Klassisk filmplakat og VHS-cover for thrilleren The China Syndrome (1979) med Jane Fonda, Jack Lemmon og Michael Douglas.

The China Syndrome (1979) – Hot som plutonium!

Åh, The China Syndrome (1979) er ein film eg alltid har digga. Sett på VHS under det strålande åttitalet, og eg hugsar kor spennande det var for alle oss som sat og såg. Minnet sette seg så kraftig at eg kjøpte filmen på DVD i dei glade play-dot-com-dagane, og nok ein gong var han spennande. Og jaggu er han framleis spanande i 2026!

Industrithriller, journalistikk og «corporate greed»

Filmen er ein industrithriller med mykje godt i oppskrifta! Her er det journalistikk, slik som i Network (1976). Jane Fonda spelar ei karrierekvinne som vil nå store høgder, men som er omringa av menn av si tid. Så har vi Jack Lemmon, som er dagleg leiar i eit atomkraftverk. Han oppdagar at noko er gale i maskineriet, men ingen vil lytte – i alle fall ikkje sjefane. Corporate greed! Lemmon er her som Russell Crowe i den fantastiske The Insider (1999).

Ja, filmen handlar om kor farleg eit atomkraftverk kan vere. Om noko sviktar og kjernen mistar vatnet og nedkjølinga si, oppstår Kinasyndromet – ein meltdown og ei radioaktiv katastrofe! Fans av TV-serien Chernobyl vil like denne! Michael Douglas både produserer og spelar i filmen. Wow, han er i fyr og flamme – ein av dei største! Douglas spelar ein kameramann som er litt mannsjåvinistisk og varmblodig. Filmen er stappa med knall skodespelarar!

Klassisk filmplakat og VHS-cover for thrilleren The China Syndrome (1979) med Jane Fonda, Jack Lemmon og Michael Douglas.

Jack Lemmon, Wilford Brimley og kaffi på kontrollrommet

Mest av alt diggar eg Jack Lemmon og Wilford Brimley. Alle filmar Brimley spelar i, får ei ekstra stjerne i mi bok, fordi han er så knall! Han er kollegaen og nestsjefen saman med Lemmon i atomkraftverket. Vi får mange saftige, gode scener med dei to som drikk kaffi og løyser problem inne på kontrollrommet.

Tilbake til forteljinga. Etter ei nær-katastrofe i opninga av filmen oppdagar Lemmon at røntgenbilda av røyra til generatoren er dupliserte og viser det same røyret. Nokon har teke ein snarveg, og den daglege leiaren veit at ein kjedereaksjon er mogleg, men dei på toppen taper pengar og vil starte opp att kraftverket. Spennande og knall!

James Bridges (Urban Cowboy, Perfect, Bright Lights, Big City) står bak regien, medan James Crabe (The Karate Kid, Rocky) tok seg av filmfotoet. Her er ingen filmmusikk, fordi filmskaparane ville fokusere på bråket frå kraftstasjonen – og dette funka heilt utmerka!

Jack Lemmon i The China Syndrome (1979).
Jack Lemmon i The China Syndrome (1979)

Frityrlukt og videosjappedom

Berre nydeleg, heilt knallgod lukt av frityren. Ein film som var stor under videosjappetida, som underheldt dysfunksjonelle åttitalsfamiliar som oss, og som framleis underheld kvart einaste tiår sidan – DET står det respekt av. Manuset er pitch perfect. Filmfotoet og alt det tekniske – KNALL. Her blir det brukt matte painting til spesialeffektar, og det er av ypparste kvalitet.

På toppen av det heile er det skodespelarane som gjer filmen så steike god. Jack Lemmon var stor. Ingen før eller sidan når hans ferdigheiter. Jane Fonda er alltid god i thrillerar. Og Michael Douglas har ein slik karisma og slike ambisjonar at det merkast. Wilford Brimley… berre wow. WOW!

Jane Fonda og Michael Douglas som journalister i thrilleren The China Syndrome (1979).
Jane Fonda og Michael Douglas i The China Syndrome (1979)

Så om ein er ute etter kvalitet og ein sein laurdagskveld med ekte 70-talsspenning: sjå The China Syndrome. Eg synest han er der oppe med nemnde filmar som The Insider og Network. Absolutt ein thriller som funkar på alle plan! Dette er ein ekte videosjappefilm som eg skal spole tilbake og sjå om att heilt til eg sit gammal og grå på gamleheimen.

Terminal-pila: ◀◁ 

80s Action David Lynch FilmNoregRundt hottast John Carpenter netflix profil Sci-Fi slakt Spooktober 2026 Stephen King Stranger Things Thor Dahlstrøm VHS Walter Hill

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *