Hurtigkurs i 80s Actionfilm
Eg synst actionfilmar på åttitallet var best.
Mange snakkar høgt om nittitallet, ja det var eit bra tiår, men det får stille seg fint bak det vidunderlege åttitallet. Det kan hende eg kjem med syrlige stikk til tida etter åttitallet, men ikkje ta det altfor alvorleg — litt sarkasme og spydigheiter er alltid kjekt når kødd er meininga.
Det eg elskar med actionfilmar frå åttitallet er sjangermiksen – action i eventyr, science fiction, thrillerar og skrekkfilmar — det er ei herleg røre. Og politi og røvar-filmane er gritty og skitne, med estetikk som er nærare syttitallet enn nittitallet.
Når eg anbefalar ein actionfilm frå åttitallet, svarar eg som regel Walter Hills 48 HRS (1981). I bunn og grunn er dette ein westernfilm. Heltane Cates og Hammond rir i ein 1964 Cadillac DeVille gjennom gatene i San Francisco på sporet etter skurkane Ganz og Bear. Dei er innom ein salong full av rednecks som ikkje taklar trynet til Hammond (på grunn av hudfargen) og måten Hammond snur situasjonen og manipulerer barens gjester er ein av mine favorittscener på film frå åttitallet. 48 HRS er gritty og skitten med damp som siver frå kumlokka og neonlys som glitrar i søylene på gatene. James Horner laga spenningsmusikk med bass og trommer som passar perfekt til filmens stil. Og Eddie Murphy er elektrisk i scenene med Nick Nolte. Filmen er essensiell, og då eg elskar BEVERLY HILLS COP (1984) synst eg 48 HRS er den beste av dei.

WALTER HILL
For Alien-fans er han mest kjent som produsent for alle filmane i franchisen, men han har også hatt ei rik og suksessrik karriere som regissør og manusforfattar i actionsjangeren. Walter Hill jobba på den gode gamle måten i Hollywood — frå bunnen og oppover gjennom forskjellige jobbar som assistent og lærling i TV-serieproduksjonar, og vidare som regissørassistent saman med legendar som Sam Peckinpah. Etter kvart byrja han å lesa manus og tenkte: «Dette kan eg også gjera!» Og det er viktig å nemna at Walter Hill var interessert i filmar frå heile verda, spesielt japanske filmar som skulle forme hans spesielle stil etter at han oppdaga den minimalistiske teknikken i haiku — ein japansk diktform. Heilt frå start var det sjangerfilmar han ville laga og raffinera — med haiku og westernfilmar som åndeleg inspirasjon.

RAIDERS OF THE LOST ARK (1981) og TEMPLE OF DOOM (1984) er mine kjæraste actionfilmar, i eventyrform.
Førstnemnde har eg ofte kåra til tidenes beste film. Steven Spielberg er kjent for å vere sentimental, men i dei to første Indy-filmane er det lite av slikt — faktisk er dei veldig brutale. Raiders og Temple of Doom blei kraftig sensurerte av statens filmkontroll; dei fjerna nokre veldig blodige action/skrekk-sekvensar som framleis imponerer. Quentin Tarantino lovpriste Spielberg i eit intervju, han sa at Steven er ein mester i action, kanskje den beste — kunne ikkje ha vore meir samd. Raiders of the Lost Ark er stappa av mesterleg action, då spesielt den legendariske lastebilsekvensen der Indy forfølgjer ei kolonne av nazikøyretøy på hest. Og gruvevognjakta i Temple of Doom er like adrenalinpumpande i dag som i 1984. Dette er filmar som må studerast fordi dei gir ein masterclass i action som moderne filmar ikkje når opp til. I dag er action: shakycam, CGI og kaos — det er juks og latskap.


Stallone sin første actionfilm (Nighthawks reknast ikkje) er framleis hans beste.
FIRST BLOOD (1981) har noko veldig få actionfilmar har: ingen blir drepen. Jo, ein drittsekk fell ut frå eit helikopter, men uansett var det sjølvforsvar. Filmen handlar om diskriminering av veteransoldatar frå Vietnamkrigen og om å halde stand mot urett. Her også, skitten film, naturleg lys, mold og grotter — ingen solnedgangar eller AC/DC på soundtracket. Her er det Jerry Goldsmiths ubeskriveleg vakre tonar og heltemusikk som løfter oss når Rambo køyrer motorsykkel eller hoppar frå fjellet. Sylvester Stallone er usedvanleg god actionskodespelar, slik som Harrison Ford: studer dei under actionsekvensane, sjå korleis dei brukar kroppen når dei svingar hardt på rattet eller slåst mot nokon, dei legg verkeleg sjela i det. Moderne actionheltar er så opptekne av å bli “ripped” månadene før produksjon, dei gløymer alt anna. Stallone var proff, han gjorde begge deler og kan vel få æra for å ta kroppsbygging (filmroller) til ein ny dimensjon (sjekk ROCKY III og FIRST BLOOD II).

Åttitallet, det beste actiontiåret?
Eg presenterer exhibit D: DIE HARD (1988). Ingen filmar frå nittitallet kjem nær ein gong. Dette er ingen julefilm, dette er ein heilsårsfilm — kvar dag passar det å setje han på om action is the game. Treng ikkje å skrive om han ein gong, dens legendestatus vil leve evig. Skitten, blodig, mørk, morsom og herleg. Beste skurk på film i filmhistoria er Hans Gruber, og Alan Rickman spela han så godt at han er betre enn dei siste tjue åras Oscarvinnarar til saman. Dette er moglegvis den mest sette filmen i mitt liv.

Eg kan halde fram, eg har jo ikkje nemnt Schwarzenegger.
PREDATOR (1987) og TERMINATOR (1984). Legendarisk action er å massakrere ein heil politistasjon med tilsette, eller å jevne ein jungel med jorda like etter ein geriljaleir blei jevna med jorda. PREDATOR og COMMANDO (1985) blei slakta inne på kontora til Statens Filmkontroll. Eg har aldri opplevd maken til brutal sensur. Commando mista over tjue minutt med action. I PREDATOR blei dei så ivrige at dei byrja å fjerna jungelscener UTEN action, i rein frenzy — med skum rundt munnen-klipping. Men dette er kvalitetsaction, så bra at eg aldri blir lei, så bra at eg kan når som helst setje på TERMINATOR og storkose meg. Schwarzenegger var på topp i 1987, han peaka. TOTAL RECALL (1990) og TERMINATOR 2 (1991) er solide seksarar, men ein ser at musklane har krympa og alderen har snika seg inn. I 1987 som Dutch — var han best. Og eg synst Terminator og Predator er betre filmar enn Terminator 2, for den som vil argumentere — ein diskusjon eg enkelt stiller opp på.

Eg vil gjerne innkalle: THEY LIVE (1988).
Ei actionperle av John Carpenter. Ingen slåstescener slår slåstescena i THEY LIVE. Dei kan triksa og fancy mikse moderne Bond eller Wick eller han der wannabe actionhelt Jason Bourne — slåstkampane er så redigerte at ein ikkje forstår eit kvekk. Sjå til They Live, legenda Roddy Piper mot Keith David i verdas lengste slåstkamp på film. John Carpenter er dyktig med action fordi han har ein visjon, han veit kva han vil ha. I ESCAPE FROM NEW YORK (1981) skjer klimakset på ei minelagd bru; klokka til Snake Plissken tikkar, skuggane forfølgjer, alle mot fridom over muren. Sekvensen er glimrande utført. Og Carpenter er forsiktig med bruk av action, ikkje for mykje — kun når det trengst. Nok ein lærdom for moderne actionregissørar.

Brian De Palma er ein filmgud.
I SCARFACE (1983) og THE UNTOUCHABLES (1988) serverer De Palma oss dei vakraste actionsekvensane frå åttitallet; Kevin Costner som spring nedover ei trapp etter ei løpsk barnevogn medan gangsterar skyt som galningar, i saktefilm — heilt fenomenalt, og lånt frå The Battleship Potemkin (1925). Og Tony Montana “say hello to my little friend!” står evig støypt som beste klimaks i mi filmbok. Og Tony Montana på nattklubben, der han sit heilt dritings og høg på kokain og får seg ein vekker då innleigde leigemordarar prøver å skyte han sund. Heilt vidunderlege scener.


Om eg får lov, skal eg hoppe frå Hollywood til Hong Kong
for ein av dei beste actionfilmane på åttitallet er POLICE STORY (1985). No skal eg bli alvorleg og seie: Jackie Chan er den største actionhelten i vår tid, godt mogleg i heile filmhistoria. Tom Cruise & CO er vågale ja, men Chan er fucking insane. Ikkje berre har han nesten mista livet opptil fleire gonger, men han har også rekord i Guinness-rekordbok for mest stunts i historia. Jackie Chan er ein fysisk kunstnar — han dreiv med parkour før ordet hadde tyding. POLICE STORY er hans mesterverk og hadde stor innverknad på til dømes Sylvester Stallone, som lånte ei scene til filmen TANGO & CASH (1989). Ingen kjem nær Jackie Chan, som har halde på sidan slutten av sekstitalet og framleis er aktiv.

Tilbake til Hollywood.
LETHAL WEAPON (1987) har merkeleg nok mista grepet på fans og nyare generasjonar actionentusiastar. Eg skal ikkje spekulere kvifor. Dødeleg Våpen var ein gamechanger då han kom. Den unike kjemien og karaktermotvekta mellom Mel Gibson og Danny Glover, med eit tight manus frå Shane Black, og knallregi av Richard Donner bana veg til framtidens actionfilmar. Hadde DIE HARD sett dagens lys utan? RUSH HOUR? BAD BOYS? Ikkje heilt sikkert det. LETHAL WEAPON er nok ein masterclass i action kombinert med komedie. Han er på ein måte lik RAIDERS OF THE LOST ARK i at han handla om svært lite, men reisa frå start til slutt er ei rollercoaster-oppleving med svært liknande karakterar. Produsenten Joel Silver skal hedrast fordi det var han som skaffa peng til desse filmane, og han har sine trademarks som er lett gjenkjennelige. Han produserte: 48 HRS, DIE HARD, COMMANDO, LETHAL WEAPON, PREDATOR, ACTION JACKSON, ROAD HOUSE, fleire etterfølgere, og seinare THE MATRIX filmane. Kanskje tidenes actionprodusent spør du meg.

Eit viktig namn: JOHN GLEN
som no er 92 år. Glen er ein action-maestro og kritisk for åttitallet fordi han gav meg og andre store opplevingar i desse filmane: FOR YOUR EYES ONLY (1981), OCTOPUSSY (1983), A VIEW TO A KILL (1985), THE LIVING DAYLIGHTS (1987) og LICENCE TO KILL (1989). Med desse fem James Bond-filmane har ein nok action for resten av sitt liv. Kvalitetsaction, morosam action, evolusjonsaction. Ja, Roger Moore var gammal under denne tida, men det var ikkje stuntfolka hans. Den beste actionen eg veit om finst i desse filmane. Fuck the plot, eg ser ikkje Bond for gode historier, det er stunts, Bond og flotte damer, skijakt nedover fjell og James Bond-theme eg vil ha — ikkje James Bond som ein følsam mann i feil tid, utan James Bond-theme og utan Roger Moore sin sjarm. Licence to Kill utforska ein rogue Bond og braut med reglane mykje betre enn dei siste fire Bond-filmane, og actionscena og brutaliteten i denne John Glen-regisserte Bondfilmen er ypparleg. Og det må vere sagt at FOR YOUR EYES ONLY er ein av dei beste i serien, og ingen Bondfilmar av nyare sort slår desse 5 frå åttitallet – det føles godt å sei slikt!

Kva meir må nemnast? Fleire av WALTER HILL som alle må sjå: STREETS OF FIRE, SOUTHERN COMFORT, EXTREME PREJUDICE, RED HEAT, JOHNNY HANDSOME – alle sammen, knall actionfilmer. COMMANDO (1985) er ein klassikar. MAD MAX 2 (1981) er fantastisk, også den tredje. Eg diggar dei nye, men MAD MAX 2 er best. ROBOCOP (1987) må ikkje gløymast, å du steike for ein knallaction Paul Verhoeven klasker til med i denne, han bryt Genève-konvensjonen i blodbad med SQUIBS GALORE. THE KILLER og A BETTER TOMORROW, eit lite hopp igjen til Hong Kong. John Woo komponerer action som eit orkester og dans. MIDNIGHT RUN (1987) er klassisk, ei knakande god actionkomedie med Robert De Niro i sin livsform — han stråler i den, og Martin Brest laga han med høg kvalitet og craftsmanship. Vi har Tim Burtons BATMAN (1989). Vi har EMPIRE STRIKES BACK og RETURN OF THE JEDI — sci-fi-action på sitt beste, nokon gong. Og så har vi to filmar som peikar utviklinga mot framtida: TOP GUN (1986) og BEVERLY HILLS COP (1984). Korleis klarte eg å gløyme ALIENS (1986) og BIG TROUBLE IN LITTLE CHINA (1986), altså to av mine store favoritt-actionfilmar. JAMES CAMERON er the king of the action-world og JOHN CARPENTER er min største helt.




Av mindre kjente actionfilmar frå 80-talet
må eg setje spotlight på nokre gamle favorittar. LONE WOLF MCQUADE (1983) med Chuck Norris i denne neo-westernen der han kjempar mot druglord David Carradine, er ein god klassikar. CODE OF SILENCE (1985) er kanskje den han er mest stolt av, fordi den held høg kvalitet takka vere regissør Andrew Davis (UNDER SIEGE, THE FUGITIVE). Roger Ebert skrøyt av filmen og gav han 3,5/4 stjerner. Han skreiv: «Filmen som vil gjere Chuck Norris til stor stjerne.» Utan tvil er Chuck Norris ei legende, og han blir dyrka som ein av dei store actionstjernene. Her er nokre «sayings» om mannen:
- «Chuck Norris les ikkje bøker. Han stirar på dei til han får informasjonen han treng.»
- «Chuck Norris pusta luft, fem gonger om dagen.»
- «På den sjuande dagen kvilte Gud … og Chuck Norris tok over.»
- «Chuck Norris har aldri blinka auga, aldri.»
- «Når busemannen legg seg kvar natt, sjekkar han skapet for å sjå om Chuck Norris er der.»
Og slike finst det mange av. Alle kan laga eit utsegn rundt Norris sitt badass-image.

THE WRAITH (1986) med Charlie Sheen som hevnaren som kjem tilbake for å utlevera litt payback, kan samanliknast med HIGH PLAINS DRIFTER (1973) møter THE FAST AND THE FURIOUS. Nick Cassavetes (son av John) spela ein ganske underhaldande skurk.
The Adventures of Buckaroo Banzai Across the 8th Dimension (1984) er ei lita perle som viser oss at filmar som blei laga på åttitalet kan aldri bli gjenskapt. Akkurat som BIG TROUBLE IN LITTLE CHINA har Buckaroo Banzai litt av alt i gryta.
THE HIDDEN (1987) handlar om eit kriminelt monster frå ein annan planet, som kan ta over kroppane til folk. Stappa med action og gode effektar – alle må sjå denne minst ein gong i livet.
Det finst mange av dei, og eg har laga ei liste på Letterboxd.
Grunnen til at åttitallet ruler er ikkje på grunn av actionheltar aleine, men regissørane:
Walter Hill, Steven Spielberg, John McTiernan, Richard Donner, John Carpenter, James Cameron og John Glen er auteurar med visjon og old-school erfaring, og åttitallet tilhøyrer dei.
Actionfilmar på åttitallet er særeigne og rare. Medan 90-tallets actionfilmar har solnedgangar, saktefilm, raske klipp og rockmusikk på soundtracket — action på kokain, ein formel raffinert av Don Simpson og Jerry Bruckheimer, så perfeksjonert av Michael Bay. THE ROCK (1995) er jo kul og kan kallast kronverket i denne høg-oktan-stilen.
Året no er 2025, det er ti år sidan Marty McFly reiste til framtida for å redde tidslinja. Og det er kun fire år til Skynet sender Arnold Schwarzenegger tilbake til 1984 for å eliminere Sarah Connor. Egentleg akkurat no, er det 28 år sidan verda blei utsletta av atombomber og maskinane tok over. Som ein 80-tals filmgeek, er dette ting eg tenker på, her om dagane.
ALL HAIL THE EIGHTIES!
