Filmjournalen: Tankar om blogging
Dette er ein blogg. Eg er ingen filmkritikar, filmekspert, filmlærar eller noko anna fagleg. Dette er ein blogg med mine subjektive meiningar, min kvardag med film, mine kampar med film og min kjærleik for film. Eg kan det eg kan fordi eg har sett det eg har sett, og eg har klare meiningar om kvifor eg likar eller mislikar ein film – i alle fall likar eg å tru det!
Frå no av skal eg «blogge» på ordentleg. Eg vil ikkje prøve å sjå ut som eit filmmagasin, Montages eller andre aktørar, men vere ein blogg som tek for seg livet mitt med film. Prosessen har vore vanskeleg fordi eg ikkje hadde kjennskap til andre som blogga om film, og dei nettstadene eg har vore mest på, er norske Montages og liknande. Så i starten tenkte eg Filmloftet i dei baner. Men no har eg lært.

TikTok & Blogging
Blogging er forresten «ut» samanlikna med før. For å få stort publikum er det TikTok som gjeld, og mange gjer det med stor suksess. Det er absolutt ikkje mi greie. Det einaste eg vil, er å skrive om filmlidenskapen min – utan å tenkje på å bli lesen. Sjølv om det er kjekt å sjå at folk les, handlar det mest om å få ut filmtankane for min eigen del, som ei offentleg filmdagbok.
Eg har alt utstyret som trengst for å starte podcast, og med testing og feiling skal eg få det på plass i år, som ein del av Filmloftet. Ser for meg at det er enklare å bable enn å skrive, så stilen blir litt friare der. Eg skal teste! Kvifor ikkje? Det høyres kjekt ut! I alle fall med tanke på å få gjestar!
Filmanmeldelsar framover
På Filmloftet skal eg framleis skrive anmeldelsar. Eg prøver å finne stilen min, og har leita etter den dei siste åra. Enkelt og greitt blir den subjektiv: mi oppleving av filmen, ærleg om korleis eg opplevde den. Så stilen kan eg leike meg med. I starten prøvde eg å skrive filmanmeldelsar som ein filmkritikar eller journalist – det blei heilt feil, og eg synest det var kjedeleg å følgje reglar og oppskrifter. Dette er ein blogg, så anmeldelsane blir PERSONLEGE.
Hittil har eg skrive ei melding eller eit innlegg cirka kvar veke. Eg skal prøve å få inn ein vane med å publisere hyppigare – spesielt med Filmjournalen, der filmtankane mine blir publiserte. No i januar såg eg 60 filmar og skreiv om alle filmane i forskjellige lengder på Letterboxd. DET TOK KNEKKEN PÅ MEG, så no tek eg ein filmpause for å samle meg.
Tre dagar har gått UTAN FILM – nesten rekord, men det gjorde godt. Eg skal fortsetje å leve i «filmsølibat» ei stund til. Eg har ei psyke som går «all in» når eg gjer ting; iblant mistar eg kontrollen og må roe meg ned. Så eg har brukt tida på å lese om «kunsten å blogge». Samstundes har eg oppdatert PHP på webhotellet og gjort teknisk vaktmeisterarbeid på WordPress – noko eg synest er MORO!

Mekking av heimeside
Filmloftet skal få eit ansiktsløft omsider. No er sida minimalistisk og enkel. Fordi eg likar å jobbe med tekniske ting rundt heimesidebygging, skal eg med glede leike meg med utsjånaden til Filmloftet. Å finne balansen mellom å mekke heimeside og skrive innlegg har teke si tid, men no er eg på ein god stad der eg ENDELEG føler meistring.
Elles har eg blitt kontakta av fleire, spesielt på Letterboxd, som lurer på korleis eg gjer ting, om heimesida, prosessen min med skriving av anmeldelsar og den slags. Det synest eg er skikkeleg moro!
Fri frå press og stress
No har Filmloftet besøk kvar dag – OG DET ER KJEKT. Stranger Things-meldingane mine var ein STOR SUKSESS, der to tusen personar var innom for å lese eller kike på få dagar. Det var fordi eg delte meldingane på Letterboxd, på rett tid og stad der fans var galne etter å lese om favorittserien sin. Men dette er ikkje målet mitt. Om eg ville nå ut til eit stort publikum, hadde eg slutta å skrive om filmar og satsa på TV-seriar, og eg hadde droppa nynorsk til fordel for bokmål, eller kanskje til og med skrive på engelsk!
Men det er ikkje målet. Eg er ikkje interessert i å nå ut til eit stort publikum eller tene pengar på dette. Om NRK eller eit mediehus hadde ringt meg i dag og tilbode meg jobb som filmmeldar, eller bede meg starte opp att Filmmagasinet som Pål Bang-Hansen sin naturlege arvtakar, hadde eg vennleg takka nei. Å bli populær eller kjendis fristar meg svært lite. Eg likar meg best i undergrunnen, der eg høyrer heime og kan vere meg sjølv – heilt avslappa og fri frå press og stress. Med det sagt; mitt sinn jobbar i tusen retningar, alltid.

Takk!
Ein stor takk til dykk som kjem innom og les det eg skriv. Det set eg stor pris på. No har eg fiksa eit kommentarfelt under kvart innlegg slik at folk fritt kan skrive kommentarar om dei er ueinige eller einige, eller gi tilbakemeldingar slik at Filmloftet blir meir interaktivt. Når nokon skriv noko, må eg godkjenne først – når eg først har godkjent ein brukar, får brukaren skrive kommentarar fritt fram. Om nokon blir stygge i kjeften og er useriøse, bannar eg dei på flekken, så det er sagt.
I 2026 skal eg slå meg laus her på Filmloftet, meir enn før. Eg skal bremse aktiviteten på sosiale medium litt for å gi fokus til bloggen – dette blir min heimstad!
Legg gjerne att ein kommentar! 🙂
Meir lesestoff? Her er ein om å SKRIVE OM FILM
Jeg leste dette akkurat nå, og det var et pussig sammentreff fordi jeg har brukt de siste par ukene til å filosofere over egen skrivestil… (altså, hvordan jeg skriver om film på min personlige nettside, speilet.net). Jeg har jo alltid opplevd din skrivestil som veldig levende, personlig og subjektiv. Engasjerende å lese, også fordi det både er kunnskapsrikt og erfaringsbasert. Derfor genuint.
Jeg har nok i større grad vært farget av å ha skrevet for Montages og lignende. Det har formet meg, samtidig som jeg nok alltid har skrevet litt på den måten siden jeg begynte å skrive om film på 90-tallet.
Men det jeg vel har reflektert meg frem til de siste ukene, det er at jeg skal forsøke å justere skrivestilen mer mot en jeg-form. Være noe mer personlig i stemmen, kanskje til og med litt inspirert av deg (og andre) som mestrer den kunsten bedre. Det blir kanskje ikke så radikalt, muligens en mellomting, men et steg på veien skal jeg forsøke å ta.
Ellers synes jeg filmloftet.no ser virkelig bra ut nå, så gratulerer med det!
Så hyggeleg å høyre, Trond, takk! Eg har lese ein del av det du har skrive på filmsida di, speilet.net og eg har sagt det før: Du er veldig dyktig og erfaren, og det skin gjennom at du har lang fartstid i gamet.
Eg tenkte vel i starten å prøve å skrive som deg, og noterte meg ord og oppbygging, men eg hadde ikkje sjans. Så eg måtte berre tvinge meg til å finne ein stil, min eigen stil, som eg jobbar med og som ein dag forhåpentlegvis vil vere tydeleg – kanskje når eg er 60!
Prosessen er i alle fall kjempeartig. Det å finne seg ein personleg filosofi og gruble på kvifor ein skriv i det heile, er spennande. Men til sjuande og sist handlar det om filmen og deling av lidenskap.
Det er få som skriv om film på eiga hand her i Norge. Eg har prøvd å spore opp alle. Nokon må ta seg av filmpraten skriftleg, for det verkar som om alle har hoppa til TikTok og podcasting. Apropos podcasting: Eg veit at du heldt på med det ei stund. Korleis var erfaringa di med det? Eg er sjølv frista til å prøve – gjere eit forsøk.
Det er aldri for sent å finne sin egen form. Selv om det ofte handler om å finpussing og små forbedringer i en kontinuerlig livsprosess. Man er den man er, tenker jeg.
Angående podcasting så prøvde jeg det en liten periode, men fant ganske raskt ut at formatet ikke passet for meg. Jeg tenker nok at podcast generelt er vanskelig å få til på en virkelig god måte alene. Da er man i hvert fall avhengig av å være en spesielt dyktig og engasjerende formidler i muntlig form, noe jeg ikke er, og selv da tror jeg det er vrient. Men jeg håper du tar sjansen og kaster deg ut i det, vi trenger flere som både snakker og skriver om film så vi holder kulturen levende på de plattformene vi har og som brukes.
Men TikTok, det skal nok aldri inn på min telefon.
Heilt einig, det er ein del av livsprosessen, og vi er dei vi er.
«…avhengig av å være en spesielt dyktig og engasjerende formidler i muntlig form» – dette er vel grunnen til at eg har utsett å podcaste. Eg ser for meg slike «proffe» eg har sett på YouTube og liknande. For eg klarer ikkje å omstille meg til å bli ein slags «programleiar», pluss at eg snakkar herøydialekt, som er den breiaste sunnmørsdialekten. Om eg skal prate som Jan Åge Fjørtoft, blir eg krossfesta av folka eg vaks opp med – kanskje til og med krossfesta meg sjølv, hehe.
Men eg har sett Michael Biehn sin podcast, og han er så chill og ærleg rett fram at det var inspirerande. Han kan stamme og slit med å finne ord, men likevel er det så kjekt å sjå på. Og Montages sine podcastar er ofte filmnerdar som pratar i veg, utan denne påtekne vertsstemma som mange har. Alle dei har gjestar, og då er det som du seier: «…vanskelig å få til på en virkelig god måte alene», og då er det i alle fall viktig å vere engasjerande!
Trond, kor kult hadde det ikkje vore å laga ein norsk Siskel & Ebert!? Du og eg kan vere einige om visse ting og veldig ueinige om andre – sjå for deg moroa med debatten, der vi kvar fredag tek for oss nye filmar! Hehe. Men dette er ikkje eit levebrød. Å skrive om film tek mykje tid, og om ein skal drifte podcast på toppen av det igjen, vil det sluke veldig mykje tid. Og kva er vitsen om det ikkje er gjort skikkeleg?
Nei, eg får sjå. Eg har utstyret, men det er eigentleg meint for musikkstudio (SOM EG ALDRI FÅR TID TIL). Godt å høyre erfaringane dine, eg trur eg kjem raskt til å kome til same konklusjon som deg.