Suburbia (1983) – Pønk, piggtråd og ekte råskap
På ein motorveg stoppar ei mor med barnet sitt for å plukke opp ei haikarjente, Sheila. Ho spør om Sheila har rømt heimefrå. Så punkterer dekket. Dei parkerer langs vegen og går til ein aude og isolert telefonkiosk. Medan mora står i telefonen, ser vi ein stor, farleg hund som knurrar mot barnet. Barnet ser hunden og gret. Hunden tek ungen og riv sund kroppen.
Slik startar Suburbia (1983), og det set ei rå, hard stemning frå første sekund. Filmen er regissert av Penelope Spheeris. Ho regisserte Wayne’s World (1992), som eg digga i si tid, men ho er òg kjend for ein serie dokumentarar som følgjer ungdom og punk-subkultur i Los Angeles, kalla The Decline of Western Civilization (1–3).

Pønk og utenforskap
Vi følgjer tenåringen Evan, som fortel veslebroren sin at han forlet heimen fordi mora ikkje har råd til å ha han der. Han vandrar gatelangs, ser nokre pønkarar og følgjer etter dei til ein konsert. Salen er stappa med ungdom som hoppar i kvarandre, og bandet syng om sjølvmord. Ei ung kvinne blir sjekka opp av ein skinhead, men avviser han. Han riv i kjolen hennar, og andre rundt riv av restane til ho står der naken og audmjuka. Alle ler i ein sirkel medan ho står naken og hyler. Konserten blir avslutta når ungdommen ikkje høyrer på åtvaringane frå arrangørane.
Penelope Spheeris er modig som tek med slike scener. Ho er nådelaus i framstillinga, og det er basert på historier ho plukka opp då ho dokumenterte subkulturen åra før. Evan ligg på utsida og spyr; nokon har putta stoff i drinken hans. Ein eldre tenåring, Jack, kjem med bilen sin, ser Evan liggje der og hjelper han inn. Eg tenkte: «No blir han valdteken.» Men nei, Jack vil hjelpe han, for han er sjølv heimlaus, og det er på ein måte jobben hans å hjelpe andre i same situasjon. Det finst håp i all elendigheita.

Amatørar og ekte råskap
I Suburbia nyttar Spheeris ekte ungdom, ikkje profesjonelle skodespelarar. Dette gjer råskapen endå sterkare, sjølv om det merkast at vi har med amatørar å gjere. Flea frå Red Hot Chili Peppers har ei stor rolle her. Filmen er beinhard, og til tider veldig vanskeleg å sjå på grunn av rasisme og anna, men det verste for meg var å sjå jakta på villhundane.
Dette var ein gong ein forstad med yrande liv og tryggleik, men folk forlet heimane sine i ei stor nedgangstid. Då forlet dei både heim og kjæledyr. Hundane blei ville og aggressive. Vi får sjå dei bli jakta på av vigilantes som skyt dei etter opningsscena med barnet. Nokre av nærscenene der hundar spring og blir skotne, ser ekte ut. Eg trur Spheeris tok med seg kamera på ein ekte «jakt».
Ei «dog eat dog»-verd
Hundane er viktige i historia. Dei er herrelause og forlatne, akkurat som ungdommane, og det er ei «dog eat dog»-verd både hundane og dei heimelause lever i. Jack har samla alle i eit forlate hus midt i eit slikt område – ein tom forstad. Det er veldig postapokalyptisk og dystopisk. Jack, Evan og Skinner (ein skinhead) køyrer rundt i ein velfungerande forstad der dei stel mat frå hus som har late garasjedøra stå open. Dei tek med seg varene heim og deler med flokken.
Midt i brutaliteten er filmen varm i skildringa av venskapen i gjengen. Dei tek vare på kvarandre. Evan må hente lillebror sin, som stortrivst i gjengen – eg blei rørt. Når dei hamnar i bråk og slåstkampar, er det som oftast dei som blir angripne, for dei blir sett på som søppel. Filmens antagonistar er hundejegarane; fedrar i den velfungerande forstaden. Desse mannfolka er våpengalne og utan moral, og hatar dei heimelause intenst. Dei ser på dei på same måte som hundane dei slaktar. Klimakset byggjer seg opp rundt dette. Her er òg eit godt menneske utanom gjengen: stefaren til Jack, som er svart og jobbar som politi. Han er omtanksam og vil ikkje anna enn å hjelpe dei.

Stil og inspirasjon
Elles har filmen ekstremt god energi. I starten var eg frykteleg skeptisk, fordi biletet var så skittent (finst det ein restaurert versjon?) og i 4:3-format, men det skapar ein dokumentarisk effekt. Skodespelet var som sagt «amatørisk» – men ekte! Eg blei vand med det òg, og plutseleg var eg heilt med i filmen. Her er eit konstant lag med punk- og rockemusikk, og kameraføringa og klippinga er profesjonelt utført.
Filmen minner meg om Gus Van Sant sine tidlege verk, og Richard Linklater sin Slacker, som også nytta uerfarne skodespelarar. Linklater laga faktisk ein veldig god film med same tittel, SubUrbia, på nittitalet, om ungdomar som hang rundt utan meining. Geoffrey Wright frå Australia laga Romper Stomper (1992) med liknande estetikk om skinhead-subkulturen, der Russell Crowe fekk gjennombrotet sitt og strålar med karisma. Desse regissørane må ha sett Penelope Spheeris sin Suburbia og late seg inspirere.
Konklusjon
Eg synest dette var ein veldig sterk film som fanga meg, til trass for ubehagelege scener og tema. Filmen har eit stort hjarta innad i gjengen han viser, og hos Jack sin stefar. Penelope Spheeris fangar ei tid og ein stad i Los Angeles ein skulle tru høyrde fortida til, men det skjer framleis, verda rundt: Heimelause barn, som flyktar eller av andre årsaker samlast og dannar sine eigne samfunn når storsamfunnet har svikta dei. Eg gir filmen full pott!
TERNINGKAST 6
Andre anmeldelser: Raw Deal (1986)