Alt var betre før del 2 David Lynch

Alt var betre før: Del 2 – Bak kameraet

I første del snakka eg om skodespelarane. På eit hotell er dei resepsjonen, det første møtet med gjesten. No skal vi bak kulissane. Vi skal snakke om regissøren, filmfotografen og sjølve sjela i biletet no i Del 2 av «Alt var betre før».

Men først må eg understreke at dette er ein blogg med mine høgst subjektive meiningar. Eg er ein gubbe på femti som snakkar fritt, og eg meiner det eg meiner om dagens Hollywood og kinofilmar. Ja, det finst gode filmar der ute. Men det eg «føler» på, er totalen og tidsånda.

Når eg blar i listene på Apple TV+ etter nye filmar, mistar eg gnisten. For ti år sidan var det nesten alltid noko eg VILLE sjå – filmminnet mitt er godt, og eg hugsar spenninga. No gjer eg ikkje anna enn å vente på den eine filmen eg verkeleg vil sjå, og det går lang tid mellom kvar gong (frå Hollywood, i alle fall). Kvifor? Kvifor orkar ikkje folk flest å bli med på filmpraten, men vaknar med ein gong det er snakk om TV-seriar? Og kvifor er det få eg kjenner som veit kva Anora er, men alle veit kva Andor er?

På eit selskap i romjula var eg med på ein quiz. Her var det folk frå rundt om i Noreg og Stockholm – kulturelle folk frå alder tretti til midten av førtiåra. Eit filmspørsmål om kva film som vann tre Oscar for regi, film og manus i 2025 – det var det berre eg som visste. Eg svarte Anora, men ingen hadde ein gong høyrt om han! Fjorårets store Oscar-vinnar! Det fekk meg verkeleg til å tenkje. Men Andor veit ALLE kva er – fordi det er ein TV-serie, på Disney, for barn og vaksne. Og som vi alle veit, er Hollywood mest interessert i produkt for alle aldrar, for det er der dei store pengane ligg.

Anora (2025) Foto: NEON

Den tapte kunnskapen

Eg har lese ein del filmhistorie, og det mest fascinerande var å sjå korleis ferdigheiter gjekk i arv, og kor ofte store regissørar starta på botnen i filmstudioa. Dei lærte seg alt på vegen opp. Ein kunne starte i B-filmavdelinga, lage haugevis av filmar, overbevise ein sjef, og så få prøve seg på ein A-film. James Cameron var ein av fleire av mine heltar som gjorde dette; han lærte seg handverket hos Roger Corman før han gjekk vidare.

Korleis fungerer dette i dag? Det veit eg ikkje. Om eg skal tenkje høgt: kanskje filmskulen har tatt over «karriereklatring innad i filmstudioet». Og systemet rundt å pitche idear er vekke, fullstendig. Eg tenkjer på alle manusforfattarar som har skrive gullmanus og fantastiske historier, men som aldri får sjansen fordi FILMSTUDIOA IKKJE ER INTERESSERTE. Berre IP (intellectual property), altså franchisar og garanterte suksessar, blir satsa på. Det finst ikkje ein modig produsent i HEILE HOLLYWOOD no til dags. Er det rart pila peikar nedover og det er krise i draumefabrikken? Spielberg spådde ein kollaps (i 2013) der dyre filmar ville floppe stort og øydeleggje heile systemet. Sjå på Marvel, korleis dei slit i desse dagar – noko i den dur har skjedd.

James Cameron og Linda Hamilton – The Terminator – Foto: Orion Pictures / MGM

Regissørar før vs. no

Lat meg starte med min elsk til fortida. Mine store favorittar er: John Carpenter, Steven Spielberg, David Lynch, Alfred Hitchcock, Walter Hill, Martin Scorsese, Brian De Palma, Kathryn Bigelow, David Cronenberg… Lista er lang.

Før var det enkelt: såg eg ein film eg elska, var sjansen stor for at regissøren bak hadde laga fleire filmar eg kom til å elske. Så jakta eg på resten av filmografien. Slik var det òg med musikk; fann eg eit band, måtte heile albumet høyrast og kjøpast. Ikkje noko juksing med Spotify og skumhøyring.

Ein film av John Carpenter, la oss seie på åttitalet, kunne umiddelbart gjenkjennast. Regissørar på denne tida var nærmast auteurar med sin distinkte stil, ein signatur. Ein kan seie kva ein vil om filmar frå åttitalet – ein kunne i alle fall sjå mangt og forskjellig, og regissørar som Joe Dante blei sleppte laus. Carpenter hadde sin distinkte stil og var særdeles idiosynkratisk. Slikt er ikkje lov lenger.

Sjå legendene! The Fog (1980) Foto: AVCO Embassy Pictures / StudioCanal

Kor er dagens Paul Verhoeven?

Og John Landis, Sam Raimi, John McTiernan eller Walter Hill? Ein såg umiddelbart signaturen deira. Sjå på Tobe Hooper, kva han laga på åttitalet: Lifeforce – ein totalt sinnsjuk sci-fi skrekkfilm med budsjett på 25 mill. dollar – kor er dei som gav grønt lys til slike filmar!?

Lifeforce floppa, greitt nok! Så vedkomande fekk sikkert sparken. Men på same tid på kinoen blei han slått av ein annan sci-fi, Cocoon av Ron Howard, som fekk suksess. Når tid såg vi sist ein film på kino som handla om ein gjeng pensjonistar sitt møte med snille aliens, og som tek for seg døden og alderdommen?

Rare filmar fekk lov å bli laga før! Cocoon (1985) Foto: 20th Century Fox

Og det var typisk for Joe Dante, Carpenter og James Cameron å jobbe med dei same folka gong på gong, både framfor og bak kamera – eit miljø blei sakte til, og det skapte gode resultat. Det er så artig å sjå videosnuttar og høyre på podcast om korleis filmar blei til på åttitalet, som f.eks. Aliens, der samhaldet mellom skodespelarane utvikla seg til livsvarig vennskap. Kva tid skjedde det sist? I Ringenes Herre for over tjue år sidan?! (Edit: Såg nyleg Bugonia (2025) der Lanthimos gjer akkurat dette – så det finst litt!)

Bugonia – Foto: Focus Features / Universal Pictures © 2025

Kven er dei store regissørane i 2026?

På blockbuster-sida har vi namn som Christopher Nolan, Denis Villeneuve, Yorgos Lanthimos, Ari Aster, Greta Gerwig (X), Jordan Peele, James Gunn (X), Damien Chazelle (X) og Todd Phillips (X).

På indie-sida finn vi Safdie-brørne (X), Robert Eggers (X), Sean Baker (X), Alex Garland, Luca Guadagnino, Kelly Reichardt og Todd Haynes – for å nemne nokon.

Bortsett frå dei gamle travarane (Spielberg, Tarantino, Scorsese), kven av dei nye diggar eg eigentleg? Eg gler meg til Nolans siste, men han har vore i gamet i snart tretti år. Villeneuve er knall, men eg er framleis ikkje den blodfanen eg burde vere (slik mange er). Lanthimos er rundt 50/50 – absolutt stort potensial! Alex Garland har ikkje imponert meg dei siste åra, og har aldri vore ein helt for meg. Moderne regissørar interesserer meg rett og slett ikkje like mykje som før. Det finst unntak, som James Gray, men jamt over saknar eg noko. Og eg har sett ein X bak regissørane eg har nemnt ovanfor, som eg IKKJE BRYR MEG OM i nokon særleg grad.

Glatte filmar og digital tåke

Filmane i dag har ofte eit glatt, digitalt utsjånad. Dei ser frykteleg like ut, spesielt dei som er laga for strøyming. Vi kan ikkje berre vente på at meisterfotografar som Roger Deakins, Hoyte van Hoytema og Robert Richardson skal kome til unnsetning.

Den digitale overgangen har gjort det enklare for regissørane, men til kva pris? Bilda er ofte flate, «naturlige» og kjemisk frie for sjel. Det ser ut som ein dyr TV-serie. Faktisk er det blitt vanskeleg å skilje kinofilm frå TV i desse dagar, delvis fordi TV-seriar har enorme budsjett, men også fordi estetikken er lik.

Filmfoto av mesteren Roger Deakins – Blade Runner 2049 – Foto: Alcon Entertainment / Warner Bros. / Sony Pictures

Sjølvsagt finst det mange unntak.

