STRANGER THINGS SESONG 4 (2022)
Tre år gjekk før vi fekk Stranger Things sesong 4. Det er veldig «risky», for serien stod i fare for å miste grepet på fansen – dvs. meg. Rykta gjekk om at serien no skulle ha episodar som varte lenger enn standarden på 50 minutt. Den kortaste episoden er episode 3 (1 time og 3 minutt). Den lengste… heile to og ein halv time, som er den niande og siste episoden. Dette skapte reaksjonar, og at sesongen skulle bli delt opp og to episodar skulle sleppast to månader seinare (slik som no med sesong 5).
Mastodonten vaknar
Det er med sesong 4 Stranger Things tek eit gigantisk steg frå å vere TV-serie til ein slags hybrid av ein langfilm. Då dei førre sesongane var enkle, slik Hobbiten var, har Duffer-brørne jobba hardt for å skape TV-verdas Lord of the Rings-trilogi. OG DEI LYKKAST… nesten.
Denne sesongen er MØRK, og så velskriven og lang at eg ikkje veit kvar eg skal begynne. Eg startar med historiene; tre stykk, og store hendingar i alle. (SPOILERS VIDARE)
Jim i sovjetisk fengsel
Jim Hopper lever! Han er teken til fange og sendt til eit kuldehelvete på Kamtsjatka, der han blir torturert og til slutt sit i fangenskap med andre uheldige russarar. Han har blitt slank og hard – «mannebabyen» er borte (er det straff?). Det er klart at Duffer-brørne tek inspirasjon frå den raude 80-talsfaren i filmar som Red Dawn og Rambo: First Blood Part II & III, der sovjetiske soldatar er i finstasen sin og er formidable skurkar. Eg tippar mange slit med denne seksjonen i serien, men for meg er dette eit herleg nostalgisk 80-talseventyr frå den tida jernteppet skilte Europa og spionar var kvalitetsspionar. Kamtsjatka har ei god vinterstemning, og situasjonen ser håplaus ut for Jim.

Men han blir kjend med ei av vaktene, ein opportunist ved namn Antonov, spelt av Tom Wlaschiha – som er minneverdig frå Game of Thrones der han spelte Jaqen H’ghar, ein «shapeshifter». Eg diggar denne skodespelaren; han har ei vidunderleg stemme og utstråling, og kvar gong han seier «American», får eg eit glis av fornøyelse. Saman har dei fått sendt ei hemmeleg melding til Joyce, som trur Jim er død. Ho får med seg Brett «Dr. Love» Gelman og reiser til Sovjet med galne Yuri og flyet hans. Dei skal hjelpe Jim å flykte.
I same fengsel blir det halde gladiatorkampar mellom fangane og eit monster – DEMOGORGON. Og med det bind Duffers «Oppsida-ned» til Jim på Kamtsjatka, slik at Jim, Joyce og Brett ikkje forlèt Russland i det heile, men kjempar på si side mot Vecna der. Ein gong iblant kjenner eg på: «Er denne delen nødvendig?», men faktisk var det godt å få eit avbrekk frå California og Hawkins og få noko heilt anna. Eg likar denne delen.
Filmfoto og effektane
Stranger Things sesong fire er meir filmatisk, og med dei lange episodane får eg meir filmkjensla. Eg merkar at monsteret «Demodogs» har fått ei ny CGI-drakt eg synest ser betre ut, og dei verkar mykje farlegare enn før. Dei ser no ut som ein varulv – ein The Thing-varulv – og er nådelause.

Eleven i California og NINA
I førre sesong flytta El, Will og Jonathan med mora til California. Dei går på ny skule og sender brev til venene sine i Hawkins. El lyg til Mike om kvardagen på skulen; at alt går bra, når ho faktisk blir mobba av ein gjeng som konstant gjer narr av henne. Eg venta på «Carrie»-augneblinken der ho fekk tilbake kreftene sine og tok hemn på denne gjengen. Men heller skjedde det noko uventa: Etter at El blir spend bein på rulleskøytebana og får tømt milkshake over seg – samstundes som gjengen filmar med eit VHS-kamera og ler høgt av henne (dette er så stygt!) – tek El, til min forbausing, ei rulleskøyte og klinkar til i panna på gjengleiaren så blodet renn. Dette er mørkt og brutalt! Fortente jenta det? Skallen hennar blir smadra, og vi får ei forstyrrande vinkling av denne valdsepisoden.

Men det er viktig, for sesong 4 opnar med eit tilbakeblikk der yngre El i 1979 er i Hawkins Laboratorium i lag med dei andre barna med tal, og Modine er tilbake som Dr. Brenner. Noko grusamt har skjedd; El går mellom døde barn og vakter, og ein skada Dr. Brenner kjem inn og seier «What have you done?». Noko som peikar på at El er livsfarleg og ikkje minst OND. Denne forhistoria er briljant; den gjer El plutseleg mykje meir mystisk og episk.
Mike kjem til California og besøkjer dei.
Han blir vitne til El sin vald på rulleskøytebana, og er i sjokk. El blir arrestert og dømt til ungdomsfengsel. Men PAUL REISER to the rescue! Han stoppar bilen som fraktar henne til fengselet, med tre svarte CIA-bilar, og reddar El. Dr. Owens fortel at ein general med militæret i ryggen er på jakt etter henne, og om ho blir med han til ein underjordisk base, kan han gi kreftene hennar tilbake. Ho blir med. Basen er ein gamal ICBM-silo, langt under jorda ute i ein ørken. Ho ser vasstanken som skal hjelpe henne, ein «traume-tank» ved namn NINA. Men kven kjem gåande ned trappa når ho kikar på han? MODINE lever. Ho får først panikk, men etter kvart stolar ho på han igjen, og ho ønskjer kreftene sine tilbake. Alt leier opp til NINA, med El i vasstanken og ei reise i minna hennar frå 1979.

Eg elskar denne delen, som er veldig STEPHEN KING:
Barn samla saman, og kreftene deira blir forska på og forsterka. Dei trenar på å bli sterkare, som på ein magiskule. El og Kali var ikkje åleine – her var mange med gåva. Vi får sjå El som ung (meget god «de-aging»), men Duffers viser kven ho er. Ein ung, mystisk mann hjelper El med å gi henne råd. Han er kledd annleis og er eldre enn alle dei andre barna. Det kan verke som om han (Henry) er assistenten til Dr. Brenner.

Samstundes jobbar Mike, Jonathan, Will og ein nykomar, Argyle «The Pizza Dude», med å finne ut kvar El er. Paul Reiser sende agentar for å passe på dei, og fortel dei at El er trygg og held på å finne kreftene sine. Ei knallrå scene kjem då militæret har funne dei, bryt seg inn og skyt den eine agenten. Skikkeleg brutalt; dette er ikkje lenger ein barneserie! Dei flyktar med den skada agenten i Pizza Dude sin bil. Han Argyle er ein «comic relief»-karakter som eg aldri fall for, dude. Dei reiser til Suzie (Dustins kjærast) som er hacker – YES! WarGames! – og dei får koordinatane av henne.

Mysteriet blir løyst
Tilbake til El og vasstanken. Heile denne delen handlar om El sin mørke bakgrunn, og faktisk: ei avsløring av det totale mysteriet i serien. Kva er «Oppsida-ned», og kvifor i Hawkins? The Duffers brukte dei tre åra sine veldig godt… El har opplevd eit traume, og har begravd denne mørke delen av livet sitt – så mykje at det var ei av grunnane til at ho mista kreftene sine. Tanken ho er i, gjer at ho lever ut minna sine og møter det store traumet (genialt). Modine pushar hardt på, for tida er knapp; militæret kan finne dei. Paul Reiser er redd for El pga. hjartet hennar når ho reiser inn i minna.

- El blir mobba her òg, av dei sterkaste, spesielt nr. 002, fordi ho har større krefter enn dei. Modine på denne tida var ein sadist med fæle straffemetodar (men dette blir ikkje sentralt). Sjølve dagen då det store traumet oppstod, kjem. Assistenten Henry hjelper El med å rømme. Han kan ikkje vere med henne fordi han har ein sporingsbrikke i nakken, operert inn av Dr. Brenner. Eg stussa: Kva er dette? El hjelper han og bruker kreftene sine på å fjerne duppeditten. Han ber henne vente, og han forlèt henne på eit rom. Eit kaos kan høyrast frå kottet der El ventar. Ho går ut, og inn att i «fengselet» sitt. Folk ligg døde overalt. Hennar begava venner, mange av dei små barn, ligg døde i gangane. Kva svarte er det som skjer!? Henry står inne på «The Rainbow Room», og El forstår ingenting – han har drepe alle saman.
A Nightmare in Hawkins (1986)
Det er 1986 i Hawkins. Gjengen vår går ikkje lenger på barneskolen, men har blitt ungdommar på High School. Jim si historie i russisk fengsel er bra, El si i 1979 er ganske bra, men Hawkins i 1986 er fantastisk. Dustin har blitt med i ein ny D&D-gjeng kalla «Hellfire Club» – med ein headbanger-leiar: EDDIE MUNSON. Ein langhåra metal-ungdom, spelt så bra av Joseph Quinn. Han minner meg om «bad boy» John Bender frå The Breakfast Club når han hoppar opp på kantinebordet inne på skulen. Lucas har blitt basketballspelar og ein «jock». Leiaren av denne Jocks-gjengen (Jason) er ein ekte Mr. Perfect med store evner i sport og tale til store folkemengder; a natural born leader – men dritsekk deluxe. Han minner meg om Emilio Estevez i The Breakfast Club, berre mykje verre.

Eit mørke heng over MAX. Ho går for det meste åleine, og plagast med depresjon. Det er òg slutt mellom henne og Lucas. Medan ho slit med dette, og Dustin spelar D&D med Hellfire-klubben og Lucas er sportsutøvar, blir ungdommar ramma av eit onde og drepne PÅ EIN GRUSOM MÅTE. Det er så digg, denne delen: Frå «Undersida-ned» har vi ein skapning kalla VECNA. Han er ei kryssing av Freddy Krueger og Pinhead. På si side av dimensjonen koplar han seg opp i ein slags biologisk maskin som lèt han surfe den andre sida – på leit etter ungdom med traume. Dei med traume klarer han å gå inn i sinnet til.

Første offer, Chrissy, er dama til Mr. Perfect og heiagjengleiar.
Men ho tek stoff for å leve med mareritt i vaken tilstand. Når Vecna kjem, hamnar ho i ei A Nightmare on Elm Street-transe, og ser ei klokke og mykje rart. Medan ho kjøper narkotika av Eddie Munson, får ho ein grusom lagnad: Kroppen hennar flyg i lufta, alle lemmer blir knekte i to, hovudet og kjeven blir knust, og auga flyg ut av soklane. Ho blir brutalt drepen på denne måten. Det er så mørkt og dystert; det overgår alt som har skjedd i denne serien hittil. Effektane er CGI, men framleis er det grusamt. Så skjer det same med redaktøren av studentavisa, som jobbar tett med Nancy for å løyse mysteriet. Men dette er ikkje tilfeldige drap. Vecna har eit mål: Å opne ein portal og i same slengen øydeleggje Hawkins – for kvart drap slår hol i grunnmuren som held dimensjonane lukka.

At vi får sjå desse grusame drapa, gjer situasjonen til Max svært empatisk.
For når vi forstår at ho står på lista som Vecnas tredje offer, blei eg frykteleg redd for henne – MYKJE STÅR PÅ SPEL! Dustin, Robin, Steve og omsider Lucas gjer alt dei kan for å redde henne. Eddie Munson er mistenkt for drapet på Chrissy, og må gøyme seg. Mr. Perfect med sine «kohort-jocks» får med seg heile byen for å jakte på Eddie Munson i nok ei motivasjonstale, og tankane går til Halloween Kills, der heile bygda ropar «Evil dies tonight!». For D&D er satans spel og alle som spelar det er djeveldyrkarar – for slik var det på åttitalet (Satanic Panic).

Hellfire-gjengen finn ut at ein kan gå inn i opninga skapt av Vecna-drapa. Men før det skjer, kjem ei hårreisande scene. Max sit framfor Billy si grav og prøver å opne traumet frå då han døydde. Vecna er tilkopla nettverket og skal ta henne. Ho svevar, men like før kroppen hennar skal knekkjast sund, har Nancy og Robin lært noko viktig: musikkens magi.
Victor Creel og Robert Englund
I Hawkins på tidleg syttital flyttar Creel-familien inn i eit hus som er heimsøkt. Rundt huset døyr dyr på mystiske, grusame måtar. Omsider startar overnaturlege ting å skje inne i huset, som plagar denne familien på fire. Victor Creel overlever når noko mørkt drep kona hans (knekt sund i lufta) og dottera medan han er i transe. Han flyktar frå huset, tek med seg sonen som ligg i gangen ved si døde syster, og blir mistenkt og dømt for drapa.

Nancy besøkjer han i 1986, djupt nede i ein kjellar på sinnsjukehuset, som om det var Hannibal Lecter eller Freddy Krueger. Auga hans er øydelagde av barberblad, sjølvpåført i galskap av Victor etter all lidinga. Han står på sitt og seier han er uskyldig, fordi det var eit spøkelse som drap familien hans. Det er ein fryd å sjå ROBERT ENGLUND i denne rolla!!!! Det som redda han, var musikken på radioen i det han skulle knekkjast sund. Nancy og Robin oppdagar dette i siste liten.
Tilbake til Max (Kate Bush-augeblinken)
«MUSIKK!» ropar dei til Dustin og Steve. Max heng i lufta, sekund frå å få denne grusame lagnaden. Dei set på henne Walkman og hovudtelefonar, og spelar «Running Up That Hill» av Kate Bush. Dette vil kanskje stå igjen som den mest ikoniske scena i Netflix si totale TV-seriehistorie. At Duffers tok Bush ut av gløymsla og introduserte henne til nye generasjonar, er veldig rørande. Songen passar perfekt då Max er i draumeland (ein slags tredje dimensjon) og spring mot opninga til venene sine medan Vecna slengjer alt i hennar veg. Ho klarer det!

Nøste opp lause trådar
Den store samanhengen og mysteriet er VECNA. Han blir introdusert som ein general for «The Mind Flayer», men utover i episodane blir ting avslørte, og Vecna er delikat sett saman frå fleire vinklar. El har oppdaga minnet sitt: HO ER USKYLDIG. Det er Henry som drap alle inne på laboratoriet. Heile tida hadde han manipulert El til å gjere ting for han, til slutt å sleppe han fri frå kontrollen «Papa» hadde på han med duppeditten El fjerna.
Henry minner meg om Tom Riddle aka Voldemort, då Tom var yngre, og måten han gjekk rundt og utnytta andre for si eiga auking i makt. Henry og El hamnar i ein trollmannskamp når ho ikkje vil vere med på hans agenda. Når ho blir løfta frå bakken og Henry står framfor henne med handa si framfor ansiktet: AHA, skjønnar teikninga! Henry er Vecna, og det blir avslørt 100 % når El sender han gjennom veggen og til den andre dimensjonen: «Oppsida-ned». Episke greier!

Endå betre:
Det blir avslørt at Henry også er den vesle guten til Victor Creel som mista familien sin til eit spøkelse. NEI, dette var Henry, ein liten djevel, ein DAMIEN. Alle dyra som døde rundt huset, var Henry som trena med kreftene sine. Det var Henry som sende mora opp i lufta rundt spisebordet, knakk alle lemmer og kjeve, og lét auga flyge, for å så gjere det same med lillesøstera. Det er så hinsides vondt og grusamt, den tek nesten ein rekord i vondskap – ELSKAR DET! Heile tida var det Henry.

Og eg grubla lenge over om det var El som skapte «Oppsida-ned» då ho sende Henry til helvete. Men DET òg blir vi fortalt: at Henry, som blei misforma i prosessen, oppdaga si type verd i «Oppsida-ned», og blei omsider KONGEN der med sine krefter. Så alt som skjedde frå 1983, med Will, og etter, var Vecna/Henry som stod bak… Han var sjefen, han var SAURON all along. Fantastisk, dette er så episk!

Verdas lengste TV-serie-episode
Eg treivst godt i episodane på ein og ein halv time; hadde ingen problem med det, nesten som små filmar. Så kjem finalen, episode 9 – PÅ HEILE TO TIMAR OG TJUE MINUTT!!! Her er klimaks på tre frontar: Jim kjempar mot monsteret på Kamtsjatka, for å hjelpe til med å nedkjempe Vecna. El får ei rå scene der ho tvingar ned eit helikopter ute i ørkenen etter å ha kome seg ut av bunkeren, og Modine blir skoten og drepen av militæret. «Bye Papa». Så stikk El i lag med Pizza Dude til eit motell der ho skal leggje seg i eit badekar for å kjempe mot Vecna frå INNSIDA av Max sitt sinn.

I Hawkins stikk Hellfire-gjengen på «War Zone», ein butikk der dei kjøper våpen med handlevogner i Commando-stil. Som The Lost Boys gjer dei seg klare til krig. Steve, Nancy, Dustin, Robin og Eddie klatrar inn i portalen, som har eit tau i taket til Munson sin trailer – eit tau slik som i Poltergeist. Medan Lucas, Erica og Max stikk til Victor Creel-huset (Vecnas heim) for å lokke Vecna til Max. Litt av ein siste episode!

Ikoniske Eddie Munson
Det mest ikoniske i finalen er når Eddie Munson spelar «Master of Puppets» av Metallica for å tiltrekkje seg flaggermonstera som vernar Creel-huset. Sesong 4 er ein METAL-SESONG. Vecna tek agnet og Max blir igjen løfta frå bakken, men Eleven kjem i siste sekund og gir Vecna bank, inntil Vecna viser sine store krefter og slår tilbake. Klimakset byggjer seg opp mot eit klassisk «Avengers»-klimaks der alle venene våre får scener der dei er på randen av å bli tekne. EIT MEGA-KLIMAKS, som eg ikkje likar så godt, men det går heilt fint, for El blir redda av Mikes hjerte der han seier «I love you». Noko som fører til at El knuser Vecna igjen, medan Steve & co. kastar brannbomber på han då han er oppkopla til «The Matrix». HOLY SHIT, det skjer mykje.
Eddie Munson er sesongens største offer;
han blir helt og ofrar seg for venene sine. Men det verste var å sjå kor nær Vecna var å drepe Max: Ho blir knekt sund, men auga og kjeven blei sparte då El slo til i siste liten. MEN HO DØYR, så Hawkins raknar; portalen opnar seg gjennom heile byen. Eleven aksepterer ikkje at bestevenninna døyr, så ho tek ein The Abyss og vekkjer henne frå dei døde etter ho var klinisk død i eitt minutt. Forresten, han «jock»-idioten Mr. Perfect døydde på ein fantastisk måte: Når Hawkins blir riven sund, ligg han der lavaen deler jorda, og Mr. Perfect blir delt i to og etsar vekk. BRAVO!

Dette er ein monster-episode. Heilt ærleg, to timar og tjue minutt strekte strikken langt. Etter dei sigra over Vecna, får vi den tradisjonelle «get together»-sekvensen der alle møtest igjen, og her er like mange sluttscener som i Lord of the Rings: Return of the King. Dessverre fekk eg ikkje nyte dette godt nok, fordi eg var utolmodig av den LANGE episoden.
Konklusjon
For meg er dette den beste sesongen: Den er mørkare, meir skrekk, blodigare, meir alvor, meir på spel. Mysteriet blir løyst. Eg er så fornøgd at eg er i tvil om sesong 5 er nødvendig. Kanskje skulle dei ha runda av i slutten her og avslutta «on a high note», med Vecna død og happy ending for alle.
Det sagt, har eg litt trua, for eg har sett første episode av sesong 5 og eg er happy! Eg les at nokre har problem med at Stranger Things ikkje tek livet av fleire hovudkarakterar. At Duffers kun tek livet av «uviktige» karakterar. Ikkje einig i dette. Om, f.eks. Max, hadde døydd… kven hugsar Glenn i The Walking Dead? Kven hugsar hysteriet rundt hans død? Eg trur det same hadde skjedd om Max hadde døydd her. Men å bli knekt sund og saman, augo som flaug og kjeven som sprakk… Nei, det er ikkje lov. Eg ønskjer ikkje at nokon av hovudkarakterane skal døy. Eddie Munson… EG DIGGA HAN. Han var verdig. Derimot trur eg noko stort skal skje i sesong 5; eg er 99 % SIKKER PÅ at ein hovudkarakter DØYR i sesong 5. Det står att å sjå.

Men sesong 4 er umogleg å slå. Eg er så strålande fornøgd med at mysteriet blei løyst, at Modine til slutt var ute av gamet, at Hawkins står framfor ein apokalypse. Eg bikka fram og tilbake mellom terningkast 5 og 6. Her er veikskapar som Argyle («The Pizza Dude»), Jim si historie på Kamtsjatka (som er ei terningkast 4–5-historie), og dels for lange episodar, spesielt den siste. MEN SYVANDE OG SIST ER EG SÅ FORNØGD MED DENNE SESONGEN at eg gir:

Terningkast: 6
Min LOTR-teori
Eddie Munson samanliknar Hawkins med The Shire som brenn, og snakkar om «Oppsida-ned» som Mordor.
Filmreferansar eg spotta
- A Nightmare on Elm Street / Hellraiser: Vecna, som figur, og som tek ungdom i transetilstand der han framstår som Pinhead og Freddy.
- Indiana Jones and the Temple of Doom: Flyet til Russland.
- Stripes (1981): Då Jim flyktar frå fengselet og køyrer gjennom ein russisk grensepost som skyt etter dei.
- Let’s Get Harry (1986): Joyce og «Dr. Love» som skal redde Jim frå fangenskap.
- WarGames (1983): Suzie som er hacker, og filmen blir nemnd.
- Die Hard (1988): Når Steve seier «We can take them» og ein hær med monsterflaggermus kjem, og Robin seier «You Were Saying?» (referanse til Hans Gruber).
- The Breakfast Club (1985): Jocks og John Bender-aktig high school-drama.
- Harry Potter: Vecna/Henry som ein slags Tom Riddle (eller Sauron) før han blei verkeleg ond.
Nokre ord om Eddie Munson
Karakteren er veldig nostalgisk for meg, fordi eg sjølv var ein gong METALHEAD. Eg hadde langt hår, skinnjakke med dongerivest, og var samtidig ein NERD som digga spel og Metallica. Joseph Quinn spelar han med glimt i auget, og er ein som stikk seg veldig ut mellom resten av gjengen. Folka er så bra; eg skulle ønske Stranger Things var ein rein John Hughes-dramakomedie – men det sagt, elskar eg skrekk og fantasyen her òg! Så nei.

Beste needledrop
- Kate Bush – «Running Up That Hill»
- Metallica – «Master of Puppets»
- The Beach Boys – «California Dreamin’»
Meldinga mi av sesong 3