Bullitt (1968) Eit driv utan like!
Bullitt (1968) er ein spesiell film for meg, og det er fleire årsaker til det. Det er òg ein type film som gjer at eg blir klokare på min eigen filmsmak. Først skal eg skrive om opplevinga, så skal eg drøfte Walter Hill, som var assisterande regissør på filmen, og filmmusikken sin store innverknad på meg.
Filmen startar fantastisk med ein opningssekvens som er sett saman kunstnarisk, med gangsterar i bakgrunnen og Lalo Schifrins eminente filmscore. Dette har stor effekt på meg; filmen er allereie kul FØR Steve McQueen dukkar opp.

Minimalistisk Handling
Historia er ganske enkel: Ein gangster i The Chicago Outfit vil vitne mot sjefane sine for å redde sitt eige skinn. Den ambisiøse statsadvokaten Chalmers (Robert Vaughn) ser sjansen til å stige i gradene og set Frank Bullitt (Steve McQueen) til å vakte vitnet på ein hemmeleg lokasjon. Men noko skurrar. Medan McQueen er heime, blir vitnet brutalt skote, og politivakta hardt skadd. Bullitt held dødsfallet skjult for å kjøpe seg tid til å finne ut kven som lak informasjonen. Han er smart, tolmodig og løyser saka mot alle odds.
Sjølve handlinga og plottet er eigentleg ikkje det viktigaste for meg her. Det er stilen til regissør Peter Yates, måten han fangar utstrålinga til McQueen på, og korleis han komponerer actionscenene som imponerer. Dette er ein actionthriller som gjer noko nytt: Han har eit roleg tempo, med lange og stille augeblink der McQueen får vere seg sjølv: KUL, men òg reflekterande – som ein zen-meister. Ikkje ein gong statsadvokaten klarer å stresse Bullitt; han er kald og kalkulerande og taklar presset med stoisk ro. Eg la merke til at helten ikkje heldt eit våpen i det heile (i ein slik film!?) før han måtte, heilt til slutt i klimakset på flyplassen (kanskje ein gong tidligare). Veldig uvanleg.
Filmen har inga hastverk og lite dialog; dette er det beste med han. Når partnaren og vitnet blir frakta til sjukehuset, følgjer Frank Bullitt tett med på heile prosessen, og filmen heng på sjukehuset ein stor del av speletida. Vi får sjå legar og tilsette som veit kva dei gjer (dei var ekte personell, las eg), og Frank følgjer med, spesielt på partnaren sin. Filmen får fram at dette er viktig, og at Frank er oppriktig bekymra for venen sin.

Realisme
Bullitt har òg ein partnar nummer tre. Det er digg å sjå korleis dei jobbar saman, til dømes når dei går gjennom bagasjen til vitnet eller forhøyrer ein hotellresepsjonist. Slike detaljar der dei spelar «good cop / bad cop» utan å snakke saman, men av rein prosedyre og erfaring – det kjennest som om dei har jobba i lag på ekte i alle år. Dette gir ei stor kjensle av realisme til ein snart seksti år gammal film. Partnar nummer tre har eit steinansikt som er umogleg å lese – det same kan seiast om Bullitt, men det er eit resultat av kvardagen deira som politi.
Temaet om kaldheit blir teke opp etter at kjærasten til Bullitt (Jacqueline Bisset) blir for nyfiken og får sjå eit lik på eit hotellrom. Frank står der kald som ein fisk framfor ei dame som er brutalt myrda, og Bisset får sjokk. Det leier til filmens svakaste scene, der ho konfronterer Frank med den kalde haldninga hans. Eg koste meg med Roger Ebert sin anmeldelse etter eg såg filmen, for han reagerte på dette han òg. Han skreiv: «She has one speech so awful it takes the movie five minutes to recover.» Eg er einig, men filmen får ingen trekk for det likevel.
Biljakta over alle biljakter
Så kjem scena som filmen er mest kjend for: BILJAKTA. Eg overdriv ikkje når eg seier: EG FEKK GÅSEHUD! Dette er ei så innverknadsrik jaktscene at alle har prøvd å toppe henne sidan. Jaktscena i Walter Hills The Driver er fantastisk, og den intense Brooklyn-jakta i William Friedkins The French Connection er absolutt legendarisk på sin måte – MEN ingenting slår komponeringa, filminga, klippinga og ekteskapet mellom filmfoto og Lalo Schifrins «Shifting Gears»-score i denne ti minuttars biljaktscena frå filmhimmelen. Musikken er 50 % av biljakta, omhyggjeleg bygd rundt klippinga i sekvensane. Det er synkronisert filmessens frå øvste hylle.
Gangsterane forfølgjer Frank Bullitt, som køyrer sin Ford Mustang GT. Han veit han blir forfølgd. Musikken startar roleg, og han byggjer og byggjer i lag med scenene. Plutseleg er Bullitt borte frå skurka sitt synsfelt. Musikken bremsar, auga deira leitar etter Frank. Kor er han? Så ser skurken ein Ford Mustang GT i spegelen. Bordet har snudd; no er det Frank som forfølgjer dei, og den KNALLGODE MUSIKKEN til Lalo Schifrin UNDERSTREKAR DETTE (no fekk eg gåsehud igjen!).

Put your seatbelt on!
Sjåføren til skurkane tek på seg eit spesielt tryggingsbelte, musikken STOPPAR, og skurken gir FULL GASS – alt hittil var oppvarming; no EKSPLODERER filmen i ei intens biljaktscene. Det er ville stunt i denne sekvensen. Ein kan sjå at McQueen køyrer sjølv i nokre av dei (han var racerførar på privaten). Eg elskar vinklane Peter Yates plasserer kameraet i, slik at vi hamnar skikkeleg inne i jakta; UTE I EKTE OMGIVNADER (filmen er kjend for det). Etter ti minutt krasjar skurkane i ei bensinpumpe, og heile området eksploderer i flammar. Frank får skrens og hamnar i støv og spetakkel like ved eksplosjonen.
Dette er filmmagi som endeleg fekk vist meg sin prakt på min nye stor-TV. Denne filmen forten ikkje ein liten skjerm – han må sjåast på kino eller det største formatet tilgjengeleg, og lyden må spelast høgt, for det er stort driv i orkesteret til Schifrin!
Filmen er sparsam med action. Den første scena er kort, når vitnet blir skote. Så når Bullitt fotforfølgjer ein leigemordar på sjukehuset, så biljakta. Den fjerde og siste er på flyplassen i klimakset, der Frank tek fram revolveren for første gong. Denne sparsamheita gjer actionen større, men spenninga i filmen ligg ikkje i actionen for meg, men i granskinga av kva som skjedde. Frank etterforskar og avslører gradvis at han er DRITDYKTIG som politimann. I starten blir han framstilt som ein «boms» og litt klønete. Og han får stor motstand frå statsadvokaten som er tydeleg ute etter han og vil få han sparka. Klokka tikkar, og det er ekte spenning!

Konklusjon
Det kan enkelt tenkjast at filmen kan opplevast som langdryg, endåtil meiningslaus (lite action, dialog, handling) for enkelte. Med mindre filmen fangar ein, slik han gjorde med meg. For meg er handlinga Steve McQueens blikk og karisma der karakteren Bullitt vandrar rundt i ei 1968-verd som er full av stil og kulheit, samt realistisk bruk av ekte lokasjonar, ikkje studiosett. Og så var det musikken, som eg meiner er topp ti filmscore i filmhistoria. Om musikken ikkje fungerer for sjåaren, kan filmen umogleg bli fantastisk slik han er for meg, for musikk og film er her eit solid ekteskap.
Ingen tvil, min type film!
TERNINGKAST 6
Bullitts innverknad og Walter Hill
Walter Hill var som sagt assisterande regissør på Bullitt. Som livslang fan av Hill var det ikkje vanskeleg å sjå at han har late seg inspirere av Peter Yates og stilen hans. Ti år seinare laga han sin eigen biljaktfilm, The Driver (1978), med Ryan O’Neal som hovudperson (Steve McQueen takka nei).
Bullitt er ein zen-aktig og sparsam film i både dialog, handling og action. Dette er ein stil Walter Hill adopterte og utvikla vidare: Han skreiv «haiku-manus»; var oppteken av minimalisme og kva som kunne takast ut av ein actionfilm for å behalde essensen.
48HRS
Då eg såg Bullitt, byrja eg å tenkje på Walter Hill, ikkje om The Driver, men 48 Hrs. Handlinga er annleis, men i den er det mykje av stilen til Peter Yates og Bullitt. Det kan sjåast i hotellgangane der Nick Nolte går med partnarane sine for å finne ein skurk; denne skitne «looken» av realisme. Nick Nolte har òg blå auge og utstråling som McQueen, og han har blitt kald og kynisk, og liknar og snakkar som ein «boms». Han òg har ei kjæraste som går rundt i ei lang skjorte, som Bisset (trur eg), og staden han jobbar er San Francisco.

Dei estetiske detaljane er éin del. Den andre delen som drog meg mot 48 Hrs. under Bullitt, er musikken. James Horner gjer som Lalo Schifrin og plasserer bassgitar og trommer inn i orkesteret, og resultatet er eit valdsamt driv; det rockar! Og for meg blir då filmmusikken eit ekteskap med foto og den narrative strukturen – eg blir ekstatisk av det, og dette er veldig sjeldan! Så musikken har absolutt stor betydning. Då er det to faktorar som tel når ein ser 48 Hrs. og Bullitt: 1. Filmsmak av estetisk sort. 2. Musikksmak.
Lalo på fest!
48 Hrs. og filmane til Walter Hill kjem eg til å skrive mykje om her på bloggen. Før eg rundar av, ei lita historie frå mitt liv:I 2012 kjøpte eg meg eit nytt stereoanlegg. Ein vinylspelar, Hegel-forsterkar og B&W-høgtalarar. Eg rigga dei opp på hybelen min i Geiranger, der eg jobba som kokk. På kvelden skulle ein ven reise frå bygda etter avslutta sesong, og eg heldt fest. Det blei ikkje spelt standard partymusikk på min fest: Eg hadde skaffa Bullitt-filmscoret, og det blei spelt høgt.
Eg seier det berre: Høyr «Shifting Gears» på maks volum. Å herregud som det rockar! Huseigar kom ned då sporet blei spelt på nivå 11 klokka eitt på natta og avslutta effektivt bråket med ein åtvaring. No bur eg med kona ute på landet, utan naboar eller folk oppe eller nede, og kan spele Lalo Schifrins Bullitt-filmscore når eg vil og så høgt eg vil.
Min anmeldelse av PTAs One Battle After Another