Stranger Things sesong 3

Stranger Things sesong 3 (2019)

Eit stort skifte skjer i Stranger Things sesong 3: Alt blir skrudd opp til nivå 11. Det minner meg om visse 80-talsfilmar som Lethal Weapon 2 og Beverly Hills Cop II, der karakterane blir gjort til duster og tidvis avskyelege. Axel Foley i oppfølgjaren (regissert av Tony Scott) oppfører seg så mykje som ein dritsekk at filmen blir hard å sjå. Martin Riggs og Roger Murtaugh gjer det same i Lethal Weapon 2. Og ein annan «sequel-trope»: meir brøling og overdriven oppførsel. I sistnemnde film sit Roger og Martin i ein bil under ei jakt og er fullstendig galne; dei brøler og bankar i biltaket. Oppfølgjaren har gjort heltane til ein karikatur av seg sjølve.

Netflix
Jim har blitt ein mannebaby!

Sesong 3 tek denne retninga. Om det er med vilje, har eg inga aning om. Jim Hopper er meir ein dritsekk her, meir eit dass, nesten litt vond til tider. Han brøler meir og er ofte ein stor klovn; ein mannebaby. Men det fungerer på eit vis, for dette er ein artig og useriøs serie som er veldig leiken og prøver å lage stor, uskyldig underhaldning. (Spoilers vidare)

Sommaren 1985

Året er 1985, og det er sommar. Goonies-gjengen har blitt ungdommar og er veldig opptekne av typiske tenåringsting. Eg blir trist når eg ser at Will vil spele D&D, men Lucas og Mike har vakse frå det. Å sleppe barnet i seg gjer meg alltid trist å tenkje på. El og Mike vil ikkje gjere anna enn å kline, til Jim si store fortviling (han gjer sitt beste for å sabotere).

Dustin har fått seg kjærast og kjem att frå ferie i Utah. Steve jobbar på det nye kjøpesenteret i ein iskremstand – japp, Steve er no Judge Reinhold i Fast Times at Ridgemont High (1982), og kjøpesenteret har teke over for spelehallen (The Arcade) frå førre sesong.

Netflix
Billy og Mikes mom

Badeland er hovudlokasjon nummer to: Det er sommar i Hawkins! Billy får seriens beste needledrop: The Cars – «Moving in Stereo». Han jobbar som Baywatch-badevakt, og eldre mødre ventar kvar dag på hans entré. Samstundes jobbar Jonathan og Nancy i Hawkins Avis, der Jake Busey er ein dust og i lag med mannfolka gjer narr av «Nancy Drew».

Kva er det hovudrare i sesong 3? Vi får sommar, som sagt (Fast Times…), og Duffers slengjer på Invaders from Mars (1986,1953), som er ein slags Invasion of the Body Snatchers (1956) – den raude fare etc. Og oppå det igjen: The Blob (1988/1958). Demogorgon tek no over menneske, og om han vil, smeltar han dei og foreiner slim og bein til eit stort «Blob-monster». Dette er rått!

Netflix
80s Kjøpesenter – Mall Rats!

Russerne kjem (Red Dawn)

Plott 2 handlar om kjøpesenteret der Steve og Dustin oppdagar russisk tale på walkietalkie og får hjelp av ein ny karakter: Robin, spelt av Maya Hawke (Ethan Hawke og Uma Thurman si dotter). Dei oppdagar at russarane har grave eit stort «James Bond-kompleks» av ein bunker under kjøpesenteret, og prøver å opne portalen (The Rift) med ein lasermaskin som får krafta si frå behaldarar med grøn væske – rett frå Prince of Darkness.

Ein av dei russiske skurkane er ein stor, farleg «Terminator», men liknar òg på ein typisk James Bond-skurk frå 80-talet. Denne biten er ikkje enkel. Eg syntest det var morosamt på ein måte, men han som spelte Terminator var sjarmlaus. Men om eg vinkla han frå eit «rett-på-video B-film»-perspektiv, fungerte han – som R.O.T.O.R. (RoboCop-kopien).

The Russian Terminator

Estetisk sett har sesongen MTV-fargar; veldig musikkvideo-aktig. Spesielt då Max og El (som har blitt bestevener) skal handle klede (Pretty Woman), og lydsporet syng Madonnas «Material Girl». Dei er tydeleg ungdommar i 1985.

Rolla som «gamal helt»-skodespelar har denne gongen gått til Cary Elwes, som er borgarmeister i Hawkins. Han er så dyktig til å spele sleazy og glisete. Det er han som har selt eigedom til russarane. Godt å sjå han, men ikkje like hårreisande som med Reiser og Modine, mest fordi karakteren var meint å vere ein dust.

Netflix
Cary Elwes

Skrekk og gru

Eg kosar meg stort når gjengen stikk til Hawkins sjukehus, der Jonathan og Nancy skal slåst mot kollegaene sine frå avisa. Vi får ein psykotisk Jake Busey med sitt «trademark»-glis. Her bevegar vi oss i Halloween II (1981)-territorium, der Myers går amok på eit sjukehus om natta. Her er det menneske som smeltar, og eg sansa òg referansar til The Stuff (1985).

Jake Busey

Søstera til Lucas, Erica, er ein morosam karakter. Ho er ein liten drittunge med «snappy» kommentarar, og får større rolle denne gongen. Ho blir ein del av gjengen og hjelper Steve, Robin og Dustin. Det er artig korleis serien fokuserer på team-ups, der vi har fraksjonar av hovudgjengen som jobbar med kvar sine sjølvskapte oppdrag. Ho fortener ei eiga kåring omsider.

Forskaren Alexei (Smirnoff) er ein ny karakter som Jim og Joyce fangar frå russarane. Han tek på seg Sean Astins «moroklump-kappe», men er langt ifrå like god. Eg nemner Alexei fordi han blir sesongens offer, men eg felte ingen tårer for forskaren. Eit safe val å eliminere. Her kjem Murray Bauman (Dr. Love) inn att i serien, som russisk tolk.

Billy, derimot… Han er et stort offer. Ja, han er ein dritsekk, men han har hatt eit tøft liv. Det er trist at han aldri fekk utvikle seg, men når han blir denne sesongens offer, får han ein slags «redemption» då han står opp mot monsteret for å beskytte Max og venene hennar. Trist; eg likte han. Jim døyr òg… Eller?

Klimaks og avslutning

Klimakset blei utspelt på kjøpesenteret, som er nydeleg laga. Overbevisande kulissar, og Duffers bruker plassen maksimalt (Las no at kjøpesenteret finst på skikkelig). Heilt grei siste episode der dei kjempar mot monsteret, og som nemnt: Billy døyr. Samstundes kjempar Jim og Joyce mot russarane nede i bunkeren. Mykje action i denne sesongen, kanskje for mykje. Men det eg likte best, kom etterpå.

Netflix
Klimakset med Billys adieu!

Sesongen blir avslutta med at El har mista kreftene sine, og ho les brevet frå Jim. Vi fekk aldri sjå at Jim døydde, ergo: No way in hell at han ikkje kjem tilbake. Gjengen blir splitta: El, Will, Jonathan og Joyce flyttar til California, og vi får eit langt, trist farvel til Byers-huset (good riddance, seier eg). No skulle det gå heile fem år før neste sesong kom i 2022.

Konklusjon

Volumet blir skrudd opp til 11. Alle er eit hakk galnare, og fargane skrik MTV. Vi er i tenåringsfasen for Goonies-gjengen, med den typen drama. Her er monster og russarar.

Eg tenkte: Er Stranger Things ein god binge-serie? Sesong éin og to gjekk som ein draum, men den tredje er mykje av det same, med meir støy. Eg blei underhalden, men kjende litt på fatigue innimellom. Her er mykje kult og god kreativitet, men alt i alt synest eg sesong 3 er den svakaste. Derfor landar eg på:

Terningkast: 4

Netflix
Stranger Things – Sesong 3

Filmreferansar eg trur eg spotta

(Utanom dei vanlege: The Thing, Gremlins osv.)

  • The Breakfast Club (1985): Steve og Robin på do (bekjennelsesscena).
  • Invaders from Mars (1986) / Invasion of the Body Snatchers (1956): Billy som tek folk og gjer dei om (hjernevask/besettelse).
  • The Blob (1988): Monsteret som smeltar folk saman.
  • The Stuff (1985): Folk et kjemikaliar (eller blir til guffe).
  • Prince of Darkness (1987): Grøn væske i behaldarar.
  • Fast Times at Ridgemont High (1982): Kjøpesenteret, Steve si uniform, Phoebe Cates-pappfiguren.
  • Halloween II (1981): Sjukehuset.
  • Red Dawn (1984): Russarane kom til slutt.
  • Christine (1983): Billy i bilen (ondskap bak rattet).
  • Day of the Dead (1985) / Back to the Future (1985): Vi får vere med på kino!

Kåringar

  • Beste needledrops: The Cars – «Moving in Stereo» og Cutting Crew – «(I Just) Died in Your Arms».
  • Mest creepy: Når El spionerer på Lucas, Dustin og Mike.
  • Kulaste karakter: Erica og Jake Busey.
  • Legendarisk: Når Dustin syng «Never Ending Story».
  • Fungerer ST som binge-serie? Eg fekk mine tvil, det er opp til sesong 4.

Anmeldelse av Sesong 1 og Sesong 2

Oversikt av alle filmreferansar på Letterboxd