The Apostle (1997) Duvall i fyr og flamme!
The Apostle – RIP Robert Duvall
Robert Duvall har forlate verda vår, og etterlet seg eit stort tomrom saman med Gene Hackman og dei andre knallskodespelarane vi har vore bortskjemde med heile livet. 95 år er ein respektabel alder, men uansett er det trist, for han var ein bauta.
Eg vaks opp med Duvall. Som for mange andre var Gudfaren-filmane og Apocalypse Now store opplevingar. Og eg er ikkje aleine om å elske Lonesome Dove, som er ein miniserie alle western-elskarar berre må sjå.
Men Duvall hadde ei rik og lang karriere. I kveld måtte eg sjå noko som er 100 % Duvall i alle ledd, og då var valet enkelt: The Apostle frå 1997, der Duvall skreiv manus, regisserte, produserte og spelte hovudrolla. Det finst nesten ikkje ei einaste scene der Duvall ikkje er med. DETTE måtte eg ta eit gjensyn med, yes sir.

Han sel Jesus
The Apostle kan verke skremmande for ateistar, men frykt ikkje. Filmen handlar om evangelistar, men er ikkje evangeliserande. Det einaste som blir forkynt her, er GOD FILM og FANTASTISK SKODESPEL. Her spelar Robert Duvall ein mann som har vakse opp i eit sterkt religiøst samfunn, der han sjølv blei opplært til å vere preikar frå 12-årsalderen.
Sonny lever eit liv dedikert til Gud. Han nyttar kvart eit høve til å frelse. Filmen opnar med ei bilulykke der Sonny grip sjansen og finn ein bil med skadde folk som ikkje ein gong politiet har oppdaga. HAN SEL JESUS – medan ei kvinne og ein mann ligg i vraket og blør. Dette er ei tydeleg visning av kven Sonny er, og det er ein genial start.

Han og mora (June Carter Cash!) kjem heim. Det viser seg at han har to ungar med ei kone som er cirka 17 år yngre enn han. Ho har funne seg ein ny mann – ein yngre pastor i same kyrkjelyd. Denne «unge løva» kjempar tilsynelatande om både kona og jobben til Sonny, kyrkja som han har bygd opp frå botnen av.
Trøbbel oppstår. Sonny mistar kontrollen. Han møter dei andre i kyrkjelyden – dei vil ha han ut! Midt på natta vaknar Sonny og får ein idé. Han køyrer til huset der kona og den nye mannen bur. Han prøver å kome seg inn, men blir stengd ute. Då ser vi at han har ein revolver, og vi tenkjer holy shit – han drog dit midt på natta for å drepe den yngre pastoren? I staden kastar han revolveren gjennom vindauget deira.
Ein valdeleg mann
Det toppar seg på ein baseballkamp der ungane hans spelar. Kona står der med elskaren sin, som prøver å hindre Sonny i å ta med seg ungane. PLUTSELEG tek Sonny eit balltre og klaskar til mannen så han kollapsar, og grip håret til kona og dreg ho bortover. Han er valdeleg, ja!

Reisa starter – yes sir!
No startar filmen for alvor. Mannen hamnar i koma. Sonny forstår alvoret og rømmer. Han dumpar bilen i ein innsjø og fortset til fots – OG LET HERREN LEIE HAN. På reisa si langs elva møter han ein gamal mann som fiskar, og får sove i eit telt på plenen hans. Om natta høyrer mannen Sonny snakke til seg sjølv. Ved senga har mannen ei hagle som han held nært, for det er tydeleg at han ikkje stolar på denne galningen i hagen. Små, fine detaljar.
Så tek Sonny bussen til «The Bayou» i Louisiana, der han fiksar seg diverse småjobbar og vil byggje opp noko nytt – noko som er heilt naturleg for han, ettersom han meiner han får krafta frå Gud!
Slike filmar blir ikkje laga lenger. Her er mange detaljar og interessante karakterar vi elles ikkje får sjå på film. Det er ein av dei største styrkane til filmen; alle dei små liva som kjem i vegen for Sonny sitt nye liv. John Beasley spelar ein pensjonert pastor som vil hjelpe Sonny. Beasley er ein slik skodespelar som er 100 % stødig, og sjølv om han ikkje har den lengste filmografien, kjennest det som om han alltid har vore der.

Birollene
Walton Goggins spelar ein ung mann som lett fell for Sonnys evangelisme og sjarm. Her er han i tidleg 20-åra, og eg las Goggins sine ord om Robert Duvall i går kveld, der han takka han for inspirasjonen og rettleiinga. Han fekk vere med bak kamera og studere Duvall gjennom heile produksjonen, ved hans side.
Miranda Richardson har eg alltid likt, heilt sidan ho spelte den galnaste Dronning Elizabeth eg har sett i Blackadder (sesong 2). Ho hoppar frå den eine ulike rolla til den andre, til dømes i Empire of the Sun, The Crying Game og Harry Potter-filmane. Her spelar ho ei kvinne frå Louisiana-bayouen med brei aksent, som også fell for Sonnys sjarm medan ho er på jobb som resepsjonist i ein radiostasjon.
Billy Bob Thornton har ei lita rolle som «Troublemaker». Han dukkar opp midt under gudstenesta i den nye kyrkja til Sonny, og står og glor. Sonny er ein menneskekjennar; han går bort og ber han bli med ut. Jepp, Thornton er ein rasistisk redneck, men Sonny tek kampen på flekken. Billy Bob er ein EKSPERT på å spele «lowlifes» av verste slag. Seinare kjem ein konfrontasjon med Sonny og Thornton bak ei svær gravemaskin.

Andre synspunkt: Skogestad & Shulgasser
Forutan nydeleg foto, godt skodespel og interessante karakterar, handlar filmen om Sonny, som er til stades frå start til slutt. På Filmskya seier herr Skogestad, som har ein filmsmak eg respekterer, at han såg filmen på kino i 1998 og framleis er irritert på han nesten 30 år seinare. Han skriv: «Filmen er nesten to timer med Duvall som hyler JESUS!, PRAISE THE LORD!», og meiner filmen er innhaldslaus. Skogestad gav meg ein link til filmkritikar Barbara Shulgasser som skreiv ein negativ omtale i San Francisco Examiner, og eg las den.
Shulgasser skriv: «But sit through the entire 131 minutes I did, all the while musing, Where is the story? When is this movie going to start?» Ho kallar filmen kort og greitt eit mislykka, forfengeleg prosjekt.
Eg har ingen problem med å forstå dette. Om eg skal lage eit forsvar, vil eg kalle inn Roger Ebert på mi side, som gav filmen 4/4 og avslutta meldinga si med: «»The Apostle» is like a lesson in how movies can escape from convention and penetrate the hearts of rare characters.»
Mine tankar
Og så må eg gruble høgt over kvifor eg fall for Robert Duvall sin Sonny. Tingen med denne religiøse forteljinga er at ho ikkje tek parti. Duvall viser det som det er: livet til ein eldre pastor som er ein gigantisk egoman og valdeleg. Men er han eit godt menneske innimellom, eller er han ein seljar som aldri sluttar å selje?
Eg likar historier om karakterar som er fulle av lidenskap, som brenn stort og blir oppslukte av sine eigne flammar – anten det er religiøse galningar, narkobaronar (Al Pacino i Scarface), drukkenboltar (Mickey Rourke i Barfly), loffarar (Anthony Quinn i Zorba the Greek), gale Hollywood-produsentar (Dustin Hoffman i Wag the Dog) eller kriminelle som latar som dei er sinnsjuke (Jack Nicholson i Gjøkeredet).
Så lidenskap er eit stikkord! Eg likar ikkje slike karakterar i det verkelege livet, men trygt plassert innanfor rammene til skjermen blir eg underhalden stort av slikt. Når eg ser Sonny preike høgt om Jesus og bibelen, i fyr og flamme, er det ikkje kva han preikar eg synest er interessant, men måten han sel produktet sitt på. Han er ein karismatisk og kynisk seljar som nyttar kvar ein sjanse til å selje. Han kan ikkje for det, for han fekk det inn som barn.
«my wicked, wicked ways»
Sonny kunne ha selt bilar for den saks skuld, og han hadde selt tonnevis av dei! Men her sel han Jesus, og som pastor burde han vere eit godt førebilete, NOKO HAN DEFINITIVT IKKJE ER. Han er valdeleg, han innrømmer utruskap (my wicked ways), er kynisk og tenkjer berre på seg sjølv og Gud – men Gud som ei vane, ei eviglang vane fått inn med skeia som baby.
Eg blei fascinert av The Apostle, og eg synest skodespelet er ypparleg. Vi får sjå rare, små karakterar gjennom filmen, og vi blir vitne til ein karismatisk predikant som er så moralsk komplisert, men likevel klarer å setje positive spor etter seg som eit biprodukt av den levande tornadoen han er. Her er lite plott, meir ein karakterstudie og ei reise – noko eg digga.

Konklusjon
MEN, er du ein lidenskapleg ateist, er kanskje ikkje filmen for deg. Det same kan seiast om du er ein lidenskapleg religiøs person – kanskje han ikkje er for deg heller. Så kven er filmen for? Kanskje for livslange agnostikarar, som meg! Men igjen, filmen har religion konstant i biletet, men eg ser ikkje etter det; eg ser lidenskapen og seljaren med dei store kontrastane i seg. Det er filmen for meg. Og det skal seiast at kanskje filmen er dårleg og at herr Skogestad og Shulgasser har rett – det handlar alltid om kva vi er ute etter når det raude teppet blir trekt til side, lyset dempar seg og filmen startar: så individualistisk.
Eg gir TERNINGKAST 5
Robert Duvall (1931–2026). Kvil i fred.

Meir lesestoff? Les om denne syttitalsperla!
Oi, må få sett denne! Duvall er en stor favoritt, og jeg husker denne kom, men fikk aldri sett den da.
Prøvar å forkynne denne filmen så godt eg kan! Hehe.