Korleis har filmen det på 2020-talet?

Eg snakka nyleg med Filmguran. Kven er Filmguran? Nokre seier ei legende, andre eit orakel – med andre ord, ein mystisk skikkelse innan film-Noreg. Eg drøfta noko eg sjølv har kjent på med han: Korleis er statusen for film i verda (hovudsakleg amerikansk film), og ikkje minst, «kor bra er eigentleg film på 2020-talet så langt?»

Ein samtale med Filmguran: Er 2020-talet det verste tiåret i filmhistoria?

Føler vi no det same som vaksne filmentusiastar følte på 80-talet? Ja, både eg og Filmguran har ei kjensle av at 2020-talet så langt «sucks». Vi er kanskje inne i det verste tiåret i heile filmhistoria. Det er ikkje enkelt å konstatere før tiåret er over, og kanskje ikkje før langt ut på trettitalet – men instinktet seier det.

Filmguran – her generert ved bruk av AI pga ønske om anonymitet

Kven har skulda? Superheltar, strauming og TV-seriar

Så kva har skjedd? Har superheltfilmane øydelagt filmverda i kohort med Netflix (SPECTRE)? Kanskje er TV-seriane den store satan? Mange filmar har fått estetikken frå den verda, og filmane er brutalt lange for tida!

Men mange seier (alltid): «Ja, men i den og den verdsdelen er dei inne i si beste periode», eller «smalfilmen (indie) har aldri vore betre», etc. Fullt mogleg! Men korkje eg eller Filmguran har plukka det opp.

Vi lever i ei tid med stor forvirring, der meldarar hyllar film etter film og slenger terningkast som om det var ein fyllefest. Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har sett ein film med stor entusiasme, berre for å ende opp fullstendig skuffa dette tiåret. Det same gjeld for seriar. Kven kan vi stole på? Kritikarane? Filmformidlarane? Folket? Filmsmaken har blitt polarisert til dei grader, slik som elles i samfunnet.

Eg har ikkje tenkt å skrive ei masteravhandling om dette temaet, men eg vil gå litt inn i meg sjølv og kikke på filmane frå 2020-talet for å gjere litt detektivarbeid. Something is rotten in the state of the movies – det stinkar litt. Ikkje sånn tydeleg, men ei diskré, rotna lukt er i lufta.

Netflix – den store syndaren? (foto: Netflix)

«Bra nok til å vere 2020-tal» – ein gjennomgang

La oss byrje med fjoråret og lista mi over dei beste filmane i 2024.

Perfect Days tok førsteplassen. Men kor bra er den eigentleg? Eg har merka ein tendens hos meg sjølv der eg har fått ein tankegang som kjenneteikna norsk film i gamle dagar. Hugsar du då vi brukte å seie «bra til å vere norsk film»? Slik kjennest det ut når eg gir terningkast no: «bra til å vere 2020-talet». Perfect Days er ein veldig god og enkel film som fortener ei topp 10-plassering for 2024. Men om eg skal vurdere den opp mot andre Wim Wenders-filmar, til dømes Paris, Texas, så bleiknar den.

The Substance var veldig underhaldande med stor sjokkverdi, men den er ikkje eit meisterverk. The Holdovers, kanskje ein overvurdert «feelgood»-film. Red Rooms var bra, men eg kjem neppe til å sjå den igjen. Eit kjenneteikn på filmar frå 2020-talet: eingongsfilmar. Så har vi den kritikarroste The Zone of Interest – fascinerande, ja, men ikkje eit meisterverk.

Mine favorittar frå 2024 – Kor bra er dei eigentleg?

Challengers var bra, men ikkje bra. Anora, som vann Gullpalmen, var eg så skuffa over. Korleis kan ein film bli hylla så mykje når den fell saman i midten og blir ein komisk tøysefilm? Ein magisk slutt er ikkje nok til å magisk tilgi det rare temposkiftet midtvegs. Poor Things har eg alt snakka om her. Furiosa: A Mad Max Saga levde ikkje opp til Mad Max: Fury Road. Så har vi filmen som låg an til å bli årets beste: Dune: Part Two. Eg var oppslukt på kino, men skuffa då eg såg den igjen i mi eiga stove. Og då kjem unnskyldninga: «men den var bra på kino!». Før i tida var knallgode filmar knallgode på både kino og VHS med knøttsmå CRT-TV-ar. Dette er som med musikk: ein treng ikkje eit stereoanlegg til 50 000,- for at musikken skal vere bra; den er bra uansett format.

Slik blei filmar sett før og film var enten bra eller dårlig uansett format

La oss sjå på 2023. Oppenheimer – er den eit meisterverk? Kanskje med tida, men eg tvilar. The Banshees of Inisherin var overvurdert over heile linja i mine auge – nok ein film som er avhengig av kva type humor ein har. Decision to Leave gav meg hovudverk. Aftersun var ein vakker smalfilm, som eg aldri kjem til å sjå igjen. Tár var bra, men ikkje meir. John Wick: Chapter 4 – endelaus action som testa tolmodet mitt. The Fabelmans var den beste filmen i 2023 for meg, men det er fordi eg er stor fan av Steven Spielberg. Likevel er den langt ifrå hans beste.

Før eg ser på heile tiåret, må eg kikke på 2025, som er i fare for å bli det mest tragiske filmåret i historia. Mickey 17 er den beste eg har sett så langt, men igjen, «bra for å vere 2020-talet». Eg gav den 4,5 i sci-fi-begeistring, men om eg zoomar ut og ser på det store biletet, er den kanskje maks 3 av 5. The Monkey, Companion, The Accountant 2, Wolf Man, Ash – ikkje mykje å rope høgt om. Kva med Nosferatu? Ein film som allereie er gjort så bra hundre gonger før. Nei, den er kun visuelt vakker, og det er alt. Så er det The Brutalist, som eg gav terningkast 6. Som Oppenheimer har den eit potensial til å bli rekna som eit meisterverk i framtida, men eg tvilar. Midtvegs skjer det noko med den filmen eg ikkje klarer å setje fingeren på. Eg er usikker på om den kan gi meg nok håp for 2020-talet.

Oppenheimer / The Brutalist : Mesterverk eller nok ein gong oppskrytte filmar?

Jakta på eit meisterverk

Har 2020-talet eit einaste meisterverk så langt? No sit eg her med full oversikt, og eg må heilt ærleg seie NEI. Eg er nesten freista til å kåre dokumentaren My Octopus Teacher til tiårets beste film.

Filmar frå 2020-talet som har skuffa meg, men som har fått knallgode meldingar, er ei lang liste: Anora, The Banshees of Inisherin, The Iron Claw, All Quiet on the Western Front, Poor Things, Anatomy of a Fall, All of Us Strangers, The Northman, Furiosa, American Fiction, Nosferatu, The Power of the Dog, og fleire til. Mange er overvurderte filmar, må eg ærleg innrømme.

Når eg ser på dei 20 største kassasuksessane frå 2020-talet, ser eg superheltfilmar, animasjon og oppfølgjarar. 2020-talet SUG.

Frå Wikipedia. Gransk lista nøye, kva er det slags multiverse vi bur i eigentleg?

Konklusjon: Ein retrett til fortida?

Eg er einig med Filmguran, og med meg sjølv. Utviklinga innan film er ikkje noko å gle seg over. Store filmskaparar og skodespelarar blir eldre og forlèt oss. Vi sit igjen med ytterst få som kan ta deira plass. Marknadsanalysar og konglomerat styrer verda, Hollywood er i forfall, og ingen revolusjon er i sikte. Film har også blitt politisert, og filmpublikum er polarisert mellom for og imot «woke». Disney gambla, gjekk for den eine sida, og gav dermed filminfluensarar som The Critical Drinker eit stort publikum. Folk flest veit ikkje lenger kven dei skal stole på. Dette er berre frykteleg keisamt.

Filmene som har gitt meg mest dette tiåret, kjem frå kjære, gamle regissørar: Steven Spielberg, Martin Scorsese, Wim Wenders, M. Night Shyamalan, Kevin Costner, Clint Eastwood, Tom Cruise, Paul Verhoeven og Richard Linklater. Det er som med musikk; eg ser eigentleg berre fram til nye plater frå Tom Waits, Bruce Springsteen og Bob Dylan – gamle travarar som leverer stødig, men ikkje lenger fantastisk, musikk. Igjen må ein grave i indie-landskapet for å finne gull som er nytt og forfriskande.

Casablanca – då film hadde magiske korn og ekte stjerner

Så kva gjer eg? Jau, eg går motsett veg. Eg ser tilbake til gamle dagar, før mi tid, tilbake til då film blei laga på film, i svart-kvitt, og stjernene var stjerner fordi ingen visste noko som helst om dei. Eg rettar fokuset mot alt det usette gullet i filmhistoria, frå hundre år tilbake i tid og fram til syttitalet.