og kjøpte filmar ut ifrå bøkene hans The Great Movies, og eg gjekk med ope sinn inn i alle dei store filmane som Ebert anbefalte. Dette var på ein måte ei sjølvutdanning. Her er Ebert sin anmeldelse av Siste Tango i Paris.

Som ein ekte cinefil

Mentaliteten min den gongen var prega av nysgjerrigheit og eit ønske om å «intellektualisere» meg sjølv – å gjere meg smartare ved å sjå kunstfilm! På ein måte var det ei maske eg tok på meg. Eg såg Last Tango in Paris som ein ekte cinefil, og eg var sugen på ekte kunst. Klart eg var påverka av Roger Ebert sine meiningar. Ikkje ein einaste film eg såg frå bøkene hans var ein skuffelse.

Men dette er tjue år sidan. No er eg eldre, og anten dummare eller visare (eg meiner dummare då, men). Eg sleit kraftig med Last Tango in Paris denne gongen og hadde mange problem med han. Kanskje fordi eg ikkje drikk raudvin lenger (eg kutta alkohol fullstendig i 2014 – ikkje anna å vente enn at eg er dummare!!), ikkje røykar eg sigarettar, og piperøyk blei det aldri. Men problem hadde eg, ja – sjølv om dei var langt ifrå dei problema mange har på IMDb og Letterboxd rundt den berømte smørscena. Oi, oi, dette blir kanskje ein lang artikkel – eg har mykje på hjartet. Okay, eg skal prøve.

Marlon Brando og Maria Schneider i lag i senga frå filmen Brando Last Tango In Paris (1972).
Maria Schneider og Marlon Brando

Ein «gammal gris» i sorg?

Først og fremst, hovudproblem nummer éin: Eg klarte ikkje å leve meg inn i filmen fordi dei to hovudpersonane ikkje var interessante for meg. Marlon Brando sin Paul er eit øydelagt menneske etter sjølvmordet til kona. Han lèt det gå utover Jeanne, i seksuelle akter og psykisk tortur. Ebert skriv: «It was one of the great emotional experiences of our time.» Kva var ei så følelsesmessig oppleving her? At Paul sleit så mykje at han drog ned alt og alle rundt seg, ikkje minst ei ung jente – som, ja, sleit ho òg? Her var det ikkje nokon store kjensler, men heller sjølvdestruksjon i form av sex.

Det er ikkje til å unngå at det å sjå den snart femti år gamle Marlon Brando drive og ha seg med ei 20 år gammal Maria Schneider, er frykteleg ubehageleg å vere vitne til. Hadde det vore ekte kjærleik eller noko, ja kanskje – utan at eg skal vere moraliserande her. Men Brando er verkeleg ein «gammal gris» som i sorga si lèt vreden gå utover ei stakkars ung jente.

Ebert skriv: «Paul needs to lose himself to mourning and anger, to force his manhood on this stranger because he failed with his wife.» Det er tydeleg at Ebert prøver å forstå seg på «the anguish» som Paul går gjennom, men det er snakk om ein snart 50 år gammal mann som burde vite betre, sjølv om verda hans rasar saman.

Livet er hardt

Slike ting skjer omkring i verda – det skjer mykje sjukt der ute, for livet er hardt og alt det der. Men visse ting treng ikkje å bli belyst, ikkje ein gong i kunstens namn. Det spørs kva det handlar om, og korleis det blir vinkla. Ta for eksempel Mickey Rourke i Barfly, om ein forfattar-fyllik som ikkje gjer anna enn å drikke, og som viser oss undersida av samfunnet – det er interessant for meg. Eller igjen, Rourke saman med Kim Basinger i 9 ½ Weeks, som har visse ting til felles med Last Tango ved at sex blir brukt som flukt. Men den store forskjellen er at Basinger er på same alder som Rourke i filmen, og det er ein stor forskjell! Det er uinteressant og ubehageleg å sjå Paul herje med Jeanne i denne filmen.

Maria Schneider som Jeanne i filmen Brando Last Tango In Paris (1972).
Maria Schneider som Jeanne.

Intellektuell ekstase og kontroversielt smør

Kael skriv: «This must be the most powerfully erotic movie ever made», og har i likskap med Ebert fleire avsnitt om kor mektig og stor Marlon Brando var som skodespelar. Eg tvilar ikkje på at dette var ei stor hending og ein film alle hadde venta lenge på tilbake i 1972. Ein kontroversiell film som fekk folk i New York, i sine «Woody Allen-selskap», til å prate i fleire år etterpå. Ein sånn typisk kunstnarisk film med delvis fransk tale av ein italiensk regissør, som Kael og Ebert kunne drukne i si eiga intellektuelle ekstase over.

Filmen er langt ifrå «den mest kraftfulle erotiske filmen», og når ho sa: «The movie breakthrough has finally come, Bertolucci and Brando have altered the face of an art form», ja, så tok ho feil. Det ho hadde rett i, er at filmen framleis blir prata om, til dei grader! Men av feil grunnar.

Maria Schneider skulle spele inn ei scene med Brando, der Paul skulle valdta ho analt – MED SMØR, berre at Maria ikkje blei fortalt om smør-biten på førehand. Så ho følte seg valdteken av sjokk under innspelinga på grunn av smøret. Dette er det folk flest pratar om!

Karikaturane utanfor leiligheita

Filmen sine verkeleg svake scener er alle scenene som føregår utanfor leiligheita der Paul og Jeanne flyktar inn i sex. Jeanne skal gifte seg. Kjærasten hennar, Tom (Jean-Pierre Léaud), er ein kvasiregissør som er ein rein karikatur på korleis ein nybølgje-regissør skal vere. Desse scenene gir lite til filmen anna enn å vise Jeanne i sitt verkelege liv – noko som ikkje fungerer, for kvar gong ho treffer Tom, har han filmcrewet med seg og skal filme ho og improvisere ekte filmkunst.

Her treffer i det minste Ebert jackpot i sin The Great Movies-anmeldelse: «The character of Tom is a caricature that only grows more distracting over the years», og «The dialogue between Tom and Jeanne seems unnatural and forced. We don’t believe it, and we don’t care.» Spot on, Ebert!

Så kva handlar Last Tango in Paris om? Ebert skriv: «What happens in the apartment between Paul and Jeanne is what the movie is about: How sex fulfills two completely different needs.» Nei, eg kjøper ikkje verken Kael eller Ebert sine anmeldelsar lenger. Eg har ingen problem med å sjå film om mørke tema frå menneskenaturen – for det skjer som sagt kvar dag. Men verken vakkert filmfoto eller strålande skodespel frå Marlon Brando reddar filmen frå ubehaget.

Kinski hadde rett om Brando – og kvifor Turkish Delight er betre

Eg var heller ikkje så imponert over Brando sitt skodespel denne gongen. Klaus Kinski skreiv i biografien sin: «Method acting, so overrated with its fucking scratching the nose and scratching the balls.» (Noko i den dur.) No var jo Kinski ein ganske sjuk mann, men eg gløymer aldri denne setninga frå boka. Og når eg ser Brando bruke hendene ofte, kike i taket (for å hugse replikkane) og klø seg på nasa, er ikkje the method så rått som eg syntest då eg var yngre. Men steike ta, det er godt skodespel altså, berre ikkje så fantastisk som Kael og Ebert vil ha det til. Eg likar betre Brando sine tidlege roller, som i On the Waterfront, enn dette her.

