Straight Time © 1978 Warner Bros. / Courtesy of Warner Bros.

Straight Time (1978) Filmfrelst på nytt!

Usette filmar som Straight Time er det største gullet eg kan kome over. Det er ein type film som har venta på meg i alle mine lange år, og som tilfeldig blir sett på seint ei natt og filmfrelser meg på nytt igjen. Dustin Hoffman… eg hadde gløymt kor god ein skodespelar han er. Han kan spele kva som helst: ein kvardagsmann i Kramer vs. Kramer, nyheitsreporter i All the President’s Men, standupkomikar i Lenny, og her: ein beinhard tjuv.

Hoffman spelar Max Dembo, ein tjuv som slepp ut av fengselet etter seks års soning. Filmen opnar med god musikk og gateliv der Max vandrar og nyt fridommen. Vi følgjer han frå han finn seg kjærast (Theresa Russell) og jobb på ein fabrikk, og ser korleis ein fengselsfugl skal bli ein del av samfunnet igjen. Det filmen set lys på, er kor vanskeleg det er for ein som har vore kriminell å bli «straight», når det einaste livet han kan, er å vere kriminell.

© 1978 Warner Bros. / Courtesy of Warner Bros.

M. Emmet Walsh

I ei fantastisk scene med tilsynsverja Earl Frank, spelt av M. Emmet Walsh, får vi sjå det harde møtet med røynda. Max blir ydmyka av Earl og blir behandla som ein tenåring som må vere forsiktig – elles! Walsh spelar rolla som Earl heilt fantastisk; alle scenene med han tok meg med storm. Denne scena minner meg om Al Pacino i Scarface då han blir avhøyrd for å sleppe inn i landet.

M. Emmet Walsh. Straight Time © 1978 Warner Bros. / Courtesy of Warner Bros.

Max må finne seg jobb snarast for å riste av seg Earl Frank, som gir han eit ultimatum. På arbeidskontoret sit Jenny Mercer, spelt av ei ung og vakker Theresa Russell. Han sjarmerer henne, fortel at han kjem rett frå fengselet, og ein kan sjå at Jenny blir fascinert. Ho blir forelska i den reine spenninga av å møte ein tjuv, kanskje fordi ho er ung og har ein kjedeleg jobb. Men ho ser òg ein mann som kanskje er god inst inne, og som må reddast. Dei byrjar å date.

Scener frå syttitalet

Omsider byrjar Max å treffe gamle kjende. Han besøkjer Willy Darin (Gary Busey), ein fengselsfugl som slit akkurat som han. Her får vi ei lang kjøkkenscene som berre syttitalet klarer å skape: Max, Willy, sonen Henry (spelt av Jake Busey!) og kona Selma (Kathy Bates) sit rundt kjøkkenbordet. Dette er ei kvardagsscene: Willy får sonen sin på tre år til å «leikebokse», og når Willy ikkje ser etter, får han eit klask i andletet. Ein kan sjå at Gary Busey blir sint, men kameraet fortset å gå. Eg tippar dette ikkje var planlagt. Etterpå sit Max aleine med Selma, som ønskjer at han skal halde seg vekk frå livet til Willy, som prøver hardt å halde seg på matta. Er dette ei nøkkelscene for kven Max er, tenkte eg.

© 1978 Warner Bros. / Courtesy of Warner Bros.

Willy blir med Max heim til den vesle hybelen hans. Plutseleg tek Willy ut heroin og utstyr og kokar opp skeia – til stor forbausing for Max. Han blir forbanna, då slikt kan sende han rett tilbake til fengselet. Willy har halde dette skjult for kona Selma.

Instinktet til Max viste seg å vere korrekt. Nokre dagar seinare kjem han heim frå jobb, og Earl Frank står på rommet hans for å sjekke stoda. Dei pratar litt, så finn Earl ein del av kokeutstyret på golvet. Han får Max til å setje seg på senga medan Earl sjekkar han for sprøytestikk på ein ydmykande måte. Earl nyt makta han har over Max. Det endar med at Max blir sendt til fengselet nede i sentrum for å ta blodprøver.

M. Emmet Walsh OG Harry Dean Stanton

Det byggjer seg så effektivt opp ei spenning mellom Earl og Max som eg ikkje skal røpe. Og rundt Max sitt liv, om han klarer å halde seg «straight» – noko eg heller ikkje skal røpe, anna enn at filmen blir betre og betre jo lenger han varer. Det dukkar opp nokre fantastiske skodespelarar, Harry Dean Stanton til dømes – eg får gåsehud! Det var Roger Ebert som sa: «Ein film med M. Emmet Walsh og Harry Dean Stanton kan eigentleg aldri bli dårleg.» HER ER DEI BEGGE!

Elles er filmen nydeleg regissert av Ulu Grosbard, eit namn som var ukjent for meg. Dustin Hoffman skulle eigentleg regissere sjølv, men blei erstatta av Grosbard. David Shire har laga stemningsfull filmmusikk til dei vakre gatescenene, som eg nynna på etter at filmen var slutt.

TERNINGKAST 6 (leigd på Apple)

La oss vere ærleg…

Eg blei sitjande lenge og kontemplere over Max sin natur – prøvde han å skjerpe seg eller ikkje? Var Earl Frank ein ond og maktsjuk statstilsett som likte å herje med fengselsfuglar, eller visste han akkurat kven Max var og gav han som fortent? Akkurat no føler eg at Max prøvde. Men igjen, filmen er så godt laga at eg kanskje klarer å fange opp andre detaljar ved eit gjensyn. På Filmloftet har eg babla om åttitalet ei god stund no. Det er eit morosamt tiår, men om eg skal vere heilt ærleg med meg sjølv: Syttitalet er det beste tiåret i heile filmhistoria. Straight Time er eit bevis på det. Og eg har fleire bevis, usette 70-talsperler som har nyleg blitt sett: A Woman Under The Influence, Hardcore, Fat City, The Last Wave, Mikey and Nicky, The Offence, Rolling Thunder, The Hospital, Long Weekend… OG MEIR SKAL EG FINNE.

© 1978 Warner Bros. / Courtesy of Warner Bros.

Anmeldelse av Bullitt (1968)