John Carpenters Ghosts of Mars (2001)

John Carpenters Ghosts of Mars (2001)

Ghosts of Mars – status

Carpenters nest siste film. 4.9/10 på IMDb! 2,4 av 5 på Letterboxd! 35 av 100 på Metacritic basert på filmkritikarane! Han har ikkje ein gong oppnådd kultstatus! Eller har han det? Det står så vidt på Wikipedia, men det er ikkje mitt inntrykk. Og kven bestemmer eigentleg når ein film er kult? Vel, då får eg gjere ein kultfilm ut av Ghosts of Mars så godt eg kan. For eg diggar han!

Ice Cube seier at det er den verste filmen i karrieren hans, og uttalte: I think the effects were 1979. (Er det negativt!? Eg tek det som eit jævla godt teikn!). Men no har eg sett Ghosts of Mars minst fem gongar, seinast for tre år sidan, og nyleg i går. Kva synest eg!? Eg dundrar til med eit LIDENSKAP-terningkast 6 og plasserer han nest-høgast av alle filmar om MARS (TOTAL RECALL (1990) ER KONGEN) – til ære for filmen og namnet.

Eg treng ikkje å forsvare det ein gong. Kvifor skal eg det? Eg elskar Ghosts of Mars – så treng eg å skrive noko meir? Det er eit filmfrelst individ eg har blitt inspirert av. Ein person (med skiftande nick) på Blåskya som gir toppkarakter til veldig mange filmar folk hatar, utan å nøle, utan skam, berre av rein filmglede, og som sym sin eigen sti utan å bry seg om kva andre vil tenkje. Dette er befriande, og noko eg vil ta til meg og lære meg. JA, EIN FILM SOM FLEIRTALET REKNAR SOM GANSKE DÅRLEG, kan vere ein terningkast 6. Og eg synest folk bør bli modigare til å gi filmar som generelt er mislikte MYKJE BETRE karakter om ein faktisk likar dei. Vi har berre dette eine livet. Drit i kva folk meiner om karakteren din, det er ditt liv for svarte!

John Carpenters Ghosts of Mars (2001) Foto: Screen Gems

Ein Carpenter best-of?

Ghosts of Mars er ein veldig «best of» John Carpenter. Alle dei klassiske elementa frå regissøren er her, og han er dels The Thing, Prince of Darkness, Assault on Precinct 13, Halloween, They Live og Big Trouble in Little China. Dette er ikkje ein space opera eller ein romreise-sci-fi, dette er ein B-FILM METAL CYBERPUNK WESTERNSKREKKFILM med besette okkult-psykopatar på MARS. Finst det maken? Nei, nesten ikkje. Mest av alt er det ein westernfilm.

Natasha Henstridge spelar hovudrolla som løytnant Ballard. Filmen opnar med at ho er festa med handjern inne i eit tog og må forklare seg for MATRIARKATET (dritkult!) – leiinga på Mars. Ho fortel oss historia. I lag med ein gjeng soldatar (så godt som Marshalls) skal dei reise med tog til sørsida av dalen for å hente ein notorisk skurk, James «Desolation» Williams, spelt av Ice Cube. Han skal fraktast tilbake til Chryse, den største byen på Mars. Dette er Ville Vesten, dette er western. Eg likar det!

Pam Grier er leiaren for soldatane. Dette er ei framtid der kvinna styrer showet. Jason Statham spelar dels ein kåt sidekick, men han veit plassen sin. Det er lov å vere kåtpeis, men VIT PLASSEN DIN. Eg elskar togreisa til Shining Canyon, der vi blir kjende med karakterane. Peter Jason (!) er togførar. Opninga er knall.

John Carpenters Ghosts of Mars (2001) Foto: Screen Gems

Western, pratiske effektar og kulissar

Dei kjem til dalen, til ein liten gruveby som minner meg om sånne meksikanske landsbyar frå spagettiwesternfilmar. Byen er tom for folk. Soldatane går gjennom byen. Rundt dei er det fjell og eit raudt Mars-ørkenlandskap som eg diggar, pluss at eg elskar sånne forlatne småbyar der noko mystisk har skjedd. Kulissar og praktiske effektar er så mykje betre enn CGI-skapt landskap (med mindre det er Avatar). Og på min 83″ Sony ser kulissane knallbra ut, sjølv om vi tydeleg ser at det er kulissar.

Her er det Flukten frå New York-type atmosfære. Og det tek ikkje lang tid før eg kjenner på ein kvelande, støvete, sveitt og klaustrofobisk atmosfære slik som i The Thing, berre at snøen er erstatta med sand.

Laget deler seg opp. Henstridge og Statham går til fengselet der dei finn innesperra folk, inkludert James «Desolation» Williams som sit på einecelle. Dei oppdagar at det heng metallpynt overalt, laga av knivar, sakser og spisse instrument – ein knallgod detalj som gir okkulte frysningar. Eg fekk lyst å lage slike til Filmloftet! Pam Grier sitt lag går inn i samfunnshuset (rådhuset), der dei finn mishandla lik hengjande i taket. Folket i byen har blitt slakta! Knall?

Ballard og Jericho oppdagar eit transportfartøy der det sit ein mann som ber dei halde seg unna. Vi får sjå eit alien-perspektiv – raud demon point of view – og det er tydeleg at mannen er besett. Han tek ein kniv og skjer seg i halsen. Ein grafisk og gory effekt signert Greg Nicotero (Tom Savini sin arvtakar). Mannen døyr, men det demoniske perspektivet flyg ut av kroppen hans, sjølv om det ikkje kan flyge gjennom veggar. Knall?

John Carpenters Ghosts of Mars (2001) Foto: Screen Gems

Noko ala Roger Corman

Dei første 45 minutta er så knall, så fulle av atmosfære og mystikk. Eg får Roger Corman-kjensla av dette Carpenter-signerte verket; filmar som Star Crash (1979), Galaxy of Terror (1981) og Forbidden World (1982) – filmar som kom etter Star Wars og Alien og blei laga for lite pengar. Ghosts of Mars har B-film-sjarmen frå desse filmane. Han ser rett nok mykje betre ut, men er framleis billeg i forhold til store blockbusterar.

Soldatane er inne i fengselet og snakkar med fangane. Mysteriet blir løyst ved å sprøyte inn flashbacks i narrativet. Ei kvinneleg vitskapsmann på Mars fortel at dei fann noko i fjellet medan dei grov etter mineral. Noko blei slept laus; noko som har lege i dvale i tusenvis av år. Slikt elskar eg og får aldri nok av. Hadde filmen hatt eit større budsjett, tippar eg Carpenter hadde gått meir i djupna på dette. Men filmen er som han er – knall uansett.

Samstundes flyktar hovudoppdraget deira, fangen Williams, før han blir fanga att. Ballard og Williams utviklar seg til å bli radarparet i filmen – skurken og purken som slår seg saman. Så blir dei angripne av folk med metall gjennom andletet; veldig okkulte Hellraiser-type skurkar som angrip nådelaust som besette zombiar. Dette tek meg rett tilbake til Assault on Precinct 13 – ein av dei beste filmane frå syttitalet! Knall? Knall.

Halshugging, pålar og black metal!

Jericho går opp på ein bakke der hovud er sette på pålar, og oppdagar at kapteinen hans, Pam Grier, har lide den skjebnen og får diverre ikkje så altfor mykje speletid. Nede i dalen er okkultistane samla. Leiaren, med langt svart hår og fæle tenner, brøler og høgg hovudet av folk (som ikkje kan bli besette). Han ser ut som ein black metal-vokalist frå Dimmu Borgir eller Gorgoroth. Eg synest han er fantastisk rå, og mest av alt: morosam! Så er det tur for våre folk, og flokken stormar heltane våre. Knall? Dette er så knall!

Det går mot den klassiske Carpenter-tropen: isolasjon inne i eit bygg, med vonde, zombieaktige folk som angrip utan å bry seg om døden, og som piercar seg sjølve med knivar og gaflar – alt metall som er skarpt.

Uno, dos, tres

Banden til Williams dukkar opp. Ice Cube-banden! Dei heiter Uno, Dos, Tres – eg småflira. Den artigaste scena i filmen er når Dos skal opne ein hermetikkboks med macheten og høgg av seg tommelen i ei absurd komisk scene. Knall!

Etter halvspelt tid tek filmen heilt av, med masse action og rølpehumor. Okkultistane kastar sirkelsagblad, kroppsdelar fell på bakken, hovud flyg – det er eit herleg kaos. Carpenter gjer actionen endå meir rølpete med sjølvkomponert Metallica-kopiert thrash metal på lydsporet, med feite riff. Dette krydrar filmen godt. Knall, knall, knall.

Ghosts of Mars (2001) Foto: Screen Gems

Slutten

Vi får eit togklimaks som er klassisk western, der skurkane klatrar på toget og vil inn. Slutten er knall. Natasha har fortalt historia si, men ingen trur på henne. Demonskya kjem, og då er det på’n igjen. Men Ice Cube set henne fri, og vi får ein skikkeleg cheesy slutt der dei to saman skal kick some demon ass.

Gjengen på Mars

  • Natasha Henstridge: Eg diggar ho MAKS – ho er helten i filmen. Mest kjend som den nakne alien-dama i Species, men her kastar ho aldri plagget og har ei enorm utstråling. Som skodespelar er ho ikkje noko massivt stort, og ho minner meg kanskje om ein kvinneleg motpart til Dolph Lundgren. Men Dolph er moro, og her er Natasha rå og seriøs med eit glimt i auget – det er tydeleg at ho kosar seg i rolla.
  • Jason Statham: Godt å sjå han som sidekick og antihelt! Her er han ung, men utruleg effektiv som rappkjefta og kåt soldat. Han er alltid med på moroa, og eg likar han her.
  • Ice Cube: Han kan vere så som så i visse filmar, men rolla passar han. Han spelar seg sjølv, og kan vere både gangstertøff og morosam, slik som i Anaconda eller i Walter Hill sin Trespass. Meget godkjent!
  • Birollane: Pam Grier, Robert Carradine, Peter Jason, Joanna Cassidy (Blade Runner) og Clea DuVall (Carnivàle) har ikkje store roller, men dei gir filmen kvalitet og er ei personleg augeglede.
Okei, ho kaster litt plagget. Ballard tek ein Ripley! – Ghosts of Mars (2001) Foto: Screen Gems

Sirkelsagblad i skallen

Dette er ein John Carpenter sci-fi-skrekk med B-film-sjarm. Han leikar seg, og målet er bevisst å vere USERIØS ved å mikse inn western i ei Mars-forteljing om Pandoras eske.

Kvinnene er heltane. Skurkane er knall, komiske og fæle. Birollane er nydeleg casta. Og Carpenter leikar seg med narrativet, med flashbacks og hopping i tid. Og med artig metal i filmmusikken.

Her er isolasjon og innesperring som i The Thing, Assault on Precinct 13 og Prince of Darkness. Her er aliens som vil ta over menneska som i They Live. Kva meir, her er vondskap og morosam okkultisme som i In the Mouth of Madness, Halloween og Big Trouble in Little China. Sjølv om dei nemnde filmane er betre (og alle dei er terningkast 6 hos meg), synest eg at dette er like mykje ein Carpenter-film.

Han byr på stor guilty pleasure, noko eg har mykje av frå før med filmar som Soldier (1998) og Event Horizon (1997) – filmar som ikkje er anerkjende av massane, men som eg personleg ikkje får nok av og kan sjå gong på gong med godt samvit. John Carpenters Ghosts of Mars (2001) er akkurat ein slik ein.

TERNINGKAST 6 – utan skam!

John Carpenters Ghosts of Mars (2001) Foto: Screen Gems

Meir skrekk? The Changeling (1980)

2 Comments

  1. At du våger å nevne denne ræla i samme setning som Event Horizon!
    Neida, bare spøker! Kanskje det nettop er western-aspektet som ikke funker for meg som en kjent western-hater. Ser jo mye poeng i masse av det du sier, lydsporet er stilig og skurkene ser fete ut, synes bare at kamp/krig-scenen drar ut og mangler direksjon. Filmen funker ganske godt på det innestengte, her er Carpenter god, når det er mennesker mot mennesker i krangel og klaustrofobi, der er den aller best!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *