David Lynch 1946 – 2025

Nyheten om hans bortgang tek eg veldig hardt, og eg veit eg ikkje er aleine. Blue Velvet (1986) var min fyrste Lynch film. Den gong forstod eg lite, men sist gong eg såg den var den verdens beste film. Den tanken får eg også etter Mulholland Drive (2001).

Wild at Heart (1990) kom rundt samme tider som Twin Peaks gjekk på TV i Norge. Eg var femten år og veldig mottakelig til dei begge. Det var då eg fyrst blei besatt på mannen, og skulle fortsette å vere det fram til i dag 16 Januar, 2025.

David Lynch er meir enn berre sine filmer. Hans kunstner-persona, humor og filosofi skinte gjennom alt han gjorde, i musikk og maleri, intervjuer, bøker, tvserier og filmer, og sin L.A. værmeldelse. Han smittet hos med sin kreativitet, gav oss inspirasjon og fikk oss til å sjå på verda på ein heilt annan måte. På undersida av sin kunst låg det eit fascinerende djupt mørke, som kanskje vi alle bærer på og ignorer. David Lynch gravde i dette mørket – utan å gå gal. Kanskje derfor han er så universalt elsket, at han jobbet i mørket med eit smil.

Då eg studerte foto og kunst blei David Lynch aktuell for meg på ein heilt annan måte. Eg studerte litt dei groteske og fine maleria han skapte. Las at han likte den amerikanske maleren Edward Hopper, om transcendal meditasjon – noke som førte til at eg tok eit kurs hos ACEM. Dette var den tida David Lynch reiste rundt og fortalte det positive rundt meditasjon. Eg kjøpte boka om kreativitet og lærte at ideer var som fisker i havet og måtte fanges.

David Lynch var mystisk, eit ikon utan like. Eg har ingen reservasjoner med å sei han er og var den beste. Eg føler stor takknemlighet og det var ei ære å få oppleve hans verden, noko alle kan sjå opp til, og sjølv om han ikkje var «Guds beste barn» var han ei enorm kilde for inspirasjon, den ultimate inspirasjon. Han var ein ekte filmmester.

Vi skulle ikkje få ein sesong 4 av Twin Peaks, heller ikkje ein ny film. Men han har allereie gitt oss så mykje, for eit heilt livstid. Og han vil bli savna, så hinsides.