Stemningsfullt kinosal i mørket med seter og skjerm, klart for ei uforstyrra filmoppleving utan mobiltelefon.

Korleis sjå film? Reglar for den beste filmopplevinga

Kva er eigentleg den optimale måten å sjå film på? Eg følgjer eit regelsett sett i si tid på nittitalet. Inne på rommet mitt i heimen der eg vaks opp, hadde eg ei smal seng med puter. TV-en stod i midten. Golvhøgtalarar på sidene og ein senterhøgtalar i midten under TV-en, med bakhøgtalarar monterte på veggen som ein del av mitt Pro-Logic surroundoppsett.

Eg hadde ofte venner på besøk som ville sjå film. Når filmen blei sett på, var volumet høgt. Gardinene som delte rommet blei lukka. Ingen av oss hadde mobiltelefon, så det var null problem. Var ho mor heime, visste ho at eg verken tok imot telefonsamtalar eller at ho skulle kome inn under høgtidsstunda.

Det var rett og slett underforstått at når vi såg film, blei det ikkje prat – med mindre det var noko viktig. Som å rope ut kor bra dette er, eller le høgt. Som regel var det korte og presise kommentarar om noko vi nettopp såg. Alle vi i filmgjengen såg film slik.

Eg hugsar korleis eg forsvant inn i filmen – om filmen var bra, sjølvsagt. Men der var absolutt ingen forstyrringar, i det heile teke. Det er rart å tenke på no i desse dagar, for kvardagen min sidan nittitalet er ein heilt annan kvardag.

Stemningsfullt filmhjørne med TV og surroundanlegg, klart for ei uforstyrra filmoppleving utan mobiltelefon.
IKKJE min heimekino frå 90-talet, men eit bilde frå Pexels.

Kvardag, ekteskap og kunsten å velje rett film til rett tid

For det første er eg gift. Og når eg ser film no i filmhjørnet av stua, gjer kona sine ting. Ofte kan ho spørje om ting når ho er på veg til kjøkkenet. Det må ho få lov til. Og våre to hundar krev si merksemd, for dei er kontaktsøkjande. Så mykje film som eg ser, må vi jo kunne kommunisere i huset, og eg kan ikkje lage ein usynleg vegg og fullstendig ignorere dei.

Så om eg skal sjå film heilt uforstyrra, ja, då må eg skilje meg og flytte ut til ein liten hybel der eg kan sjå film døgnet rundt. Sjølvsagt er det ikkje aktuelt, samt at det hadde vore ufatteleg egoistisk av meg om eg hadde gjort noko slikt.

Eg har tilpassa meg med tid og stunder som ektemann: Eg ser dei filmane eg veit er svakast på dagtid. Det kan vere på denne tida eg ser strøymefilmar frå Netflix, som repeterer plottet i dialogen – designa for multitaskarar som gjer alt mogleg anna medan dei ser film.

Men eg set aldri på noko frå øvste hylle under slike kvardagslege omstende. Aldri! Det er å be om bråk. Skal eg sjå gamle favorittar frå videosjappetida, ser eg dei som regel om natta når kona og hundane søv: Frå klokka 23:00 til 02:00 er den gylne tida der eg kan få fred til slikt. Eller når kona er på reise – men då må eg sørgje for at hundane har fått gåturen sin og er fornøgde og slitne.

Når det gjeld mobiltelefonen, så har eg blitt svak med åra. Den ligg der på bordet. Men her òg: om filmen er ein gammal favoritt eller noko eg har gledd meg til, blir telefonen aldri rørt. Reglane frå nittitalet slår seg automatisk på! Helst skulle eg ha kasta telefonen og fridd meg sjølv frå dette moderne slaveriet.

Eit bilde av ein TV med innebygd VHS-spelar.
Eit TV med VHS-spelar (Frå Pexels)

Kan vi eigentleg stole på Letterboxd og IMDb?

