Spikes-gjengen (1974)

Spikes-gjengen (1974) – Videosjappa

Visse filmar gir ei heilt spesiell videosjappekjensle, og det er dei eg vil skrive om her. Spikes-gjengen (The Spikes Gang, 1974) er ein slik ein. Eit blikk på coveret, og frityrlukta dukkar automatisk opp i minnet mitt. Men, eg har sett ein western til! Skjebnetimer (1976) med Charles Bronson og Jill Ireland. Han kan lesast om lengre ned.

Anslått lesetid: 8 minutter

Handling

Tre unge bondegutar er ute i skauen. Dei kjem over ein halvdaud mann, hjelper han og pleier han tilbake til livet. Han heiter Harry Spikes og er bankranar. Han skuldar dei ei teneste, og rir sin veg til Mexico.

Dette plantar eit frø i gutane. Når den eine får kjenne beltet til faren for å ha gitt vekk hesten sin til ein skurk, stikk han av og tek med seg kompisane. Saman reiser dei på eventyr. Men etter kvart svelt dei og blir desperate. Så, heilt impulsivt, ranar dei ein bank med null eleganse. Dei drep ein mann, og flyktar til Mexico der dei treffer Harry igjen.

Spikes-gjengen (1974)

Filmomtale

Dette er ein uvanleg western. Ikkje slik som Ford sine gamle, eller noko med spagetti i seg. Dette er rein Hollywood-western frå syttitalet. Regissert av ein uberveteran, Richard Fleischer. Ved første augnekast verkar Spikes-gjengen (1974) å handle om tre unge og naive gutar som møter ein eldre gentleman på feil side av lova, og som kastar seg ut på eit storslått eventyr med han som leiar.

Men sjølv om gutane lirer av seg typiske dialogar som «gosh og golly», er filmen BEINHARD. På ein måte minner desse tre ungkarane meg om hobbitar som forlèt The Shire i lag med ein trollmann. Harry Spikes, spelt av Lee Marvin, er langt ifrå nokon Gandalf. Han er ein kald, kynisk skurk oppe i åra, og gutane skal få lære seg at naivitet ikkje løner seg.

Lee Marvin er STOR her. For ein karisma og utstråling! Det gir ein massiv kontrast til dei tre yngre venene spelt av Gary Grimes, Ron Howard og den alltid gode Charles Martin Smith (kjend frå American Graffiti, Starman og The Untouchables). Dette er ei perfekt rolle for Lee Marvin.

Eg diggar når Marvin tek karane under vingen sin og skal lære dei opp i old-school bankraning. Ikkje heilt ulikt mentorfiguren Terence Stamp i Young Guns. Her er det ikkje så mykje action, og Marvin er ikkje med dei gjennom heile filmen. Filmen handlar eigentleg mest om fortapte gutar, vennskap og uskuld i møte med røyndomen.

Frityrluktdom og videosjappesjarm

Eg merka både sjarmen og frityrdampen ti minutt inn i filmen. Eg berre kjende det sterkt, at denne kjensla kom til å vare heile vegen. Richard Fleischer hadde grepet på meg og slapp aldri. Warner Home Video var distributøren – med andre ord eit cover som blei nøye studert. Men eg har knapt noko minne av han som kan bevise ei avkryssing i sett-kolonna frå den tida.

Eg likar westernfilmar som skil seg ut. Ofte er sjangeren sterkt prega av oppskrifter, slik ein sjangerfilm skal vere. Men det er alltid ei glede når noko er litt annleis, og ikkje minst at det er skikkeleg laga og er cinematisk. For Spikes-gjengen (1974) er ekte film. Ein enkel ein, som gav meg mykje filmglede og som er enormt sjarmerande. Dette er ingen vegetarburger frå ho Mona, men ein saftig usunn 300g velsmakande burger frå Wenche.

Revolver og patronar: 4+ 🔫 🧨 🧨 🧨 (eg likar å leike med terningkast-kallenamn – forslag ønskes i kommentarer!)


Baksida av VHS-coveret

  • Regissør: Richard Fleischer
  • Produsent: Walter Mirisch
  • Manus: Irving Ravetch og Harriet Frank Jr.
  • Musikk: Fred Karlin
  • Rolleliste: Lee Marvin, Gary Grimes, Ron Howard, Charles Martin Smith, Arthur Hunnicutt
  • Filmlengd: 96 minutt
  • Årstal: 1974

🎬 Kjekke fakta for filmnerdar

  • Ron Howard og Charles Martin Smith spelte hovudrollene saman i braksuksessen American Graffiti berre året før (1973). Dette blei difor ei svært kjapp gjenforeining for dei to stjerneskotene.
  • Sjølv om filmen ser ut og kjennest som ein erkeamerikansk Hollywood-western, blei han faktisk spelt inn i Almería i Spania – nøyaktig same staden som Sergio Leone spelte inn sine klassiske spagettiwestern-filmar!
  • Filmen er basert på romanen The Bank Robber, skriven av Giles Tippette.

BONUS WESTERN 🌵 🏜️


Skjebnetimer (From Noon Till Three, 1976)

Handling

Mr. Bronson er bankranar. På veg til eit ran med gjengen sin, stoppar dei ved eit stort, isolert hus som kjem rett frå Psycho. På innsida bur det ei skeptisk enkje, som lèt Bronson vente i lag med henne medan gjengen stikk for å gjennomføre ranet. Frå tolv til tre skjer det ting! Og filmen held fram eit heilt år etter klokka tre – og akkurat den biten var umogleg å føresjå.

Skjebnetimer (From Noon till Three, 1976)

Filmomtale

Dette er ein romantisk western, men han er mykje meir: absurd, komedie, drama, GALEN, til tider Mel Brooks sin Blazing Saddles med ei klype Romeo og Julie. Eg forstod fint lite, og digga det! Dette er den mest originale Bronson-filmen, og kanskje den mest originale westernfilmen eg har sett! Spørsmålet om han fungerer eller ikkje… tja, men han var så annleis at eg blei heilt oppslukt!

Han starta som ein typisk western. Men når Bronson slepp inn i huset til enkja, starar ein ny type film. Her skjer ting som definitivt ikkje hadde blitt laga i dag, men eg har sett verre. Skjebnetimer er også ei aburd komedie – som fungerer! Og når eg trudde at resten av filmen skulle gå føre seg på innsida av huset, då tok eg feil. Han gjekk heller i ei ny retning, og utvikla seg til ein type film eg kanskje må ta eit gjensyn med (for å fange alle detaljane).

Frityrluktdom og videosjappesjarm

Alle VHS-cover frå Warner Bros. har festa seg på hjernen for alltid – og dette er intet unntak. Eg diggar Charles Bronson og kona Jill Ireland, som diverre døydde altfor tidleg. Bronson tok med seg oska hennar til grava då han sjølv gjekk bort i 2003. Eg syns det er romantisk, og veldig rørande.

God VHS-stemning! Charles Bronson er ein VIDEOSJAPPE-GUD, og å sjå ein Charles Bronson-film frå sytti- og åttitalet er som å bade i gammal frityrolje – ein blir heilfrelst og fødd på ny. Dette er Bronson-effekten på meg. Her er det kjekt å sjå han gjere komedie, i lag med si livs store kjærleik, Jill Ireland. I likskap med Spikes gjengen, er dette ein heilt annleis western. Eg synest han er unik!

Revolver og patronar: 4 🔫 🧨 🧨 🧨


Baksida av VHS-coveret

  • Regissør: Frank D. Gilroy
  • Produsent: M.J. Frankovich og William Self
  • Manus: Frank D. Gilroy
  • Musikk: Elmer Bernstein
  • Rolleliste: Charles Bronson, Jill Ireland, Douglas Fowley, Stan Haze
  • Filmlengd: 99 minutt
  • Årstal: 1976

🎬 Kjekke fakta for filmnerdar

  • Charles Bronson og Jill Ireland var faktisk gift i røyndomen, og From Noon Till Three er éin av heile 15 filmar dei spelte i saman.
  • Bronson var på denne tida mest kjend for beintøffe, iskalde actionroller (som i Death Wish). Det var svært uvanleg at han tok på seg ei komisk, romantisk og sjølvironisk rolle som dette.
  • Lydsporet blei komponert av den legendariske Elmer Bernstein, og filmen blei faktisk nominert til ein Golden Globe for beste originale song med låten Hello and Happy.

Meir Western Frå Videosjappa: Barquero (1970)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *