Reisa til Gotland

I Bergmans fotspor – Ei reise til Fårö og Gotland

I august 2024 la eg, kona mi og hunden vår Atlas ut på ein spontanferie. Målet var enkelt: å kome oss vekk. Vi sette oss i den vesle, blå Honda Jazzen vår og byrja å køyre. Vi reiste ikkje med hverken Fårö eller Ingmar Bergman i tankane. Første stopp vart Hamar, der vi sjekka inn på Scandic Victoria. Dagen etter vandra vi gatelangs. Minna strøymde på frå barndomens feriar her: det gamle jernbanemuseet og kinoen der mor fekk lurt oss inn for å sjå Licence to Kill. Eg leita forgjeves etter campingplassen vi budde på den gongen. Eit raskt søk på nettet avslørte at han ikkje fanst lenger.

Hamar Kino. I 1989 blei Licence to Kill sett på denne kinoen.

Vi hadde framleis ingen plan.

Ferda gjekk vidare til Kongsvinger for ein rask kikk, før vi kryssa grensa til Sverige og Karlstad. Her kasta vi anker i to dagar for å samle oss. Ein vakker by, perfekt for å vandre med hund langs elvebreidda. Det var på hotellrommet der eg grubla og tankane fann ein uventa retning. Då var det eg kom til å tenkje på Bergman. Sjølv om eg berre hadde sett fire av filmane hans, kjende eg ei dragning, eit mystisk kall: Eg måtte reise til Gotland og besøkje den vesle øya Fårö.

Karlstad – perfekt for gåturer med Atlas

Kona likte ideen. Vi åt oss mette, samla krefter og køyrde vidare mot Stockholm for eit kort familiebesøk. Sjølv om det freista å overnatte og shoppe film, var kallet frå Gotland for sterkt. Vi heldt fram til Nynäshamn og overnatta på eit koseleg, gamalt hotell.

Ferjebilletten var bestilt, og snart var vi om bord på båten til Visby. Turen tok tre timar, og vi var glade for at vi kunne ta med oss Atlas opp i ein eigen dyresalong.

Dyresalongen på ferga

Ankomst Visby

Hotellet låg ved kaia, så det tok oss berre nokre minutt å køyre dit. Vi hadde enno ikkje vore på bryllaupsreise sidan vi gifta oss i 2018, så vi unna oss litt luksus for ein gongs skuld. Enkelt og greitt booka vi sju netter i ein juniorsuite. Rommet var attpåtil på tilbod OG hundevennleg. Det er fantastisk å sjå kor mykje betre tilrettelagt hotella er for hundar no til dags.

Vi kom for Fårö, men oppdaga Visby. Heile byen er som eit levande mellomalder-eventyr. Bymuren omkransar framleis nesten heile sentrum, med tårn, kyrkjeruinar og gamle byggverk. Å vandre langs sjøkanten med bølgjene som slår inn mot fjøra langs den eldgamle muren, og vidare inn i smale gater med vakre murhus, kjendest som om tida hadde stått stille. Sidan det var seint i august, var sesongen på hell, og vi slapp dei største turistmengdene. Dette er ein stad som verkeleg inspirerer – ein kunne ha skrive ein heil roman her!

Her kan ein gå langs sjø og ringmur.
Visby ringmur

På vandring i Visby

Dei første dagane gjorde vi ikkje anna enn å vandre rundt med Atlas, sitje på kafé og suge inn atmosfæren i Visby. Då vi hadde funne oss til rette, tok vi ein tur til Roma, ein liten stad ikkje langt unna. Her ligg eit svært whisky-destilleri og ruinane av Roma kloster – den mest fredfylte staden eg nokon gong har opplevd. Ein kan nesten kjenne korleis munkane levde, lærte og bygde for æver sidan. I Roma ligg òg Lennarts Place, ein bruktvinylbutikk eg har besøkt to gonger på eitt år, då vi reiste tilbake til Gotland no i august 2025. Her fann eg mykje god filmmusikk på vinyl.

Alle veger leder til Roma kloster

Møtet med Fårö

Den fjerde dagen var tida inne for å reise til Fårö. Bilkøen til ferja var ikkje lang, men dei oppmerkte filene på kaia vitna om at ventetida kan vere ei heilt anna i fellesferien. Overfarten var kort, og med bil var det lett å kome seg rundt på den vesle øya. Første stopp: Bergman Center. Eg gjekk inn åleine medan kona sat ute med ein kopp te og ei skål vatn til Atlas.

Bergman Center

Inne gjekk eg sakte gjennom lokala. Eg kika på det svære filmkameraet som meisterfotografen Sven Nykvist muligens ein gong brukte, og den gamle lysmålaren hans – fantastisk. Eg studerte Oscar-statuettane og lurte på om dei var ekte. Notatbøker og manus låg utstilte, og eg skulle gjerne ha studert dei nærare. Ein grøn telefon fanga merksemda mi. Tenk på alle dei djupe samtalane Bergman må ha hatt på den – eller dreiv han med kvardagsleg sladder, som oss andre? Her var også rekvisittar frå mange av filmane hans. Magisk!

Svein Nykvist sin personlege lysmålar

«kor e huset hans?»

Dei stilte òg ut bilete av huset hans, som vi prøvde forgjeves å finne. Vi kom til ein port med eit skilt som sa «Adgang forbudt», så vi snudde. Først i ettertid lærte eg at huset er synleg frå fjøra – det får bli neste gong. På senteret selde dei kart som viste alle filmlokasjonane Bergman nytta. Dei arrangerte òg guida sykkelturar. Kanskje noko for neste besøk?

Vi køyrde vidare nordover for å sjå den andre store attraksjonen på øya: raukane. Eg var skeptisk til desse særeigne steinformasjonane heilt til eg såg dei med eigne auge. For ein storleik, og for eit mektig syn! Stillheita var total, og lyset på Fårö er heilt spesielt. Det var dette som trekte Ingmar hit. Det er noko som må opplevast, ikkje berre forklarast.

«Raukar» – Det merkast at lyset er spesielt på denne øya.

Eg likte meg verkeleg her. Fantasien fekk fritt spelerom. Eg såg for meg korleis bondelivet hadde vore, og korleis Bergman vart motteken av dei lokale – eg har lese at dei kunne vere skeptiske til framandfolk. På senteret kjøpte eg ei bok om Bergmans liv på øya, men den har eg framleis til gode å lese.

For å seie det slik: Eg reiste ikkje til Fårö for å gå i Bergmans fotspor i bokstavleg forstand, men heller for å kjenne på kva han må ha følt. Kva var det med denne naturen som inspirerte han? No, eitt år seinare, sit inntrykka framleis djupt i meg. Det sette meg på ein ny veg. Kanskje følgjer eg i fotspora hans trass alt.

Regissøren og mennesket

Då eg kom heim, full av inspirasjon og med ein bag full av bøker om regissøren, byrja eg for alvor å utforske filmane hans. Eg har no sett over ti, og eg blir like imponert kvar einaste gong. I ein framtidig artikkel skal eg skrive meir om filmopplevingane og kanskje prøve meg på ei rangering. Persona og Det sjuande innseglet er ofte favorittane, og sjølv om eg gir dei terningkast seks, er det andre av filmane hans som har treft meg endå sterkare.

Ingmar Bergman

Namnet Ingmar Bergman skaper forventningar. For nokre er han synonymt med alvor, for andre kanskje noko pretensiøst og utilgjengeleg. Men det er langt frå sanninga. Filmane hans er i botn og grunn enkle. Dei inviterer til sunn grubling over kva det vil seie å vere menneske. For meg snakkar Bergman som ein ven. Han tek opp tema dei fleste av oss unngår: død, depresjon, angst og alt det ubehagelege ved livet. Om ein verkeleg lyttar, kan ein finne ein ven for livet i filmane hans, som snakkar til deg gjennom dei fenomenale skodespelarane han brukte om og om igjen.

Eit bonustips: Tarkovskij på Närsholmen

Før eg rundar av, må eg kome med eit tips til ein annan magisk stad på Gotland: Närsholmen. Landskapet her skil seg ut frå alt anna i Skandinavia. Med sitt flate terreng og einerbuskar kjendest det nesten som å vere på den afrikanske savannen. Det var her den russiske meisteren Andrej Tarkovskij spelte inn meisterverket sitt, Offeret, med god hjelp frå Bergmans faste fotograf, Sven Nykvist. Ein aldeles vakker og djup film.

«Offeret» 1986

Vi køyrde rundt, fann eit gamalt fyr og vandra i ro og fred. Litt lenger borte (med bil) oppdaga vi eit fiskeutsal. Nede ved stranda fann vi ein enkel, liten restaurant der vi sat heilt åleine – berre eg, kona og Atlas – og åt den beste fish and chips eg nokon gong har smakt. Eit lite paradis.

Kor er eg, i Australia? Nei, på Gotland.

Attende til Gotland

Ein spontanferie leidde oss altså til Sverige, der vi enda opp med å vere i fjorten dagar. Eg har reist mykje i mitt liv, men dette er ei reise eg aldri kjem til å gløyme.

Vi vart så glade i Gotland at vi leigde eit hus nær Roma i ti dagar no i sommar (2025). Ja, vi reiste tilbake. Denne gongen utforska vi andre delar av øya og lét Fårö vere i fred. Men ved reise nummer tre, då skal vi bu på sjølvaste Fårö. Då skal vi verkeleg prøve å kome på bølgjelengd med Ingmar Bergman, ein av dei største regissørane verda har sett.

Heilt til slutt: Filmen Bergman Island (2021) såg vi etter at vi kom heim i 2024. Det var ei spesiell oppleving. Å sjå Bergman Center, møllene og ferja på TV-skjermen var som å sjå oss på ferien. Det vart mykje peiking, men filmen i seg sjølv var absolutt verdt å sjå.


Her er fleire bilete:


Forrige artikkel: Tankar om film