Spooktober 2025: Dr. Frankenstenersen anbefaler

Det er Halloween, og eg, dr. Frankenstenersen, har sett mykje skrekk. For der er laga mykje skrekk ute i den vide verda – ein utømmeleg brønn. Og godt er det, for eg vil ha skrekk i resten av livet mitt.

I Spooktober 2025 har eg gått for meir usett skrekk enn gjensyn. Personleg er det ei nyting å sjå om att favorittfilmane (og eg har mange!), men det kjekke med å utforske usette filmar er å oppdage noko heilt nytt. Det er givande, ferskt og fritt for nostalgi.

Først skal eg dele dei beste nye filmane eg har oppdaga, rangert frå 10 til 1. Deretter tek eg for meg nokre herlege gjensyn, før vi avsluttar i den vonde kroken.

(PS: Min gode ven, Mr. Dahlstrøm, er nok ein gong gjest på Filmloftet og har skrive ein eigen fantastisk tekst om Halloween, som du kan lese [her].)

Dei beste usette filmane (Rangert)

Her er dei ti beste filmopplevingane frå mørkeloftet denne månaden.

10. High Tension (2003)

Fransk skrekk frå 2000-talet er harde saker. Tittelen lovar høg intensitet, og filmen leverer. Ein sadistisk mordar, som ser meir ut som ein bonde frå Ørsta enn ein maskert slasher, går laus på ein bondegard. Cécile de France er knallgod som heltinne. Taklar du ikkje grusom vald, styr unna – sjølv om det er så ille at det nesten blir morbid moro!

High Tension (2003)

9. Stage Fright (1987)

«There’s no business like showbiz»… spesielt når ein gal mordar har sneke seg inn på ei teaterprøve som handlar om ein gal mordar. Dette er ein veldig cinematisk og stilsikker giallo med stemningsfull synthmusikk og fleire meisterleg utførte drapsscener. Tenk Showgirls om det var ein italiensk skrekkfilm.

Stagefright (1987)

8. Lake Mungo (2008)

Det eg likte: Her er ingen billege triks. Filmen er veldig seriøs og krev di fulle merksemd. Dette er ein mockumentary som lener seg meir mot atmosfære enn «jumpscares». Tankane går til Hanging Rock og Laura Palmer. Mysteriet rundt Alice Palmer var meget bra, og éin spesiell og velkjend scene gav meg frysningar.

Lake Mungo (2008)

7. The Shrouds (2024)

Hypnotisk, nett som Crash. David Cronenberg blandar høgteknologi, konspirasjonsteoriar, sorg, erotikk og død. Men det er ein hypnotisk og fantastisk Vincent Cassel som er hovudgrunnen til at eg likte denne så godt, saman med ei like strålande Diane Kruger. Cronenberg sin beste på fleire år.

The Shrouds (2024)

6. Toolbox Murders (2004)

Boligblokk frå helvete! Flinke Angela Bettis (May) flyttar inn i ei gammal boligblokk frå Hollywoods storheitstid, og skjønar fort at noko ikkje stemmer. Tobe Hooper blandar okkultisme, slasher, gore, heisskrekk og ein herleg subtil humor. Ein ganske rar film med eit knallbra klimaks. Godt å sjå skikkeleg skrekk frå ein meister.

Toolbox Murders (2004)

5. Frankenhooker (1990)

Dette var saker! Ein rar vri på Frankenstein med 80-tals estetikk og 70-tals exploitation-galskap. Hovudpersonen Jeffrey er ein geek som ved eit uhell kappar opp forloveda si med ein fjernstyrt grasklippar. Han bevarer hovudet og lagar ein plan. Når han treng å tenke, drillar han seg sjølv i hjernen. Sån type film. Digga den!

Frankenhooker (1990)

4. The Legend of Hell House (1973)

Knall film! Ein forskar, kona hans og to synske tek seg inn i «The Mount Everest of haunted houses» for å reinse det. Teknisk sett er filmen vidunderleg, med nydeleg vidvinkelbruk og fargar. Roddy McDowall (Fright Night) er som alltid legendarisk. Eg blei ikkje superskremt, men atmosfæra gav meg frysningar, og den vitskapelege tilnærminga gjer alt grøssande naturleg.

The Legend of Hell House (1973)

3. A Bay of Blood (1971)

Eg fekk bakoversveis av kor Friday the 13th-denne var. Pamela Voorhees må ha hatt italienske gen! Mario Bava sin proto-slasher var tidleg ute med saftig gore og min favoritt-trope: bekymringslause ungdommar ved eit vatn som blir slakta éin etter éin. Friday the 13th: Part II lånte litt herfrå. Ein vakker film, eit mordmysterium og ein umiddelbar klassikar.

A Bay of Blood (1971)

2. Shutter (2004)

Denne thailandske perla tek favorittkonseptet mitt frå The Omen (1976) – mystiske figurar på fotografi – og lagar ein heil film om det. Ein fotograf i Bangkok oppdagar ein rar skugge på alle bileta han tek. Det høyrest kanskje kjent ut, men historia har mykje meir å by på og overraska meg stort. Eg jobba sjølv på mørkerom i militæret, men filmen hadde fått toppkarakter uansett. Ingenting kjem til å overgå frykta eg hadde under denne.

Shutter (2004)

1. Dei store vinnarane (Delt førsteplass)

Eg klarte ikkje å velje berre éin. Desse seks filmane var alle på sitt vis heilt fantastiske og deler difor førsteplassen.

  • Weapons (2025) Frå regissøren av Barbarian. Filmen leverte på dei store forventningane! Eg likte dei ulike perspektiva frå same tidslinje, og måten historia blei fletta saman mot det artigaste klimakset eg har sett på 2020-talet. Skummel, men også overraskande morosam. Zach Cregger har laga ein av årets beste.
  • 28 Years Later (2025) Danny Boyle er ein magikar. Han revitaliserer den døyande zombiesjangeren med ein evolusjon! Vi får nye zombiar (ekle kryparar og ein svær alfa-zombie) og ei historie som kjennest som ein middelalder-quest. Ein son må krysse eit Brexit-isolert England for å redde mor si. Ralph Fiennes er strålande som ein «Gandalf»-figur. Filmen har ein utruleg energi, magisk foto og eit Kill Bill-aktig klimaks. Ein nydeleg fantasy-skrekkfilm.
  • Burnt Offerings (1976) Ei familie leiger eit stort sommarhus, men huset er ondt. Endeleg ein film som klarte å skremme meg! Den satsar på sakte, psykologisk terror som gav meg frysningar. Oliver Reed, Karen Black og Bette Davis er ei fryd å sjå. Bassenget-scena og den fantastiske slutten er høgdepunkt. Utruleg kult å sjå inspirasjonen til The Shining.
  • Freaks (1932) Unik! Ei gruppe sirkusartistar blir presentert med varme og respekt. Dramaet oppstår når den rike dvergen Hans blir forført av den «normale» Cleopatra for pengane sine. Dei andre artistane er ikkje blinde. Filmen er full av liv på berre 64 minutt, og klimakset er fantastisk. Ikkje ein skrekkfilm, men eit meisterverk.
  • Häxan (1922) Denne fekk meg skikkeleg i Halloween-stemning. Her er hekser, djevelen og heksejakt. Filmen er delvis ein essay og delvis fiksjon, og eg blei djupt imponert over foto, effektar og skodespel. Eit unikt stykke filmhistorie som har noko viktig å fortelje.
  • Deadstream (2022) Har beste Halloween-ånd av dei alle! Ikkje berre er den morsom, men den er også dritskummel. Fordi det er komedie, gjorde at eg slapp «forsvaret» og det gjorde meg endå meir mottakelig for grøss, ein uhyggeleg effekt!

Dei beste gjensyna

Å oppdage nytt er gøy, men å kome heim til ein gammal favoritt er noko eige.

[REC] (2007)

Fytti, dette er den beste found-footage-filmen som er laga. Den startar herleg i ein brannstasjon, karakterane kjennest 100% ekte, og spenninga byggjer seg sakte opp. Når bygget blir isolert og helvete bryt laus, er det like mykje ein intens actionfilm som skrekk. Klimakset, som eg hadde gløymt, heva filmen til himmelen og gav meg gåsehud. Eit meisterverk.

Mimic (1997)

Om Guillermo del Toro hadde laga ein Alien-film på nittitalet, hadde den sett slik ut. Ein mørk, atmosfærisk og gyseleg god monsterfilm. Karakterane er likandes og designet på udyra er knall. The Relic kom same året, og eg diggar begge.

Peeping Tom (1960)

Unik. På mange måtar lik Psycho frå same år, men likevel heilt annleis. Filmen har fargar frå filmhimmelen, og psykopaten er fascinerande. Eg elskar det kameratekniske – å sjå korleis film blir framkalla og prosessen i mørkerommet. Filmen har djupe lag om vår eigen kikkar-rolle som publikum.

House of 1000 Corpses (2003)

Historia er Texas Chainsaw Massacre, men stemninga er ein fest, eit show, ein ekte Halloween-film! Filmfotoet er knall, og klippinga minner om Natural Born Killers. Rob Zombie har samla ein utruleg cast (sjølv Walton Goggins er med!). «Alice in Hell»-biten er fantastisk, og Zombie bryt «final girl»-regelen fullstendig. Ein av tidenes debutfilmar.

The Devil’s Rejects (2005)

Denne går i ei heilt anna retning – rå, 70-tals-aktig, meir realistisk og brutal, men framleis morosam. Skodespelarane er igjen fantastiske, men eg må trekke fram Leslie Easterbrook (Callahan frå Politiskulen!) som Mother Firefly. Å sjå ho spele psykopat så godt var ei sjokkerande og gledeleg oppleving.

The Howling (1981)

Ein klassikar av ein grunn. Filmen har fleire grunnar til å bli sett: Joe Dante, Dick Miller, Dee Wallace, Pino Donaggio, Rob Bottin, Slim Pickens, John Carradine, og ein cameo av Roger Corman. John Carpenters sitat om «emosjonelle favorittar» frå barndommen treff spikaren på hovudet her.

The Stepfather (1987)

Denne held seg utruleg godt. Terry O’Quinn (Locke frå Lost) er heilt konge som mannen som berre vil ha ei perfekt familie – og tyr til massemord om han ikkje får det. Vi veit han er gal, og det skaper eit nydeleg, spent rollespel mellom han og den nye familien. Han er den strake motsetninga til Jason eller Freddy, men like minneverdig.

Prince of Darkness (1987)

Eit lite meisterverk. Carpenter er ekspert på å stengje fargerike karakterar inne i eit bygg. Spenninga byggjer seg sakte, med eit konstant, creepy lydspor. Det er atmosfæra som gjer filmen så bra, saman med Donald Pleasence, Victor Wong og Dennis Dun. Elskar den «far out»-historia om kven Jesus eigentleg var og om Satans far. Per i dag min Carpenter-favoritt.

Day of the Dead (1985)

Mørk og brutal. Romero tek oss til ein svær bunkers der militære og vitskapsmenn slit med brakkesjuke. Lori Cardille er rå som filmens einaste kvinne. Filmen er full av galningar: ein Frankenstein-professor, ein psykopatisk kaptein og verdas kulaste zombie, «Bub». Klimakset er eit brutalt blodbad og ein ekte gorefest med effektar frå Tom Savini som framleis gir hakeslepp.

Green Room (2015)

Nydeleg, smart og effektiv. Filmen er punkrock med Hitchcock-spenning. Eit punkband (med ein formidabel Anton Yelchin) blir låst inne på backstage-rommet til ein gjeng beinharde nynazistar, leia av ein iskald Patrick Stewart. Den er intens, brutal og har eit perfekt, nedpå klimaks.

Månadens verste: The Crawlers (1991)

Slike filmar er artige å sjå, men også litt skumle. Tenk om eg hadde falle ned trappa og døydd etter eg såg Contamination 7 (som han også heiter) og derved hadde blitt min siste film? Eg måtte sjå ein annan film rett etterpå, berre som forsikring.

Filmen handlar om eit atomkraftverk som dumpar radioaktivt avfall i skogen. Sjølvsagt muterer skogen, men her er ingen «crawlers» – det er trerøtene som er skurken (tenk Evil Dead). Ein forskar går rundt med ein geigertelar, finn tønnene, og får helikopteret til å lande oppi det radioaktive avfallet for å måle.

Skodespelet varierer frå OK til heimelaga Ed Wood-nivå. Røtene myrdar folk på komisk vis over heile bygda. Eg tenkte filmen burde heitt Roots, Bloody Roots og fått eit killer soundtrack frå Sepultura. Artig søppel!

The Crawlers (1991)

HAPPY HALLOWEEN!!!

Meir skrekk? Trykk her