Skrekkfilmåret 2025 så langt: Dei beste opplevingane

Ein fortsettelse av: årets beste filmopplevelser

Ein sjanger som framleis leverer

Skrekkfilm er ein av favorittsjangrane mine, og det er ein sjanger som – i motsetning til mykje anna – framleis klarer å levere i moderne tid. Når det er sagt, så er det spesielt skrekk frå Søraust-Asia som har vore mest imponerande hittil i år av dei usette filmane eg har fått med meg. Her er ei oppsummering av dei beste skrekkfilmer så langt i 2025.

Topp 10: Dei beste skrekkfilmer i 2025

10. In a Violent Nature (2024)

Slasher-filmen er dekonstruert! Vi følgjer ein mordar som metodisk vandrar gjennom vakker natur på veg mot sitt neste offer. Filmen er nesten utan musikk og dialog, og satsar alt på ein kunstnarisk og meditativ atmosfære. Ein film som garantert vil skape elsk/hat-reaksjonar, men eg digga konseptet i denne. Her var nokre scener som fekk meg til å reagere – Be warned!

In a Violent Nature (2024) Ei reise under huden og gjennom skog og mark

9. Hatchet I & II (2006, 2010)

Oppskrifta er enkel: Send turistar ut i sumpen i New Orleans, der den deformerte slasheren Victor Crowley ventar. Legg til tørr humor og knallgode, praktiske gore-effektar, og du har ypparleg underhaldning. Toaren er kanskje den mest morosame i serien, mykje takka vere ein spøkefull Tony Todd og ein ekstra kreativ Kane Hodder som killer. Denne skrekkserien har «heimelaga» sjarm.

HATCHET (2006) Useriøs Sumpekrekk!

8. Oddity (2024)

Skrekkeleg kos! Hundane i sofaen skvatt tre gonger av at eg hoppa i skrekk. Denne filmen kom ut av det blå med friske og kreative idear som eg ikkje vil røpe her. Oddity er enkel, effektiv og solid skrekk – denne burde eg ha sett på kino!

Oddity (2024) Koselig dukke!

7. Smile 2 (2024)

Eg var ingen stor fan av den første Smile, men denne var andre bollar. At forbanninga denne gongen treffer ei popstjerne, løftar filmen til eit djupare plan, samstundes som han held på det enkle skrekk-konseptet. Naomi Scott er heilt knall i ei kompleks rolle og ber filmen på sine skuldrar. Ein uhyre underhaldande og vellaga laurdagsfilm. Heile tre filmer frå 2024 som no fortjener: beste skrekkfilmer 2025

Smile 2 (2024) Ein leiken skrekkfilm!

6. Dead & Buried (1981)

Ein småbyfotograf oppdagar at bybuarane har ein mørk hemmelighet etter at turistar byrjar å bli brutalt drepne for så å dukke opp att som normale innbyggjarar. Med manus av Dan O’Bannon (Alien) er dette ein stemningsfull og guffen liten klassikar med herlege, praktiske effektar og ei artig historie. OG SJEKK PLAKATEN! Slik kunst frista stort då vi hang på videosjappa!

Dead & Buried (1981) Fans av Carpenters «The Fog» vil sikkert like den

5. Orphan (2009)

Ei rik familie adopterer ni år gamle Esther, ei søt og uskyldig jente, ja heilt uskyldig! Filmen er campy, sjokkerande og til tider hysterisk morosam i sin ondskap. Den store stjerna er Isabelle Fuhrman som Esther, ein av dei beste og mest minneverdige skurkerollane i moderne skrekkfilm.

Orphan (2009) Tagline: There’s something wrong with Esther

4. Pulse (2001)

Ei uhyggeleg film om ensomhet, spøkelse og teknologi i internetts barndom. Kiyoshi Kurosawa skapar ei kjensle av total håpløyse med sin unike estetikk: mørke bilete, grumsete fargar og eit konstant, krypande ubehag. Pulse er ein tenkande og djup skrekkfilm som åtvarar mot ei framtid der teknologien isolerer oss, og den gav meg gåsehud deluxe – noko som skjer sjeldan (fordi eg er så herda)

Pulse (Kairo, 2001) Japansk skrekkfilm er noke «eget»

3. Creepy (2016)

Ein tidlegare etterforskar flyttar til eit nytt nabolag og byrjar å mistenkje at noke ikkje er heilt i vater. Berre stemninga åleine, med sin uhyggelege bruk av vind og grøne fargetonar, løftar filmen. Eg har ikkje blitt så rysta og forstyrra sidan Funny Games! Dette er Michael Haneke-type «mindfuck» som set seg i kroppen.

Creepy (2016) Som Leonard Cohen sang: You Want It Darker

2. The Wailing (2016)

Ein politimann etterforskar ei rekkje mystiske dødsfall i ei lita, koreansk bygd etter at ein mystisk japanar flyttar dit. Na Hong-jin er ein meister. Dette er ein to og ein halv times episk, okkult skrekkfilm som er så full av knallbra, guffen herlig stemning at du sit på kanten av setet heile vegen. Sør-Korea ligg langt føre Hollywood på dette området. Absolutt

The Wailing (2016) Okkult skrekkfilm gjort riktig!

1. Kwaidan (1964)

Eit nesten tre timar langt meisterverk. Denne antologifilmen presenterer fire klassiske, japanske folkeeventyr om spøkelse og ånder. Filmen er ikkje spesielt skummel, men han er noko av det vakraste og mest visuelt slåande eg nokon gong har sett. Kvar einaste scene er som eit levande, handmalt kunstverk. Masaki Kobayashi er ein maestro!

Kwaidan (1964) Spennande japanske folkeeventyr – utrulig vakker

Skrekkelige gode gjensyn!

Nightbreed (1990)

Dette er Clive Barkers Director’s Cut! Ein stemningsfull fantasy-skrekkfilm som vågar å vere annleis. Her er nydelege monster som er dei gode, og trangsynt menneske som er dei onde. Set-design og make-up er fantastisk, og Danny Elfmans vitale musikk gir sjeldan pusterom. Filmen er eit boblande, kaotisk og campy meisterverk for alle oss som heiar på «the misfits». At David Cronenberg dukkar opp i ei litt amatørmessig rolle, gjer det berre endå betre.

The Blob (1988)

Remaken er betre enn originalen! Med klar inspirasjon frå Carpenters The Thing, leverer denne filmen imponerande og gufne effektar. Kevin Dillon er den perfekte 80-talshelt med permanent-sveis, skinnjakke og motorsykkel. Dette er ein morosam og effektiv monsterfilm som passar perfekt ein laurdagskveld med Maaruds paprika-potetgull og ananasbrus frå Oscar Sylte. Ein stor favoritt frå VHS-tida som held seg utruleg bra.

Warlock (1989)

Ei herleg, tullete og sjølvbevisst historie som er umogleg å ikkje elske. Julian Sands, i ei av sine minneverdige roller, spelar ein heksemeister som blir sendt fram i tid frå 1600-talet til 80-tallets Los Angeles, med ein heksejegar (Richard E. Grant) i hælane. Filmen er ein slags omvendt Terminator med fantastisk trolldom og eit herleg lydspor av Jerry Goldsmith.

Scanners (1981)

Mitt første møte med David Cronenberg, og ein film som framleis er genuint spennande og uhyggeleg. Stemninga, mykje takka vere musikken til Howard Shore, er trykkande. Sjølv om hovudrolleinnehavaren ikkje er den sterkaste, blir han boren fram av Patrick McGoohan og ein formidabel Michael Ironside, som her etablerte seg som ein av 80-talets beste filmskurkar. Og ja, dei groteske scenene sit framleis fastbrent bak augeloket.

Alien vs. Predator: Requiem (2007)

Årets mest overraskande gjensyn! Dette er tre filmar i éin: Aliens, Predator og ein 50-tals monsterfilm à la The Blob. Menneska er statistar medan dei to beste romvesena i filmhistoria brakar saman. Her er herleg galskap (fødeavdelinga!), saftig gore og ein Predator («Wolf the Cleaner») som er så rå at han kunne hatt sin eigen film. Effektane er fulle av lidenskap for originalfilmane. Eg sat berre og gapa og storkosa meg.

The Believers (1987)

Ein av mine favorittfilmar om voodoo, stødig regissert av John Schlesinger (Midnight Cowboy). Martin Sheen spelar ein psykolog og enkjemann som blir dratt inn i ei verd av rituelle drap og eit mystisk trossamfunn i New York. Sjølv om historia ikkje er den mest originale, er filmen full av kvalitets-skodespelarar (Jimmy Smits, Robert Loggia) og oser av grøssande atmosfære. Fungerer perfekt i ein dobbel-forestilling med Angel Heart.

Leviathan (1989)

Ein av dei beste Alien-kopiane, med ein solid dash The Thing, sett under vatn. Grunnen til at eg storkosar meg er den knallgode rollelista med Peter Weller, Richard Crenna, Ernie Hudson og ein herleg usympatisk Daniel Stern. Interiørdesignet er nydeleg, og Jerry Goldsmiths cheesy musikk set ein perfekt tone med glimt i auget. Ein undervurdert perle.

Anaconda (1997)

Ein film som overhovudet ikkje tek seg sjølv seriøst, og som er så mykje betre på grunn av det. Jon Voight stel showet som ein absurd, paraguayansk slangejeger, og Ice Cube er herleg malplassert i Amazonas-jungelen. Topp jungelstemning, god spenning og ein gigantisk, CGI-animert slange. Slik likar eg mine monsterfilmar: morosame og utan pretensjonar.

Verdt å sjekke ut (Heiderleg omtale)

  • Heretic (2024)
  • Black Sunday (1960)
  • Hotel (2004)
  • Q (1982)
  • Exhuma (2024)
  • My Bloody Valentine (1981)
  • Red State (2011)
  • Cronos (1992)
  • The Burrowers (2008)
  • The Devil’s Rock (2011)
  • One Missed Call (2003)
  • Grabbers (2012)
  • Humanoids From the Deep (1980)

Skuffelsane: Filmar som ikkje trefte

  • The Prowler (1981): Tom Savinis effektar er saftige, men drapsmannen var for daff og filmen for repeterande til å engasjere meg.
  • Ash (2025): Startar lovande, men utviklar seg gradvis til ei uinteressant smørje med blinkande lys og fæl dataspel-estetikk. Bortkasta tid.
  • Companion (2025): Stort potensial, men øydelagt av humor som ikkje trefte meg og eg syns ikkje her var mykje å hente. Dog er det mange som likar den.
  • Speak No Evil (2024): Ein bleik og tannlaus kopi som manglar den psykologiske terroren og den vonde genialiteten til den danske originalen. Sjå den danske i staden. Hadde eg ikkje sett den danske, derimot, så hadde eg garantert likt denne betre.
  • Nosferatu (2024): Visuelt slåande, men eg synest ikkje Robert Eggers kom med noko spesielt nytt til denne klassiske vampyrhistoria. Interessa mi dalte midtvegs fordi eg kjenner historia ut og inn. Eg såg Francis Ford Coppolas “BRAM STOKERS DRACULA” i hel på nittitalet. Eg diggar Werner Herzog sin versjon. Eg likar godt stumfilmen, og Bela Lugosi sine tolkingar på tredvetalet – desse er konkurrentar, og Eggers når ikkje opp dessverre. Med andre ord er dette Dracula for ein ny generasjon.

Eit personleg gjensyn: Då ‘Alien’ kom på VHS

Ahh, Alien og Aliens. Det var i 1987 då dei endeleg kom på VHS gjennom videobilletten, noko som kosta ein ekstra femmar. Dei kom i ein haug med andre 20th Century Fox-filmar som aldri før hadde vore tilgjengelege. Paradis på jord for ein filminteressert gut – korreksjon: brat.

Alien – klassisk scene!

Min eldste bror leigde begge ei helg. Seint på kveld, etter ein heil dag ute, sat eg meg på kjellarstova og såg begge, heilt aleine, tolv år gammal. For ei oppleving. Eg var pissredd og totalt oppslukt. Det var det beste eg hadde sett, betre enn Star Wars til og med. I åra etterpå blei dei sett om igjen fleire gonger. Eg sneik meg ofte inn på rommet til bror min og lytta til Jerry Goldsmith sitt filmscore. Eg høyrer på det framleis, både det og James Horner sitt. Film magic deluxe!

Manuset til Alien er perfekt. Alt frå musikken til castinga sit som eit skot. Eg kosa meg stort med alle scenene med Yaphet Kotto og Harry Dean Stanton – for ein gjeng! Og Sigourney Weaver er og blir ei «all time favourite».

Alien – Eg digga Ripley!

I Aliens blir Ripley til den Ripley eg likar best. Karakterutviklinga hennar er uhøyrt knallbra. Ho går frå å vere ein overlevande med posttraumatisk stress, til å bli filmhistoria sin modigaste karakter. Ikkje fordi ho vil, men fordi ho må – ho må redde Newt. Det er morsinstinktet som løftar ho frå ein allereie tøff karakter til ein mega-actionhelt når ho vel å gå djupt inn i monsterreiret. Ho nøler ikkje eit sekund. Og når dronninga klikkar fordi Ripley skyt på egga hennar, er det «Mother vs. Mother». Genialt.

Eg diggar korleis ho og Michael Biehn finn tonen, og korleis ho tek kontroll når den udugelege Gorman får nervesamanbrot. Ho seier ifrå heile tida (i begge filmane) at noko er ein dårleg idé, men ingen høyrer på Ripley. Så ho må stadig rydde opp.

Aliens – Er Michael Biehn kul? JA!

Aliens har så mange fargerike karakterar. Bill Paxton som komisk syter og klagar. Al Matthews som tygg på sigaren. Og Jenette Goldstein som Pvt. Vasques – den tøffaste soldaten, langt forut si tid. Stan Winston sitt design av dronninga er framleis på toppen av lista over tidenes filmmonster.

Det finst få perfekte oppfølgjarar. Gudfaren 2. Terminator 2. Eg er freista til å seie at Aliens høyrer til i den eksklusive klubben.

Aliens – Ripley er ein av dei råaste filmkarakterer nokon sinne skapt!