Den Idiosynkratiske Filmsmaken
Filmsmak – kvar kjem han frå?
Kanskje er det umulig å forstå fullt ut, fordi han er så individuell og kompleks. Endå til filmstudioene klør seg i hodet fordi dei blir aldri smart på folk sin smak – der finnes ikkje ei oppskrift for garantert suksess. Folks smak er altfor idiosynkratisk, ifølge forskning. Vi veks opp og lever liva våre på ulike måtar, kvar og ein av oss hovudpersonen i vår eiga storproduksjon av ein blockbuster – eller ein smal kunstfilm, for den del.
Å sjå film, er ei individuell reise. Det eg elska på åttitalet, grip meg ikkje nødvendigvis i dag. Det eg avskydde på nittitalet, kan eg no setje stor pris på. Filmar som ein gong betydde alt for meg, har mista noko av glansen, medan andre har vakse i verdi. Heile tida er vi – og filmen, i konstant forandring.
Smaken kan peike på sjangrane vi trekkjer mot, men han blir også ofte sett på som ein målestokk: dårleg smak versus god smak. Men kven har retten til å dømme nokon for dårleg filmsmak? Og finst det to personar med heilt identisk filmsmak? Svara er enkle: nei og nei. Som med fingeravtrykk er kvar oppleving unik, forma av faktorar som alder, kjønn, personlegdom og ikkje minst korleis ein ser på kunst. Og som med alle typar smak, kan filmsmaken utviklast – eller han kan forbli uendra.
Muhammad Ali sa ein gong: «The man who views the world at 50 the same as he did at 20 has wasted 30 years of his life.» Dette treff. Det Ali seier her, er at vi må halde fram med å utvikle oss.

Smak kan utviklast – ikkje gjennom tvang, men gjennom nysgjerrigheit.
Utan nysgjerrigheit skjer det ingenting. Ei reise gjennom kunst, litteratur, film og musikk kan vere eit like stort eventyr som ei interrailreise gjennom Europa – berre at denne reisa skjer inni oss, i vårt eige sinn.
Likevel, ein treng ikkje ha ein sofistikert smak for å nyte film eller musikk. Vi byrjar alle ein stad. Mange held fast ved dei gamle favorittane frå ungdomstida, der alt blei opplevd med maksimal innleving – og alder spelar ei stor rolle, fordi den unge, ferske versjonen av oss sjølv var som ein svamp som suga til seg alt, men før eller seinere stagnerer vi og svampen blir tørr – med mindre vi jobber med oss sjølve og held svampen fuktig.
Dritkjedelig film!
Alle sine meiningar om film er verdifulle – men i formidlinga av dei ligg forskjellen. Meiningar blir slengt ut på sosiale medium utan vidare refleksjon. «Dritkjedelig film!» seier nokon, utan å forklare kvifor. Slik har null verdi. Meiningar blir interessante først når dei har substans.
Folk på gata
Å snakke om film med folk «på gata» er ofte meir givande enn å diskutere med ekspertar. Naboen min, til dømes, elskar Jean-Claude Van Damme. Då eg fortalde han om min filminteresse, tente han på alle pluggane og byrja entusiastisk å snakke om sine store filmopplevingar. Den lidenskapen han viste, var smittsam. Om han meiner Hard Target (1993) er verdas beste film, så er det hans sanning – like verdifull som ei Cannes-jury si vurdering av ein Gullpalme-vinnar.

Filmkritikaren si rolle
Men filmkritikarar spelar også ei viktig rolle. Dei er ikkje berre dommarar, men også formidlarar – eller la oss kalle dei filmlærarar. Dei viser veg, dei inspirerer. Filmkritikaren kan vere ein mentor, ein guide som hjelper oss å oppdage filmar vi aldri ville ha funne på eiga hand. Livet er for kort til å sløyse tid i jungelen utan kompass.
Det er heller ikkje berre filmkritikarar og utdanna filmvitarar som er kvalifiserte – også filmskaparane er utmerka formidlarar. Til dømes Martin Scorsese eller Paul Schrader – her er det mange! John Carpenter inspirerte meg til å sjå filmane til favoritten hans, Howard Hawks, som Carpenter snakkar endelaust om. Slik bygger vi vårt eige spindelvev av vegar på leit etter den neste store filmen.

Brita Møystad Engseth skapte debatt då ho sa: «Folk seier dei ikkje vil ha det? (filmanmeldelser) Men folk veit jo ikkje kva dei vil ha! Folk har jo ikkje smak. Smak får ein gjennom at nokon lærer deg det.»
«Folk har jo ikkje smak» er ei knallhard påstand. Det blir automatisk tolka som «min smak er betre enn din». Men eg skjønar kva ho meiner. Ho ønskjer berre at folk skal utvide horisonten sin og sjå dei beste filmane. Problemet er at eventyrlysten for film finst ikkje hos folk flest. Dei kjem slitne heim frå jobb og vil sjå noko enkelt, ikkje ein tysk kunstfilm. Klart at sivile reagerer når dei blir fortalt at dei ikkje veit kva dei vil ha og attpåtil får vite dei ikkje har god smak!

Om eg skal forsvare Brita Møystad Engseth, så seier ho “folk”. Det er forskjel på å peike ut ein person og kritisere vedkommende for dårleg smak i motsetning til å kritisere folk flest, for kven av oss ser på oss sjølve som “folk flest”?
Ein kan aldri med rette seie at nokon har «dårleg filmsmak» utan å verke arrogant. Kanskje Engseth bomma litt med formuleringa si, men intensjonen var god: Vi treng filmkritikarar, vi treng filmformidlarar. Men dei må aldri sjå ned på publikum – for film er subjektivt, og smaken er, og vil alltid vere, individuell.

Her er ein filmfrelst som snakkar om vegen til god filmsmak.
Eg fann ein herleg filmguide på diskusjon.no frå 2009. Eg måtte le fleire gonger. Denne personen seier at det er useriøst, men om ein les mellom linjene, føles det ut som om feinschmecker’en er litt seriøs, på ein spøkefull måte.
Ifølge denne filmguiden blir filmsmaken hos folk vurdert slik:
Dårlig filmsmak (om ein liker desse filmene)
- Alien vs Predator
- Independence Day
- Michael Bay filmer (dei fleste)
God eller middelmådig filmsmak:
- Schindler’s List
- The Shawshank Redemption
- Fight Club
- American Beauty
- The Usual Suspect
Veldig god filmsmak:
- Mulholland Drive
- The Deer Hunter
- Apocalypse Now!
- The Elephant Man
- Requiem For a Dream
På det fjerde stadiet bør ein like:
- Stanley Kubrick
- Billy Wilder
- Alfred Hitchcock
For å kome til det øvste stadiet som forfatter av filmguiden sjølv har svart belte, må ein like desse regissørene:
- Andrei Tarkovskij
- Ingmar Bergman
Så der har vi det, ein filmguide for den som vil oppnå høgast status i filmmiljøet sitt. Det er lett å gjere narr av skribenten — eg syns dette er kjempemoro! Har han rett?
Filmsmak har blitt forska på. Eg vil avslutte med litt funfacts:
- Vanlige folk har faktisk filmsmak.
(Det er berre at filmstudioene er dyktig i markedsføring.)
- Kvinner liker mest kjærleiksfilmer, menn liker mest actionfilmer.
(Ingen kommentar)
- Alle sin filmsmak er idiosynkratisk.
(ergo, vi blir aldri klok på å spå suksess)
- Vanlege folk og filmkritikara er oftast ikkje enige.
(Ein filmkritikar ser film på ein annan måte enn folk flest)
Kjelder:
https://www.diskusjon.no/topic/1084228-guide-til-god-filmsmak
https://www.nrk.no/kultur/norske-filmanmeldelser-drukner-i-ratne-tomater-1.16664540
https://www.nettavisen.no/forskjell-pa-kvinner-og-menn/s/12-95-256766
https://www.nyu.edu/about/news-publications/news/2017/june/pascal-wallisch-on-movie-taste.html
Når det gjelder bruk av K.I. : Eg bruker Ideogram av den enkle grunn at eg har ikkje råd til å leie grafisk designere, fotografer, eller tid til å sitte å tegne sjølv (hadde dog vore kjekt det).
Denne artikkelen er ein oppfølger til Å Skrive Om Film – om mine tanker rundt film i kvardagen.