Eg har tenkt mykje på dette her. Alle i desse dagar er ein filmkritikar, spesielt på Letterboxd eller IMDb. Men vi veit jo ikkje kva omstende filmen blei sett under! Dette er jo kritisk! Korleis skal vi stole på alle desse skrivne orda på Letterboxd? Såg dei filmen i stressande omgivnader? Det skal lite til før ein bryt linken mellom film og sjåar. Når det skjer, fell ein ut. Og vi veit aldri korleis andre ser film. Var det på mobiltelefonen? I så fall burde ein ikkje få lov til å skrive kritikk, med mindre det var ein strøymefilm.

Eller kva om filmen blei sett på ein liten TV frå fem meters avstand, med alle funksjonar påskrudde som gir den notoriske såpeoperaeffekten? Vi har jo inga aning om korleis ein film vi nettopp las om blei sett, under kva ytre og tekniske forhold. Har nokon sett ein film – ja, for eksempel Raiders of the Lost Ark eller The Thing – med såpeoperaeffekt for så å klage på dei tekniske kvalitetane til filmen, så er ikkje eg interessert i å lese det. Eller om filmen er sett på mobiltelefon – då mistar du retten din til å uttale deg!

Er kinoen framleis den beste staden å sjå film?

Den største roa får ein når ein ser film åleine. Men vi får høyre at det optimale er å sjå film på kino, der filmen høyrer heime. Men du dæsken – kinoen har fått sine problem med åra. Eg opplever det nesten kvar gong eg har gått på kino: ein mobilskjerm som lyser opp ein eller annan plass nede i salen, og folk som pratar. Det skjer kvar gong, og det slår aldri feil. Ja, eg snakkar no om offentlege folkekinoar og på kjøpesenter – ikkje Cinemateket og slike stader der filmnerdar samlast. Om noko slikt skjer der, reknar eg med ei felles avstraffing for vedkommande som bryt denne heilage regelen. Null mobiltelefonar under film, takk!

Ein poster av Steven Spielbergs Raiders of the Lost Ark (1981).
Såpeopera og Indy – no way!

«Tytetankar» og romkameraten i hovudet: Kva har sinnstilstanden å seie?

Ein annan viktig ting som ein må ha i bakhaudet når ein les andre sin kritikk, er kva mental tilstand vedkommande var i under filmen. Kva om kritikaren hadde ein dårleg dag? Kva om alle dagar er dårlege? Kva om denne personen er i eit mentalt helvete utan snev av medvit og er stressa utan like? Det er filmen det går utover. Så vi veit aldri kva slags sinn som har sett filmen vi les om – ja, dette gjeld også profesjonelle filmkritikarar!

Eg har snakka om det før, at ein kan ha med seg ein romkamerat på lasset når filmen startar. Ei stemme som snakkar i vårt eige sinn, konstant gjennom heile filmen. Som kritiserer alt, analyserer den minste ting og effektivt øydelegg heile filmen. Ergo må ein vere litt i ein meditativ tilstand når ein ser filmen. Elles vil ein oppleve slike tytetankar:

  • «Kor har eg sett den skodespelaren før?»
  • «Kvifor gjorde den karakteren det?»
  • «Det var ein fæl farge på bilen.»

Men å sjå film meditativt er nærmast umogleg. Tankar vil kome og gå, meir hos nokre enn hos andre. Verst er det når tankar om alt anna enn filmen kjem inn – om dagen, om kollegaer, om nyheiter, om alt mogleg under filmen. Nok ein gong er det filmen som blir straffa når sjåaren skriv sin kritikk på Letterboxd, og vi veit rett og slett ikkje korleis den mentale tilstanden var for sjåaren der og då.

Konklusjon: Korleis bør du eigentleg sjå film?

Korleis skal ein så sjå film? Ein må jo berre prøve sitt beste på å slå av telefonen og la den ligge i eit anna rom. Sørgje for at familien veit at no er det heilag tid, og i staden for å gruble på den fæle dagen på jobb, la filmen ta over føringa av sinnet – slik at du berre kan forsvinne og vere glad i den andre verda på storskjermen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *