The Terminator (1984): Frelst sidan 1985!
Filmen opnar med tidslinja: 2029 Los Angeles. Det er berre tre år til! Vil L.A. liggje i ruinar? Har maskinene teke over verda?
The Terminator kom inn i mitt liv i 1985. I Fosnavåg, der eg vaks opp, opna det ei ny videosjappe i sentrum. Ho låg i ei sidegate med ein bratt bakke, ned under gatenivå. Eg visste ikkje kven verken Schwarzenegger eller James Cameron var. Eg var ti år på dette tidspunktet, og Terminator var laurdagsfilmen.
Filmen var dritskummel! Originalen er meir ein skrekkfilm enn ein rein actionfilm, slik oppfølgjaren er. Men eg blei frelst. Filmfrelst. Schwarzenegger-frelst. Cameron-frelst. Biehn-frelst. Hamilton-frelst. Stan Winston-frelst. Frelst, frelst, frelst – OG EG ER ENDÅ FRELST.
Denne laurdagen var starten på veldig mange gjennomsyn av The Terminator. Eg kjøpte han på VHS. På LaserDisc, DVD, Blu-ray. Digitalt, og i 4K. Og eg ser han kvart tredje år. DET ER EIN SLIK FILM.
Om eg skulle ha levert ei liste til BFI over dei ti beste filmane i verda, hadde eg tatt med The Terminator. Korleis skal eg kunne skrive om han? Eg elskar han for mykje; det står i fare for å bli berre ei smørje av positive adjektiv, meir ein hyllest enn ein anmeldelse. MEN EG KAN PRØVE… Da da dam da dam, da da dam da dam…

Perfeksjonisme
Ein av grunnane til at eg har sett filmen så ofte, er at han er perfekt. Tett og kompakt perfeksjonisme. Han opnar med ei grusom framtid, hoppar så til 1984, der Terminatoren kjem elegant fram med eit forundra vitne i søppelbilen («What the hell?») før ein naken Schwarzenegger med sin guddommelege kropp går og kikar utover L.A. sitt nattlandskap. Så kjem Kyle Reese (Michael Biehn), ganske klumsete, ganske menneskeleg.
Terminatoren går mot ein gjeng pønkarar (Bill Paxton og Brian Thompson – psykopaten frå Cobra!). T-800 seier: «Your clothes… give them to me, now», og drep dei. Det er ikonisk. Filmen går frå éi ikonisk scene til ei anna.
Eg har alltid tenkt på The Terminator som «punk», noko rått. Kanskje fordi Arnold stal kleda til ein pønkar, men filmen har òg ein «punkete», skiten look som toaren manglar. Eg synest The Terminator er James Cameron sin beste film, og Schwarzenegger sin òg. Om eg skal samanlikne: T1 er Guns N’ Roses sitt Appetite For Destruction – RÅTT. T2 er Use Your Illusion – finjustert, glatt og vakkert (til og med med låta «You Could Be Mine», som eg assosierer med T2).

Effektiv historieforteljing
Dette er ein film som ikkje kastar vekk tid. Kvar scene har verdi. Vi får sjå Kyle Reese, Sarah Connor og Terminatoren gjere ting kvar for seg, og det byggjer seg opp til eit miniklimaks inne på eit diskotek kalt Tech Noir.
Før det får vi sjå Arnold handla våpen hos legenden Dick Miller (RÅ SCENE!). Vi får sjå Reese, som er «streetsmart», skaffe seg våpen og unnslippe politiet som ein katt inne på eit kjøpesenter. På kort tid har han sko, frakk, pistol og pumpehagle (RÅTT RÅTT RÅTT!).
Vi møter Sarah Connor, som jobbar som servitør og er sjarmerande klumsete. Når ho kjem heim, ringer telefonen. Ei stemme seier snuskete: «I wanna button up your shirt.» Ho ler og skremmer mannen med eit «WHO IS THIS!?» Det er sjølvsagt kjærasten til venninna ho bur med. Vi blir sjarmert av Sarah heilt frå start.
Når Terminator besøkjer den andre Sarah Connor frå telefonkatalogen (det er tre, den første er allereie drepen) – ei uskyldig husmor på 35 med to ungar – er det brutalt effektivt. Han parkerer, køyrer over ein leikebil, bankar på. «Sarah Connor?» «Yes?» BANG. Inn døra, fram med lasersiktet i panna hennar, og han henrettar henne på flekken. DETTE ER SÅ EFFEKTIVT. No veit vi kor farleg Arnold er, og vi har allereie blitt glad i Linda Hamilton sin karakter. Ho er neste, og mykje står på spel.

Diskoteket Tech Noir og eksposisjon
Scena på diskoteket er berre nydeleg. Måten alt blir sydd saman, filma og redigert på. Sarah har ringt politiet fordi nokon (Kyle Reese) har forfølgt henne, og sit ved eit bord og ventar. Men ho ringde også heim til venninna Ginger for å fortelje kor ho var. Der stod Arnold, som nettopp hadde henretta Ginger og banka i hel kjærasten hennar. Han dreg rett til diskoteket.
Han går gjennom mengda på dansegolvet og skannar med sitt AI-blikk etter målet sitt. Ho blir skjult ved ei tilfeldigheit der ho sit – genialt! Men snart ser han henne. Vi ser Kyle Reese sitje ved baren som ein hauk. Sarah kikar opp mot bøddelen, heilt uskyldig, og scena EKSPLODERER når REESE TEK PUMPEHAGLA OG SKYT OG SKYT mot Terminator, som fyk i golvet. Men han reiser seg kort tid etter. Kaos i utestaden. Fantastisk action, klipp og intensitet!
Framifrå tempo!
Sarah spring ut. Nokon rett bak henne blir skoten og fyk på henne, medan T-800 multitaskrar: SKYT SARAH, TA MOTSTANDAREN REESE. Nok ein gong får ho lasersiktet i panna, MEN REESE SKYT HAN IGJEN så han fyk ut vindauget. Så kjem replikken som gir frysningar: «COME WITH ME IF YOU WANNA LIVE». Episk.
Filmen held eit forrykande tempo av excellence. Eg trur manuset er skrive i himmelen. No kjem det geniale: Korleis løyser Cameron det med å fortelje oss om framtida og alle dei tekniske detaljane (eksposisjonen)? Brukar han ei forteljarstemme? Nei. Medan Reese og Connor flyktar i bil, midt i full action og i stille augneblinkar, fortel Reese alt til Connor. Vi får vite at verda vil gå under i atomkrig, at robotar tek over, og at Sarah Connor sin son er den kritiske leiaren for motstandsrørsla. ALT fortalt av Reese medan T-800 køyrer rundt i ein politibil og jaktar på dei. Hadde vi fått ein intro med forteljarstemme, hadde det ikkje hatt same effekt.
Politistasjonen: Uvanleg råskap
Medan våre heltar slåst mot Terminatoren, får vi scener på politistasjonen. Dei er på «Connor-saka» etter to drap på kvinner med same namn. Lance Henriksen og Paul Winfield snakkar skit på kontoret. Slike småscener, med to godt likande betjentar som småkødder med kvarandre, gjer at vi bryr oss om dei.
Når T-800 finn Sarah og Reese i garasjen, oppstår ei intens biljakt. Reese heng ut av vindauget, treffer Arnold i andletet så han kolliderer rett i ein murvegg. Då kjem politiet i full styrke og tek Reese og Sarah til stasjonen.
Samstundes sit T-800 på hotellrommet sitt. Ein boms bankar på døra, og T-800 svarer: «FUCK YOU, ASSHOLE» medan han opererer handa si og tek ut auget framfor spegelen. Ja, vi ser at augescena er sminke, men det er uansett 10 gonger betre enn CGI i dagens filmar. Arnold tek på seg solbrillene. Han er SINT (maskiner kan ikkje bli sinte, så Cameron filmar han aggressivt). Han tek våpena, fullada, sparkar opp døra og går ut i gangen der ein kar får sjokk av synet.

Reese kikar mot kamera
På politistasjonen er Reese i arresten og blir vurdert av ein gjespande psykolog spelt av Earl Boen. Her får vi MEIR eksposisjon, der Reese fortvila prøver å få dei til å forstå at Sarah – og menneskja – er i fare. Reese snur seg mot kameraet oppe i taket og slepper ut all frustrasjon. På Michael Biehn sin podcast fortel han at det var hans idé å kike mot kameraet; slike små, geniale ting som oppstår undervegs.
Så skjer det. Arnolds store augneblink. Han kjem inn i resepsjonen og spør etter Sarah. Ein stakkars betjent seier «sit there and wait». Arnold kikar og skannar: «I’ll be back.» DET ER EIT FILMHISTORISK AUGNEBLINK.

Terminatoren køyrer bilen rett gjennom inngangen og over resepsjonisten, går ut og går berserk. Eg har ikkje sett makan verken før eller sidan. Det er ein så rå og brutal sekvens der T-800 bles alt sønder og saman inne på stasjonen. HAN ER USTOPPELEG! Dette kunne ha vore klimakset i mange andre filmar, men her er det berre starten på slutten. EG ELSKAR DENNE SEKVENSEN! Reese kjem seg fri. Lance Henriksen og Paul Winfield blir skotne, Earl Boen slepp akkurat unna. Sarah ligg under eit skrivebord og trur ho skal døy når ho ser silhuetten gjennom glasdøra – men DET ER HELTEN MICHAEL BIEHN.
Michael Biehn: Den eigentlege stjerna
Michael Biehn er stor for meg. Dessverre blei han aldri superstjerne, men HAN KUNNE BLITT DET, om han ville. James Cameron har sagt at Biehn aldri var interessert i stjernelivet med all «hustlinga» i Hollywood; han var for jordnær.
Eg elskar Michael Biehn. Han spelte i The Terminator, Aliens og The Abyss – alle tre for James Cameron. For meg er det HAN som er Terminator-filmane, meir enn Linda Hamilton og Schwarzenegger. Det var Biehn som mangla i T2 (teknisk sett var han med i ei sletta scene, men likevel). Same i Aliens: Kjemien mellom Biehn og Sigourney Weaver er grunnen til at eg diggar Aliens meir enn Alien. Og at Hicks blei drepen av regissøren i Alien 3? BIG MISTAKE.

Reese reddar Sarah igjen, og dei kjem seg unna. Kor vanskeleg er det ikkje å skape truverdig kjærleik i ein film mellom to personar? James Cameron gjer det utan problem med to sekvensar:
- Under brua, der vi får vite at Reese er forelska i Sarah via eit fotografi han fekk av sonen hennar.
- På motellet, der han lærer Sarah å byggje bomber, og der dei elskar – medan Terminatoren jaktar på dei på motorsykkel.
Eg synest Linda Hamilton og Michael Biehn er tidenes par på film. TIDENES og TIDLAUST.

Klimaks
Ein hund avslører at Terminator nærmar seg motellet. Han sparkar opp døra og skyt vilt. Dei flyktar, og Arnold kjem etter. Nok ei knall biljakt der Reese kastar røyrbomber mot Terminatoren på motorsykkel. Til slutt krasjar alle. Klassisk Cameron å bruke ein semitrailer med drivstoff, som T-800 tek og køyrer etter Sarah med. Med si siste bombe klarer Reese å sprengje traileren og Terminatoren i eit stort flammehav.
6,4 millionar dollar kosta det å lage denne filmen. Det er galskap. Cameron skviser ut kvart einaste øre og lagar ein film som ser ut som han kostar ti gonger meir!

Kort om Fiedel
Og vi må snakke om musikken. Brad Fiedel sitt score er halve filmen – akkurat som Haisommar er halv utan John Williams. Det metalliske – da da dam da dam – elskar det! Det er industrielt, det er rått – den «punkete» kjensla eg snakka om. Synthen i kjærleiksscena («Sarah’s Theme») er noko av det vakraste og såraste som er laga, ein perfekt kontrast til det kalde maskineriet. Utan Fiedel, ingen Terminator.
Scenene der T-800 smeltar og vi får sjå skjelettet i full figur, er stop-motion. Det har kanskje gått ut på dato reint teknisk, men det er kort. Og vi får nokre fantastiske nærbilete av T-800 som er Stan Winston-magi. Det er veldig smart laga. Veldig.
Roboten ser endå farlegare ut som skjelett enn med fleskedrakt når han jaktar på dei inne på fabrikkområdet. Reese er treft av ei kule og vil gi opp, men Sarah ropar «GET ON YOUR FEET, SOLDIER!» og MEINER DET. Reese er modig og møter han. Han blir slått, men før T-800 skal avlive han, smetter han ei bombe inn mellom ribbebeina og sprengjer heile T-800 i stykker – og seg sjølv med det same. Men T-800 er seigliva. Med berre halv kropp kryp han etter Sarah, som lokkar han inn i ei presse: «YOU’RE TERMINATED, FUCKER!»

Slutten
Denne slutten er så trist, kvar gong. Måten Reese ligg der med opne auge, død. Tanken på at Sarah har mista vennene sine, mora si, og Reese… Ho køyrer sørover i ein jeep, med ein hund og ein revolver. Ho stoppar på ein bensinstasjon der ein gut tek bilde av henne, medan ho tek opp bandet til sonen. Sarah fortel at ho berre var saman med Reese ei lita stund, men at det var nok kjærleik for eit heilt liv.

MEDAN HO BLIR TATT BILETE AV. For tilbake i tunnelen, der dei sat saman, fortalde Reese at han hadde eit foto av henne (den store legenda), og at han alltid lurte på kva ho tenkte i det sekundet biletet blei tatt. Det var dette fotoet som gjorde han forelska i henne. Og det var han ho tenkte på då biletet blei tatt.
THE END… Ikkje heilt. Ein mann seier til henne før ho køyrer: «There’s a storm coming.» Og ho svarar: «I know.»Nydeleg. Berre pur filmmagi. Får eg lyst til å setje på toaren med ein gong? JA, men det er for seint, for eg har skrive like lenge som filmen varar. Eg kunne ha sete her heile natta og skrive om The Terminator. Filmen er perfekt. Det er ein sånn type film eg kan sjå igjen med ein gong, utan problem. Det er veldig få filmar i mitt liv eg kan gjere det med, men The Terminator er ein av åttitalets – stryk det – VERDAS BESTE FILMAR!

Meir Schwarzenegger? Les om RAW DEAL



Ikke sett Terminator på omkring 16 år sikkert, men har lina opp hele serien for en gjenomtitting i løpet av året, gleder meg!
Det slår aldri feil med Terminator. Eg ser han kvart tredje år minst, heilt sidan 1985. Sjølve filmseria har fått ein del kritikk (dei etter T2) men slik som med Alien og Predator, tek eg det eg får! Er mykje mindre kritisk til desse filmane enn folk flest. Bortsett frå Predator: Badlands, som var eit unntak – men det kan snu i framtida 🙂