Den usynlege dommaren: Korleis din indre romkamerat øydelegg filmopplevinga
Førestill deg at du sit på kino. Lyset blir dempa. Idet filmen startar, byrjar ein kamerat ved sida av deg å kommentere: «Lang intro», «Ah, no veit eg kva som skjer», «Kvar har eg sett den skodespelaren før?», «Nei, slik hadde ikkje eg gjort det». Ei konstant, kviskrande bedømming av alt på lerretet. I tillegg kjem kommentarar om salen: «Høyr den tygginga», «Må dei kline nett no?».
Kva om denne stemma ikkje kom frå setet ved sida av, men inne frå ditt eige hovud?
For nokre år tilbake fann eg boka The Untethered Soul av Michael A. Singer. Den beskriver korleis vi alle går rundt med ein slik «romkamerat» – ein indre kritikar som konstant lagar støy, dømmer og vurderer alt og alle, og ikkje minst oss sjølve. Eg likte veldig godt tankegangen til Michael A. Singer
og kunne relatere meg til den. Denne boka, kombinert med mi eiga interesse for mindfulness og film, fekk meg til å tenkje: kan denne praksisen redde filmopplevinga vår?
Boka lærer deg korleis du kan oppnå indre fridom ved å observere denne stemma utan å identifisere deg med ho.
Den tapte filmopplevinga i ei stressa tid
Ein kan spørje seg: kvifor var film betre før? I min oppvekst hadde vi færre stresselement. Utan smarttelefonar og sosiale medium var det lettare å fordjupe seg. «Romkameraten» trivst i stress, og i eit samfunn med eit konstant jag etter å prestere, er det ikkje rart om «han» tek over. I ungdomstida, med mindre ansvar, var innlevinga i film og musikk meir total. Eg trur vi kan finne tilbake til den kjensla, sjølv i dag, om vi berre klarer å be dommaren på innsida om å tie stille.
Sabotøren i aksjon
Det er ei herleg kjensle å forsvinne inn i ein god film og først vakne når rulleteksta kjem. Å la seg bli spelt som eit piano, som Hitchcock sa. Å kjenne på heile registeret – latter, tårer, frykt, adrenalin. Slik bør film opplevast!
Men dette er umogleg om romkameraten sit på si høge hest og agerer dommar. «Dårleg skodespel!». «Urealistisk dialog!». «Den musikken prøver berre å manipulere meg». Det er ikkje lenger ei filmoppleving, men ein intens kamp: «EG VS. FILMEN».
Denne sabotøren elskar å samanlikne. «Den scena er stolen frå den filmen!». Han elskar å føresjå. «Eg veit kven mordaren er!». Stemmer det ikkje, er det eit elendig plott. Han nektar filmen den mest dyrebare gåva: overraskinga.
Samtidig dreg han deg ut av fiksjonen med kvardagslege bekymringar. «Slo eg av kaffitraktaren?». Han leitar konstant etter noko å klage på. Finn han ikkje feil på lerretet, finn han dei i salen: lyden av popcorn, kviskring, kjærestepar. Alt blir gjenstand for dommen. Filmen er avhengig av suspension of disbelief, men romkameraten riv ned illusjonen, om att og om att.
Analyse eller nærvær? Eit dilemma for filmelskaren
Blir ein film betre med mykje kunnskap om korleis han er laga? Kanskje. Å analysere ein film stimulerer intellektet. Men eg er sikker på at mange analyserer undervegs og dermed saboterer for seg sjølv. Eg har teke meg sjølv i det fleire gonger etter å ha lese filmteori siste åra. Kunnskap kan vere eit tveegga sverd.
Å gi seg hen til filmen må då vere det beste?
Å sjå ein film handlar om nuet. Romkameraten bryr seg ikkje om nuet; han lever i fortid og framtid. Dermed går vi glipp av filmens subtilitet, kjensler og nyansar.
Mindfulness og film: Vegen til ei djupare filmoppleving
Korleis kan vi så temje dette monsteret? Singer sine prinsipp kan kanskje brukast i kinosalen:
- Ver merksam på at romkameraten snakkar.
- Når tankane kjem, berre registrer dei, la dei passere, og vend fokuset tilbake til filmen.
- Aksepter at tankane vil kome, ikkje bli frustrert.
- Bruk filmen som eit «anker» – lytt, sjå, føl – bruk sansane.
- Slepp kontrollbehovet. La filmen berre vere, utan å dømme eller hige etter å forstå alt med ein gong.
Klarer du dette under ein film, kan du også praktisere det i kvardagen. I eit samfunn med aukande stress, der mange er utbrende, er dette meir relevant enn nokon gong. Er du stressa, har du sannsynlegvis ein kritisk romkamerat. Bruk film som sjølvpleie. Som terapi. Følg med på kven som ser på filmen – er det du, eller er det romkameraten?
Konklusjon: Ta tilbake filmopplevinga
Den indre romkameraten, forsterka av eit samfunn prega av stress og konstante forstyrringar, har blitt ein ubeden gjest i kinosalen. Han kommenterer, dømmer og analyserer, og i prosessen stel han det filmen prøver å gi oss: ei ekte, ufiltrert oppleving. Vi går inn for å sjå ein film, men endar opp med å sjå våre eigne tankar projisert på lerretet.
Men som vi har sett, er vi ikkje makteslause. Ved å bruke enkle prinsipp frå mindfulness – ved å anerkjenne tankane utan å engasjere seg, og ved å bruke filmen sjølv som eit anker for merksemda – kan vi be sabotøren om å ta eit steg tilbake. Vi kan velje å ikkje delta i den endelause indre kampen om kven som er smartast, men heller berre opne sansane.
Kanskje er dette den eigentlege grunnen til at vi søkjer oss til mørket i kinosalen. Ikkje berre for å flykte, men for å praktisere nærvær. For å trene på å nyte ei stund utan forstyrringar. Ei god filmoppleving er ikkje berre to timar med underhaldning; det er ei øving i mindfulness og film, der vi har vunne kampen mot den indre støyen. og gitt oss sjølve lov til å berre vere.
Så neste gong du ser ein film, still deg sjølv spørsmålet: Kven er det eigentleg som ser? Du, eller romkameraten din?
Forrige innlegg i filmjournalen: Korleis har filmen det på 2020-talet?