Miracle Mile (1988) – Romantikk, neon og atomkrig!
Er du ute etter ein knall comfort-film i trøbblete tider? Kva med ei åttitalsperle som tek for seg verdas undergang? Eg har tatt eit gjensyn med Miracle Mile (1988).
Edwards & Winningham
Miracle Mile startar som ein typisk romantisk komedie frå åttitalet: Anthony Edwards spelar Harry, ein trombonist som har byrja å date Julie, spelt av Mare Winningham. Edwards og Winningham er to skodespelarar eg har sansen for, frå filmar som St. Elmo’s Fire og Gotcha!. Ein ting dei har til felles, er at dei alltid spelar godhjarta og uskyldige personar i filmane eg har sett av dei.

Dei avtalar ein date etter at Julie er ferdig på jobb på dineren. Harry legg seg til å sove, men forsov seg då straumen gjekk – han kjem for seint. På dineren har Julie allereie gått, og det har blitt mørkt. Dette er ein nattfilm som passar bra å sjå på seinkvelden. Harry går ut for å ringe Julie i ein god, gammaldags telefonboks, men får ikkje tak i henne. Så ringjer telefonen i boksa. Han tek røyret, og ei stemme som eigentleg vil snakke med far sin, fortel: «Vi sender rakettene om 50 minutt. Om 1 time og 20 minutt får vi svar. Verda vil gå under – ATOMKRIG!» Så blir vedkomande skoten.
«Bring cans lots of cans!»
Harry går inn att på dineren for å ete, med hovudet fullt av tankar. Det er seint på natt, gatene er tomme, og neonlysa blir reflekterte i asfalten. Så startar galskapen gradvis, og filmen byggjer spenning heilt til eit valdsamt klimaks. Heile handlinga spelar seg ut denne eine dagen. Når Harry fortel kva han har høyrt i telefonboksa, blir dei fleste inne på dineren skeptiske, men det er éi som stadfestar sanninga. Kokken ropar «Bring CANS, LOTS OF CANS!», og alle spring som galningar. Dei kastar seg i bilane for å kome seg til flyplassen. Men Harry vil finne kjærasten sin, Julie, meir enn noko anna. Vi følgjer han på eventyret i storbyen, der rykta reiser raskt og skapar kaos. «Miracle Mile» er namnet på ei rute gjennom byen, og det er her heile historia blir spelt ut.

Musikken er av Tangerine Dream. Eg trur aldri eg har høyrt dårleg filmmusikk frå dei – så stemningsfullt og fengjande, men ikkje konstant; berre når det trengst. Eg elskar Tangerine Dream.
Kjende fjes frå åttitalet
Filmen er stappa med kjende ansikt frå tiåret. Jenette Goldstein – Private Vasquez frå Aliens, og andre knallfilmar som Near Dark og Terminator 2 (ho spelte òg i Titanic). Earl Boen, psykologen frå Terminator, spelar ein full mann inne på dineren. Robert DoQui spelar kokken – mest kjend frå RoboCop, der han spelar politisjef. Brian Thompson frå Terminator og Cobra spelar ei kul rolle som homoseksuell treningssenter-dude og helikopterpilot. O-Lan Jones er servitrise bak disken; kven hugsar vel ikkje henne i same jobb i den episke opninga av Natural Born Killers!? Mykelti Williamson spelar ein uskyldig kar som får bilen sin kapra; mest hugsa som Bubba i Forrest Gump, men han har spelt fleire knallroller opp gjennom tida, seinast i serien Fallout. Denise Crosby spelte i 48 Hrs. og Skin Deep, men mest knall var ho i Stephen Kings Pet Sematary!
Alle desse skodespelarane er gull for meg; dei er ein del av mi utvida familie som eg vaks opp med. Når eg jaktar på intervju og podcast-gjestar, er det denne typen eg går etter. Det interesserer meg å høyre om karrieren deira og livet elles. Dei er KNALL!

Konklusjon
Miracle Mile (1988) er ein sånn type film som ein ikkje skulle tru kunne eksistere, fordi han er superrar og køyrer sitt eige løp heilt fryktlaust. Når det er stor uro ute i verda, gjer det seg med slike filmer – for vi har vore her før, verda er meir gal enn normal. Han er ein perfekt «Filmloftet-film» (eg held på å lage meg ein filosofi for bloggen). Rare filmar frå åttitalet er det beste som finst. Eg skal ramse opp ei liste på slutten, men konklusjonen er at eg diggar MIRACLE MILE.
TERNINGKAST 6
Mest sjuke scene
Harry stoppar innom ein bensinstasjon i lag med Wilson for å fylle tanken. Der kjem ein kar med pumpehagle som truar dei, men roar seg då han får pengar. Så kjem politiet: «Freeze!», og peikar med våpen på dei. Wilson sprayar bensin på dei i eit uoppmerksamt augeblink, og alle spring. Politiet skyt eit varselskot i lufta, og med det tenner han seg sjølv på i full flamme. Partnaren kjem for å hjelpe, men tek fyr han òg. Han fell oppå den andre, og dei brenn levande. Harry stikk av med politibilen. Eit skikkeleg WTF-augeblink, fantastisk!

Rare filmar frå åttitalet
Som sagt, eg elskar rare filmar. Her er nokre av favorittane:
- Repo Man (1984): Med Emilio Estevez og Harry Dean Stanton. MÅ SJÅAST, NOK SAGT!
- The Adventures of Buckaroo Banzai Across the 8th Dimension (1984): Med Peter Weller, John Lithgow, Ellen Barkin, Clancy Brown, Jeff Goldblum, Christopher Lloyd, Dan Hedaya – berre knallfolk i den sjukaste filmen frå åttitalet som fortener det største kultstempelet!
- Q: The Winged Serpent (1982): Larry Cohen er kongen av rart, og Michael Moriarty spelar fabelaktig godt her i lag med David Carradine.
- Vampire’s Kiss (1989): Holy hell! Nicolas Cage går så amok som vi aldri har sett han før i denne vampyrskrekkfilmen av raraste slag.
Nattfilmar frå åttitalet
Eg diggar filmar som utspelar seg over ei heil natt. Her er nokre favorittar:
- After Hours (1985): Martin Scorsese sin kanskje mest undervurderte film. Ein mann skal berre ha ein date i Soho, New York, men endar opp i ein kafkask spiral av uflaks og bisarre møte.
- Into the Night (1985): Jeff Goldblum slit med søvnløyse og blir dratt inn i eit farleg eventyr med Michelle Pfeiffer. Han er ikkje sett på som noko stort i desse dagar, men i si tid elska eg denne filmen.
Near Dark (1987): Kathryn Bigelow sin vampyr-western. Ein ung mann blir biten og må bli med ein gjeng nomade-vampyrar som reiser rundt i ein bubil. Heile filmen går føre seg om natta og har ein utruleg vakker, men melankolsk og farleg atmosfære. Også her med musikk av Tangerine Dream. (Eg såg nyleg ein videosnutt der Jenette Goldstein snakkar om Near Dark og om James Cameron og Bigelow der ho var gjest hos sjølvaste KONGEN: Michael Biehn).
Forrige anmeldelse: Bullitt (1968)