Anmeldelse: Stranger Things Sesong 5 – Finale
Okay, så den store spådommen min om at eit ORMHOL-kollaps ville føre til ein «reset», og at vi skulle få ein happy ending der vi reiste tilbake til 1983 der ingenting vondt hadde skjedd… det skjedde ikkje. Heldigvis. For med ein slik slutt hadde ingen lært noko, og usannsynlege venner hadde aldri funne kvarandre, slik Dustin snakka om i den store talen sin. Nei, finalen var mykje betre enn det! (SPOILERS VIDARE)
Dette var litt av eit klimaks! Vecna jaktar på ungane som blir sette fri inne i Henry sitt minne ved hjelp av El i vanntanken. Militæret jobbar hardt for å øydelegge den store planen til gooniesgjengen, medan resten reiser inn i portalen til Vecna sin planet. Eg blei svett! Men det var ei positiv svette, for eg var med, og eg tenkte: «Shit, denne episoden, finalen på to timar, ER sesong 5 for meg.» Resten kan eg sjå glatt forbi, for det er FINALEN som tel – dette er knall underhaldning.
Det skjer mykje.
Nancy har blitt Rambo. Jonathan redda livet til Steve, og endeleg er dei venner for livet. Eg digga også scenen der Vecna besøker Jim, som passar på El ved vanntanken, og lurer han trill rundt. Apropos Vecna: Vi får no vite kven Henry var. Han var ikkje ein ond Sauron frå start. Vi får sjå korleis han fekk kreftene som liten speidar, nede i hola der han drep ein raring og opnar ein koffert med ein glødande stein. Steinen kalla på han frå den andre sida av galaksen, frå eit ondt vesen – djevelen sjølv – som bruker Vecna som eit kar, eit hylster. Det viser at Henry var akkurat som Will; han blei korruptert som liten. Dette likte eg veldig godt.
Utanom eit helikopter som blir sprengt, soldatar som får nakkane knekt og Kali som døyr (no likte eg faktisk Kali), så var planeten til Vecna det store høgdepunktet! Han bur inne i eit stort monster. Først trudde eg at dette var eit tre forma som ei hand, men det viste seg å vere EIN GIGANTISK MONSTER-EDDERKOPP, som vakna til live då Rambo-Nancy og resten gjekk mot det. Saftig action, sci-fi og effekter verdig ein Hollywood-blockbuster! DIGGA DET!

El vs Vecna
Når El dukkar opp og hjelper gjengen – DÅ VAKNA EG VERKELEG. Ho slost mot monsteret som om ho var LEGOLAS, laga ei opning i brystkassa og flaug inn. Treninga lønte seg! Der får vi ei fantastisk «MAGIKAR MOT MAGIKAR»-sloss scene: El og Vecna i ein endeleg kamp. Og for ein kamp! Eg har venta så lenge på det. El får endeleg overtaket, og medan gooniesgjengen kjempar mot edderkoppen ute, mistar Vecna kreftene sine. El tvingar brystet hans gjennom ei stor, skarp tann, og WILL joinar – han knekkjer av den fæle magiarmen til Vecna. VECNA ER DØD! MONSTER-EDDERKOPPEN ER DØD! Så kjem vennene inn og slepp fangane til Henry fri. MEN VENT, VECNA LEVER! Han lever akkurat lenge nok til at Joyce kan ta øksa si og hogge av hovudet hans ein gong for alle. Dette var ein nytelse, big time.
Alle kjem seg ned igjen til Oppsida ned. Dr. Love set på nedteljinga på bomba, alle set seg i bilar og skal køyre til utgangen i Hawkins. Eg tenkjer: «Ja, men kva med LINDA HAMILTON!!!???» Heldigvis slapp vi klisjeen med at Skurk B sperrar utgangen medan bomba tikkar. Heller ventar dei på utsida, der alle blir fanga. Men skurkane finn ikkje El! Mike snur seg og ser El stå att inne i Oppsida ned. Dei pratar telepatisk saman, så smell bomba. Oppsida ned, ormholet og alt blir rive sund, og denne verda er øydelagt for alltid – inkludert kjære El. Eg må få sagt det: needledrops med musikk av PRINCE var formidabelt og rørande – PURPLE RAIN! Og praten Jim og El hadde før dette, der ho seier «I’m not a kid anymore, I’m not Sara», var perfekt.
Hellfire Lives!
Klimakset tok cirka 1 time og ti minutt. Dei siste femti minutta, som eg er veldig glad for at vi fekk, viser oss alle i 1989. Indiana Jones and the Last Crusade går på kinoen i Hawkins (eg såg den på kino i 1989!), og vi får eit rørande farvel med alle saman. Dustin held ein avgangstale som er ein skikkeleg Breakfast Club-tale, samtidig som han er rebelsk i EDDIE-tradisjon ved å rive av kappa og vise «HELLFIRE LIVES»-tskjorta si. Robin jobbar i radioen og kallar seg «Rockin Robin» – jepp, slik som i Gremlins (Rockin Ricky Rialto). Saman med dei eldre i gjengen går dei opp på taket og lovar kvarandre å halde kontakten, litt som i St. Elmo’s Fire. Jim frir til Joyce – jippi!
Så blir serien avslutta nede i kjellaren der alt starta, med eit godt gamaldags D&D-slag. No har barna blitt vaksne. Alle skal reise kvar sin veg. Mike fortel om korleis det skal gå med alle, men «kva med Mike?», spør dei. Han skal fortelje historier, han skal bli forfattar (Stand By Me). Men før alle går sin veg, fortel Mike om håpet sitt: At Kali, før ho døde, skapte ein illusjon om at El blei tatt av ormhol-kollapsen, og at El er der ute i verda i ein liten småby, kanskje på Island. At han valde å tru det slik, og det gjorde dei alle. Eg tenkte tanken sjølv. Og det er ikkje dumt å halde moglegheita open, men igjen – det var opp til oss alle å tru det. Snipp snapp snute.

KONKLUSJON
Finalen var superb. Eg blei meget tilfreds, og det aller viktigaste: Eg forlet Stranger Things-universet med ei stor positiv innstilling, noko eg no har! For den siste episoden redda sesong 5, og gjorde heilskapen frå start (sesong 1) til slutt komplett. Så derfor gir eg finalen TERNINGKAST 6 (og ignorerer resten).
TANKAR
Det blir krangla om mykje ute på nettet rundt siste sesongen. Eg startar med WILL. I førre sesong kom han ut av skapet og avslørte at han var homoseksuell. Dette skapte stor krangel, om at Duffer-brørne var «woke» og den vanlege leksa. Hallo i luken! Dette visste vi jo nesten frå start. Will var ikkje interessert i jenter, og måten han såg på Mike – DETTE VAR VEL INGEN LØYNDOM!? Og uansett, WTF, kva feilar det folk? Vi lever i år 2025 FFS!
Anna snakk går på det ulogiske rundt alderen på gooniesgjengen, at skodespelarane spelar karakterar som er altfor unge i forhold til deira eigen alder… Vel, dette er ein 80-talshyllest, så eg har ingen problem med det, FORDI det var slik det blei gjort på åttitalet – og på nittitalet. Eldre skodespelarar har ofte spelt yngre high school-elevar. Eit godt eksempel: I The Breakfast Club frå 1985 var Judd Nelson 26 år gamal. I Ferris Bueller’s Day Off (1986) var Alan Ruck, som spelte Cameron Frye, heile 30 år gamal – og dei fleste som spelte i John Hughes-filmane var rundt 23 år, slik som Mike, Dustin, Lucas og dei andre kidsa er her. Eg har ingen problem med dette.
Det siste: at ingen av dei viktige karakterane døyr. Eg snakka litt tidlegare om det, angåande Max – tenk om! El og Kali var dei store offera, men Duffer-brørne la inn ein liten «tanke» om at ho kunne vere i live, så hennar død er på ein måte diskvalifisert. Eg skjønar at folk kan ha problem med det, men eg taklar dette ganske fint. Dette er ikkje The Walking Dead eller Game of Thrones, det trengst ingen store offer! Eg synest det var frykteleg trist når Sean Astin (Bob), Eddie og Billy blei drepne. Dette er ein 80-talshyllest. I The Goonies døydde ingen. Ikkje i Gremlins, eller Explorers, eller E.T. heller. Dette tek eg personleg med stoisk ro.
Min anmeldelse av Ep1 – Ep7