Raw Deal © 1986 De Laurentiis Entertainment Group (DEG) / StudioCanal

Raw Deal (1986)

«So you wanna be a witness? Witness this!» Bang!

Anno 1988 var eg blitt Schwarzenegger-frelst, til dei grader! Ein ulovleg kopi av Commando gjekk på rundgang mellom venene mine som varmt kveitebrød, og vi blei besette av denne muskuløse guden frå Austerrike – som vi frå før var kjende med i The Terminator.

Ein dag kom eg heim frå skulen. Ikkje kva dag som helst; det var bursdagen min. Eg gjekk i postkassa, og i ho låg ein ulovleg kopi av Raw Deal. Eg har ingen minne om kven avsendaren var, men eg fekk ein fantastisk kveld med Schwarzenegger. Den nye actionhelten min stod no like høgt som Sylvester Stallone, Harrison Ford og Jackie Chan.

Rått parti, som filmen heitte på norsk, er ikkje rekna som nokon stor actionfilm, korkje av filmfans eller kritikarar. På Letterboxd har han 2.8 i snitt, 5.5 på IMDb og 44 i score på Metacritic. Ein brukar å seie at filmen hadde vore gløymd om det ikkje var for Schwarzenegger.

Raw Deal (© 1986 De Laurentiis Entertainment Group (DEG) / StudioCanal)

Kritikarane

Roger Ebert skreiv: «This plot is so simple (and has been told so many times before), that perhaps the most amazing achievement of ‘Raw Deal’ is its ability to screw it up. This movie didn’t just happen to be a mess; the filmmakers had to work to make it so confusing.»

Gene Siskel slakta filmen og meinte det var «essentially the same story» som Cobra, «but it is told with so many superfluous characters that we’re never really sure whose side a few key people are on. Needless to say, in a film filled with punch-outs, we very quickly don’t care.»

Pauline Kael skreiv: «Reprehensible and enjoyable, the kind of movie that makes you feel brain dead after two minutes—after which point you’re ready to laugh at its mixture of trashiness, violence, and startlingly silly crude humor.»

I 1988 var eg ikkje interessert i kva kritikarar meinte, eller vener for den saks skuld – eg storkosa meg! For her var action og blod, den nye helten min, politi og røvarar – men her var òg ei spesiell stemning som eg skal kome tilbake til.

No er det 2025, og etter mange, mange år tok eg eit gjensyn i natta som var. Filmen låg på Prime – eg bladde og stoppa instinktivt då eg såg coveret, og ei bølgje av nostalgi kom over meg. Det er jul, trass alt. Først og fremst: Biletet såg fantastisk ut i herleg widescreen. Eg les at det har kome ein restaurert 4K-versjon frå StudioCanal i 2022, og dette er versjonen som ligg på Prime i Canada.

Min anmeldelse av Rått Parti

«Who do I look like, Dirty Harry?» – Kaminski

Ebert har rett; plottet er superenkelt. Det handlar om ein småbysheriff som blir kontakta av ein gammal ven (alltid knallgode Darren McGavin) i byrået (FBI). Han spør om Kaminski kan hjelpe han å ta dei største verstingane i mafiaen i Chicago. I introen av filmen blir nemleg eit vitne under vern drepen av leigemordarar, og dei drap alle i huset – inkludert Harry (McGavin) sin son. Dette er ein HEVNFILM. Schwarzenegger nøler ikkje med å bli med på denne hemmelege, ulovlege operasjonen, for det er trass alt hans beste ven og mentor det er snakk om!

Før det får vi ein gal opningssekvens der Kaminski forfølgjer ein kar på motorsykkel, ei vill jaktscene medan rulleteksten går. Så kjem Schwarzenegger heim etter ein hard dag på jobb og møter kona, som bakar sjokoladekake på kjøkkenet. Arnold likar å rope namn: «Amy? Amy?», slik som i Commando: «Jenny!? Jenny!?» Kona er sur og full. Ho høyrer på klassisk musikk og bakar; ho saknar New York og ekte kulturelle folk, og er sint på ektemannen sin som tvinga henne til ein småby pga. ein jobb.

«You should not drink and bake.»

Det seier Arnold, etter at kona kastar kaka på han. Eg elskar slike scener, det er morosamt! Arnold er dyktig til å spele hard actionmann, men i kvardagslege situasjonar i 1986 var han ikkje så dyktig skodespelar som han skulle bli seinare. Her er han framleis litt «fersk» i gamet.

Actionhelt som familiemann med kvite sokker.

Med eit ulukkeleg ekteskapsliv køyrer han politibilen sin til eit oljeraffineri som lagrar bensin, parkerer bilen, opnar ein tank, hentar ein motorsykkel og tenner på. Medan han køyrer vekk, får vi ein massiv, gigantisk eksplosjon! Han faker sin eigen død (utan lik eller noko, haha!).

Korleis filmen er, spørs kva slags innfallsvinkel ein ser han frå. Eg trur ikkje denne skal takast så frykteleg seriøst – for Kael har rett: «…after which point you’re ready to laugh at its mixture of trashiness, violence, and startlingly silly crude humor.» Raw Deal er ikkje ein action-thriller om politi og røvarar, men meir ein teikneserie-type film, à la John Wick eller The Equalizer.

Schwarzenegger kjem til Chicago

kjemmer håret «slick» bakover, kjøper seg fancy dressar, fleksar litt musklar og verkar VELDIG GLAD (pause frå kona!). I Chicago er mafiosoane nesten i krig. På den eine sida styrer Patrovita (som drap Harrys son), og på den andre styrer Lamanski. Arnold går inn i sistnemnde sitt casino og raserer det; han køyrer endåtil ein kranbil inn og smadrar heile bygget, slik at han kan infiltrere dei han er ute etter: «The Patrovita Outfit». Ein kan lure på kvifor ikkje Arnold berre skyt heile gjengen frå start, noko han enkelt kunne ha gjort – men då hadde vi gått glipp av ein time med herleg, morosamt plott!

Nei, her er det A Fistful of Dollars som gjeld! Berre at Arnold ikkje speler på begge sider. Han blir hjarteleg teken imot av nestleiaren i banden, Rocca (Paul Shenar frå Scarface!), som partnar han opp i lag med Max (Robert Davi!!!). Max er skeptisk; han luktar lunta.

© 1986 De Laurentiis Entertainment Group (DEG) / StudioCanal

Eit godt plott er berre å gløyme

for Raw Deal er ein serie med actionsekvensar der Arnold lurer mafiaen til å tru på han. Mafiasjef Patrovita (Sam Wanamaker) er ein stor baby som blir sinna når politiet tek pengane og narkotikaen hans. HAN VIL HA DET TILBAKE, men korleis!? Arnold kjem med ein idé når alle andre får jernteppe: «Bombe». Kva med å bombe nokre politistasjonar, fleire gonger? Når nokon ringer inn og roper «bombe» der alle pengane er lagra, så tømmest heile politistasjonen for folk, og mafiaen kan berre vandre inn og ta pengane i fred og ro. NOKO dei gjer, men Arnold tenkjer ikkje på moglege farer for politivenene sine, at folk kan bli sprengde i fillebiter av denne omsynslause planen. DETTE ER DEL AV MOROA!

Kva er ein actionfilm utan kjærleik?

Arnold treffer ei dame på casinoet som han sjarmerer i senk – dama til Max (Robert Davi). Herleg nok går han ikkje til sengs med Monique (Kathryn Harrold), fordi han er trufast mot sin Amy som ikkje dukkar opp igjen i filmen. Elskar scena der Davi prøver seg på Monique, og Arnold kjem og totalt ydmykjer mafiapartnaren sin – for Davi ser VELDIG skummel ut, men må svelgje manndommen sin. Monique blir tiltrekt av Arnold nettopp fordi HAN IKKJE TEK HENNE TIL SENGS. Han er kostbar, ho trur han er ein gentleman som vil ta det sakte med dating og slikt. Men han fortel om Amy omsider, og har lyst å vere venen hennar – det var ingen Big Mistake, ho tok det bra, heldigvis.

Elles i Chicago er politiet heilt anonyme og hjelpelause. Statsadvokaten som sende Arnold og kona til småbylivet, er ein korrupt jævel. Ed «knall» Lauter spelar etterforskar; han er mest dyktig med kjeften og er fødd for slike roller. Har du ikkje sett Death Wish 3 der Ed Lauter spring rundt i byen og skyt avskum i gatene? SJÅ HAN!

Det store klimakset

Max og venene hans blir skotne på gravplassen, der Harry står framfor sonen si grav og forsvinn frå filmen i sakte film. Skulle ønske han fekk ein verre lagnad. Harry blir treft, og Arnold blir sint.

Så sint at vi får ei «våpenfetisj-scene» der Arnold står på soverommet sitt og ladar alle moglege våpen, slik som i Commando, berre at no blir det gjort sakte, som ein ASMR-videosnutt på YouTube. Eg digga denne scena i 1988, og eg diggar henne endå: Arnold ladar våpen, fleksar musklar, og før han går, kikar han på seg sjølv i spegelen – han ser ei framtidig FILMSTJERNE.

I Can’t Get No Satisfaction (The Rolling Stones)

Arnold sit i bilen sin, slår ut frontruta, set i ein kassett med ein stor slager av The Rolling Stones – og tek oss til INDUSTRIOMRÅDE-KLIMAKSET (meir om det under). Arnold køyrer rundt og skyt skurkar i aust og vest. Eg elskar denne scena sjølv om ho er relativt «enkel» i dag, men det er noko med klippinga og stemninga frå musikken. Men her var det ingen sjefar, kun handlangarar. Arnold har funne pengane og stoffet som mafiasjefen stal tilbake frå politistasjonen, og no ser sjefane på dette via kamera i sitt «Mafia Lair» og blir knuste og veldig sinte.

Rå og brutalt klimaks!

Men Arnold kastar ikkje vekk tid.

Plutseleg står han utanfor inngangsdøra til reiret deira. Statsadvokaten er der, alle over- og undersjefar. No har Arnold fått nok av leiken, og programmerer seg til å vere The Terminator. For han går inn og lagar blodbad; han skyt sund alt og alle. Dei to sjefane flyktar, søkkjer lågt og roper «For God’s sake, call the cops!», men Arnold er like bak med pumpehagla og gir dei ein blodig «slow motion»-exit – eg får gåsehud av å skrive det.

Men statsadvokaten, den forbanna korrupte idioten, overlevde. Han sit på golvet og grin, prøver å late som om han er helten – men Arnold kastar ein revolver til han og gir han eit ultimatum. I ein western-standoff forsvinn statsadvokaten ut av eksistensen sin, og Arnold har triumfert!

Filmen avsluttar med ei koseleg, «cheesy» scene der HARRY LEVER, men har problem med å gå. Arnold oppmuntrar han til å gå, Å KJEMPE, FOR SONEN, som om han var på Gold’s Gym i Los Angeles. Harry går mot Arnold og gir han ein klem. THE END.

Konklusjon

EG BLEI UNDERHALDEN! Som Kael sa: Dette er cheesy, morosam underhaldning, og eg er heilt einig.

Terningkast: 5

Men eg er ikkje ferdig. For filmen har mange kvalitetar eg vil snakke om. På papiret er dette ein møkkafilm frå B-filmens verd, men når eg ser han – korleis filmfotoet er, korleis han ser ut, korleis han er sett saman – har han ei stor kraft i filmskapinga. Kvifor?

Filmproduksjonen

John Irvin er regissøren, ein brite. På 80-talet har eg tre favorittar av han: Denne, Hamburger Hill og Next of Kin med Patrick Swayze. Han har ikkje laga noko store verk som eg har sett, men dyktig er han. Irvin er ein gammaldags filmskapar som har jobba innan TV og film heilt sidan 60-talet. The Dogs of War var regissørdebuten hans, med Christopher Walken i hovudrolla.

Klippar Anne V. Coates

Men det er ikkje regissøren som er mest interessant her. Anne V. Coates klipte saman filmen, og ho jobba som klippar i 60 år! HO KLIPTE SAMAN: LAWRENCE OF ARABIA, kor fantastisk er ikkje det!? Og ho klipte The Elephant Man, Out of Sight, Chaplin, The Golden Compass – altså mange store verk.

Alex Thompson bak kamera

Alex Thomson står bak filmfotoet, og er langt ifrå ein «B-film-fotograf». Han jobba med dei største og har filma mange fantastiske visuelle filmar som Excalibur, Legend, Year of the Dragon, Labyrinth, Alien 3, Cliffhanger og Michael Manns The Keep. Det merkast så godt i Raw Deal; denne stemninga han fanga av Chicago på vinterstid, damp og røyk i bakgatene – dette kjende eg sterkt på under filmen.

Manus av DeVore og Wexler

Gary DeVore skreiv manuset. I den vide filmverda er han ikkje så kjend, men i min vesle og nostalgiske indre filmverd har han skrive tre filmar som har betydning for meg, inkludert Raw Deal. Dei to andre er den klassiske Running Scared av Peter Hyams (med to galne typar i Billy Crystal og Gregory Hines, som eg også diggar stort). Den siste, Traxx frå 1988, er det få som kjenner til. Vi fekk tak i den på VHS, og eg eigde den. Ein actionkomedie med Shadoe Stevens og Robert Davi i storform – dette er ei VHS 80s-perle som er eit must for «80s-søkjarar».

DeVore fekk hjelp med manuset, og Norman Wexler var medforfattar. Han er stor, og står bak manuset til desse: Serpico, Saturday Night Fever, 70-talsperla Joe, og den notoriske Mandingo. Raw Deal var den siste filmen hans.

De Laurentiis

Martha De Laurentiis er produsenten. Kona til ein av dei største, Dino De Laurentiis. Ho var med å produsere Red Dragon og Hannibal, og gamle favorittfilmar som The Warriors og Breakdown. Dino produserte film frå 40-talet og oppover og har vore med på så mange filmar eg er fan av at eg burde kjøpe ei bok om ekteparet.

Faktum er at Raw Deal er laga av veldig kompetente folk, og det er med på å løfte han fleire hakk for min del. Eg kjenner det sterkt i «veggane» til filmen at det er kvalitet – sjølv om han er ein «failure», har han sine kvalitetar i «cheesiness» og produksjon som gir topp underhaldning.

Tilbake til INDUSTRIOMRÅDE-KLIMAKSET.

Plassen er ideell for eit klimaks av mange grunnar. Estetisk sett kan det tenkjast at regissørar får meir spelerom ved å leggje dei store actionscenene på slutten av ein film til eit industriområde. Slik har dei minst mogleg statistar, unngår skadar på statuar og bylandskap, og billegare er det òg. Filmar som har nytta slike klimaks er mange: Tango & Cash, RoboCop, og på innsida av ein fabrikk i filmar som The Terminator og Cobra, der ein kan få jern, gnistar og røyk.

Meir action: Les om åttitals actionhelter