Dommedagsridderen (2024)

Ein liten anmeldelse.
Iver Neset Filmproduksjon, Kortfilm.

“Når vi dør, forsvinner vi ikke. Vi blir til stjernestøv”

Her er ein kortfilm som tar for seg døden, verden vi lever i og menneskelivet.

Hovedkarakteren (spelt av Øyvind Willumsen) blir dratt ut av ei fargerik verd til eit magisk svartkvit fantasiland der han møter døden som fortel han om Dommedagsridderen som må gjere eit offer for å redde verden. 

Ei rik fantasiverd med herlige spesialeffekter og god atmosfære

Regissør Edvard Stein er stilsikker med nydelig bildekomposisjon og lyssetting av skodespelarane som får meg til å tenkje på Ingmar Bergman: uttrykksfulle auger, nærbilder av to, og rolig, filosofisk dialog som ikkje er forhasta. Regien er tydeleg og rik på detaljar.

Eg blei grepen av komposisjonen
Uttrykksfulle auger og nærbilder.
Den mystiske – døden?
Eg blei trollbunden av stemninga i denne fantasiverda, med god filmmusikk og herlige spesialeffekter. 

Døden manifesterer seg og transporterer ein lykkeleg mann som er saman med sin kjære frå den fargerike verda hans til eit rike av mysterium. Vi følgjer han i denne abstrakte verda der han møter ulike karakterar. Han må på ein måte bestå ei prøve ved å gjere eit offer – men kva er det rette valet? Å lytte til ‘djevelen’ som seier at verda går under om han ikkje gjer det? Eller å følgje det indre moralske kompasset sitt?

Dette er ein svært tankevekkande kortfilm som inviterer til analyse og grubling – på ein måte kjente eg ei samansmelting av Bergman, David Lynch og klassisk stumfilm. Heile verket er herleg utført.

Eg sansar eit stort talent i Edvard Stein — han veit kva han vil og kortfilmen er nøysam satt sammen. Håper det kjem meir frå filmskaparen. Kortfilmen kan sjåast her.

Dommedagsridderen 2024