Eugene Levy og John Candy på skytebana i actionkomedien Armed and Dangerous (1986).

Anmeldelse: Armed and Dangerous (1986) – Rein 80-talsnostalgi

Tilbake i 1987 heldt vi (i alle fall eg) på å le oss i hel av Armed and Dangerous (1986). Ein sånn typisk film som var ein stor hit i bursdagsselskap. Difor er det ekstra hardt å gi karakter til ei sånn nostalgisk det-var-ein-gong-perle når han ikkje leverer lenger! Coveret gir stor nostalgi, slik dei fleste filmar frå Video Trade gjer. Dette var dessutan ein av filmane som introduserte meg for legenda John Candy!

Det norske VHS-coveret av actionkomedien Armed and Dangerous (1986).
Bevæpnet og Farlige (1986)

Handling

John Candy og Eugene Levy spelar to dustar som får sparken som høvesvis politi og advokat. Dei møtest på sikkerheitsvaktskulen kor dei kjapt blir partnarar. Selskapet dei jobbar for, er styrt av ein mafiasjef spelt av Robert Loggia. Klarar to idiotar å avsløre korrupsjonen og redde dagen!?

Omtalen

Filmen er regissert av Mark L. Lester – mannen bak Commando. Det er tydeleg at Lester har lite erfaring med komedie og komikarar! Og det er endå meir tydeleg at filmselskapet var ute etter å lage ein ny Beverly Hills Cop i ei krysning med Politiskolen (Police Academy). Manuset er skrekkeleg, nesten ingen vitsar fungerer, og filmen er eit bevis på at det å ha to solide komediestjerner ikkje er nok når resten stinkar. John Candy og Eugene Levy klarar rett og slett ikkje å bere filmen aleine.

Meg Ryan, Eugene Levy og John Candy i VHS-klassikeren Armed and Dangerous (1986).
Meg Ryan, Eugene Levy og John Candy i VHS-klassikaren Armed and Dangerous (1986)

Videosjappesjarm og frityrdom

MEN, her er masse herleg 80-talsstemning i både musikk og setting. Nokre scener er gøyale. Ikkje minst er filmen stappa med fantastiske skodespelarar som Meg Ryan, Robert Loggia, Brion James, Jonathan Banks (Beverly Hills Cop!), Tommy «Tiny» Lister og James Tolkan (Back to the Future). Lester kan action, så nokre av actionscenene her er formidable. Den artigaste scena er når Levy og Candy gøymer seg frå politiet inne på ei pornosjappe, og Levy blir sjekka opp av ein kar i svart skinn som viser han tungeskillsa sine.

Eg lo kanskje berre éin eller to gongar, men er det filmen sin feil? Eg lo meg i hel då vi leigde filmen i 1987, så eg skuldar på alderdommen. Det er nok slik at vi blir tørrare og kjedelegare for kvar dag på planeten. Med tida mistar vi humoren fullstendig! Det er steike meg så tragisk å bli så gamal og kjedeleg – nei, dette er ikkje filmen sin feil.

Så i nostalgiens namn, og for å heidre det som ein gong var, gir eg ikkje ei pil ned. Det blir eit kompromiss – eg gir midt på.

Terminal-pila:  ▶

80s Action David Lynch FilmNoregRundt hottast John Carpenter netflix profil Sci-Fi slakt Spooktober 2026 Stephen King Stranger Things Thor Dahlstrøm VHS Walter Hill

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *