Dawn of the Dead (1978)

Dawn of the Dead (1978)

George A. Romero sin Dawn of the Dead (1978) har voks jamt og trutt til å bli min store favoritt innan zombiefilm. Regissørens to andre filmar i trilogien, Night of the Living Dead (1968) og Day of the Dead (1985), har eg også fått skikkeleg sansen for. Så eg kan med handa på hjartet seie at heile trilogien er ein storfavoritt i mi vesle filmverd.

Eg såg filmane for aller første gong på VHS på nittitalet. Sidan eg var veldig oppteken av sminke og effektar den gongen, var sjølvsagt Day of the Dead favoritten. Den dag i dag er effektane i den filmen rein perfeksjonisme. Tom Savini er ein ekte maestro.

Seinare skaffa eg DVD-boksen og såg filmane på nytt på 2000-talet. Eg blei Romero-frelst på ny. Men det er først no, dei siste åra, at eg ser på filmane med heilt andre auge. Eg studerer Romeros stil mykje nøyare, for han var ein verkeleg modig auteur.

Dawn of the Dead (1978)
VHS-versjonen eg kjøpte frå England (mr Benson) Foto: Laurel Group / United Film Distribution Company (UFDC)

Ein pioner i amerikansk skrekk

Eg elskar for eksempel at Romero vel ein svart skodespelar som hovudperson i Night of the Living Dead. Duane Jones var den første svarte stjerna og helten i ein amerikansk grøssar. Kanskje det var difor John Carpenter seinare gjorde det same med Assault on Precinct 13. Det var sjølvsagt svært kontroversielt i USA i 1968, men sjølve filmen var også brutal sjokkar: Levande døde som et andre menneske. Eg kan berre dagdrøyme om å få oppleve den filmen i si samtid, i lag med eit vanleg, amerikansk publikum. Det er eit stykke legendarisk skrekkhistorie.

Duane Jones(1937-1988)

Dawn of the Dead

Filmen har ei heilt fantastisk opning. Vi får sjå eit reint kaos på ein tv-stasjon, der panelet diskuterer den store zombie-pesten som no gjer innmarsj i USA. Folka bak kameraet er i konstant rørsle, alt er i villreie. Det er reinspikka apokalypse in the making! Ein reportar, Stephen Andrews, planlegg å stikke av i eit helikopter på taket, saman med den gravide kona og tv-produsenten Fran Parker.

Men før dei kjem så langt, hoppar vi til eit anna bygg der SWAT-politiet held på å eliminere zombiar, rom for rom. Ein rasistisk politimann bannar og drep dei stakkars, fattige bebuarane som har «feil» hudfarge. Roger DeMarco, eit av SWAT-medlemmene og ein ven av Stephen Andrews, protesterer midt i kaoset. Så dukkar filmens store helt opp: Peter Washington, ein SWAT-betjent som raskt og effektivt gjev den rasistiske massemordaren ein velfortent exit frå filmen.

Frå bykaos til helikopterflukt

George A. Romero opnar filmen med eit slikt driv og kaos at heile kroppen min dirrar av energi. Peter, Roger, Stephen og Fran tek helikopteret og forlèt byens fullstendige kollaps. Dei flyg over landet og ser det same overalt: Zombiane har teke over. Ei heilt knall scene er når Roger skal fylle bensin på helikopteret, og ein zombie kjem sakte vandrande mot han. Zombien klarar ikkje å registrere at rotoren er farleg, og medan den udøde klatrar over nokre kasser, blir topplokket på skallen hans regelrett kløyvd i to av blada. Det er ei hysterisk god scene!

Dei ser eit enormt kjøpesenter og landar på taket. No byrjar filmen for alvor. Vi har fire heltar som raskt har blitt vener. Dei er synkroniserte, eit skikkeleg team. Peter Washington blir spelt av Ken Foree, som strålar av beintøff karisma og er ein naturleg, autoritær figur. Dei andre tre blir spela av David Emge, Scott Reiniger og Gaylen Ross – og eg blei skikkeleg overraska over kor få filmar desse faktisk har spelt i seinare.

Dario Argento hadde ei viktig rolle i å realisere heile filmprosjektet. Og ikkje minst var det det italienske bandet Goblin som stod bak filmmusikken (som også er til stades i den amerikanske versjonen). Filmen fekk to versjonar: Den amerikanske, som er Romero sin eigen visjon og legg meir vekt på satire, og Argento sin europeiske versjon, som er strammare og meir actionfylt. Eg såg den amerikanske.

Satiren på forbrukarsamfunnet

Eg berre DIGGAR Dawn of the Dead. Når eg går på det store, lokale kjøpesenteret i regionen min (Amfi Moa), tenkjer eg alltid på denne filmen. For folk er verkeleg zombiar på kjøpesenteret. Berre set deg ned og observer: Folk går sakte, utan verken mål eller meining, med heilt tomme blikk og vandrar som døde i gangane og butikkane. Det er noko frykteleg unaturleg over eit kjøpesenter.

I filmen fortel George A. Romero via karakterane sine at zombiane vil – dei rett og slett – inn på kjøpesenteret. Kvifor? Fordi det var ein viktig plass for dei då dei framleis levde.

Eg elskar korleis filmen brukar dette kjøpesenteret. I eit postapokalyptisk scenario framstår kjøpesenteret som ein ekte idyll, stappa til randen med ressursar. Her finn du eigentleg alt ein treng, om ein er få overlevande og i det heile ønskjer å halde fram med å leve i ei slik verd.

Ken Foree i DAWN OF THE DEAD Foto: Laurel Group / United Film Distribution Company (UFDC)

Å bygge eit liv i apokalypsen

Våre heltar landar som sagt på taket. Dei tek seg ned til eit kontor-område og finn eit lager med hermetikk. Dette området blir raskt klarert. Berre ei lita trapp opp fører til den nye, trygge heimen deira. Det er strategisk og smart. Så utvidar dei gradvis, og klarerer meir og meir av bygget. Romero tek seg skikkeleg god tid til denne prosessen, og det er ein av hovudgrunnane til at eg elskar filmen. Heltane erobrar område for område og sikrar seg stadig meir ressursar. Til slutt har dei heile kjøpesenteret for seg sjølve. Dei ryddar vekk dei døde kroppane, og plasserer store lastebilar framfor inngangane for å blokkere dei.

Men den største faren er andre menneske. Så Peter Washington byggjer ein stor vegg og målar han, slik at inngangen deira ser ut som ein heilt vanleg blindgang. Eg diggar rett og slett at dei «arbeider» i denne filmen; at det faktisk berre er ARBEID. Å vaske golvet, å fjerne lik og zombiar, å gjere det levande og reint for dei i den nye heimen.

Stille stunder med koseleg middag. Foto: Laurel Group / United Film Distribution Company (UFDC)

Det aller beste er at det er harmoni innad i gruppa. Dei jobbar mot eit felles mål, og vi slepp eit tonn med unødvendig drama. Likevel oppstår det dramatikk når Roger, som er skikkeleg gung-ho og vill, tek fullstendig unødvendige sjansar. Han spring uvørent mellom zombiane – tydeleg overivrig og for sjølvsikker – og det endar sjølvsagt med at han blir bitt og smitta.

Karakterane

Sjølv med smitten i kroppen er Roger med på arbeidet. For det tek nokre dagar før zombieviruset for alvor overtek systemet. Å leve i ei post-apokalyptisk zombieverd handlar om å leve dag for dag, og det gjer Roger. Eg bryr meg kjempemasse om desse fire karakterane. George A. Romero brukar tid på at vi skal bli godt kjende med dei, og det er heilt kritisk for at filmen skal fungere. Eg ser så mykje skrekk i løpet av eit år der eg er totalt likegyldig til kva som skjer med karakterane. Ein verkeleg god skrekkfilm har alltid karakterar vi bryr oss om.

Det er desse stille stundene eg set mest pris på i Dawn of the Dead.

Når nihilismen gjer entré

Til slutt bryt helvete laus. På utsida står sminkemaestro Tom Savini i rolla som leiar for ein stor motorsykkelgjeng. Dei har overlevd fram til no ved å herje og drepe alt som kjem i deira veg. Dei verkar nesten glade for at verda har gått til helvete, for no kan dei endeleg sleppe laus sin indre djevel. Gjengen er sinte på våre heltar på innsida, fordi dei nektar å dele på ressursane. Dei gjev beskjed via walkie-talkie like før dei brutalt bryt seg gjennom lastebilane og vindauga. Som ekte nihilistar køyrer dei som galne inn i kjøpesenteret med Harleyane sine. Og i følget deira kjem naturlegvis også hordar av zombiar inn.

Stephen og Peter tek opp kampen. Det blir komplett kaos, og det flyt over av zombiar, blod og innvolvar på kjøpesentergolvet. Og eg elskar kvart einaste sekund av det.

Spesialeffektane

Det er skikkeleg artig å sjå korleis spesialeffektane var laga på syttitalet. Zombiane er måla blå og grøne, noko som nesten gjev ein meir kvalmande effekt enn dei supermoderne og polerte effektane vi ser i seriar som The Walking Dead. Her er tarmar som blir dregne ut av buken på folk, andlet som rotnar, armar og lemmar som blir slitne frå kvarandre – det er eit herleg og godt, gamaldags mayhem av effektar, som eg synest er heilt knall framleis i dag.

Tom Savini – ei legende! Foto: Laurel Group / United Film Distribution Company (UFDC)

Filmen har ein fantastisk slutt, som eg naturlegvis ikkje skal røpe for dei som ikkje har sett han. Eg anbefalar George A. Romero sin zombie-trilogi på det aller sterkaste. I mi bok er dei rett og slett best. Langt betre enn 28 Days Later, The Walking Dead og alt anna som har kome sidan.

Det kjekkaste er sjølvsagt å eige desse klassikarane fysisk – men det går faktisk an å sjå Dawn of the Dead i si heilskap på YouTube!

https://youtu.be/51QDA9fkaXg?si=f2gSbWagh46dfLom

TERNINGKAST 6

SKODESPELARANE

  • Ken Foree (Peter): Mannen med den mest legendariske replikken i zombie-historia. Det var Ken Foree som leverte den udødelege linja: «When there’s no more room in hell, the dead will walk the earth.»
  • Gaylen Ross (Francine): Ho nekta plent å vere ei klassisk kvinneleg damsel in distress som berre skreik i møte med fare. Ho og Romero blei einige om at Francine skulle vere ein sterk og handlekraftig karakter. Difor høyrer du henne nesten aldri hyle av skrekk i heile filmen!
  • Scott Reiniger (Roger): Her er ein knalltøff fun fact: Mannen som spelar den skyteglade og overmodige Roger, er faktisk adeleg! Han er stammar frå kongefamilien i den afghanske provinsen Ghor, og ber tittelen «Prins av Ghor».
  • David Emge (Stephen / Flyboy): Før han fekk rolla som helikopterpiloten Stephen, jobba han faktisk som kokk på ein restaurant i New York for å få endane til å møtest.

FILMSKAPARANE

  • George A. Romero (Regissør/Klippar): Han var ikkje berre regissør, men klypte også heile den enorme filmen sjølv. Han sat i vekevis i mørkret med tusenvis av meter med filmrull for å få nøyaktig den rytmen og det kaoset du elskar i starten av filmen.
  • Tom Savini (Effekt-maestro): Savini spelte ikkje berre leiaren for motorsykkelgjengen (karakteren «Blades»), han laga òg alle effektane. Bakgrunnen hans som stridsfotograf under Vietnamkrigen gjorde at han hadde sett ekte, grufulle skadar. Han brukte denne mørke erfaringa til å lage skrekk-effektar, sjølv om han medvite valde eit meir teikneserie-aktig blod i akkurat Dawn of the Dead.
  • Dario Argento: Den italienske Giallo-meisteren. Argento er ein enorm grunn til at filmen i det heile blei laga. Han hjelpte til med finansieringa, og han inviterte til og med Romero til Roma, der Romero kunne sitje i fred og skrive manuset heilt utan forstyrringar frå Hollywood.

3 Comments

  1. Flott skrevet. Dawn of the Dead er min favoritt også. Må få tatt et gjensyn med alle tre dog. Og kanskje også få sett remaken til Zack Snyder…

    1. Har sett filmsamlinga di og hugsar du eig DVD-boksa (trur eg ). Zack Snyder sin remake har eg ikkje sett sidan den kom. Rykta sei den er ein av hans beste filmar. Er nyfiken på korleis den er pr i dag, så skal ta eit gjensyn eg og.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *