TWIN PEAKS: THE RETURN

SPOLER ALERT

Gjensynet var fantastisk. TERNINGKAST 6

Den beste TV-serien eg har sett sidan 2017, då den også var den beste TV-serien eg kanskje nokon gong har sett. Men det blir feil å vege den opp mot andre seriar fordi dette er, for meg og fleire, ein lang film.

Tradisjonelle fans av Twin Peaks har mi sympati, eg forstår dei godt, og synest nesten litt synd på dei. Ein liten del av meg ønskte ein sesong 3 med gammal stil à la Twin Peaks, og eg skjønner skuffelsen hos dei som kosa seg med serien då den gjekk på norsk TV. Samtidig skjønar eg også at å lage ein sesong 3 i fanservice-fasong hadde blitt feil og nærast umogleg, så Lynch gjorde det rette valet ved å skape noko nytt, ikkje berre gjenskape det gamle.

Blodfansen er veldig fornøgd, utifrå det eg har lese. Dei elskar alt som har med Twin Peaks å gjere, og les bøkene Mark Frost har skrive som fortel historiene om folka frå Dale Cooper forsvann i 1989 til 2014. Faktisk verkar desse bøkene såpass interessante at eg må kjøpe dei etter kvart. Eg ser på meg sjølv som ein fan som elskar både Twin Peaks og David Lynch, men sistnemnde høgare. Når det er sagt, var denne fantastiske serien den aller første serien eg binga, etter at eg fekk VHS-boksen frå USA. Og ja, eg hadde NTSC-videospelar.

Twin Peaks på VHS frå USA.

Mi Meining

Lynch held ein stor veners-veners fest der han torturerer Twin Peaks-fansen med sit-com-komedie, små nostalgiske drypp og drygar Dale Coopers ankomst til det maksimale. Twin Peaks handlar eigentleg ikkje om Twin Peaks føler eg, men om David Lynch og hans siste personlege kunstverk, der han brukar all sin kunnskap og erfaring og igjen bryt grensene.

Det skjer så mykje her at det er lett å bli forvirra. Utafor den narrative Twin Peaks-hovudvegen tek David Lynch mange avstikkarar ut i villmarka der han slepp laus store og små fiskar av idéar – og det er halve moroa med Twin Peaks: The Return. Likevel kjennest det som om alt heng saman.

Eg har mine eigne tankar og personlege analysar. Eg har ikkje brydd meg mykje om å lese kva andre meiner, for meg er det dette som David Lynch handlar om – å føle seg fram sjølv. Den beste kunsten har ingen fasit, synest eg. Eg kan lese litt rundt teoriane som florerer, men eg studerer dei ikkje altfor nøye.

Dale Coopers oppstode er stumfilm-komedie, fordi den gjenfødde Dale er som eit barn som har mist hukommelsen sin. Scenene hans som “ektemann” er ofte hysterisk morosame, og Naomi Watts briljerer som sint såpeopera-hustru.

Komedie?

Det verkar som “barnet” er eit stort tema i sesong tre. Dale Cooper er som eit barn – men eigentleg er det vel David Lynchs barne-jeg som manifesterer seg i Cooper. Heile verket kjennest ut som det er laga av eit barnesinn, meir enn noko Lynch har gjort tidlegare.

I ei episode blir eit barn brutalt påkøyrd og drepen. Kvifor det? Eg tolkar det som symbolikk for “barnets død” – at barnet i oss må døy før eller seinare. Barnet i Dale Cooper måtte døy for at Cooper skulle ta ansvar og redde Laura. Barnet står også for uskyld, og her kan det tolkast mykje. Alt rundt David Lynch har ei aura av eit voksent barn, slik mange kreative menneske har, og dei slit med å tilpasse seg den “vaksne” verda.

Slik kan eg halde fram, med å prøve å forstå kva Lynch tenker, eller kva han vil at eg skal tenke eller føle. Eg har skrive meir enn nokon gong ned i notatboka, men eg vil heller oppsummere Twin Peaks: The Return, enkelt og greit.

Karakterane frå originale Twin Peaks:


Ingen av dei var feil brukt. Er det noko eg likar, så er det å sjå skodespelarar (som eg digga før) bli vaksne. Å sjå dei bli gamle, det er nydeleg.

  • Bobby var ei gledeleg overrasking – karakteren hans har blitt “likandes”.
  • Lucy & Andy er seg sjølve, kanskje endå rarare med tida – eller kanskje ikkje.
  • Hawk strålar som alltid av visdom.
  • Norma og Ed gav meg den største gleda. Og Nadine klarte til slutt å skofle seg ut av skiten ved hjelp av Doktor Jacoby, som her er David Lynchs mogelege irritasjonar i YouTube-kanal-format.
  • Sarah Palmer er oppslukt av mørket, og alle scenene rundt henne er urovekkande skumle. Mysteriet er stort rundt ho, meir enn nokon gong. Er ho Judy?
  • Ben og Jerry Horn gav meg mest Twin Peaks-nostalgi. Det var spesielt å sjå hotellet igjen. Dei er seg sjølve – to morosame brør denne gongen.
  • Audrey Horne Ikkje ei god skjebne, ganske tragisk. Det var godt å sjå Sherilyn Fenn igjen.
  • Margaret – The Log lady. Rørande scener, spesielt når ein veit at hennar scener vart filma berre fire dagar før ho døydde.
  • James Hurley verkar som ein person med evig kjærleikssorg, som lever i fortida.

Av dei nyare karakterar vi blei introdusert til: The Mitchum Brothers digga eg – fantastiske karakterar. Dei nye ungdommane? Helt suverene. Alt i Las Vegas elska eg. Dale Coopers doppelganger er eit kunstverk av ein skurk. Kyle MacLachlan storspelar – eg har aldri sett han betre.

Doppelganger

Oppsummering:

Alt kokar ned til at Twin Peaks er ei historie om good vs. evil – den evige kampen. Laura Palmer er engelen som må beskyttast, og Bob er sjølve djevelen. Dale Cooper er ein slags gresk mytologisk helt som får oppgåva å beskytte Laura. Det meste i serien kan eg lese, men part 18 er det største mysteriet. Her seier historia farvel til alle karakterane, musikken forsvinn, og til slutt er Cooper og Laura fanga i ein realistisk verd. Huset til Laura utløyser eit skrik – kor havna dei? Dette er ein nydeleg slutt. Ingenting har ein byrjing eller ein slutt – kanskje det er det 8-talet i part 17 representerer. Eller kanskje ikkje, kanskje er det overnaturlige ein respons på traume. Ein kan aldri vite med David Lynch.