Beste filmopplevelser 2025 (nye og gamle filmar)
Film-trøyttleik og ein ny strategi
Det er snart juli, halve året er over. Då passar det fint å oppsummere beste filmopplevelser i 2025.
Etter nokre år med eit skyhøgt tempo merkar eg at dampen har begynne å gå ut, og filmentusiasmen har fått seg ein liten knekk. Fem til seks hundre filmar i året er mykje, sjølv for meg.
Eg ser ein film og går rett til neste, utan å la han henge igjen i nokre dagar, utan eit eventuelt gjensyn – slik eg gjorde før. Med så mykje filmtitting blir filmminnet litt grautete, og det er vanskeleg å hugse kva eg eigentleg opplevde. Her må eg forandre taktikk; bremse litt og velje kvalitet framfor kvantitet.
Det er no snart juli, og eg har sett 249 filmar hittil i 2025 – og det med ein tre vekers ferie frå film. Mesteparten er frå USA. På andreplass kjem filmar frå Japan, deretter England og Frankrike. Thriller, drama og skrekk leiar an i sjangeravdelinga.
Skrekkfilmar er ein av favorittsjangrane mine, og eg kjem snart til å leggje ut ei «beste skrekkfilmar hittil i 2025». Eg har skrive om 2020-åra og alle skuffelsane – skrekkfilmen derimot, lever og er ein av dei få sjangrane som stadig tilpassar seg og utviklar seg. Mykje på grunn av Blumhouse og A24, og ikkje minst på grunn av Mike Flanagan og uavhengige regissørar som Damien Leone.
Slutt på toppliste for året som har vore
Før har eg laga lister over årets beste filmar, altså dei tjue beste frå 2024 og 2023. På grunn av mi misnøye med mange nye filmar, sluttar eg no med slike kåringar (trur eg). Framover skal eg berre lage lister over dei beste filmopplevelser, uansett årstal, gamalt eller nytt. Ei liste midtvegs, som denne, og ei ved slutten av året.
Men no, her er: beste filmopplevelser 2025
Lista: Plass 25 til 11
25. Cutter’s Way (1981)
Ein sleip gigolo (Jeff Bridges) trur han har vore vitne til eit mord, men bryr seg lite. Det er først når den skada og alkoholiserte Vietnam-veterankameraten hans (ein glimrande John Heard) bestemmer seg for å presse den mistenkte millionæren, at ting eskalerer. Ein merkeleg og stemningsfull 70-tals-noir som handlar meir om knuste venskap og krigstraume enn sjølve mordmysteriet.
24. Clearcut (1991)
Ein advokat for ei urfolksgruppe mister ei viktig sak mot eit tømmerfirma. Då han ønskjer seg ei meir aggressiv tilnærming, dukkar ein mystisk og valdeleg framand (Graham Greene) opp for å oppfylle ønsket hans. Ein rå, spirituell og unik hemn-thriller med djupne og ein mørk, uventa humor.
23. Valley Girl (1983)
Nicolas Cage (19 år!) er ein Hollywood-pønkar som forelskar seg i Julie, ei «Valley Girl» frå ein annan sosial klasse. Dette er ikkje ein retro-kopi, men ei genuin og sjarmerande 80-talsperle med eit fantastisk post-pønk/new wave-lydspor. Ein nydeleg og morosam «feelgood»-film som står fint saman med klassikarar som Pretty in Pink og Fast Times at Ridgemont High.
22. Roadgames (1981)
Ein lastebilsjåfør (Stacy Keach) og ein haikar (Jamie Lee Curtis) leikar «katt og mus» med ein mogleg seriemordar langs dei einsame vegane i Australia. Filmen blandar elegant Hitchcocks Rear Window med ein lett, humoristisk tone og eit Bolero-aktig lydspor. Ein herleg og rar thriller som er driven av den sjarmerande kjemien mellom dei to hovudrollene, og Stacy Keach er i storform.
21. Asteroid City (2023)
Wes Anderson gjer det igjen. Ein visuell fest med eit stjernegalleri av skodespelarar, surrealistisk og knusktørr humor. Filmen er ubeskriveleg nydeleg og stadfestar Andersons posisjon som ein av dei få gjenlevande amerikanske auteuren som konsekvent leverer prima vare.
20. Perfect Blue (1997)
Ei ung popstjerne forlèt musikken for å bli skodespelar, men ein valdeleg fan og hennar eige, fragmenterte sinn dreg ho ned i eit mareritt av identitetskrise og drap. Satoshi Kons psykologiske anime-thriller er ein meisterleg kommentar til kjendiskultur og mannleg blikk, og filmen er like sylskarp og relevant i dag.
19. Force Majeure (2014)
Familieidyllen slår sprekkar då far i huset prioriterer seg sjølv og spring frå familien under eit (kontrollert) snøskred på ein luksusferie i Alpane. Ruben Östlund er ein meister i å observere pinleg og ukomfortabel menneskeleg dynamikk. Ein treffsikker og intelligent satire over moderne familieliv og mannlege forventningar.
18. Hardcore (1979)
Ein djupt religiøs far (George C. Scott) frå Midtvesten må stige ned i underverda av pornoindustrien i Los Angeles på 70-talet for å finne si forsvunne tenåringsdotter. Paul Schrader leverer ein mørk, gripande og 100% syttitals-film om ein einsam mann sin desperate leit, med vendingar som held deg limt til skjermen.
17. The Ninth Configuration (1980)
Ein oberst og psykiater (Stacy Keach) tek over eit gotisk slott fylt med mentalt forstyrra soldatar. Det som startar som ein absurd komedie i same ånd som MASH* og Gjøkeredet, utviklar seg til ei uventa djup og filosofisk undersøking av tru, galskap og kva krig gjer med sjela. Ein rar, magisk og uforgløymeleg film.
16. Why Don’t You Play in Hell? (2013)
Ein gjeng amatørfilmskaparar («The Fuck Bombers») får sitt livs sjanse: å filme eit ekte Yakuza-oppgjer. Sion Sonos elleville hyllest til lågbudsjett-film og rein skaparglede er pur, blodig og smittande moro. Ein perfekt film for alle som ein gong har drøymt om å bli den neste Sam Raimi. Ein av dei beste filmopplevelser i 2025
15. The Last Wave (1977)
Ein advokat (Richard Chamberlain) forsvarer ei gruppe aboriginar og blir dratt inn i ei verd av mystiske syner, profetiar og ei apokalyptisk stemning. Peter Weirs film er ein uhyggeleg og atmosfærisk thriller som er meir skremmande enn mange reine skrekkfilmar, mykje takka vere den suggererande bruken av regn og didgeridoo-musikk.
14. The Brutalist (2024)
Har skrive ei eiga, grundig melding her. Den står som ein av dei beste filmopplevelser i 2025, av nye filmer.
13. The Offence (1973)
Ein sliten politidetektiv (Sean Connery) bryt saman og banker i hel ein mistenkt barnemishandlar under avhøyr. Sidney Lumets psykologiske thriller er grå, dyster og brutal, og byr på det som kanskje er Connerys aller beste og mest komplekse rolleprestasjon.
12. The Hospital (1971)
Ein suicidal sjefskirurg (George C. Scott) prøver å halde styr på eit kaotisk sjukehus der legar døyr på mystiske og absurde måtar. Manuset til Paddy Chayefsky er ei sylskarp blanding av svart komedie, satire og eit alvorleg blikk på eit system i kollaps.
11. Carnival of Souls (1962)
Ei kvinne overlever på mirakuløst vis ei bilulukke og tek seg jobb som organist i ei kyrkje i ein ny by. Ho blir forfølgd av ein skummel mann og dratt mot eit forlatt karnevalbygg. Filmen er laga på eit mikroskopisk budsjett, men er ein utruleg vakker, skummel og stemningsfull grøssar som muligens har inspirert alt frå The Shining til David Lynch.
