Tankar om film: notid og skattane i fortida.

Eg har grubla mykje i sommar på filmtiåret 2020-talet. Er det verkeleg så ille som eg tidlegare har hevda? Og er eg einig med gjesteforfattar Tore André Øyås? Ja, eg kjenner meg igjen i mykje av det han skriv. Kjensla mi for film har i det siste vore prega av rein fortvilelse, men ein skal sjølvsagt ikkje avskrive eit heilt tiår allereie halvvegs.

Kanskje saknar eg rett og slett meir kvalitet frå Hollywood, slik som i «the good ol’ days». Eg blir enormt skuffa over at dagens Hollywood ser ut til å befinne seg i ei krise, med ein endelaus straum av oppfølgjarar, nyinnspelingar og anna generisk materiale. Mest av alt saknar eg fleire regissørar med ei tydeleg stemme blant dei store kinofilmane frå Hollywood – slik det var før.

For ja, eg er einig i at det finst mange gode regissørar der ute: i det vidstrakte landskapet av uavhengig film, i internasjonal film og i skrekksjangeren. Det er ikkje alltid nødvendig å berre vente på at Nolan, Spielberg, Scorsese eller Tarantino skal sleppe sin neste film.

Gleda over filmlister

I sommar har eg sett saman lister over dei beste filmane for kvart einaste år. Eg har gjort det for 2020-talet, og medan eg heldt på, såg eg at her faktisk er mykje bra – trass i skuffelsene mine over visse filmar. Å lage lister er ei fin, nesten «religiøs» øving for oss som er filmfrelste; ein slags meditasjon. Dette er noko eg har gjort sidan eg var liten gut, så vanen har følgt meg heile livet.

Frå lista mi av årets favoritter frå 2023 (Letterboxd)

Eg har enno ikkje funne eit einaste svakt år, og no er eg heilt nede på 2000-talet. 2020 er kanskje det svakaste året så langt, men her har eg samstundes flest hol i filmkunnskapen min. Og som Øyås skreiv: pandemien slo hardt inn.

Verda går vidare, og filmar blir laga uansett kva mine synspunkt måtte vere. Det beste med nye filmar er jo å vere med på zeitgeisten – å vere i nuet. Går ein glipp av det, blir ein fattigare. Det er viktig å vere til stades i filmnuet, slik at ein kan delta i filmpraten.

Finst det ikonoklaster, eller innbiller eg meg det?

 «Old Films are Barely Watchable and Don’t Nearly Deserve the Praise They Receive» – (frå Reddit)

Men éin ting er eg redd for, ei skummel trend hos ei gruppe filmentusiaster: Vi kan kalle dei ikonoklastar – dei som forkastar fortida, som meiner at gamle filmar er utdaterte og berre kan gløymast. Desse blir på ein måte ein motpol til mi dystopiske skildring av 2020-talet. Medan eg argumenterer for å dykke ned i filmhistoria, meiner dei det er best å halde seg til dei nyaste filmane.

Gudfaren (1972) Ein overvurdert film?

Eg håpar for all del at eg tek feil, og at dette ikkje er i ferd med å bli ein trend. Dei som har denne oppfatninga, er mest synlege på sosiale medium og Letterboxd – og er som regel ikkje profesjonelle filmkritikarar. Det ligg så mykje rikdom i gamle filmar, heilt frå filmens spede barndom. Det ville vere synd om yngre generasjonar let vere å oppsøke denne skattkista, med alle sine ulike sjangrar og subsjangrar.

Det er like viktig å sjå gamle filmar som nye. Til dømes er det vanleg no til dags at rollegalleriet skal vere inkluderande, men dette var noko John Carpenter for eksempel gjorde allereie på sytti- og åttitalet. I Big Trouble in Little China gjorde han Kurt Russell om til ein John Wayne-aktig klovn og reduserte han bevisst til ein «sidekick», medan den ekte helten var Dennis Dun.

John Carpenters: Big Trouble in Little China (1987)

Hollywood – alltid vore progressive?

Den kulturelle revolusjonen i film, som mange meiner oppstod rundt 2017, kom ikkje ut av det blå. Hollywood har tvert imot gradvis, og for det meste, vore på «rett side» av historia – i alle fall for si tid. Det finst tallause døme på dette, der tema som LHBTQ+-rettar, feminisme, sosial kritikk og antikrigsbodskapar har blitt utforska. Å kjenne til desse filmane er obligatorisk pensum.

Men iblant er det også godt å berre sjå ein film utan å måtte tenkje på store tema. Å forsvinne heilt inn i ei historie. Og for at det skal lukkast, krevst det ein regissør som meistrar handverket sitt. Då snakkar eg om regissørar som Alfred Hitchcock, Federico Fellini, Jacques Tati, Jean-Luc Godard, Billy Wilder, Akira Kurosawa, Elia Kazan, Fritz Lang, George Cukor, Howard Hawks (Carpenters favoritt), John Ford, Michael Curtiz, Nicholas Ray, William Wyler, Ingmar Bergman og Agnès Varda – og mange, mange fleire som perfeksjonerte faget sitt og inspirerte generasjonar av filmskaparar.

Alfred Hitchcock – ein gigant!

Men rikdommen finst ikkje berre i klassisk Hollywood-film. Den finst like mykje i frekke B-filmar og exploitation frå syttitalet, i filmane til tyske meisterar som Herzog og Fassbinder, i den franske nybølgja, i gamle norske klassikarar og i film frå Japan – kort sagt, i heile det vide spekteret av filmhistoria. 

Til slutt: Ikkje ver kjedelig. Ikkje bli ein fullblods ikonoklast eller ein såkalla film bro. Styr unna toxic fandom og andre gledesdreparar – dei er ikkje verdt tida di. Eg skal halde fram med å vere i nuet, men bli med meg på ei reise inn i fortida òg.