Mandagsfilmen #2 Arachnophobia (1990)

Mandagsfilmen Arachnophobia – Og skrekkomedier frå Amblin

I 1991 fekk vi ei ny videomaskin i heimen. Det var ein Salora VHS-spiller med Dolby Surround, som hadde innebygd forsterker med to høyttalere inkludert. Lyden frå tv (eller stereoanlegg) tok seg av front, og dei to høytalerne bak-surround. 

Alle i huset hadde lagt seg. Eg derimot, satt på stua med oppsettet klart, og med lav lyd såg eg ARACHNOPHOBIA. Den åpna med herlig lyd av jungel og fantastisk musikk av Trevor Jones. Å høyre surround for fyrste gong i sin eiga heim var himmelsk. Det er noke kanskje ingen tenker på lenger, vi har blitt vant til det. Men dette var magisk og eg måtte sjå alle mine VHS’er (frå England) på nytt. 

Eg elsker Arachnophobia.

Hadde ikkje sett den på hvertfall tjue år, men eg huska kvar ei scene. Frank Marshall sin debutfilm, som alle veit, jobba tett med Steven Spielberg og Kathleen Kennedy; saman skapte dei Amblin Entertainment, eit av dei beste filmselskapa i mi bok. 

Dette er ein enkel creature-feature med eit godt manus, nydelig utført. Den starta i Venezuela, der den alltid strålande Julian Sands tek med seg forskere inn i ein jungel, ned i eit juv som aldri har sett mennesker på jakt etter ukjente insekt. Eventyrisk åpning, type Indy, med veldig god musikk av Trevor Jones. Ein stakkars fotograf blir bitt av the edderkopp, døyr og blir sendt heim til sin amerikanske småby i ei kiste — med ein blindpassasjer. 

Julian Sands som filmens Indiana Jones

I samme småby har Jeff Daniels med familie flytta inn i eit hus, omringa av vakker natur. Han skal bli småbyens nye lege. Ganske samtidig som dei ankommer huset, ankommer også edderkopp-generalen som finner seg til rette i fjøset ved huset. Jeff Daniels er redd edderkopper, slik Martin Brody var redd sjøen. 

Familie og morsome karakterer

Filmens styrke er familien og artige karakterer som feks Delbert – the exterminator, spelt av John Goodman. Han har endåtil sitt eiga theme, ein artig melodi. Dette er ein av grunnene eg digger gamle åttitalls/nittitalls filmer, egen musikk til karakterer, objekter, kjærleik eller forhold, som kjem att i løpet av filmen. Peter Jason, som forlot oss i år, speler byens trenar. Ein dag tek han med seg legen Daniels til ungdomslaget, for å utføre knip og host — når blei det gjort på film sist? Kanskje i ein krigsfilm. 

Delbert, spelt av John Goodman.

Ein etter ein blir bitt og døyr. Det mistenkes hjerteinfarkt, men etterkvart er det åpenbart kven som myrder innbyggerne. Julian Sands kjem for hjelpe, og John Goodman har heimelaga insektsgift, ikkje minst skal Jeff Daniels møte sin store frykt, ansikt til ansikt. Enkelt og greit, sjangerfilm-magi. Med rette folka foran og bak kamera, kan ei enkel skrekkomedie bli super underholdning. 

Amblin sine monster og skrekkomedier er blant mine favorittfilmer.

Det finst ingen før eller etter som klarer å mane fram filmmagi på denne måten, med denne finjusterte Spielberg-oppskrifta. 

Poltergeist er både familiefilm og grøsser!

Poltergeist (1982)

var den fyrste skrekkomedien til Amblin, dog den er meir skrekk enn komedie. Tobe Hooper var regissør, med kontroversiell god hjelp av Spielberg. Eg snakka om oppskrift: familien og småbyen. Med effekter av av Industrial Light and Magic, og Richard Edlund. Som i Arachnophobia er familien filmens store styrke (Spielbergs favorittema), her er også artige biroller — kven kan gløyme eksentriske Tangina, spelt av Zelda Rubinstein. 

Istaden for edderkoppar, er her spøkelser, og ei ond kraft som har fått interesse i minstedøtra Carol Anne spelt av Heather O’Rourke.

Musikken er laga av Jerry Goldsmith, og reknast som eit klassisk verk, slik som filmen. Poltergeist er ein av mine aller største favoritter. 

Tidenes beste julefilm? Kanskje tidenes monsterfilm?

Gremlins (1984).

Den kom på VHS i jula 1985, og vi måtte kjempe hardt for å få tak i ein kopi. No snakka eg vi, som i meg og brødrene. Vi klarte å få leie den lillejulaften. Filmen blei sett fleire gongar då vi kunne ha filmen i tre døgn. For ein opplevelse, vi blei frelst på Joe Dante. Jerry Goldsmith med nok eit klassisk filmscore. Oppskrifta: familie, småby og monstere, enkelt og effektivt laga av meget kompetente folk. Chris Walas laga Gizmo og gremlinsane. Han har laga spesial effekter og make-up i filmar som Raiders of the Lost Ark, ET, The Fly og Arachnophobia. Ein trademark av Joe Dante er å vise gamle filmer på TVen i filmen. I Gremlins kunne vi sjå i bakgrunnen: It’s a Wonderful Life og Invasion of the Body Snatchers, som vi naturleg nok kjøpte omsider. Gremlins er den perfekte skrekkomedie, eg har sett den over førti gonger, kanskje den mest sette filmen i mitt liv. Gremlins 2 (1990) er også veldig bra, undervurdert i sin tid men har no sterk kultstatus. Den er ei artig satire om sequels. 

Ein film som blir betre og betre år for år

The Burbs (1989)

er ikkje ein Amblin film, men har alle riktige ingrediensene. Joe Dante regisserte. Jerry Goldsmith laga musikken. Skodespelere: Tom Hanks, Carrie Fisher, Corey Feldman, Bruce Dern. Den handlar om Tom Hanks som tek seg ferie i sitt eiga hus, medan resten av familien går til jobb og skule. Ein kveld flyttar det inn nye naboer i huset ved sidan av. Tom Hanks, med resten av nabolaget blir veldig nyfiken på kven som har flytta inn, paranoia tek over. 

Så kom Jurassic Park (1993), ein av tidenes beste monsterfilm. Ein fin plass å sette punktum. Her er ingen forstad eller småby og familie, bortsett frå to barnebarn til Parksjefen Hammond. Amblin gjekk vekk ifrå åttitallsformelen, men atten år seinare fekk J.J. Abrams grønt lys og regisserte den Spielbergesque filmen Super 8 (2011).

Til slutt lagde Steven Spielberg The Fabelmans i 2022.

Han fjerna sci-fi og skrekk frå bordet og gikk for rein sjølvbiografisk drama. Familien har vore sentralt i fleire av Spielbergs filmer. Foreldra hans skilte seg då han var 16 år, og det satte sine preg på regissøren. Med The Fabelmans følte eg at Spielberg fekk sin endelege ro, sirkelen er komplett. Eg blei veldig rørt av filmen, ein av årets beste. Ei nydelig coming-of-age historie basert på Spielbergs oppvekst. 

The Fabelmans

Til slutt, litt om eskapism, som Spielberg var kjent for heilt fram til The Color Purple. Eit notat for meg sjølv fordi eg vil sjå nærmare på det seinare. 

Frå Wikipedia:

Historically, the arts, and literature in particular, have been acknowledged for its ability to distract readers from the hardships of reality. During the Great Depression, readers turned to escapist fiction as it provided them a mental escape from the bleakness of the economy during that period of time. [5] Fiction books and novels were an affordable and easy means for readers to escape into another world, so people used escapist fiction to provide them with a temporary psychological escape from the realities of their world.

Forrige Mandagsfilm.