Ad Astra (2019)
Eit gjensyn med ein av favorittfilmene mine
Eg trur vi alle har vore science fiction film-favoritter frå dei siste femten åra. Kvaliteten har vore eksepsjonel. Interstellar er fantastisk, mange syns den er verdas beste film. Andre elsker Arrival, Blade Runner 2049 og Dune. The Martian blei godt mottatt. Min favoritt er Ad Astra, ilag med Interstellar.
Ikkje alle er så begeistra for Ad Astra.
Den gjorde det dårleg på kino, og i ettertid har den fremdeles ikkje blitt snakkis. Eg har heller ikkje tenkt å overbevise nokon med å skrive ting som: “Om tjue år blir den sett på som mesterverk, der oppe med Blade Runner og 2001”. Eg er ferdig med slikt.
James Gray er min type regissør. Eg føler filmane hans på ein unik måte; som om han laga dei kun for meg. The Lost City of Z hadde same effekt på meg som Ad Astra. Den eg er, er på ei harmonisk bølgelengde med desse to filmane. Og eg tenker det er slik med dei som elskar Dune, Arrival eller The Martian.
Ad Astra er hypnotisk.
Mykje på grunn av kor visuell vakker den er (slik som Dune, Arrival) og musikken til Max Richter — som eg syns er eit like bra filmscore som Hans Zimmers Interstellar.
Og så har vi Brad Pitt. Er dette hans beste rolle? Ein av dei, syns eg. Han passer perfekt til å spele ein innadvendt person, som føler seg best aleine, med ein stålkontroll over sin puls og sitt sinn. Dette er ei motsatt rolle av Tyler Durden frå Fight Club – her er han reservert, og viser kun små tegn til menneskelige følelser, som gradvis kjem til syne i løpet av filmen. Pitt gjer dette mesterlig.
Handlinga, er om ei reise.
Filmen er samanlikna med Apocalypse Now!. Roy McBride skal finne sin far, langt ute mot enden av solsystemet. Reisa starter på jordkloden, vidare til månen, så mars og til slutt Neptun, den fjernaste planeten i vårt system.
Årsaka til McBride si ferd er ei mystisk kosmisk stråling som kan øydeleggje all elektronikk og liv i solsystemet, som dei oppdagar kjem frå romfartøyet som forsvant 29 år tidlegare, med faren til Brad Pitt som kaptein.
Men dette er ikkje ein katastrofefilm.
Det er denne reisa som er handlinga. NO KJEM DET SPOILERS VIDARE UNDER.
Roy McBride er ein astronaut med uhyggeleg stålkontroll,
nesten som ein robot. Hans kone har forlatt han, forståelig nok, og han trivs best når luka til raketten er lukka, endeleg er han aleine, der ute mellom stjernene — det store intet.
Bak hans ytre vesen, djupt inne, ligger det ei smerte, forårsaka av hans far som forlot han og mora då han var liten, hans far, den store legendariske astronauten, forlot alt på ei reise med ein envegsbillett, for å finne teikn til intelligent liv ute i verdsrommet. Filmen forteller alt dette ganske enkelt; det er ei enkel historie.
Når han endeleg møter faren ved Neptun,
i den store finalen, kjem det ingen store overraskelser. Faren forteller at det var hans skjebne å reise ut i mørket på jakt etter liv (ikkje ulikt The Lost City of Z), og at mora og sonen ikkje betydde noke som helst for han. Og faren oppdaga til slutt at der var ingenting — null liv, menneska var aleine. Tredve år aleine, forvandla han til eit ingenting. Som ein forlatt på ei øde øy, har han blitt gal.
Brad Pitt prøvar å få han med heim, men faren tvingar han til å slippe han når dei er utanfor fartøyet, og Pitt slipper han endeleg, både fysisk og mentalt, og faren berre flyt sakte ut i intet. Sonen er fri etter tredve år. Så reiser sonen heim med all data, av fjerne vakre livlause planeter; bevis på at vi er faktisk aleine.
Eg syns det er nydeleg.
Vi er aleine, vi må håndtere oss sjølve og vi er avhengige av kvarandre. Ein kan leve i harmoni ilag med andre på jorda vår. Å reise aleine, å vere aleine langt vekke, ute blant livlaust materie, er vi ikkje skapt for. Denne enkelheita elskar eg.
Men poesi til sides, Ad Astra er spennande!
Filmen åpner med ei herlig scene der Brad Pitt klatra på utsida av ein gigantisk stasjon som strekker seg frå jorda til ytterkanten av atmosfæren, som bryt sønder og sender Brad Pitt i fritt fall. Adrenalinet mitt pumpa, men det gjorde ikkje karakteren til Pitt!
Actionscenene på månen for eksempel, kor vi har ei forfølgelsessekevens i moonbuggys er noko eg aldri har sett makan til før! Sjølvsagt, uansett kor menneska reiser, er der konflikt. Månen er ingen unntak.
Eit skip treng hjelp, McBride og ein kaptein går inn for å hjelpe. På innsida er der ville dyr, nokre galne bavianar som drep utan nåde. Tydeligvis eit eksperiment slått feil. Heile filmen skrik til meg: VI HØYRER IKKJE HEIME HER I VERDSROMMET.
Mars virkar eksotisk, på papiret. Men folka der bur i undergrunnen, og virkar lite glade. Dei drøymer om jordkloden. Der er levandes bilder på veggane, av havet og blomar. Det er umenneskeleg. Jo lengre vekk frå jorda, jo meir ulykkeleg er menneska.
Ad Astra er eit eventyr,
om ein mann som tek laust på ei ferd for å oppdage der er ingenting å oppdage. Og fyrst når han oppdaga det, får han fred. Popcorn og kunst møtes, dette er ein av mine favorittfilmer.