Topp 10: Kremen
Okay, då er det topp ti! Her er fleire knallgode filmar som ikkje er med fordi eg må ta fleire rundar med dei. Eit døme er Solaris av Tarkovskij. Visse filmar krev tid og modning før eg klarer å plassere dei. Men her er dei ti beste som eg falt pladask for i 2025.
10. The Cranes Are Flying (1957)
Eit ungt par i Moskva blir skilt av andre verdskrig. Ein sovjetisk film om krig og kjærleik som er eit reint visuelt meisterverk. Eg måtte klype meg sjølv fleire gonger på grunn av det innovative og ekspressive filmfotoet – har ikkje sett maken!
9. Onibaba (1964)
To kvinner overlever ved å drepe samuraiar og selje utstyret deira i eit krigsherja Japan. Men når ein mannleg desertør kjem tilbake og startar eit forhold med den yngste kvinna, blir sjalusi og frykt til eit mareritt. Ein intens, sensuell og skremmande folkegrøssar med ei ikonisk demonmaske.
8. Johnny Guitar (1954)
Saloon-eigar Vienna (ei magnetisk Joan Crawford) kjempar mot den sjalu og hatefulle Emma Small (Mercedes McCambridge) om land, makt og kjærleik. Nicholas Rays western er eit fyrverkeri av melodrama og atomiske fargar. Ein uvanleg, teatralsk og uforgløymeleg western der dei sterke kvinnerollene driv heile handlinga.
7. Wood Job! (2017)
Ein retningslaus gut frå storbyen tek seg jobb i skogbruket for å imponere ei jente. Det som følgjer er ein av dei mest sjarmerande, morosame og hjartevarme komediane eg har sett. Ein perfekt «feelgood»-film som er ei nydeleg hyllest til tradisjonelt handverk, natur og livet på bygda. Årets store, positive overrasking for meg.
6. The Yellow Sea (2010)
Ein desperat taxisjåfør med stor gjeld tek på seg eit leiemordar-oppdrag for å betale ned det han skuldar. Na Hong-jins thriller er ein brutal og beinhard reise ned i ein kriminell underverden. Filmen bygger spenning sakte, før han eksploderer i nokre av dei mest intense og minneverdige actionscenene dette hundreåret.
5. Höstsonaten (1978)
Ei verdskjend konsertpianist (Ingrid Bergman) besøker si forsømte dotter (Liv Ullmann) for første gong på sju år, og gamle sår og anklagar blir rivne opne. Ingmar Bergmans kammerdrama er eit hjarteskjerande og intenst studium av ei dysfunksjonell mor-dotter-relasjon. Skodespelet mellom Bergman og Ullmann er reint gull, og filmen er ei påminning om Bergmans unike evne til å snakke høgt om vanskelege tema.
4. Lone Wolf and Cub (filmserie, 1972)
Ein vanæra bøddel vandrar rundt i Japan som leigemordar med sin vesle son i ei barnevogn utstyrt med skjulte våpen. Basert på ein legendarisk manga, er dette eit blodig, stilisert og utruleg underhaldande action-eventyr. Fans av Kill Bill må sjekke desse som inspirerte Tarantino. Pur, rå og sjarmerande syttitals-moro.
3. Cure (1997)
Ein politietterforskar jaktar på ein seriemordar, men offera blir drepne av ulike personar som ikkje hugsar å ha gjort det. Kiyoshi Kurosawas psykologiske thriller er eit snikande, hypnotisk og djupt urovekkande meisterverk. Ein av dei beste og mest skremmande filmane frå 90-talet, som set seg under huda og blir der.
2. Monsieur Hulot’s Holiday (1953)
Den klønete, men godhjarta Monsieur Hulot tek ferie ved kysten og skaper utilsikta kaos overalt der han går. Jacques Tatis nesten ordlause komedie er rein visuell glede. Ein sjarmerande, hjartevarm og morosam film full av små, varme detaljar. Min type humor – enkel, rein og tidlaus.