Når eg snakkar om moderne film i denne «alt var betre før»-serien, er det retta mot generelle filmar både på strøyming og kino, og det er høgst ei privat meining. At eg synest det ser flatt og kjedeleg ut, betyr ikkje at det er det for andre. Mi estetiske sans for filmfoto stammar frå uendeleg filmsjåing i mine yngre år, for det var då smaken på ein måte blei sett. Den generelle filmen såg annleis ut på åtti- og ikkje minst nittitalet, som er det siste reine filmfoto-tiåret før det digitale tok gradvis over på 2000-talet og dominerte frå 2010 og framover.

Før i tida valde regissøren ein filmrull for å gi filmen ein bestemt farge og tone. No blir alt filma digitalt og nøytralt, slik at eit team med datamaskiner kan bestemme korleis det skal sjå ut etterpå – ein slags «vi fiksar det i post»-mentalitet. Når alt kan endrast i ettertid, tek ingen dei dristige vala på settet. Det minner meg om då det digitale kameraet blei allemannseige: folk skaut tre tusen bilete i staden for 24, i håp om at eitt skulle bli bra. Og hugs å skyte i RAW, då kan ein enkelt fikse feila i Photoshop! Eg veit alt om dette, for eg jobba som fotograf i ein periode. Men denne prosessen gjorde oss late. Livet blei enklare, men kunsten lei.

Den store pesten som er SHAKYCAM

Det mest avskyelege eg ser, er shakycam. Eg har sett filmar som blir totalt øydelagde av teknikken. Det skal liksom skape ein dokumentarisk effekt, men fy f… Ikkje ser ein actionen som blir koreografert, det ser stygt ut, og det er latskap – juks, nesten. Paul Greengrass gjekk for langt i Jason Bourne (2016) og rista han sønder og saman.

Succession var ein stor TV-hit, men Gud, så smitta det over til film. Denne «fluger på veggen»-stilen misliker eg sterkt! The Rock sin siste, The Smashing Machine, blei øydelagd av The Office-aktig filmfoto (The Office starta det heile).

All Quiet on the Western Front (2022) blei hylla, men eg takla ikkje eitt sekund av han. Han er milevis frå det han prøver å vere: Saving Private Ryan. Faktisk kan dei slutte å lage krigsfilm. Fjorårets Warfare av Alex Garland var ei øving i dokumentarisk teknikk, og det er alt han er: shakycam-teknikk og ingenting anna.

Eg likar IKKJE shakycam! Jason Bourne (2016) Foto: Universal Pictures

Blocking er død – lenge leve latskapen

Kva er blocking? Det er bevegelsen mellom skodespelaren og kameraet. Tenk på korleis Spielberg eller Hitchcock flytta folk rundt i rommet for å fortelje historia utan ord.

I dag er blocking nesten utrydda. I staden har vi fått «coverage». Moderne regissørar veit ofte ikkje kva dei vil ha, så dei set opp tre-fire kamera, ber skodespelarane stå i ro, og filmar rubbel og bit frå alle vinklar. Dei samlar inn terabyte med data og håpar klipparen kan redde dagen. Sjå etter dette neste gong Prime eller Netflix slepp ein film (eg har sett det på kino òg!): To personar står rett opp og ned og pratar, medan kameraet klipper hysterisk fram og tilbake kvart andre sekund. Dette er ikkje filmkunst. Det er sjellaust innhaldsproduksjon.

Dette har òg ført til at kameralause øvingar før filminga er blitt unødvendig – øvinga skjer mens kameraet går!

Filmfoto på sitt beste! Psycho (1960) Foto: Paramount Pictures / Universal Pictures

TV-ens gullalder og filmens død

Kor starta elendigheita? Mange peikar på gullalderen til TV-seriane. Då The Sopranos og The Wire kom, rømde dei gode manusforfattarane frå Hollywood. TV vart staden for dei vaksne historiene. Men noko anna skjedde òg: TV-estetikken smitta over på filmen.

På TV har ein dårleg tid. Ein må bli ferdig. Ein lysset flatt og trygt. Når desse folka no lagar storfilm, tek dei med seg uvanane. Det storslåtte, filmatiske biletet – det vi kallar Cinema – er i ferd med å bli erstatta av noko som ser ut som ein 200 millionar dollars såpeopera. Legg til at mange storfilmar no blir spelte inn i ein gigantisk vegg av LED-skjermar, så mistar du det siste som var att av ekte lys og skugge. Det blir for kontrollert. For trygt.

The Sopranos forandra filmverda? Foto: HBO

Det naturlege

År for år skal alt virke meir og meir «naturleg». Dette gjeld mange ledd: skodespelet, lyset, dialogane, rekvisittane og så vidare. Som James Gray sa: «Du kan ikkje gi meg eitt einaste sitat frå Aquaman. Men seier eg «I’m gonna make him an offer he can’t refuse», så veit du kva film det er, umiddelbart.»

Når forsvann gode dialogar, og kvifor MÅ dei høyrast så realistiske ut, når Tom Hardy mumlar seg gjennom dei?

Eg saknar motet

Moderne teknologi er fantastisk – David Lynch, Michael Mann og fleire har omfamna utviklinga. Men verktøyet har blitt ei kvilepute. Eg saknar regissørar som tør å la kameraet kvile. Eg saknar scener der skodespelarane får lov til å bruke heile kroppen, ikkje berre fjeset.

Filmen har ikkje berre mista talent til strøymetenestene, han har mista motet. TV-seriane torde å vere stygge, valdelege og komplekse. Filmen blei feig og glatt. Og no sit vi der med flate, digitale produkt som verken har dybda til ein god roman eller trøkket til ein god, gammaldags kinofilm.

Konklusjon

Eg er lei av «innhald», og eg saknar det gamle Hollywood. Eit Hollywood som våga å lage sjangrar og reine komediar igjen, som satsar på underhaldning for alle aldrar over heile spekteret med variasjon. Eg saknar tida då filmskaparar fekk vekse og kvesse kunnskapen i eit kreativt miljø der alt handla om filmkunsten og ikkje algoritmar. Når ein les at Netflix lagar filmane sine med eit grep: å repetere handlinga minst fire gongar gjennom filmen slik at sjåaren kan få den med seg medan han scroller på telefonen… Kva slags framtid er det vi lever i!? Film har blitt redusert til «heismusikk», og Netflix veks seg større år for år.

“In the past 20 years, as we all know, the movie business has changed on all fronts. But the most ominous change has happened stealthily and under cover of night: the gradual but steady elimination of risk. Many films today are perfect products manufactured for immediate consumption. Many of them are well made by teams of talented individuals. All the same, they lack something essential to cinema: the unifying vision of an individual artist. Because, of course, the individual artist is the riskiest factor of all.”

– Martin Scorsese

“Although it’s hard to pinpoint what exactly makes all Netflix shows look the same, a few things stand out: The image in general is dark, and the colors are extremely saturated; Especially in scenes at night, there tends to be a lot of colored lighting, making everything look like it’s washed in neon even if the characters are inside; Actors look like the makeup is caked on their faces, and details in their costumes like puckering seams are unusually visible; Most annoying to me, everything is also shot in an extremely conventional way, using the most conventional set ups to indicate mystery or intrigue as possible—to indicate that something weird is going on the framing always has a dutch angle, for example—or more often just having everyone shot in a medium close up.“

– Gita Jackson, Vice

Kjelder:

I del 3 vil eg snakke om franchisar, IP, CGI og algoritmar.

Her er del 1 av ALT VAR BETRE FØR

2 Comments

  1. Mye å kjenne igjen her, merker det også rundt lunsjbordet på jobb – alle spør eller prater om serier, anbefalinger og om man har sett noe bra i det siste… men ingen ser film, prater om film eller har interesse for det. Helst serier, helst krim.

    Strømmetjenesten regjerer enda.

    1. Ja det har blitt slikt: film er død, for folk flest. Har mista sin verdi! Nesten ingen snakkar om det lengre – med mindre det er ein Netflix-film eller noko veldig veldig enkelt fordøyeleg. Og verre skal det bli. Det einaste som kan kome til redninga, er den yngre generasjon: 14 til 20 åringar som har fått nok av det digitale, av streaming, sosiale medier og Youtube og smarttelefonar.

      Men det er ikkje rart: når dei fleste filmar som kjem i dag er gamalt oppkok i form av IP, og den helsikes franchisebygginga. Streaming har gjort film om til CONTENT. Nei veit du ka!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *