28 Years Later: The Bone Temple

28 Years Later: The Bone Temple (2026)

Danny Boyle er ein sjaman! Med 28 Years Later bles han nytt liv i ein døyande zombiesjanger og serverte ein evolusjon som verkeleg reiv. Vi snakkar om alt frå ekle kryp på bakken til alfazombiar på steroidar som røskar av hovud som om dei var i ein Predator-film. Det er rått, det er kreativt, og det kjennest som ei einaste stor, visuell utlading.

Boyle skapte eit Middle-earth fylt av zombiar, der eit enkelt oppdrag blei til noko mytologisk og storslått. Fotoet er så vakkert at det gir frysningar – særleg når Wagner dundrar over anlegget medan stjernehimmelen lyser opp mørket. Han leverte ein energi og ein «punch» som la lista skyhøgt for denne nye trilogien. Men held Nia DaCosta koken i The Bone Temple?

🔪 Jimmys-gjengen og skitne triks

Vi følgjer guten vidare rett frå der einaren slutta. Han må kjempe ein duell med livet som innsats mot ein som er mykje større enn seg sjølv. Og denne gjengen, er ikkje god i hovudet. Jack O’Connell (kjend frå Sinners) spelar sjefen for Jimmys-gjengen (ja, alle heiter Jimmy!). Det er ei fryd å sjå han spele så genuint satanisk. Han har ein oppned-kross i gull rundt halsen og eit herleg glis. Guten tyr til skitne triks og stikk motstandaren rett i låret. Blodet pumpar ut over golvet når kniven blir dregen ut. Her er det mykje blod, sjølv om eg eigentleg trudde han skulle vere endå blodigare.

Historia er enkel og handlar i hovudsak om desse «Jimmys» og den sadistiske ferda deira, pluss Ian i beintempelet sitt, der han temmer og kurerer Samson – sjølvaste alfahann-zombien.

🎸 Morfin, satanistar og Iron Maiden

The Bone Temple utvidar ikkje universet like mykje som 28 Years Later gjorde, men held seg strengt til kartet som blei teikna opp. Jimmys-gjengen er verkeleg nokre sadistiske satanistar: dei skjer huda av folk i namnet til Gamle-Erik! Medan dei herjar, sit Ian (Ralph Fiennes) og rusar seg på morfin i lag med sin nye zombievenn – ein svær, naken alfazombie som er utstyrt som ein hest.

Vegane deira møtest, og Jimmys-gjengen trur Ian faktisk er Gamle-Erik sjølv. Klimakset består av Iron Maiden og deira massive hit The Number of the Beast, akkompagnert av eit heftig flammeshow inne i beintempelet. Før det heile bevegar seg vidare til eit veldig kjent andlet – og ei heilt ny retning for franchisen.

🎬 Konklusjon

Eg likte einaren betre, mykje fordi den var meir fantasy plassert i eit zombielandskap. The Bone Temple har færre zombiar og held seg i større grad til dei plassane vi allereie blei introduserte for, der vi følgjer guten i lag med Jimmys-gjengen. Det er jo enkel moro. Forteljinga rundt Ian og alfaen er òg moro – men ikkje så veldig mykje meir enn det. Eg er usikker på om toaren kjem til å bli ein klassikar i mine augo, for så vidt gjeld det einaren òg. Dette er den typen filmar som treffer desidert best den aller første gongen du ser dei.

28 Years Later, no saman med The Bone Temple, kjennest eigentleg litt ut som ein tv-serie. Måten historia blir fortald på, og korleis nye karakterar heile tida blir introduserte – ja, det følest som ein hybrid av film og serie. Men filmen er nydeleg laga. Det er spennande bruk av engelsk popmusikk, og fascinerande karakterar som rett og slett er artige å sjå på. Forteljinga er medium, men ho er bra nok. Eg blei underhalden nok til å gi han ein solid, god karakter.

Terningkast 5 (karakter oppjustert to dagar seinare)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *