Bugonia Foto: Focus Features / Universal Pictures © 2025

Bugonia (2025) Anmeldelse

Yorgos Lanthimos, regissøren bak dei mest interessante filmane slept laus på menneskeheita dei siste 16–17 åra, har kome med nok ein film: Bugonia. Igjen er det Emma Stone og Jesse Plemons i hovudrollene. Eg var ingen stor fan av Poor Things, heller ikkje The Favourite – MEN eg likte The Lobster og DIGGA The Killing of a Sacred Deer. Og no, nettopp, har eg sett hans beste: denne her.

Vidare kjem det milde spoilere – SÅ IKKJE LES OM DU IKKJE HAR SETT FILMEN!

Ted og Don har ein plan, eller rettare sagt Ted: å kidnappe sjefen sin Michelle, ein CEO i selskapet der Ted jobbar som pakkar. Kvifor? Fordi Ted har sett mykje YouTube-videoar om romvesen som kjem frå Andromedagalaksen, som bur blant oss og vil oss vondt. Han er 99 % sikker på at Michelle, spelt av Emma Stone, er ALIEN.

Dette høyres ut som They Live av John Carpenter, men kva som er sanninga kan sjølvsagt ikkje røpast, sjølv med spoiler-åtvaring! (ikkje før mot slutten)

Don og Ted – Bugonia – Foto: Focus Features / Universal Pictures © 2025

Skodespelarane

Endeleg ein film som gir meg det eg saknar i moderne film: ekte folk med karakter i rollene. Emma Stone er alltid bra, og det er Jesse Plemons òg; faktisk blir han berre betre og betre! Don, som er bestevenen til Ted, var fantastisk! Han er spelt av Aidan Delbis, og eg digga kvar ei dialoglevering – knall fyr! Det same kan seiast om sheriffen Casey, spelt av Stavros Halkias! Dette er skodespelarar som IKKJE ser ut som modellar!

Ted og Don får tak i Michelle, rakar hovudet hennar og bind henne fast i kjellaren. Det er tydeleg at Ted er kokko, og at han har overtalt Don til å bli med på kidnappinga etter lang tids hjernevasking. Don går med på kjemisk kastrering, slik Ted sjølv har gjort, for å vere sterke i møtet med skapningar frå det ytre rom! Ted snakkar mykje om korleis verda fungerer. Slikt prat er god, deileg saus med mykje smør – om det meiningslause ved hjernedaudt arbeid og om korleis biene har forsvunne fordi vi øydelegg planeten med kjemikaliar. Men bak det heile står utanomjordiske skapningar, ifølgje Ted; dei er ute etter oss, vil gjere oss dumme og ta over planeten. Å steik, det er lenge sidan eg har kosa meg slik med eit knallplott!

Filmen er basert på ein sørkoreansk film, Save the Green Planet! frå 2003, som eg ikkje har sett. Men eg vil sjå han når eg sluttar å tenkje på Bugonia, for nett no vil eg berre nyte denne.

Meir slike skodespelarar takk! Foto: Focus Features / Universal Pictures © 2025

Filmfoto & Filmmusikk

Filmfotoet må få skryt! Eg blei slukt heil av vakker kameraføring og fargar – endeleg noko som ikkje ser ut som «content» frå Netflix, som er typisk flatt og gørrkjedeleg. Dette er ein gjennomtenkt film og kanonbra filma, sånn filming som gir sommarfuglar i magen.

Musikken som kjem, greip meg hardt. Veldig effektivt score av Jerskin Fendrix dette! Det er sånn at eg får lyst til å gi Poor Things ein sjanse til. Under ei scene der Ted vil tvinge informasjon ut av Michelle, kjem Green Day med låta «Basket Case» på lydsporet – eg kosa meg!

Bugonia – Foto: Focus Features / Universal Pictures © 2025

HARD SPOILER ALERT!!!!!!!!

Eg må innrømme at eg hadde HÅPA at Michelle var ein alien, heilt frå start, for eg ville så gjerne tru på Ted. Eg elskar slik SCI-FI. Når ting begynner å bli på randen av galskap og Michelle sjekkar rommet der ho finn kroppsdelar som om det var huset i Texas Chainsaw Massacre, forsvann nesten håpet – no var det plutseleg ein hardbarka thriller der Ted er ein stor psykopat. Men eg stussa slik over at Michelle aldri oppførte seg som EIT MENNESKE, heilt frå ho vakna i kjellaren, så det heldt liv i håpet mitt.

The End

Når slutten kjem, etter at Ted sprengde seg sjølv i lufta inne i skapet på kontoret hennar, og ho ligg i akuttsenga, tek av seg maska og hoppar ut av ambulansen – då kom det eit breitt, feitt smil på kjeften min. Når ho stikk til kontoret, tek «kalkulatoren» og BEAM ME UP SCOTTY til romskipet der ho faktisk er ei keisarinne, og Ted ikkje var galen i det heile – det gav meg ei ubeskriveleg glede.

Og eg fekk endå meir glede når gjestene frå Andromeda, herskarane av galaksen, bestemte seg for å klippe livslinja til menneskerasen. Fordi vi er ubrukelege, håplause, sjølvdestruktive, meiningslause og alt det der som har skapt misantropar blant oss. For innerst inne tenkjer vi alle: vi fortener IKKJE planeten. Samt, å få ein total katastrofe der alle menneska døyr til slutt, det er sjeldan vare, og eg digga det.

STORT GLIS PÅ MEG! Foto: Focus Features / Universal Pictures © 2025

Konklusjon

Eg digga heile filmen, kvart eit ledd i han. Frå skodespel til filmfoto og knall historie. Dette er Lanthimos sin beste, og kanskje topp 3, om ikkje nummer 1, frå 2025 – med andre ord eit meisterverk.

TERNINGKAST 6

Bugonia – Foto: Focus Features / Universal Pictures © 2025

Ein av mine første anmeldelser var av POOR THINGS

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *