Perfect Days (2023)
Inneholder SPOILERS
Ro og glede.
Det gir Perfect Days meg. Sist gong eg såg ein film som gav meg ei slik ro og glede, var tidlegare i år då eg endeleg fekk sett Tokyo Story, regissert av meisteren i minimalisme: Yasujiro Ozu. Perfect Days finn stad på same arena, og Wim Wenders har nemnt Ozu som ein tydeleg inspirasjon.
Det er òg mykje mogleg at Paris, Texas spelar ei rolle her, ein film som både er blant Wenders sine aller beste og ein av dei absolutte toppane frå 80-talet. Kanskje er Travis den amerikanske versjonen av Hirayama, der skilnaden mellom dei ligg i kultur og omstende. Travis er òg eit kjenslemenneske, men han valde ein annan veg – å vandre bort frå alt. Kanskje vurderte Hirayama den same vegen ein gong? Eg fekk ei sterk kjensle av at desse to filmane heng saman, særleg om ein studerer sluttscenene i Paris, Texas og Perfect Days. Wim Wenders har truleg laga favorittfilmen min frå 2024 – ein rett og slett perfekt film.
Perfect Days krev kanskje ikkje den aller djupaste analysen – han er enkelt og greitt ein film om Hirayama, ein mann som lever eit heilt vanleg, enkelt liv. Han er nøgd med jobben som toalettreinhaldar, den vesle leilegheita si og livet generelt. Det er minimalt som kjem fram om fortida hans. Han får besøk av niesa og seinare den velståande systera si, noko som gjev oss det einaste glimtet av bakgrunnen hans. Kva gjer eigentleg sonen til ein rik far (slik eg tolkar det) som vaskar av offentlege toalett? Han fortel niesa at han og systera lever på same jordklote, men i to heilt ulike verder. Slik er det, seier han – menneske lever på kvar sin planet i sine eigne sjølvskapte verder. (Var ikkje det òg ein song av Bjørn Eidsvåg?)

Vegane vi vel
Hirayama observerer folk medan han jobbar. Ein som skil seg ut er ein eldre, heimlaus mann. Hirayama kunne kanskje sjølv ha enda opp på gata, men rutinane og evna hans til å setje pris på dei små tinga i livet har redda han frå dette – kanskje? Det fekk meg til å tenkje på Paris, Texas og Travis, ein mann som var for galen til å leve normalt, og som «valde» å vandre rundt i USA heilt utan mål og meining. Hirayama er ikkje galen, men det verkar som han valde bort det alternative livet som den rike systera hans lever.
Å vaske toalett blir ofte sett på som ein botnjobb, eit skite yrke – men med ein enorm luksus: fred og ro, berre éin kollega, og null karrierejag. Alle jobbar kan utførast med ære. Ære er viktig for Hirayama – han gjer kva jobb som helst skikkeleg, heilt som om det var draumejobben. På botnen finst kanskje også meir ro, og alt kan jo trass alt berre gå oppover.
The soundtrack of our lives
Hirayama må ha kome frå ein velståande familie. Han høyrer mykje musikk, særleg frå Vesten – Lou Reed, Van Morrison og jazz – på kassett, truleg frå ungdomsåra sine. Han besøkjer ei bruktsjappe, men viser inga interesse for å kjøpe noko nytt. Dette tyder på at han er knytt til den musikken han allereie har, samstundes som han eig ein solid haug med kassetter. Bøker er òg viktige for han, djupe bøker får eg inntrykk av – er han sjølvlært eller utdanna? Eg tippar på det siste, og tolkar det som eit teikn på at han forlét gullburet sitt for å vere fri og oppleve verda akkurat slik ho er, litt som Buddha.
Musikk, bøker og plantar er alt han treng heime. For ikkje å gløyme det analoge kameraet han har i lomma. Når han et lunsj i parken, tek han bilete av tre, med kameraet retta opp mot greinene og himmelen. Han er fascinert av tre og les òg ei bok om dei. Niesa seier at trea er vennane hans; dei lever, men snakkar ikkje – Hirayama elskar stille. Han likar òg å vere sosial, og tilbringer fritida på offentlege bad, barar og restaurantar der han er fast kunde – aller mest for å lytte til andre menneske.

Skal draumar alltid tolkast?
Vi får sjå draumane til Hirayama; bør dei tolkast? For meg verkar dei som heilt typiske draumar, utan nokon hemmeleg kode som avslører fortida hans. Han gret òg i filmen – kanskje fordi han er ein lettrørt person, eller full av kjensler knytt til all den gleda han opplever og all lidinga han er vitne til, pluss det han sjølv har gått gjennom tidlegare. Kjensler fungerer eigentleg ganske enkelt slik: Utan sorg og liding kan ein heller ikkje oppleve ekte glede. Deprimerte menneske føler ingenting – dei lever i ei gråsone. Hirayama er ikkje deprimert.
Om eg skulle gå endå djupare inn i analysen av Perfect Days, tenkjer eg på urtida, då menneskerasen måtte sanke og jakte for å overleve, og søkje ly og tryggleik. Sivilisasjonen vi lever i no har gjort livet enkelt for oss, men somme set ikkje pris på denne enkelheita, fordi hovuda våre spinn i alle retningar. Hirayama set pris på det han har, og nyt naturen – er ikkje dette alt vi eigentleg treng? Treng vi stort meir enn mat, ly, ei seng, tak over hovudet og litt kunst for å vere lukkelege? Han lever i ei verd mange av oss desperat jaktar på: sjelefred.
Dei få konfliktane i filmen oppstår berre når noko uventa skjer, som at kollegaen seier opp og Hirayama må ta over skiftet hans. Eller når niesa dukkar opp på uventa besøk. Og når han impulsivt gjer kollegaen ei teneste. Det er først når vanane hans blir brotne at det oppstår ein liten konflikt.

Hugsar du Wayne Wang?
Eg kom til å tenkje på Wayne Wang sine filmar Smoke (1995) med Harvey Keitel, og oppfølgjaren Blue in the Face, der Lou Reed har ei lita rolle. Lou Reed dukkar òg opp på soundtracket i Perfect Days, så desse filmane høver perfekt å sjå i same veke. Smoke handlar om ein butikkeigar og kvardagen hans. Han likar òg å ta bilete, og alltid av det same motivet – gata utanfor butikken sin. Perfect Days rører seg litt i same landskap som Jeanne Dielman, med eit stort fokus på rutinar og kvardagsliv, men heilt utan liding og mørke. Snarare tvert om.
«Pass godt på henne», seier ein kreftsjuk mann til Hirayama. Eg fekk inntrykk av at bareigaren sende eksmannen sin for å finne Hirayama – og eg likar tanken på at dei to finn kvarandre når filmen er slutt. Men Hirayama er kanskje for bunden til vanane sine, sjølv om han verkar betatt av henne og viser at han er villig til å vere impulsiv.
Hirayama lever i nuet. Han har verken smarttelefon, TV eller internett – berre bøker, musikkassetter og plantane sine, som han steller utruleg godt med. Han søv på eit rom som òg fungerer som stove, skikkeleg minimalistisk – nesten som ein munk. Så snakkar han lite, observerer mykje, og er enormt tålmodig og snill. Hirayama har oppnådd nivå sju i stigen til buddhismen, om ein kan kalle det noko slikt, noko som vel tilsvarer svart belte i meditasjon. Dette er utruleg inspirerande – alle burde sjå Perfect Days. Han er rett og slett fantastisk.
