Poor Me!

Poor Things

Poor Things, klarer ikkje å legge meg frå meg tankene rundt kvifor den ikkje slo an personlig. Den er bortimot universalt elska og det handler ikkje om å overtale andre å mislike filmen, heller å forklare kvifor eg misliker den. Og det er jaggu ikkje enkelt! Stakkars meg. Skal forsøke, samtidig har eg lest meg opp på filmen.

Fyrst og fremst må det vere sagt: eg digga Lanthimos, og eg har sagt det før: han eksperimenterer som ein gal vitenskapsmann eller alkymist . Eg syns han lager gull, men også iblant gråstein. Poor Things for meg er ein gråstein, pakket i gullpapir.

Yorgos Lanthimos

I min tankerekke skal eg unngå billige “cheap-shots” som: “laget av kåte griser” som kan bli brukt når ein diskusjon skeier ut og temperaturen stiger. Nei, her skal eg vere seriøs.

Poor Things handlar om Bella, som er eit vellykka Frankenstein-eksperiment der Bella har fått sin babyhjerne implanta i sin mors kropp. Symbolsk sett tolka eg dette som at eit fritt uskyldig individ har blitt til, og filmen handler om korleis dette frie mennesket navigerer i ein verden full av regler og konvensjoner, så fri at vi blir misunnelige; for vi alle ønsker å vere frie autentiske mennesker.

Kva er Bella, er ho f.eks funksjonshemma? Det blir nevnt i farta. Eg syns det er tydelig, for ho er tross alt eit meget merkelig og uvanlig eksperiment, og alle kan være enig i at ho ikkje er eit normalt menneske, men eit uskyldig barn ute av stand til å ta vare på seg sjølv i første akt.

Då vil eg sjå til andre lignende karakterer i filmhistoria, som er fri, og ser verden på ein heilt annen måte. Fyrste eg tenker på som likner Bella er Leeloo frå The Fifth Element. Leeloo er også som eit barn som går gjennom hurtig læring om mennesket. Forskjellen er at Leeloo er ein frelser, og Bella er den frigjorte som utforsker sin seksualitet. Men så oppdager Bella urettferdighet og ondskap. Samme skjer med Leeloo når ho scanner “wikipedia” og ser all jævelskap i vår historie at ho mister lysta på å frelse oss

Leeloo – the Fifth Element


I Being There (1979) er Mr Chance, the Gardener eit individ som har aldri har forlatt husets fire vegger, som har brukt heile sitt liv i tjeneste som gartner og er fryktelig glad i TV. Han er uskyldig som eit barn, som Bella, også han blir sendt ut i den vide verden med sin enkelhet når hans mester dør og huset taes over av advokater. På sin reise opplever han ingen seksuell oppvåkning ; han er ikkje interessert. Derimot får han jobb hos den amerikanske presidenten som trur hans gartnerprat er politisk filosofi. Han får sjansen på å miste jomfrudommen etter kvart, men TVet var meir interessert. Dog er Mr Chance ein statisk karakter i motsetning til Bella, og lærer lite underveis.

Beeing There


Forrest Gump (1994) er lik Poor Things på mange områder, berre at Gump, som Chance, ikkje utvikler seg underveis. Gump bryter seg fri frå bein-støtten og blir ein utmerka løper som oppnår suksess. Hans styrke er å ha barnslig frihet, slik som Bella & CO. Forrest reiser også ut i verden på store eventyr, men utan Bellas libido. Jenny, hans barndomsvenn og livs kjærleik – har deimot ei lik reise som Bella, med sine make love, not war – hippie frihet- men med ei trist bakhistorie som offer av barnemisbruk, seinare stoffmisbruk og prostitusjon – Jenny er Bella utan hjernetransplantasjon. Forrest Gump tok verden med storm og vant ein god del Oscar.

Forrest Gump

GÅTEN KASPAR HAUSER (1974) må ikkje gløymes, av Werner Herzog. Lanthimos anbefalte den til sine skuespillere under Poor Things. Her spela Bruno S. ein stakkars menneske som har sittet fanget, lenket fast i ein kjeller heile sitt liv og blei sluppen fri som vaksen. Naturligvis hadde ikkje Kaspar fått utviklet seg i løpet av dei årene, når han slippes fri er han strippa for mennesklige konvensjoner og må utvikle sitt barne-jeg til å bli “sivilisert”.

Gåten Kaspar Hauser

Der er mange filmer som utforsker uskyldig frihet og leker seg med å putte barnesinn i voksen kropp. Big frå 1988, også Tom Hanks. Eller kroppsbytte: Fantasi komedien SWITCH (1991) av Blake Edwards.

Det som er den store forskjellen i forhold til nevnte filmer er at Bellas frihet blir brukt til å utforske sex, og det kontroversielle er at Bella er eit barn, for Lanthimos vil provosere og pushe grenser, ikkje sant? Kva om Forrest Gump gjorde det samme? Eller lille Josh, i Big? Om ein mann med barnesinn gjekk ut i verden for å oppdage seksuelle nytelser. Naturligvis måtte mannen tvinge seg til sex, ein stor forskjell ja. Så om Poor Things utforsker seksuell frigjøring for kvinner, og er eg dermed inne på det neste temaet: feminisme.

Før eg går ditt må Lars Von Triers IDIOTENE (1998) snakkes om. For her har vi eit kollektiv som består av vanlige mennesker, men som søker Bellas frihet med å late som dei er idioter, altså late som dei er funksjonshemma. Trier er ein Lanthimos type regissør som liker å sjokkere. Her er mykje nakenhet og sex. Vi får sjå ekte penetrasjon og errigerte peniser og gruppesex, ganske så kontroversielt for sin tid, og som Poor Things er den også ei komedie. Men den blei filmet under DOGME-reglene og er det motsatte av Poor Things, den er lite vakker å sjå på, direkte stygg i desse dager. Null Oscar, og ikkje ein film folk flest ville sjå.

Idiotene

Feminisme. Altså eg vil gå i dybda på Poor Things for å forklare kvifor eg føler den har liten dybde. Dette med frihet og seksuellfrigjøring har eg sett plenty av før, på dette området kjem ikkje Poor Things med noke nytt. Men at filmen har Forrest Gump-appell med Bellas karakter, som folk syns er morsom og spennende, det kan eg forstå. Og eg kan forstå appellen med det surrealistiske, denne Terry Gilliam fantasyverden Lanthimos skapte, og i kombinasjon med herlige Bella som resulterte til ein kjempeopplevelse – at den er kjempegod i sin enkelthet, som rein underholdning. Den kjøper eg. Men eg likte ikkje humoren eller historia, eller skuespillet – som var for overdrevet for min smak. Filmens største feil for meg, var kombinasjonen av å være ein enkel Disney-aktig eventyr, Frankenstein-biten, og med den ødeleggendes faktoren: sex sex sex, og kvifor får vi sjå Emma Stone i hundre forskjellige posisjoner, kvifor slepper Stone seg så løs, bare for ein enkel underholdningsfilm? Fordi skaperne var IKKJE  ute etter enkel underholdning i utgangspunktet, dei vil sjokkere, dei vil vere intelligente og djup som faen – men kva er det djupe med Poor Things?? Her kræsjer det fullstendig for min opplevelse, fordi, eg ser ingenting annet enn komisk sex uten skrupler og eit fritt vesen som leker seg med kåte dumme mannfolk i ei fantastisk vakker verd (minus fisheye) Det er ikkje erotikk, men den klassiske Lanthimos kalde sterile sexen. Kva vil dei oppnå med Bella, kva vil dei fortelle eller antyde? Dette plager meg.

Dogtooth (2009)

Så er filmen feministisk? Har ikkje peiling, her må eg lese meg opp. Og det eg har lest forteller meg at filmen lener seg mot liberal-feminisme frå cirka ti år siden. Men eg les kritikk at filmen mangler menstrual blod, og Bella har ikkje hår under armene. Og den blir sammenlignet med BARBIE, som ikkje er ein hit mellom feminister, om ikkje femninst leiren er delt opp i to eller tre.
Beatrice Loayza skriver i the Guardian:

I didn’t like the film because it plays like an emphatically mature version of a schematic Disney movie: there’s an awakening, a quirky journey, a feelgood climax, and the script feels constructed to check all the boxes of female empowerment.”

Og:

The feminist movies of the past presented us with complex and invigorating new ways of thinking about sex, gender relations and domestic work, and they challenged audiences to reconsider what they took for granted. I’m not sure this spirit of contention is possible today if our understanding of feminist power is stuck on the low-hanging fruit of sex-positivity and accurate representation.”

Men no er det nok. «Stakkars meg», det er ikkje enkelt å stå imot når alle andre rundt elsker Poor Things. Eg er glad for at folk digger den, for eg digger masse film som ingen andre digger og veit kor det føles når noken ikkje lika filmen du digger. At den gir deg estetisk nytelse, og filmen er full av kunst med tanke på skuespel og fantasi, at den er ein slags BRAZIL av Terry Gilliam (som eg digger) og kanskje andre positive ting ikkje eg har oppdaga, kjempebra, dritbra! Men ikkje fortell meg at eg må like den. Vi får heller sjå i år 2055, om jordkloda held ut. Willem Dafoe var knall, det skal den ha.

Poor Things