Ninjafilmer – Det var ein gong.


Ninjafilmer for folk flest kan virke ute av mote og ein smule tåpelig. Det er ein tileigna smak som må til, å sjå forskjellige klassikere frå æraen det var populært. Samstundes må ein vere litt nyfiken rundt temaet. 

Svartkledde snikmordere som kaster ninjastjerner, var Hollywoods fantasi om desse farlige krigerane. Historisk sett var dei ikkje svartkledde, men dei hadde kastevåpen av ymse sorter. Dei kunne brukast til snikmyrding, dog var dei mykje meir brukt til spionasje.

Sjå på Shinobi (ninja) som commandosoldater / spioner, frå Iga provinsen midt i Japan; ei gruppe elite bondesoldater. Dei trente Ninjutsu — teknikkar innan spionasje og speiding, iblant frå barndom. Ikkje nokon ein ville kødde med!

Hokusai, bilete frå 1817.

På Mie University no i moderne tid kan ein studere Ninja-historien og ta ei mastergrad. Verdas fyrste student med bestått ninja-eksamen er Genichi Mitsuhashi.

På åttitallet blei Ninja på moten i Norge, takk å vere VHS. Eg hugsar det godt: på sløyd konstruerte vi ninjastjerner av tinn eller kobber. Ei god ninjastjerne skulle kunne stå fast i treet den blei kasta på. Vi starta ninjaklubb, med judodrakter. Trente på å springe som ein ninja: lydlaust. Og karatespark måtte mestres. Vi laga endåtil ninjafilm med 8mm filmkamera. Heile den vestlege verda blei ninjabesatt. 

Filmen som starta det heile: Enter the Ninja (1981) med Franco Nero og Sho Kosugi, og selvfølgelig var det Cannon films som sto bak bølga som skulle kome.


No bryt tankerekka som om eg held ei tale og kjem med noke uformelt! Planen var å skrive litt om ninjafilmer og så blei ambisjonane altfor enorme der eg planla å sjå ein haug med ninjafilmer framover, altså balla det på seg og eg skulle vere kreativ og gi ninjastjerner til kvar film og slikt.. Men, heilt ærleg : ninjafilmer er hverken så spennande og bra nok til at det er verdt så mykje av tida mi. Dei er kuriositeter, som må sjåast i kontekst med filmhistoria, då dei var fryktelig populære på åttitallet. Å ta eit ninjamarathon er ikkje smart, eg blei raskt lei. 

Min plan med å rangere blir som følger: ingen rangering. Heller kva som er verdt å sjekke. Den beste ninjafilmen ligger på rundt terningkast 4. Der er selvfølgelig mange som elsker ninjafilmer og gir ein sekser, dei kalles blodfans. Her er dei eg likar:

Ninja III: the Domination (1984)

Ein herleg sjangermiks med inspirasjon frå Flashdance, Poltergeist, Eksorsisten og ninjafilmer. Ei flott sporty dame blir besatt av ein ninjademon! Kanskje min favoritt, fordi den er morsom. Sho Kosugi som snill ninja. 

Morsom ninjafilm! Mykje galskap.

Revenge of the Ninja (1983)

Av Sam Fistenberg, som laga ein haug med ninja og actionfilmer, inkludert American Ninja (som eg ikkje orker å ta eit gjensyn med). Sho Kosugi er snill ninja. Veldig brutal, åpninga sjokkerer endå. Nesten ein splatterfilm til tider. Og ein smule Karate Kid. Her er det formelen: snill ninja vs ond ninja + mafia. Ninjamagien er god her. 

Brutal nostalgisk klassiker. Eg var veldig glad i denne som 10-åring.

Pray For Death (1985)

Sho Kosugi er snill ninja. Denne er veldig spesiell fordi hovedskurken er så ond, og eg brydde meg om familien til Kosugi. Formelen er ninja vs mafia. God produksjon, og ofte artig. Sho Kosugi er ein dyktig kampsportutøver, sjekk sparka! 

Ei lita gløymt ninjaperle som ligger no på Prime (US) med strålande bilde.

Enter the Ninja (1981)

Denne skapte ninjabølga som herja dei neste åra. Regissert av sjølvaste Menahem Golan! Franco Nero speler snill ninja. Sho Kosugi er den onde. 

Franco Nero er kul – her er han NINJA!

Eg skulle sjå denne, men eg fekk altså nok av ninjaer. Kanskje sjå den under Junesploitation, for eg er sikker Ninja blir tema ein av dagane. 

Ellers må det nevnes at dei fantastiske Lone Wolf and Cub frå tidlig syttitallet har ninjaer i historia og filmane gav eg terningkast 6, alle sammen. Sverdkampane og blodspruter her reduserer dei amerikanske ninjafilmene til familiefilmer, og det er ikkje annet å vente fordi dei ekte vare, laga i Japan på galne syttitallet.

Sjå denne filmserien! Også kalt Shogun Assassin (nedkorta versjon)

Eg tok meg ikkje tid til å sjå opp att Ninja Assassin (2009) med Rain, og Sho Kosugi. Det var sikkert eit forsøk på å gjere ninjafilmer great again, men filmen var ikkje bra. Det blir sikkert eit gjensyn før eller seinare. Andre nye ninjafilmer er Ninja I og Ninja II med Scott Adkins og Kane Kosugi (son til Sho). Nokre likar dei, men no er pølsa kokt her.

Det eg lurer på: vil verden bli ninjagal igjen? Eller var dette eit åttitalls-tilfelle av rein tilfeldighet? Eg håpa der kjem ein rein ninjafilm så uberkul at den får ninjastjerner 6.