Here vs. Train Dreams

Here VS Train Dreams

Varm sentimentalitet i ei kald tid: Here vs. Train Dreams

Det er ein del av livet som filmelskar: Å sjå folk og kritikarar slakte ein film eg gav hjartet mitt til, for så å lese hyllester frå dei same folka av ein heilt annan film med same tema – men som eg ikkje følte noko for.

«Hmm», tenkte eg. Dette må eg granske.

Dette blir første innlegg i ein ny serie her på Filmloftet: Film VS Film: Here vs. Train Dreams. Ein stad der eg kan sleppe ut min «frustrasjon» og samanlikne verk som snakkar med kvarandre.

Min første duell blir to filmar eg har sett nyleg. Den eine heiter Here av Robert Zemeckis (2024). Den andre heiter Train Dreams av Clint Bentley (2025).

Lat oss sjå kva kritikarane og fansen sa om Train Dreams først:

«The greatest Terrence Malick film that Malick never made.»

«A great film like Train Dreams encompasses an entire way of life. Bentley’s modest, moving epic of the common man is a thing of rare beauty.»

«At once miniaturist yet epic, it’s an exquisite film that touches on every human emotion – agony, ecstasy, discovery, surprise, togetherness, loneliness – without contrivance or strain.»

«A beautiful meditation on life.»

Og her er det som blei sagt om Here:

«It’s bold in theory, a struggle to sit through in practice.»

«Zemeckis can’t let go of his ghastly conviction that everything has to be heart-tugging schmaltz. Alan Silvestri’s ruinously sickly score is his main accomplice.»

«Color it long, clumsy, gimmicky, schmaltzy and pointless.»

«It’s a film so soulless I questioned the point of it.»

Kva skjedde her?

Robert Zemeckis, ein filmmeister, blir latterleggjort for å prøve noko nytt. Clint Bentley blir hylla for å gå i Terrence Malick sine fotspor. Zemeckis blir skulda for å vere altfor sentimental, forsterka av Alan Silvestri si «sjuklege» filmmusikk. Men er ikkje Train Dreams sentimental? Kvifor reagerte eg som eg gjorde?

Kva er forskjellen i sentimentaliteten?

Det må vere at Zemeckis er «varm» og Bentley er «kald». I vår tid er «varm» sentimentalitet ikkje tillate; folk hatar det. På 90-talet elska folk det. Forrest Gump var ein stor suksess, og den er like sentimental som Here.

Kva skjer? Er det tida vi lever i? På 90-talet var alt håp. Demokratiet vann, jernteppet fall, og framover skulle heile verda jobbe saman i harmoni. Det var stor optimisme i Vesten, bøker vart skrivne om «The End of History» – no var det fred resten av tida.

Fast forward til 2025: Krig. Miljøkatastrofar. Trump. Putin. Folk snakkar om borgarkrig. Demokratiet vaklar på grunn av polarisering. Det kommunistiske Kina veks. Jordkloda brenn og tørkar inn; ho har fått nok av mennesket. Håpet har forsvunne, og folk har ikkje lyst til å vere sentimentale. Dei vil heller kjenne på ting som er jævlige. Og eg forstår dette godt.

Eg ba ai lage eit bilete som viser varm og kald sentimentalitet med tanke på filmane

Men tilbake til filmverda, der eg alltid er optimist. Eg synest spriket i mottakinga er spennande. Her er kvifor eg likte Here og blei skuffa av Train Dreams.

Train Dreams: Vakker utanpå, tom inni?

Filmen er absolutt nydeleg – tenk Days of Heaven-vakker, med ein dose The Revenant i moderne digital-look. Skodespelarane er knallgode, og det tekniske handverket er perfekt. Kritikarane jublar over realismen.

Men… ja, men!

Medan Here rørte meg med sine dataanimerte fjes, sat eg under Train Dreams med ei kjensle av at eg aldri heilt fekk sleppe inn. Det var som om det stod ein mur mellom meg og biletet. Kanskje var det forteljarstemma til Will Patton som skapte avstand? Eller kanskje var det fordi Joel Edgerton var så passiv? Eg følte rett og slett ingenting for han.

Filmen handlar om ein tømrar med eit hardt arbeidsliv. Og greitt nok, motlys med «lens flare» frå låg sol er fint, men det blei i overkant mange scener med saging i solnedgang. Når han reiser heim til kone og barn, får vi enno meir lens flare og klassiske, vakre scener frå familielivet. Tankane går umiddelbart til Terrence Malick, men utan den same tyngda.

Train Dreams (2025)

Musikken ligg der nesten konstant og insisterer på at «no skal vi føle sterkt». Men det er ikkje musikk som festar seg, slik som Ennio Morricone sin utrulege musikk til nettopp Days of Heaven. Det kjennest meir som ei oppskrift på kjensler enn ekte vare.

(Spoiler-åtvaring: Handlingsavsløringar følgjer)

Det som kanskje plaga meg mest, var korleis filmen handsama dei store dramaene. I starten ser vi Edgerton sage saman med ein kinesisk mann. Brått blir mannen kasta utfor ei togbru av tre andre karar. Edgerton forstår ingenting og blir verande eit passivt vitne.

Seinare blir han «hjemsøkt» av denne mannen, som eit slags spøkelse for dårleg samvit. For meg kjendest dette unødvendig. Det var sikkert veldig effektivt i boka, men her i filmen gav det inga meining. Døden kjem brått og heile tida – tømmer som rullar, greiner som fell, hevn-drap – alt for å fortelje oss om kor skjørt livet er. Men døden her var i forbifarta, medan døden i Here traff meg skikkeleg.

Train Dreams (2025)

Det beste med filmen er dei stille scenene med Edgerton i fantastisk natur, men elles gav filmen meg ingenting.

Det som kanskje øydela filmen mest for meg, var forteljarstemma. Det var som om onkel Patton las meg eit amerikansk eventyr. Det er eit trygt val frå filmskaparane. Dei ville heller bestemme kva vi skulle føle og tenke, enn å la sjåaren finne ut av det sjølv. Klart, det er ikkje enkelt med ei bokfilmatisering. Det andre er kor nært det var Terrence Malick – så nært at eg følte det var på grensa til plagiat, eller «wannabe». Filmen er utruleg vakker, ingen tvil, men eg kjende at eg har sett dette så mange gongar før.

Here derimot, var noko nytt!

Huset mitt, Zemeckis og tida som går

Kanskje startar det heile heime hos meg sjølv. Eg bur i eit hus bygd i 1960. Naboane fortel at fire familiar har budd her sidan den gong. Iblant, når eg sit i stova og kikkar rundt, tek eg meg i å tenkje på kva liv som er levde her før meg. Eit rom fylt med glede og sorg hos fire vidt forskjellige familiar. Dei førre eigarane var gift og hadde barn, men berre nokre månader før vi flytta inn, skilde dei seg og selde heimen.

Here (2024)

Eg har alltid leika med denne tanken. Det er sentimental tenking, eg veit det. Men det er nettopp her Zemeckis treffer meg. Here er 100 % sentimental. Fans av regissøren veit at han elskar det, og eg må innrømme: Eg elskar det også. Rørande musikk, det å følgje livet til ein familie parallelt med andre, frå pandemien i 2020 heilt tilbake til urfolket som budde på akkurat den flekken stova befinn seg.

Tida er sjølve hovudpersonen her. Zemeckis demonstrerer det ved å ta oss frå dinosaurene sin undergang (sett frå der stova er), via istida, og fram til menneska vi blir vitne til på ein eksakt matematisk X der kameraet er låst fast.

Det er ikkje alt av det mellommenneskelege dramaet som fungerer like godt heile tida. Men sjølv i dei svakare augneblinkane var det alltid noko å kvile auga på i bakgrunnen. Detaljrikdomen gav meg ein rein gledesrus av kreativitet. Eg elska grepet der biletet blir brote opp, og vi ser eitt fragment frå éi tid, og noko anna frå ei anna tid, samstundes.

For meg kjendest dette som ein miks av Tree of Life, Boyhood og Cloud Atlas, pakka inn som ein spirituell etterfølgjar til Forrest Gump. Med det konseptet, det innovative grepet og ei historie som faktisk rørte meg, gir eg denne full pott.

Og ja, vi må snakke om de-aging-teknologien. Vi ser på sekundet at det er data. Men eg har sett verre ting enn dette. Mange filmar har leika seg med teknologien – The Irishman, Rogue One, Marvel-filmane – og eg har aldri hatt eit problem med det. Uansett, alt som er laga med CGI gjennom heile den moderne filmhistoria har aldri sett heilt ekte ut, men vi går med på det. Det handlar om å kjøpe premisset. For meg var Here ein nydeleg film. Her var noko nytt og spennande.

De-aging-teknologien i Here har fått kraftig kritikk

Den «feil» typen kjensler

Det er rart korleis den moderne filmverda har bestemt seg for kva kjensler som er «lovlege» og kva som er «juks».

Ein vanleg kritikk mot Zemeckis, og Here spesielt, er at han er manipulerande. At han tvingar oss til å føle ved hjelp av sentimental musikk og nostalgiske bilete. Folk likar ikkje lenger å bli fortalt kva dei skal føle; vi har blitt for kyniske for det. Det blir sett på som «billig».

Here (2024) Slik vi husker 70/60-talet

Men lat oss sjå på Train Dreams. Er ikkje den minst like manipulerande?

Når Train Dreams badar lerretet i gylne solnedgangar og «lens flare» à la Malick, medan strykarane gret i bakgrunnen, prøver den nøyaktig det same som Zemeckis: Å framkalle ein emosjonell respons. Skilnaden er berre innpakninga.

Train Dreams (2025) Vakkert er det

Zemeckis serverer sentimentaliteten varm og direkte. Det er usminka: «Tida går, og det er trist og fint.» Train Dreams serverer sentimentaliteten kald og distansert, døypt om til «melankoli». Det skal sjå ut som kunst, som noko djupt og intellektuelt.

Men for meg blir det gjennomskodeleg. Musikken i Train Dreams insisterer på at scenene er djupe, sjølv om Joel Edgerton berre står der som eit passivt vitne til sitt eige liv. Det er «prestisje-tungsinn». Det er vakkert å sjå på, ja, men det er ei like stor forføring som noko av det Zemeckis gjer.

Eit vakkert bilete utan gåter

Sjølv om Train Dreams ser ut som ein gåtefull kunstfilm, er den overraskande konkret i forteljarstilen.

Der eg venta symbolikk og opne spørsmål, fekk eg ei ganske lineær historie, godt hjulpet av ein forteljarstemme som sydde saman åra for oss. Det er ingenting gale i det, men det gjer at filmen opplevest annleis enn eg hadde trudd. Det er lite rom for undring; vi får vite kva som skjer, og vi får vite korleis hovudpersonen har det.

Kritikarane kallar det «høgkunst», men for meg manglar det den motstanden som stor kunst ofte har. Det glir for lett ned.

Train Dreams (2025)

Det er her Here overraska meg. Sjølv om den er «kunstig» og sentimental, tvingar den meg til å delta aktivt i historia. Eg må sjølv finne samanhengen mellom generasjonane som passerer i stova. Train Dreams fortel meg historia; Here let meg oppdage den.

Konklusjon

Når eg set desse to filmane opp mot kvarandre, blir eg sitjande att med eit paradoks.

Here er bygd på kunstigheit. Kameraet står stille, skodespelarane er sminka med data, og heile universet er konstruert. Likevel følest kjenslene – gleden, sorga, tida som renn ut – heilt ekte.

Train Dreams er bygd på realisme. Naturen er ekte, lyset er ekte, svetten og støvet er ekte. Men kjenslene? Dei følest konstruerte. Musikken fortel meg kva eg skal føle, og hovudpersonen er berre ein tilskodar i sitt eige liv.

Here VS Train Dreams : eg let Zemeckis få hjartet mitt denne gongen.

For meg er valet enkelt. Eg tek heller den «kunstige» stova til Zemeckis som får meg til å gråte over liva som har vore, enn den vakre, men tomme solnedgangen i Train Dreams.

Ja, eg er sentimental. Og eg er glad ein sentimental regissør vågar å lage ein sentimental film i ei kald verd.


Tidligare på filmjournalen: Den idiosynkratiske filmsmaken