1. The Wages of Fear (1953)
Fire desperate menn i ein isolert søramerikansk oljeby tek på seg eit livsfarleg oppdrag: å transportere to lastebilar fulle av ustabil nitroglyserin over 500 km med elendige vegar. Henri-Georges Clouzots thriller er 147 minutt med rein, nervepirrande og sveitt spenning. Ein perfekt film, som følest like moderne og intens i dag som for 70 år sidan. Den beste filmopplevelsen i 2025, utan tvil.
Så dette var mine beste filmopplevelser hittil i 2025. Innan romjul kan mykje skje på filmfronten, for eg har fortsatt mykje usett gull og kanskje 2025 har nokre overraskelser å by på – alt er mulig.
Eit blikk på 2025: Er det noko håp?
Filmåret 2025 verkar lite lovande så langt. Ja, kinoane har betre tal, men aldri i verda om eg legg igjen pengar på A Minecraft Movie, Marvel-filmar, Disney-filmar, eller generelle oppfølgjarar som er generisk autopilot-søppel – dei er talbaserte, rett frå avdelinga for marknadsanalyse hos konglomerata. Dette gjeld sjølvsagt Hollywoods kinofilmar, der finst og kjem sikkert noko bra frå eit spesielt land eller frå indie-verden.
Men sjølv i eit svakt filmår finst det lyspunkt. Her er to originale filmar frå 2025 som klarte å fange interessa mi, hittil:
The Gorge
Denne vart sloppen rett på Apple TV+ og hadde ingen kinopremiere. Historia er original – ikkje basert på noko som helst. Scott Derrickson (Sinister, The Black Phone) er ein god regissør, og leverer her ein solid science fiction-film med eit knallbra konsept: to snikskyttarar passar på kvar si side av ei kløft, langt vekke frå sivilisasjonen. Nede i juvet er det tjukk tåke og rare lydar, eit godt mysterium. Etter kvart tek dei kontakt og eit forhold utviklar seg, før rare ting byrjar å skje i tåka. Eg blei skikkeleg underhaldt.
Mickey 17
Ein skuffelse for fleire, men eg likte han. Ei rar og snodig historie om ein tulling som lar seg bruke som forsøkskanin på oppdrag som endar med døden. Kvar gong han døyr, blir han «resirkulert», så sjefen på romskipet har ingen moralske problem med å stadig utsetje Mickey for diverse fæle «døder». Igjen, ei original historie som trefte meg. Langt ifrå regissør Bong Joon-hos beste, men absolutt verdt å sjå.
Beste gjensyn: Gode klassikarar som framleis held koken
I tillegg til filmane på topplista, har desse gjensyna gitt stor glede i 2025:
- Alien (1979) og Aliens (1986)
- Nightbreed (1990)
- Grizzly Man (2005)
- Twin Peaks: Fire Walk With Me (1992)
- Wild At Heart (1990)
- The Blob (1988)
- Robocop 2 (1990)
- Signs (2002)
- Total Recall (1990)
- Noah (2014)
- AVP: Requiem (2007)
- Michael Clayton (2007)
- The Believers (1987)
- Anaconda (1997)
- Warlock (1989)
- Blood Simple (1984)
- Leviathan (1989)
- Class of 1984 (1982)
- Passion Fish (1992)
- Ad Astra (2019)
- Casino Royale (2006)
- Arachnophobia (1990)
- Battleship (2012)
…og ikkje minst, Highlander 2: The Quickening – for gleda av å sjå ein av tidenes mest slakta filmar!
Årets skuffelsar: Filmar som ikkje trefte
Ikkje alle innfridde forventningane. Her er nokre av dei største skuffelsane blant nye filmar så langt i år:
- Fall Guy
- Megalopolis
- Gladiator II
- Ghostbusters: Frozen Empire
- Nosferatu
- Wolf Man
- The Monkey