Sjokkfaktor er ein god ting, så det er ikkje det som dreg ned filmen. Det som dreg han ned, er at eg ikkje blir interessert i karakterane og flukta deira frå lidinga. Om eg skal dra fram ein mykje betre film frå same tid som eg nyleg har sett og elska, er Turkish Delight frå 1973 langt sterkare. Kvifor er han det? Fordi han er stappa med ungdommeleg og sjokkerande energi frå Paul Verhoeven, Rutger Hauer og Monique van de Ven. Medan Bernardo Bertolucci sin film handlar om fortvilinga til ein gammal gris eg hadde null interesse av å føle noko for. Eg følte derimot mykje for karakterane i Turkish Delight, og det same i 9 ½ Weeks. Så sjokkfaktor, om han er på 7 eller 10, plagar meg ikkje.

Bernardo Bertolucci: The Sheltering Sky

Bernardo Bertolucci er ein knall regissør, og filmane hans er alltid vakre. Eg er ingen fan av Last Tango in Paris lenger, men eg er ein fan av The Sheltering Sky, som er basert på ei knall bok av Paul Bowles, der John Malkovich og Debra Winger reiser til Algerie og rotar seg ut i ørkenen av rein fortviling. The Dreamers, ein erotisk film frå 2003 om tre ungdomar som utforskar seksualitet saman med filmkjærleik, synest eg var meir interessant. Men det er no tjue år sidan eg såg den òg, så korleis han held seg i dag, kan eg ikkje bekrefte.

Marlon Brando som Paul i frå filmen Brando Last Tango In Paris (1972).
Marlon Brando som Paul

Francis Bacon, og den menneskelege tilstanden 

Å bruke «ein gamal gris» som grunnlag når ein skal vurdere ein kunstnarisk film frå 70-talet, av ein italiensk filmregissør med ein av filmhistoria sine største skodespelarar, er langt ifrå enkelt. Bertolucci vil jo i utgangspunktet vere kontroversiell, Brando òg. Pluss at dei vil vise noko komplekst, noko ekte frå den menneskelege tilstanden utan grenser. Noko Hollywood aldri hadde tort. Så får vi bilde i introen av kunstnaren Francis Bacon, som varmar oss opp til tanken om at dette blir mørkt og komplekst.

Siste akt og SPOILER-ALERT

Eg likte korleis dei løyste siste akt. At Paul knekk saman når han opnar seg foran liket til kona i ei av filmens mest kjende scener. Og etter at han har funne si «forløysing», oppsøker han Jeanne, og endeleg opnar han seg ved å bryte regelen om å ikkje fortelje noko om kvarandre. I same slengen bryt han mystikken, og Jeanne ser ein eldre, stusseleg enkemann som ikkje er spesiell i det heile.

Ein liten spoiler her, men det endar ikkje bra for Paul. Jeanne skyt han, med ein pistol frå far sin i eit klassisk set-up. Dette er sjukt mørkt. Etter alt Paul har gjort mot ho, så gjer han ho til ein mordar i same slengen. Ho må leve med eit drap på eit menneske resten av livet, noko som er ei stor liding i seg sjølv.

Konklusjon og dom

Last Tango in Paris er på ein måte interessant når ein ser det komplekse og dystre filmen handlar om. Men når eg ser han no, edrueleg: Filmen har ikkje ein sjanse. Paul, den gamle grisen, utnyttar ei ung jente i sorga si. Eg ser ingen grunn i det heile teke til kvifor dette skal vere interessant for meg. Eg er ikkje interessert. Det er for mørkt, og eg vil ikkje delta. Ikkje ein gong i kunstens namn. Korkje vakkert filmfoto eller godt skodespel klarar å overbevise meg om at dette er ein god film.

Så Roger Ebert, min gamle helt: Eg må beklage, du tek feil. Dette er absolutt ikkje ein film eg kan anbefale til nokon. Eg gir den verste karakteren som finst: midt på. Det er straffa for gamle grisar!

Terminal-pila: ▶

80s Action David Lynch FilmNoregRundt hottast John Carpenter netflix profil Sci-Fi slakt Spooktober 2026 Stephen King Stranger Things Thor Dahlstrøm VHS Walter Hill

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *