Filmnettsted eg likar å henge

Vi alle treng å bli engasjert og inspirert. Då eg var ung fantes det ikkje internett, men kilder til inspirasjon fantes det allikavel. Den første filmboka vi hadde i hus var Leonard Maltin’s Movie Guide – ei feit bok med korte anmeldelser og info om tusenvis av filmer. Var aldri så begeistra for smaken til Maltin, men du verden for ei fantastisk bok det var.

Leonard Maltin Movie Guide

På nittitallet fekk eg meg ein PC med DX90 prosessor og nokre MB i hardisk størrelse. Ei stor vending i livet kom då eg kjøpte Microsoft Cinemania – eit filmleksikon som inneholdt samtlige Leonard Maltin anmeldelser, ei samling av Pauline Kael og ikkje minst Roger Ebert samtlige anmeldelser. Eg falt pladask for Ebert! Fordi eg likte smaken hans (ofte digga han mine favorittfilmer) og måten han skreiv på. Altså, dette blei eit vendepunkt i livet mitt. Cinemania fungerte som IMDB, med bilder og info om filmer – videoklipp også, og bak kvar film kunne eg sjå om Ebert, Kael eller Maltin hadde skrevet ein anmeldelse. Heilt nydeleg.

Cinemania 95 – Filmleksikon
Cinemania var veldig innholdsrikt, ikkje ulikt IMDB.

Så kom internett, og med ISDN-fart scanna eg internett etter all informasjon om film. Det var ei virkelig spennande tid. Fast-forward til 2025, og her er filmnettstedene eg følger pr i dag:

Montages er Norges filmmekka i analyser, lister og det meste. Blei gira på dei då ein venn tipsa om 90-tallets beste filmer – kåringen på podcast. Her er det mange stemmer og forskjellige smaker som eg setter stor pris på. Dei har vore lenge i gamet, heilt sidan slutten av 2000-tallet. Alle kjenner til Montages, vil eg håpe. Her er mange gode filmtips av filmer frå heile verda. Akkurat no jobber Montages med 80-tallets beste filmer som eg koser meg i hel med (slepper litt og litt av lista og er no på 131-plass av 200).

Speilet – eit personlig filmmagasin, bruker eg ofte å henge. Trond Johansen er dyktig skribent og har ein allsidig og meget godt utviklet filmsmak. Her er det alt frå herlige lister og anmeldelser av både gammelt og nytt. Har plukka opp mange perler på Speilet, f.eks i hans brilliante 80-tallets beste skrekkfilmer-liste. På Bluesky er han ei kilde til inspirasjon. 

Filmhelten, Arman, min helt – blei eg kjent med på Twitter i 2023, og vi har prata mykje film saman. Liker veldig godt smaken hans som er vidstrakt og open-minded. Han er virkelig ein filmhelt fordi han brenner for nye og gamle filmer med lidenskap som smitter og inspirerer. Han driver også ein koselig og knall podcast: Filmhelten. Sjekk han på Instagram og Tik-tok, og ikkje minst Narrative hvor han har samlet ein god gjeng filmfrelste.  

I utlandet sjekker eg for det meste RogerEbert daglig, som eg har gjort dei siste tjue år. Sjølv om ikkje Ebert er med oss lenger, liker eg å lese hans anmeldelser, berre for å nyte hans prosa og stil. Der er utallige anmeldelser av han, nok til resten av mitt liv. Kritikerne som jobber der no fører arven videre og dei gjer ein fremragende jobb.